Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Hovudtrekk ved dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

Den totale utgiftsramma er auka med 265 mill. kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 667 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 402 mill. kroner.

Nedanfor er dei største og viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.

Post 1 er foreslått auka med totalt 634,7 mill. kroner.

Posten er foreslått tilført 329 mill. kroner i meirinntekter, i hovudsak frå kap. 4733 Luftforsvaret og kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Vidare er posten tilført 25 mill. kroner i samband med norsk bidrag til UNIFIL II og 13 mill. kroner er foreslått nytta til å finansiere meirbehov som er spesifisert under pkt. 2.1.2. I tillegg er posten auka med 5,5 mill. kroner i samband med ei teknisk justering grunna ei feilpostering på post 70 i 2005, ei teknisk justering mot andre postar som samla gir ein auke på 8 mill. kroner, samt 360 mill. kroner i samband med balansering av drivstoffbehaldningane i Forsvaret.

Omdisponeringane frå posten gjeld 58 mill. kroner til finansiering av utgifter over post 50 Statens Pensjonskasse, 4,8 mill. kroner i samband med forlegnings- og kontorbehov på Ørland hovudflystasjon, samt 43 mill. kroner til post 47 i samband med utgifter til investeringar i ny leir i Afghanistan (Meymaneh), jf. Revidert nasjonalbudsjett 2006.

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar. Ein vesentleg del av endringane mellom kapitla skuldast tekniske justeringar for å oppnå budsjettmessig samling av Regional støttefunksjon (RS) under kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette er ein omorganisering som er i samsvar med vedtatt langtidsplan for Forsvaret (Innst. S. nr. 234 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003-2004). Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:

Kapitlet er foreslått auka med 8,7 mill. kroner. Auken skuldast meirbehov i samband med oppretting av Granskingsutvalet for IKT-kontraktar (7 mill. kroner) og Forsvarspolitisk utval (1,7 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått redusert med 33,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak omdisponeringar til kap. 1792, post 47 Norske styrkar i utlandet i samband med utgifter til investeringar i ny leir i Afghanistan (Meymaneh).

Kapitlet er foreslått redusert med 239,8 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast i hovudsak omdisponeringar i samband med finansieringa av meirutgifter til Statens Pensjonskasse (58 mill. kroner), auka drivstoffprisar for Kystvakta (4 mill. kroner), samt ei teknisk justering i samband med reindyrkinga av kap. 1720 og 1725 som vart utført i 2006 (155,1 mill. kroner). Vidare vert det foreslått ei omdisponering av 62,3 mill. kroner til kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon grunna overføring av budsjettansvar for RS. I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kapittel, som samla gir ein reduksjon på 3 mill. kroner.

Kapitlet vert foreslått tilført midlar i samband med naudsynt styrking av tenesta ved Joint Air Operation Centre ved Fellesoperativt hovedkvarter (FOHK) (1 mill. kroner), flytting av budsjettansvar for vernepliktige ved FOHK (19 mill. kroner), samt teknisk justering grunna ei feilpostering på post 70 i rekneskapen for 2005 (5,5 mill. kroner). Vidare er kapitlet tilført midlar til sertifisering av forsvarspersonell for samlivskurs (0,08 mill. kroner), samt 17 mill. kroner i meirinntekter grunna refusjon av tsunami-utgifter i 2006. Inntekta hadde ein tilsvarande utgiftspost i 2005.

Kapitlet er foreslått auka med 206,8 mill. kroner.

Kapitlet er m.a. tilført midlar i samband med overføring av budsjettansvar for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/forvalting (FIS/F) frå greinkapitla (175 mill. kroner), overføring av budsjettansvar for drift, vedlikehald og utvikling i GOLF-/LOS-programmet (83 mill. kroner), samt ei teknisk justering i samband med reindyrkinga av kap. 1720 og 1725 som vart utført i 2005 (155,1 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar til og frå kapitlet, som samla gir ein auke på 3,7 mill. kroner.

Omdisponeringane frå kapitlet gjeld i hovudsak overføring av budsjettansvar for RS, rabattavtale for vernepliktige til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (182 mill. kroner), auka drivstoffprisar for Kystvakta (8 mill. kroner), samt ein høgare del av vedlikehaldskostnader enn budsjettert på kap. 1791 Redningshelikoptertenesta (20 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått redusert med 443,2 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.

Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (354,6 mill. kroner). Vidare skuldast reduksjonen overføring av budsjettansvar for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/ forvalting (FIS/F) (86,8 mill. kroner), overføring av budsjettansvar for Landsskytterstevnet 2006 til kap. 1734 Heimevernet (1,9 mill. kroner), samt overføring av budsjettansvar for rekruttutdanning til kap. 1732 Sjøforsvaret (5 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar til og frå kapitlet, som samla gir ein auke på 5,1 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått redusert med 143,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.

Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (76,3 mill. kroner). Vidare skuldast reduksjonen overføring av budsjettansvar for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/forvalting (FIS/F) (44,2 mill. kroner) til kap. 1725, overføring av budsjettansvar for vernepliktige ved FOHK til kap. 1720 (19 mill. kroner), samt overføring av budsjettansvar for ulike utdanningsoppgåver til kap. 1790 Kystvakta (8,5 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar til og frå kapitlet, som samla gir ein reduksjon på 0,6 mill. kroner.

Kapitlet er tilført midlar i samband med overføring av budsjettansvar for rekruttutdanning frå kap. 1731 Hæren (5 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått redusert med 258,7 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.

Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (246,4 mill. kroner), samt overføring av budsjettansvar for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/forvalting (FIS/F) (38,4 mill. kroner). Kapitlet er vidare redusert grunna overføring av midlar til kap. 1792 Norske styrkar i utlandet i samband med forlenging av oppdraget til P-3 Orion i Operation Active Endeavour (15 mill. kroner), overføring av budsjettansvar for mellom anna utdanningsaktivitetar til kap. 1734 Heimevernet (8,4 mill. kroner), samt ein høgare del av vedlikehaldskostnader enn budsjettert på kap. 1791 Redningshelikoptertenesta (18,8 mill. kroner). I tillegg er kapitlet redusert i samband med naudsynt styrking av tenesta ved Joint Air Operation Centre ved FOHK (1 mill. kroner), samt at det er gjort tekniske justeringar på kapitlet som gir ein reduksjon på 5,7 mill. kroner.

Kapitlet er tilført 75 mill. kroner i meirinntekter grunna omlegging av faktureringsrutinar i samband med kjøp og sal av tenester med AVINOR.

Kapitlet er foreslått redusert med 83,7 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.

Kapitlet er m.a. redusert i samband med overføring av budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (65,2 mill. kroner). Kapitlet er vidare redusert grunna overføring av budsjettansvar for garnisonshelsetenesta og Forsvarets informasjonssystem/forvalting (FIS/F) til kap. 1725 (5,5 mill. kroner), samt for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar (25,1 mill. kroner).

Kapitlet er tilført midlar grunna overføring av budsjettansvar for mellom anna utdanningsaktivitetar frå kap. 1733 Luftforsvaret (8,4 mill. kroner), overføring av budsjettansvar for Landsskytterstevnet 2006 (1,9 mill. kroner), samt budsjettansvar for grunnutdanning av sesjonsassistentar (1,5 mill. kroner). I tillegg er det gjort ei teknisk justering som gir ein auke på 0,3 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått auka med 1 588,6 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak tekniske flyttingar.

Kapitlet er m.a. auka i samband med overføring av budsjettansvar for RS, samt rabattavtale for vernepliktige, frå fleire kapittel (1 000,7 mill. kroner). I tillegg er kapitlet tilført 233 mill. kroner grunna meirinntekter. Også denne endringa er av teknisk karakter, og skuldast i hovudsak sal av drivstoff til allierte på øving i Noreg. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2006. Vidare er kapitlet tilført 360 mill. kroner i samband med balansering av drivstoffbehaldningane i Forsvaret.

Kapitlet er redusert grunna overføring i samband med forlegnings- og kontorbehov på Ørland hovudflystasjon (4,8 mill. kroner), samt at det er gjort ei teknisk justering på kapitlet som gir ein reduksjon på 0,3 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått redusert med 78,7 mill. kroner.

Kapitlet er redusert i samband med overføring av eigedom, bygg og anlegg tilhøyrande RS (13,9 mill. kroner), overføring av budsjettansvar for drift, vedlikehald og utvikling i GOLF-/LOS-programmet til kap. 1725 (83 mill. kroner).

Kapitlet er tilført midlar for å styrkje gjennomføringskapasitet innanfor investeringsprosjekt i Forsvaret (18,2 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått auka med 20,5 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak høgare drivstoffutgifter (12 mill. kroner), samt overføring av budsjettansvar for ulike utdanningsoppgåver frå kap. 1732 Sjøforsvaret (8,5 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått auka med 38,8 mill. kroner. Auken skuldast ei større vedlikehaldspakke som må utførast etter ei bestemt mengd flytimar. Denne kostnaden vart ikkje overført med rammeoverføringa til Justisdepartementet, og er foreslått betalt over Forsvarsdepartementet sitt budsjett i 2006.

Kapitlet er foreslått auka med 51,4 mill. kroner.

Kapitlet er m.a. tilført midlar i samband med norsk bidrag til UNIFIL II (25 mill. kroner), forlenging av oppdraget til P-3 Orion i Operation Active Endeavour (15 mill. kroner), samt støtte til gjennomføring av NATOs toppmøte i Riga (5,1 mill. kroner). Kapitlet er vidare tilført midlar i samband med styrking av tryggleiken til norske styrkar i Meymaneh (39,5 mill. kroner), samt språkopplæring i albansk (7 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar til og frå kapitlet, som samla gir ein auke på 2,8 mill. kroner.

