1. Sammendrag
I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2006. Siktemålet er å skape best mogeleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2006 vart utarbeidd.
Hovudelementa i omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg den vedtekne flyttinga av regionale støttefunksjonar (RSF) frå greinkapitla til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), jf. Innst. S. nr. 234 (2003-2004) og St.prp. nr. 42 (2003-2004). Vidare formaliserer proposisjonen den varsla auken på kap. 1792 Norske styrkar i utlandet i samband med flytting av leiren i Meymaneh (Afghanistan), for å betre tryggleiken for dei norske styrkane, jf. Revidert nasjonalbudsjett 2006; tilleggsløyvinga til bidraget til UNIFIL II; samt overføring av budsjettansvaret for rabattavtale for vernepliktige frå greinkapitla til kap. 1740.
Omgrupperingsproposisjonen for 2006 tek vidare vare på formaliseringa av lønnskompensasjonen for 2006 og formalisering av meirinntekter. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 265 mill. kroner.
I samsvar med FNs tryggingsråd sin samrøystes resolusjon 1701 av 11. august 2006, mottok Noreg ei formell oppmoding frå FN om å bidra med maritime kapasitetar, og tilbaud eit bidrag bygd opp kring fire missiltorpedobåtar (MTB-ar). Regjeringa stadfesta etter komitéhøyringar i Stortinget deltakinga med fire MTB-ar og naudsynte støtteelement gjennom kgl.res. av 29. september 2006. Totalt utgjer det norske styrkebidraget rundt 150 personar.
Meirkostnadene for bidraget er både personellrelaterte og knytte til materiell, vedlikehald, deployering og kjøp av varer og tenester etc. Totalt er det no rekna ut at bidraget vil koste 25 mill. kroner i 2006.
I denne proposisjonen vert det fremja forslag om tilleggsløyving av 25 mill. kroner for 2006.
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2006, dei seinare endringane gjort av Stortinget, og midlar ført over frå 2005. Det er og tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2006 (301,990 mill. kroner).
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2006, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2006 | 30 610 218 |
St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2006 (RNB), jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005). | 19 678 |
St.prp. nr. 70 (2004-2005) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap og om endring i gradsnivå for militære embete ("soldatproposisjonen"), jf. Innst. S. nr. 274 (2004-2005). | 12 503 |
Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. | 301 990 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 30 944 389 |
+ Midlar ført over frå 2005 | 1 105 500 |
= Disponible midlar i 2006 før omgrupperinga | 32 049 889 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2006, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2006 | 1 003 452 |
= Løyvingar før omgruppering | 1 003 452 |
I høve til vedtatt budsjett for 2006 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 240 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2005-2006) under vedtak II.
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida | 240 000 |
+ Tilleggsløyvingar | 25 000 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 265 000 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 30 944 389 |
= Samla løyvingar etter omgrupperinga | 31 209 389 |
+ Midlar ført over frå 2005 | 1 105 500 |
= Samla disponible midlar i 2006 etter omgrupperinga | 32 314 889 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Løyvingar før omgrupperinga | 1 003 452 |
Meirinntekter | 240 000 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 1 243 452 |
Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 265 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 240 mill. kroner.
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av meirinntekter.
Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)
Post | Formål | Mindreutg.-/Meirutg.+ |
1 | Driftsutgifter | 634 652 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -20 000 |
45 | Store nyskaffingar | -820 000 |
47 | Nye bygg og anlegg | 417 848 |
50 | Overføringar Statens Pensjonskasse | 58 000 |
70 | Renter låneordning | -5 500 |
Sum | 265 000 |
Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)
Post | Formål | Mindreinnt. -/Meirinnt.+ |
1 | Driftsinntekter | 329 000 |
45 | Store nyskaffingar | 0 |
47 | Sal av eigedom | -89 000 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter | 0 |
90 | Lån til bustadføremål | 0 |
Sum | 240 000 |