Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Hovudutfordringa

Det er store variasjonar frå land til land både med omsyn til den rettslege stillinga til barn og unge, korleis reaksjonssystemet er organisert, og korleis ansvaret er fordelt. I Noreg legg den nye straffelova som er vedteken, men ikkje tredd i kraft, til grunn at fengselsstraff også kan brukast overfor den yngste aldersgruppa, men at styresmaktene bør vere restriktive med denne reaksjonsforma og prøve å finne andre eigna alternativ.

Hovudutfordringa vil vere å vurdere moglege alternativ til fengsel som kan vere til det beste for barnet, samtidig som dei sikrar andre tungtvegande omsyn. Regjeringa meiner det er behov for to parallelle løp: betre forholda for barn og unge i fengsel (korttidsperspektivet) og greie ut eigna alternativ til fengsel (langtidsperspektivet). Barnevernet vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet, særleg for barn under 18 år.

Det finst lite nyare forsking om barn og unge i varetekt og fengsel. Regjeringa vurderer det slik at prinsipp og metodar for arbeidet med unge lovbrytarar må gjennomgåast breitt og tverrfagleg, og departementet vil derfor setje i gang eit slikt arbeid.

Barnekonvensjonen slår fast prinsippet om at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar der barn er involverte. Dette gjeld anten handlinga blir utført av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgivande organ. Det betyr at også andre omsyn kan vere relevante.

Behovet for vern i samfunnet er eit omsyn som må vegast mot omsynet til det beste for barnet mellom anna når ein skal velje fengslingssurrogat og gjennomføringsformer, og ved permisjonar. Det same gjeld når ein skal varsle den fornærma eller dei etterlatne om hendingar i samband med straffegjennomføringa.

Avhengig av typen lovbrot og omfanget av det, vil ofte både den fornærma og ålmenta krevje at den skuldige blir straffeforfølgd og dømd til fengselsstraff utan vilkår. At gjerningspersonen er ung, vil likevel ofte føre til at kravet om ein slik reaksjon ikkje er så sterkt som elles.

Hovudmålet med fengsling er å sikre at saka blir oppklart og gjennomført. Omsynet til bruk av fengsling og eventuelle restriksjonar må vegast mot omsynet til det som er best for barnet. Når ein vel fengslingssurrogat og fengsel, må omsynet til det behovet politiet har for kontakt med den sikta i varetektstida, vegast mot omsynet til det behovet barnet har for å bli plassert nær heimstaden.

Ein av dei viktigaste føresetnadene for å kunne gjennomføre eit individuelt tilpassa opplegg for unge lovbrytarar, er at kriminalomsorga har fengsel som kan tilfredsstille dei krava som slike opplegg stiller. Det er bygd fleire nye fengsel dei seinaste åra, og nye er under planlegging. Dessutan er mange fengsel bygde om, utvida og moderniserte. Likevel er bygningsmassen prega av til dels gamle fengsel som ikkje tilfredsstiller krava til ei moderne fangebehandling, spesielt ikkje for unge lovbrytarar.

Talet på barn i fengsel er lågt, og desse har ulik bakgrunn og ulike behov. Det gjer det krevjande å skreddarsy individuelle opplegg for den enkelte innanfor økonomisk akseptable rammer. Den situasjonen vi har i dag med soningskø, gjer det nødvendig med maksimal kapasitetsutnytting i fengsla. Ei skjerming av unge innsette kan føre til nedgang i talet på innsette i dei aktuelle fengsla. Dette vil vere ei av dei største utfordringane i utviklinga av gode og individuelt tilpassa tiltak for dei unge som blir sette i fengsel. Den same avveginga må gjerast når ein skal setje nokon i varetekt, der det behovet politiet har for umiddelbar plassering, kan gjere det vanskeleg å skjerme unge innsette mot uheldig eksponering.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti, vil generelt understreke viktigheita av å redusere bruka av fengselsstraff overfor unge lovbrytarar. Det er grunn til å tru at fengselsstraff har særleg negative verknader på barn, og fleirtalet meiner den preventive effekten av eit fengselsopphald er liten. Fleirtalet vil peike på at det berre er i unntakstilfelle, der det er nødvendig for å skjerme samfunnet, at det kan forsvarast å setje mindreårige i fengsel. Det beste for barnet vil som regel vere ei alternativ reaksjonsform og oppfølging. I praksis er det viktig å bruke dei alternativa som allereie finst på ein betre måte, samtidig som ein utviklar nye.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er nøgd med at Regjeringa med denne meldinga følgjer opp behandlinga av den alminnelege delen i den nye straffelova der justiskomiteen ber Regjeringa leggje fram ei eiga sak for Stortinget snarast mogleg om soningsforholda for personar som var under 18 år på fengslingstidspunktet. Det sentrale i stortingsmeldinga er å følgje opp bestillinga frå Stortinget og foreslå betringstiltak for denne gruppa innsette.

Komiteens medlemmer fra Høyre vil påpeke at unge lovbrytere som kvalifiserer til fengsel har begått til dels svært alvorlige kriminelle handlinger, og mener samfunnet må ta høyde for at noen av disse må sone i fengsel også i fremtiden. Dette krever en viss beredskap i kriminalomsorgen, og at fengsler ulike steder i landet må kunne tilby soningsplasser beregnet på unge mennesker.

Disse medlemmer har merket seg at meldingen mener tilbud til unge lovbrytere i fengsel vil kunne medføre en uønsket reduksjon i soningskapasitet ved det aktuelle fengslet. Disse medlemmer mener hensynet til forsvarlige soningsforhold må gå foran hensynet til raskere køavvikling. Det er grunn til å anta at barnevernet vil kunne komme i samme situasjon om man skal ta imot ungdommer som krever omfattende tilrettelegging for å kunne oppholde seg der.