Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2006 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Justis- og politidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2006.

Domstoladminstrasjonen tok over det administrative ansvaret for jordskifterettane frå Landbruks- og mat­departementet frå 1. januar 2006. Det er tid­legare vedteke at jordskifterettane skal over på tilsvarande IKT-plattform som domstolane. Dette arbeidet blei starta i 2005. Den nye IKT-plattforma er berekna å koste totalt 20 mill. kroner, og skulle dekkjast av Landbruks- og matdepartementet. Dette er overført Justis- og politi­departementet bortsett frå eit restbeløp på 1,3 mill. kroner.

På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 410 post 1 med 1,3 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på Landbruks- og matdepartementet sitt kap. 1149 post 71.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret. Forbruket på posten er knytt til antal og omfang av saker, og er derfor ikkje styrbar.

I budsjettframlegget for 2006 blei det lagt til grunn ikraftsetjing av endringar i Ot.prp. nr. 108 (2004-2005) Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.) frå 1. juli 2007. Endringane trådde i kraft frå 1. februar 2006, og vil derfor gi om lag 3,8 mill. kroner høgare innsparing på posten i 2006 enn budsjettert. I tillegg er det generelt pårekna et lågare forbruk på posten på om lag 8,2 mill. kroner i 2006.

Samla blir det derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 410 post 1 med 12 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til godtgjersle til medlemmer av forliksråd og kompetansehevande tiltak i form av kurs.

Antal saker i forliksråda er pårekna å bli langt fleire enn berekna som følgje av ikraftsetjinga av reforma om den sivile rettspleie på grunnplanet frå 1. januar 2006. Det blei derfor i februar 2006 gjort ytterlegare endring i form av nedjustering av satsen for godtgjersle til medlemma av forliksråda. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det, ut frå noko usikre anslag, foreslått å redusere løyvinga under kap. 414 post 21 med 20 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, skifte, konkurs m.m. Inntektene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410 post 1 med 60 mill. kroner.

Gjeldande løyving på posten i 2006 er 6,8 mill. kroner. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon as våren 2006 blei det vedteke eit utbytte på 10,36 mill. kroner i 2006. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 5630 post 80 med 3,56 mill. kroner.

Rekneskapstal hittil i år viser at utbetalingane til refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøveløslatte frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat er blitt lågare enn tidlegare lagt til grunn. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner under kap. 430 post 60.

Det blei hausten 2005 gitt ei ekstra løyving mellom anna til dekning av meirutgifter i politiet på om lag 15 mill. kroner i samband med Stavanger tingrett si behandling av Nokas-saka. Behandlinga av Nokas-saka i tingretten har blitt meir kostnadskrevjande enn forutsett. Oppdaterte tal viser meirkostnader på 6,5 mill. kroner knytt til behandlinga i tingretten. Justisdepartementet foreslår derfor at kap. 440 post 1 blir auka med 6,5 mill. kroner.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440 post 1 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440 post 6. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 4,8 mill. kroner, sjå omtalen under kap. 3440 post 6 Gebyr.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til innkjøp av utstyr i politi- og lensmannsetaten med 3 mill. kroner under kap. 440 post 1.

I tillegg har Politidirektoratet opplyst at dei innanfor eksisterande rammer har funne rom til å framskunde kjøp av pistolar i 2006 for om lag 30 mill. kroner. Dette vil bli dekka sentralt slik at ikkje politidistrikta blir belasta. Dette gjeld også Oslo politidistrikt. Mindre tilleggsutgifter til pistolar som til dømes belter må politidistrikta dekkje sjølve. I tillegg skal det omprioriterast om lag 11 mill. kroner til investeringar i utstyr, særleg til kommunikasjonskontroll, men også til nokre investeringar i PST. Samla utgjer desse investeringane om lag 44 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 14,3 mill. kroner.

Posten dekkjer politi- og lensmannsetaten sine sideutgifter i samanheng med asylsaker, mellom anna utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.

Politiet har til no i år uttransportert færre personar frå landet enn planlagt. Justisdepartementet foreslår å redusera løyvinga på kap. 440 post 21 med 24 mill. kroner.

Med bakgrunn i rekneskapstala hittil i år foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 440 post 22 med 3 mill. kroner.

Natt til 17. september 2006 vart det avfyrt skarpe skot mot den jødiske synagogen i Oslo. Dette viser eit behov for tryggleikstiltak for det mosaiske trussamfunnet. Regjeringa har derfor funne det riktig å løyve 4,948 mill. kroner til eingangsinvesteringar i trygg­leikstiltak på kap. 440 ny post 72.

