Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at forslaget har vore oversendt finansstatsråden for vurdering 28. oktober 2006. Finansstatsråden har i svar til komiteen 7. november 2006 gjort greie for sitt syn. Svaret følgjer som vedlegg til innstillinga.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til St.prp. nr. 1 (2006-2007) - Skatte-, avgifts- og tollvedtak - 3.7 Avgift på elektrisk kraft (kap. 5541 post 70) - der det vert gjort greie for dagens avgifter på elektrisk kraft og moglege verknader av eventuelle endringar i desse avgiftssatsane, generelt om fritaksordningar, og korleis den nordiske kraftmarknaden, som Noreg er ein del av, fungerer med omsyn til prissetjing.
I dokumentet viser forslagsstillarane til fleire titals framlegg frå Framstegspartiet om forbetringar i kraftbalansen dei siste åra, medan dokumentet er retta mot kortsiktige tiltak for å redusera straumrekninga for husstandar gjennom å halvera meirverdiavgifta for elektrisk kraft, og fjerna forbruksavgifta på elektrisk kraft for forbrukarar.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil påpeika at Framstegspartiet, forslagsstillarane sitt parti, berre i avgrensa grad følgjer opp forslaget i sitt alternative statsbudsjett for 2007. Dette fleirtalet registrerer at med Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett for 2007 vil fjerning av forbruksavgifta og halvering av meirverdiavgift på elektrisk kraft berre kunna innfriast i månadane januar og februar.
Dette fleirtalet gjer forslagsstillarane merksame på at husstandar i tiltakssona, Nord-Troms og Finnmark, har fritak for forbruksavgift på levert elektrisk kraft. Alle andre husstandar blir avkravd ei forbruksavgift på levert elektrisk kraft tilsvarande 10,05 øre per kWh i 2006.
Dette fleirtalet er samd i at energipolitikken med omsyn til utbygging av ny fornybar elektrisk kraft i Noreg under førre regjering har vore for lite verknadsfull. Dette fleirtalet viser til at produksjon av elektrisk kraft i Noreg i all hovudsak er tufta på vasskraft, der nedbørsmengd og tilsig i vassmagasina set rammer for kor stor vasskraftproduksjonen kan verta, og er slik viktig for produksjonskapasitet og pris. Stoda i dag er låg fyllingsgrad i vassmagasina. Prisen på elektrisk kraft i Noreg vert i hovudsak bestemt utifrå tilbod og etterspurnad i den nordiske kraftmarknaden, der stor etterspurnad gjer marginalkostnaden til kol- og gasskraft avgjerande for elektrisitetsprisen, som saman med EU sitt system for handel med CO2-kvoter medfører auka prisar for sluttbrukar i Noreg.
Dette fleirtalet viser til at Regjeringa ved Olje- og energidepartementet har vedteke å oppretta støtteordningar for utbygging av ny fornybar varme- og elektrisitetsproduksjon i Noreg. Gjennom å oppretta Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering, føreslått stifta med 10 mrd. kroner 1. januar 2007 og deretter auka med nye 10 mrd. kroner 1. januar 2009, der avkastinga skal tilførast Energifondet, forvalta av Enova, for å kunna gje betre og meir langsiktige rammevilkår for utbygging av bioenergi, fjernvarme og energieffektivisering, meiner dette fleirtalet dette er eit viktig virkemiddel for å realisera Regjeringa sitt samla mål om 30 TWh i auka fornybar energiproduksjon og energieffektivisering frå 2001 til 2016. Dette fleirtalet deler forslagsstillarane sitt syn på at Noreg bør få ein betre balanse i den nasjonale kraftforsyninga, og viser her til at det ifølgje Statnett sine prognosar per 10. oktober 2006, vil vera underskot på eigenprodusert kraft i Noreg i 2009 i storleik 5 TWh med normalt nedbørstilsig, og 18 TWh dersom 2009 vert eit ekstremt tørrår.