Post 1 på kapitlet er redusert med 43 mill. kroner i samband med utgifter til investeringar i ny leir i Afghanistan (Meymaneh). Midlane er overført til post 47 på same kapitlet.

Kapitlet er foreslått auka med 1 mill. kroner grunna ymse meirbehov på kapitlet.

Posten er foreslått redusert med 20 mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som er foreslått nytta til å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar, mellom anna økonomisk støtte til Stiftelsen Militærhistorisk Forum Østlandet (2,25 mill. kroner), støtte til gjennomføring av NATOs toppmøte i Riga (5,1 mill. kroner), midlar til sertifisering av forsvarspersonell for samlivskurs (0,08 mill. kroner) og andre forsvarsrelaterte kulturprosjekt (5,4 mill. kroner).

Posten er foreslått redusert med netto 820 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld m.a. 420,5 mill. kroner som er overført til post 47 Nye bygg og anlegg. Dette utgjer i hovudsak ei likviditetsmessig tilpassing til framdrifta i investeringsprosjekta innanfor høvesvis materiell- og EBA-området.

Det har vore forseinkingar i framdrifta på fleire store materiellprosjekt, og dette har ført til fleire åtgjerder for å setje i gang andre prioriterte prosjekt. Posten er vidare redusert i samband med styrking av tryggleiken til norske styrkar i Meymaneh (39,5 mill. kroner), samt i samband med balansering av drivstoffbehaldningane i Forsvaret (360 mill. kroner).

Reduksjonane på posten er eit uttrykk for likviditetsmessige tilpassingar til tidsfasinga i prosjektportefølja, og er ikkje eit uttrykk for reduksjonar i sektoren sitt behov for investeringar. Reduksjonane skuldast mellom anna forhold som forseinkingar i leveransar frå leverandørar innanfor større materiellprosjekt.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til investeringar i eigedomar, bygg og anlegg (EBA) med 417,8 mill. kroner i 2006. Dette utgjer i hovudsak ei likviditetsmessig tilpassing til framdrifta i investeringsprosjekta innanfor høvesvis materiell- og EBA-området. Det er behov for å auke EBA-investeringane for å oppretthalde verdien av sentrale delar av bygningsmassen. Vidare er det behov for å gjennomføre EBA-prosjekt for å oppnå omstilling og effektivisering, og EBA-behov som følgje av materiellinvesteringar.

Posten er tilført 420,5 mill. kroner frå post 45. Posten er vidare tilført midlar i samband med forlegnings- og kontorbehov på Ørland hovudflystasjon (4,8 mill. kroner).

Posten er vidare redusert med 89 mill. kroner grunna ei rekkje sal av eigedomar der inntektene kjem på eit seinare tidspunkt enn budsjettert (mindreinntekt).

Regjeringa foreslår oppretta ein post 47 under kap. 1792 Norske styrkar i utlandet for å synleggjere utgifter til investeringar i nybygg og nyanlegg ved internasjonale operasjonar, jf. tilsvarande forslag i St.prp. nr. 1 (2006-2007). Utgiftene omfattar investeringar i samband med ny leir i Afghanistan (Meymaneh 81,5 mill. kroner).

Posten er foreslått auka med 58 mill. kroner i samband med finansieringa av meirutgifter til Statens Pensjonskasse.

Posten er foreslått redusert med 5,5 mill. kroner i samband med ei teknisk justering grunna ei feilpostering på post 70 i 2005.

Det er registrert netto meirinntekter på 240 mill. kroner.

Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde inntektskapitla:

Kapitlet er auka med 16,4 mill. kroner. Auken skuldast refusjon av Forsvarets utgifter i samband med tsunamien i 2005 (17 mill. kroner). Reduksjonen skuldast ei teknisk flytting av inntekter mellom kapitla (0,6 mill. kroner).

Kapitlet er auka med 5,4 mill. kroner som i hovudsak gjeld auka inntekter til Forsvarets sanitet (4 mill. kroner). Anna auke skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla (1,4 mill. kroner).

Kapitlet er redusert med 1,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Kapitlet er redusert med 0,7 mill. kroner. Reduksjonen skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Kapitlet er auka med 75 mill. kroner. Overgang til bruttofakturering med AVINOR, som følgje av meirverdiavgift på tenestene, medfører at inntekt med tilsvarande utgift no må posterast som inntekt.

Kapitlet er auka med 234 mill. kroner. Endringar på posten er av teknisk karakter, og skuldast i hovudsak sal av drivstoff og utleige av EBA og materiell til allierte styrkar på øving i Noreg. Meirinntekta har ein tilsvarande ikkje-budsjettert utgift i 2006.

Kapitlet er foreslått redusert med 89 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak sal av ei rekkje eigedomar der inntektene kjem på eit seinare tidspunkt enn budsjettert. Regjeringa ser positivt på forkjøpsretten for kommunar og fylkeskommunar ved sal av eigedom frå Forsvaret. Dette har i enkelte høve ført til forseinkingar i salsprosessen og dermed forseinka inntekter til Forsvaret i 2006.