På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for passinntektene, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 1 med 10 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling på posten, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440 post 4 med 0,5 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for inntektene på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids- og busetjingsløyver, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 6 med 6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440 post 1.

Ansvaret for den sivile rettspleia på grunnplanet vart overført til politi- og lensmannsetaten frå 1. januar 2006. Samstundes vart dei nye reglane som direkte tvangsinndriving av krav som er uimotsagte, gjort gjeldande.

Utviklinga i 2006 viser at det er ein nedgang i talet på tvangsforretningar i høve til tidlegare år, noko som truleg har samanheng med at den norske økonomien er inne i ein høgkonjunktur. Vidare viser det seg at direkte tvangsinndriving er teke i bruk i liten grad, noko det fortsatt høge talet på saker i forliksråda indikerer. Årsaka er truleg mellom anna den store auken i gebyret for tvangs- og utleggsforretningar dei seinare åra (blitt relativt rimelegare å bruke forliksråd), og at foreldingsfrista er lengre (10 år) for saker med forliksrådsdom. Politidirektoratet er gitt i oppdrag å vurdere moglege tiltak som kan bidra til at reforma i større grad får tilsikta effekt. Saman med den foreslåtte reduksjonen i gebyra for utleggsforretningar i 2007 er det pårekna at reforma vil få betre effekt i 2007. Ved inntektsoverslaga for nye gebyr vart verknaden for eit heilt år berekna. Gebyr i desse sakene vert betalte på etterskot. Det blir derfor eit etterslep på nokre månader før gebyra blir innbetalte og ført i rekneskapen. Av desse grunnane blir det foreslått å redusere løyvinga med 250 mill. kroner under kap. 3440 post 7.

Det blir vist til omtalen under kap. 3440 post 6 Gebyr. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 441 post 1 mot tilsvarande meir­inntekter på kap. 3440 post 6. Det blir derfor foreslått å auka løyvinga på kap. 440 post 1 med 1,2 mill. kroner.

I samband med utvikling av elektronisk saksbehandlingsverktøy for Spesialeininga for politisaker blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460 post 1 med 0,9 mill. kroner i 2006.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9. Dei totale utgiftene på kapitlet avhenger av talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelbundne.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 466 post 1 med 40 mill. kroner.

I samband med utvikling av elektronisk saksbehandlingsverktøy og tilsetjing av to midlertidige stillingar i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 468 post 1 med 0,975 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar der det er gjeve heil eller delvis fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 70 med 5 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 71 med 45 mill. kroner.

I samband med at behandlinga av klagesaker etter lov om fri rettshjelp blei overført frå Justisdepartementet til Justissekretariata med verknad frå 1. september 2006, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470 post 72 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 472 post 1, jf. omtale under kap. 472 post 1.

Saksomkostningar tilkjente staten i benefiserte saker førast under posten. Inntektene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å oppjustere løyvinga under kap. 3470 post 1 med 1 mill. kroner.

Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving og dekkjer erstatningar etter voldsofferlova. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 70 med 15 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktsforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Løyvinga på posten er regelbunden, og har stikkordet overslagsløyving. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 71 med 25 mill. kroner.

Stortinget gjorde 2. mai 2006 vedtak om å be Regjeringa etablera ei særskilt erstatningsordning for etterlatne etter Mehamn-ulykka og vedtak om å be Regjeringa oppnemne ei eiga nemnd som får som oppgåve å fastsetja erstatningsbeløp og definere kven som skal omfattast av ordninga.

På denne bakgrunn oppnemnde Regjeringa i juni 2006 ei nemnd, som avga si innstilling til departementet i oktober 2006. Nemnda foreslår i innstillinga at dei etterlatne skal få erstatning på til saman 8,75 mill. kroner, fordelt på totalt 69 etterlatne med beløp frå 50 000 kroner til 200 000 kroner.

Nemnda foreslår vidare at to av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 150 000 kroner, og at tre av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 100 000 kroner og at fire av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 50 000 kroner. Nemnda si endelege innstilling er vedlagt proposisjonen.

I tråd med nemnda si innstilling blir det foreslått å løyve 8,75 mill. kroner på kap. 471 ny post 74 til erstatningsutbetalingar til dei etterlatne etter dei som omkom i Mehamn-ulykka. Av praktiske omsyn blir det foreslått å gje posten stikkordet "kan overførast".

I samband med at behandlinga av klagesaker etter lov om fri rettshjelp blei overført frå Justisdepartementet til Justissekretariata med verknad frå 1. september 2006, blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 472 post 1 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 470 post 72, jf. omtale under kap. 470 post 72.