Statnett sine prognosar per 11. desember 2006 for magasinfyllinga våren 2007, samla for Noreg før snøsmeltinga tek til, er 20,1 pst. på det lågaste, medan magasinfyllinga våren 2003 før snøsmeltinga starta var om lag 18 pst. Det er fleire årsaker til dagens magasinsituasjon, mellom anna hendingane i Sverige som medførde at store delar av kjernekraftkapasiteten var utkopla i lang tid, utfallet av ein av kablane mellom Noreg og Danmark, og dagens marknadsbaserte kraftforsyningspolitikk som førte til sterk nedtapping tidlegare i år som følgje av høge europeiske kraftprisar. I dokumentet frå forslagsstillarane står det: "Situasjonen for kommende vinter fryktes å overgå "krisevinteren" 2002-2003." "Dette fleirtalet viser til at prisane på den nordiske elbørsen har falle den siste tida. Sjølv om kraftprisane i Noreg har gått ned som følgje av høge temperaturar og stor nedbør den siste tida, ser likevel dette fleirtalet svært alvorleg på forsyningstryggleiken. Det må reknast med høge kraftprisar i Noreg utover vinteren, og i verste fall må forbruket regulerast ned gjennom avtalar Statnett har inngått med einskildselskap i den kraftkrevjande industrien for å sikra forsyningstryggleiken. Dette ser dette fleirtalet på som ein svært alvorleg situasjon.
Dette fleirtalet er samde i Finansdepartementet si vurdering om at reduksjon i avgifter ikkje gjev tilsvarande nedgang i prisen til forbrukar, men at produsentprisane vil kunne bli pressa opp og slik gje endå større inntekter for kraftprodusentane, jamfør svaret frå finansstatsråden. Dette fleirtalet meiner difor at reduksjon av elektrisitetsavgifta og/eller halvering av moms på elektrisk kraft berre vil forsterka problemet med den noverande ubalansen mellom produksjon og forbruk i Noreg, og dermed fryktar dette fleirtalet endå høgare prisar og større forsyningsproblem for forbrukarane etter ei slik endring. Dette fleirtalet ser det såleis slik at forslaget i dokumentet om reduksjon i avgifter på elektrisk kraft, ikkje vil virka etter føremålet til forslagsstillarane.
Dette fleirtalet erkjenner at staten gjennom skattlegging av kraftprodusentar mottek auka inntekter når kraftprisane i Noreg aukar. Dette fleirtalet meiner likevel at omsynet til forbrukarane, det gjeld både husstandar, det offentlege og næringslivet, taler for at dette ikkje må vera eit argument mot å arbeida for meir stabile og føreseielege kraftprisar på sikt.
Dette fleirtalet vil avslutningsvis påpeika at Regjeringa sine høge miljøkrav og tiltak for å oppfylla klimaforpliktingar, vil innebera høgare straumprisar i framtida enn det forbrukarar i Noreg har vore vande med. Denne hovudlina må kombinerast med ei endå meir kraftfull offentleg satsing på å framskaffa meir fornybar energi, samt at næringslivet vert gjeve økonomisk mogleik for å sikra ei lønsam omstilling, slik at Noreg får eit meir allsidig næringsliv.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, fremjar følgjande framlegg:
"Dokument nr. 8:3 (2006-2007) - forslag frå stortingsrepresentantane Ketil Solvik-Olsen, Tord Lien, Torbjørn Andersen, Robert Eriksson og Gjermund Hagesæter om å halvere meirverdiavgift på strøm og fjerne elektrisitetsavgift - blir ikkje vedteke."
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at Norge er i en alvorlig forsyningssituasjon for elektrisk kraft. De siste 10-15 årene har ny produksjon ikke holdt tritt med økende forbruk av elektrisk kraft. Dette til tross for at det under regjeringen Bondevik II ble innvilget flere konsesjoner til ny vannkraftutbygging enn det ble gitt under ulike regjeringer på hele 1990-tallet til sammen, og gasskraftverket på Kårstø ble besluttet bygget. Dette har ført til at vi i dag er avhengige av å importere 5-7 TWh pr. år i år med normale temperatur- og nedbørforhold. I tørrår kan situasjonen bli kritisk, og kommende vinter kan vi oppleve en svært vanskelig forsyningssituasjon.
I en slik situasjon mener disse medlemmer at det er svært viktig å raskt få på plass ny kraftproduksjon. Disse medlemmer ønsker å legge til rette for en fortsatt skånsom utbygging av ny vannkraft, samt opprustning og utvidelser av eksisterende vannkraftproduksjon, økt utbygging av øvrig fornybar energi, bruk av våre store gassressurser til kraftproduksjon i Norge, samt styrking av overføringsnettet innenlands og til utlandet.
Disse medlemmer har merket seg at Regjeringen siden den tiltrådte har ført en politikk som heller vil svekke enn styrke kraftbalansen, og peker på følgende:
-
1. Særnorske og svært dyre krav om CO2-rensing for alle nye gasskraftkonsesjoner.
-
2. Nei til grønne sertifikater. Som følge av dette ble en rekke prosjekter for mer vindkraft og småskala vannkraft lagt i skuffen.
