3. Informasjonssaker
Stiftelsen Militærhistorisk Forum Østlandet (SMFØ) har frå våren 2000 utstilt Forsvarets flysamling på Gardermoen (FFG), til glede for publikum i austlandsregionen. I den seinare tid har stiftinga sine driftskostnader auka vesentleg, noko som har ført til mangel på driftskapital. For å handtere situasjonen, har SMFØ utarbeidd ein forretningsplan som har som målsetjing å styrkje kundegrunnlaget og gjere stiftinga berekraftig innan tre år. Stiftinga inngjekk difor i 2004 ein intensjonsavtale om eit nærare samarbeid med Norsk Luftfartsmuseum i Bodø. Røynslene med avtalen er så langt positive på fleire område, og samarbeidet skal utviklast vidare. Også Ullensaker kommune ynskjer samarbeid med stiftinga, og har gjeve lovnad om å leggje til rette for at stiftinga skal få gode arbeids- og utviklingskår. Alt i alt synest det på sikt å vere lagt godt til rette for ei berekraftig drift av flysamlinga utan støtte frå staten, men det føreset ei viss støtte i etablerings-/oppbyggingsfasen. Forsvarsdepartementet meiner det er gode grunnar for å gje ei slik støtte.
Samstundes viser ein til Stortinget si utsegn i 1997 om at SMFØ skulle ta seg av drifta utan kostnader for staten, jf. Innst. S. nr. 303 (1996-1997), jf. St.prp. nr. 57 (1996-1997). I denne utsegna heiter det:
"... stiftelsen vil selv ta seg av driften av samlingen uten kostnader for staten og at inntektene fra publikumsfasilitetene, helt eller delvis, skal finansiere driften ..."
Departementet meiner at desse omsyna kan balanserast ved at stiftinga vert gjeve eit eingongstilskot på 2,25 mill. kroner til å dekkje driftsutgifter og å gjennomføre forretningsplanen si målsetjing om å utvikle eit langsiktig kundegrunnlag. Det er også ein føresetnad at stiftinga, dersom den opphavelege planen viser seg å vere for optimistisk, justerer aktiviteten tidsnok til at tilskottet kan medverke til å sikre vidare drift, med eit lågare ambisjonsnivå og utan støtte over forsvarsbudsjettet. Dette inneber likevel ikkje at stiftinga vil vere forhindra frå å nytte andre offentlege støtteordningar.