Konfliktråda held seminar og tek på seg oppdrag som kursopplæring i skolemekling eller for straffedømde og prosjekt med familiemekling o.a. I slike tilfelle tek konfliktråda betalt for utgiftene dei pådrar seg. På grunn av høgare kursverksemd enn lagt til grunn, er det pårekna høgare refusjonsinntekter på kap. 3474 post 2 i 2006. Det blir på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga på kap. 474 post 1 og kap. 3474 post 2 med 0,6 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer dei regelstyrte utgiftene til staten i samband med behandlinga av saker om tvangsopplausing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 475 post 1 med 10 mill. kroner.

I budsjettet for 2006 er det lagt til grunn ei innsparing på 38,26 mill. kroner som følgje av endringane i reglane om stykkprisgodtgjersle til advokatar som trådde i kraft 1. januar 2006. Ein del av innsparingane gjaldt innføringa av ei stykkprisordning for forsvararbistand ved fengslingar og innebar mellom anna at forsvarar ikkje skulle honorerast særskild for fengslingsforlengingar som går som kontorforretning (utan rettsmøte). Den 4. september 2006 gav kjæremålsutvalet i Høgsterett ein orskurd der det blei lagt til grunn at fengslingsforlengingar som går som kontorforretningar, skal honorerast på same måte som fengslingsforlengingar i rettsmøte på inntil ein time (med ein stykkpris på to timar). Orskurden til Høgsterett inneber årlege meirutgifter på ca. 2,8 mill. kroner i forhold til dei innsparingar som blei lagt til grunn i 2006.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, fra Høyre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo, viser til den framlagte proposisjonen med forslag om endringer i bevilgningene under diverse kapitler i statsbudsjettet for 2006. Komiteen har merket seg at endringsforslagene er basert på regnskapstall pr. 30. september 2006. I proposisjonen understrekes det at tallene på forbruk for de regelbundne postene er prognoser, og at endelige regnskapstall kan avvike fra dette.

Komiteen vil peke på særlig to forhold i proposisjonen. Det første går på investeringer. Komiteen er glad for at man gjennom salderingen har funnet rom for å øke kap. 440 post 1 med 14,3 mill. kroner. Dette, sammen med at Politidirektoratet har funnet rom innenfor eksisterende rammer på om lag 30 mill. kroner, gjør at man nå kan forsere investeringer for om lag 44 mill. kroner. Komiteen stiller seg bak at disse omprioriteringene blir brukt til å kjøpe inn pistoler og utstyr til kommunikasjonskontroll samt noen investeringer i PST.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at dette vil redusere presset på politidistriktenes driftsbudsjetter for 2007.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at Politidirektoratet med sine omprioriteringer følger opp krav fra Stortinget, og prioriterer innkjøp av personlig verneutstyr. Disse medlemmer forutsetter at det tas hensyn til Oslo politidistrikts spesielle utfordringer når det gjelder investeringsbehov. Disse medlemmer ber også Regjeringen følge nøye med, og hvis nødvendig komme tilbake med ekstra bevilgninger i Revidert nasjonalbudsjett for 2007, slik at alle politidistrikter får på plass nytt, personlig verneutstyr.

Komiteen viser til kap. 471 ny post 74 som er en konsekvens av Stortingets vedtak nr. 332, hvor Stortinget ba Regjeringen om å etablere en særskilt erstatningsordning for de etterlatte etter Mehamn-ulykken, og vedtak nr. 333, hvor Stortinget ba Regjeringen oppnevne ei egen nemnd som fikk ansvaret for å fastsette erstatningsbeløp, inkludert hvem som omfattes av ordningen. Denne nemnda avga sin innstilling i oktober 2006. Nemnda foreslår i sin innstilling en samlet erstatning på 8,75 mill. kroner fordelt på 69 etterlatte. Dette følges opp av Regjeringen i proposisjonen. Nemnda avga i november en rettet innstilling, hvor det foreslås en samlet erstatning på 8,80 mill. kroner fordelt på 70 etterlatte. Den rettede innstillingen er 7. desember 2006 oversendt fra justisministeren til Stortinget.

Komiteen viser til bakgrunnen for å etablere en slik særskilt erstatningsordning og viser for øvrig til kontroll- og konstitusjonskomiteens generelle merknader som er lagt til grunn for saken i Innst. S. nr. 125 (2005-2006).