-
3. Lang saksbehandlingstid for søknader om konsesjon for ny kraftutbygging, og at Regjeringen gjør lite for å få ned saksbehandlingstiden.
-
4. Krav om fylkesvise planer for bygging av småkraftverk. Dette vil medføre en ytterligere byråkratisering og begrense kraftproduksjonen.
-
5. Vern av Vefsna-vassdraget i Nordland mot vassdragsutbygging. Statkraft og Helgelandskraft sitt prosjekt "Muligheter Helgeland" i Vefsna-vassdraget kunne gi om lag 1,5 TWh ny miljøvennlig og fornybar kraft, men med Regjeringens vernevedtak kan dette ikke realiseres.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til brevet fra Finansdepartementet datert 7. november 2006, hvor det henvises til at prisene er betydelig høyere nå i 2006 enn de var i 2005. Regjeringen peker videre på at elavgiften er en så god inntektskilde for staten, at det i det hensyn vil være lite hensiktsmessig å fjerne avgiften. Disse medlemmer tar sterk avstand fra slik argumentasjon, og hadde håpet at Regjeringen tok på alvor den anstrengte økonomiske situasjonen mange husholdninger kan komme i når strømprisen når et høyt nivå.
Disse medlemmer registrerer at alle partier uttaler seg med bekymring for folks økonomi når strømprisene er høye, og er skuffet over flertallets manglende vilje til å redusere avgiftsnivået på strøm i perioder med høye strømpriser. Disse medlemmer vil påpeke at finansministeren i sitt brev datert 7. november 2006 misforstår forslagsstillernes holdning til strømsparing. Disse medlemmer mener det er viktig å bruke elektrisitet på en bedre måte, gjennom langsiktige og kortsiktige ENØK-tiltak. Disse medlemmer vil presisere at forslaget om å justere på el-avgiften i perioder ved ekstra høye strømpriser, fremsettes for å hjelpe de mange husholdninger som ikke har den energifleksibilitet som stortingsflertallet ønsker. Flere hundre tusen husholdninger har ingen alternativ til strøm for oppvarming, og disse blir skadelidende ved ekstra høye strømpriser. Erfaringene fra tidligere strømkriser viser at det er industrien som bidrar med de største reduksjonene i strømforbruket, ikke husholdningene. Disse medlemmer savner også beregninger fra Regjeringen som kan underbygge påstander om at lavere elavgift automatisk gir tilsvarende økning i strømpris. I et nordisk kraftmarked vil ikke strømprisen svinge nevneverdig som følge av endringer i elavgiften for norske husholdninger i perioder med høye strømpriser.
Disse medlemmer registrerer at Regjeringen henviser til sin energipolitikk for å bedre kraftsituasjonen. Disse medlemmer viser til at Regjeringen ikke har fremmet noen konkrete tiltak som har bidratt med optimisme og store nyinvesteringer i ny kraftproduksjon.
Disse medlemmer viser ellers til argumentasjonen i representantforslaget og fremmer følgende forslag:
"I
I Stortingets skattevedtak for 2006, kapittel VIII Merverdiavgift for budsjetterminen 2006, gjøres følgende endringer:
Ny § 3 skal lyde:
Fra 1. november 2006 skal det betales 12,5 pst. avgift etter bestemmelsene i lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift for:
-
b) elektrisk kraft.
Nåværende § 3 blir ny § 4.
Nåværende § 4 blir ny § 5.
II
I Stortingets skattevedtak for 2006 om forbruksavgift på elektrisk kraft gjøres følgende endring:
§ 1 første ledd nytt andre punktum skal lyde:
Fra 1. november 2006 skal det ikke betales avgift til statskassen pr. kWh på elektrisk kraft som leveres her i landet."
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre mener på prinsipielt grunnlag at det er mest hensiktsmessig å diskutere innretningen av viktige deler av skatte- og avgiftssystemet som merverdiavgiften og elektrisitetsavgiften i en helhetlig sammenheng, og mener derfor at dette bør skje som et ledd i den ordinære budsjettbehandlingen. Disse medlemmer viser til Kristelig Folkeparti og Venstres miljøprofil i sine alternative skatte- og avgiftsopplegg for 2007, og videre til tiltak mot uforutsette høye strømpriser foreslått i den energipolitiske pakken framlagt høsten 2006.