Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og leiaren Lodve Solholm, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at Dokument nr. 3:1 (2006-2007) inneheld fire forvaltningsrevisjonar som er handsama av Stortinget.

Komiteen har merka seg at Riksrevisjonen ser på tre av sakene som avslutta. Komiteen er samd i det.

Komiteen viser til Riksrevisjonen si gransking av bevaringa og sikringa av samlingane ved fem statlege museum, Dokument nr. 3:9 (2002-2003). Komiteen har merka seg at både Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet har sett i verk tiltak for å sikre og bevare samlingane. Vidare har komiteen merka seg dei tiltak som er gjort når det gjeld styringa av bevarings- og sikringsarbeidet ved musea.

Komiteen har merka seg at dei svakheitene som Riksrevisjonen har påpeika når det gjeld forholda for oppbevaring ved Nasjonalgalleriet, framleis gjeld. Komiteen har vidare merka seg at det er manglar ved Nasjonalgalleriet si rapportering i forhold til oppnådde resultat innan bevaringsområdet. Komiteen stør derfor Riksrevisjonen i at saka må følgjast vidare.