Komiteen har for øvrig ingen merknader og tilrår Stortinget å støtte det fremlagte forslaget.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

410

Tingrettene og lagmannsrettene (jf. kap. 3410)

1

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 412 post 1, forhøyes med

1 300 000

fra kr 1 318 064 000 til kr 1 319 364 000

21

Spesielle driftsutgifter, nedsettes med

12 000 000

fra kr 45 598 000 til kr 33 598 000

414

Forliksråd og andre domsutgifter

21

Spesielle driftsutgifter, nedsettes med

20 000 000

fra kr 56 700 000 til kr 36 700 000

430

Kriminalomsorgens sentrale forvaltning (jf. kap. 3430)

60

Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres, nedsettes med

10 000 000

fra kr 35 078 000 til kr 25 078 000

440

Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 3440)

1

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441 post 1, forhøyes med

14 300 000

fra kr 7 105 061 000 til kr 7 119 361 000

21

Spesielle driftsutgifter, nedsettes med

24 000 000

fra kr 96 920 000 til kr 72 920 000

22

Søk etter omkomne på havet, i innsjøer og vassdrag, kan overføres, nedsettes med

3 000 000

fra kr 7 006 000 til kr 4 006 000

(NY)

72

Tilskudd til Det mosaiske trossamfunn, bevilges med

4 948 000

441

Oslo politidistrikt (jf. kap. 3441)

1

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 1, forhøyes med

1 200 000

fra kr 1 378 675 000 til kr 1 379 875 000

460

Spesialenheten for politisaker (jf. kap. 3460)

1

Driftsutgifter, forhøyes med

900 000

fra kr 21 493 000 til kr 22 393 000

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m. (jf. kap. 3466)

1

Driftsutgifter, nedsettes med

40 000 000

fra kr 613 178 000 til kr 573 178 000

468

Kommisjonen for begjæring om gjenopptakelse av straffesaker (jf. kap. 3468)

1

Driftsutgifter, forhøyes med

975 000

fra kr 9 697 000 til kr 10 672 000

470

Fri rettshjelp (jf. kap. 3470)

70

Fri sakførsel, nedsettes med

5 000 000

fra kr 376 568 000 til kr 371 568 000

71

Fritt rettsråd, nedsettes med

45 000 000

fra kr 228 394 000 til kr 183 394 000

72

Tilskudd til spesielle rettshjelptiltak, nedsettes med

1 000 000

fra kr 20 265 000 til kr 19 265 000

471

Statens erstatningsansvar

70

Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning, forhøyes med

15 000 000

fra kr 102 336 000 til kr 117 336 000

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning, forhøyes med

25 000 000

fra kr 79 904 000 til kr 104 904 000

(NY)

74

Erstatning til etterlatte etter de omkomne i Mehamn-ulykka, kan overføres,bevilges med

8 750 000

472

Administrasjon av særskilte erstatningsordninger m.m. (jf. kap. 3472)

01

Driftsutgifter, forhøyes med

1 000 000

fra kr 24 301 000 til kr 25 301 000

474

Konfliktråd (jf. kap. 3474)

1

Driftsutgifter, forhøyes med

600 000

fra kr 41 744 000 til kr 42 344 000

475

Bobehandling

1

Driftsutgifter, nedsettes med

10 000 000

fra kr 50 403 000 til kr 40 403 000

Inntekter

3410

Rettsgebyr (jf. kap. 410)

01

Rettsgebyr, forhøyes med

60 000 000

fra kr 1 109 288 000 til kr 1 169 288 000

5630

Aksjer i Norsk Eiendomsinformasjon as

80

Utbytte, forhøyes med

3 560 000

fra kr 6 800 000 til kr 10 360 000

3440

Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 440)

1

Gebyrer, forhøyes med

10 000 000

fra kr 470 040 000 til kr 480 040 000

4

Gebyrer - vaktselskap, nedsettes med

500 000

fra kr 1 007 000 til kr 507 000

6

Gebyrer - utlendingssaker, forhøyes med

6 000 000

fra kr 54 700 000 til kr 60 700 000

7

Gebyr - sivile gjøremål, nedsettes med

250 000 000

fra kr 853 921 000 til kr 603 921 000

3470

Fri rettshjelp (jf. kap. 470)

1

Tilkjente saksomkostninger m.m., forhøyes med

1 000 000

fra kr 2 000 000 til kr 3 000 000

3474

Konfliktråd

2

Refusjoner, forhøyes med

600 000

fra kr 1 000 000 til kr 1 600 000

Oslo, i justiskomiteen, den 14. desember 2006

Anne Marit Bjørnflaten

leder

Thomas Breen

ordfører