7. Rammer for bruken av distrikts- og regionalpolitiske virkemidler under Kommunal- og regionaldepartementet
Med bakgrunn i det nye regelverket skal Noreg revidere det distriktspolitiske virkeområdet. Virkeområdet for dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane avgrensar mellom anna bruken av distriktspolitiske lån og tilskot til bedrifter gjennom Innovasjon Noreg.
Dersom ESA aksepterer eit større virkeområde frå 2007, er dette eit særs godt resultat for Noreg. Med eit høgare befolkningstak kan fleire kommunar inkluderast samanlikna med i dag. Dette inneber auka handlingsrom for ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk og gir betre rom til å møte dei utfordringane næringslivet i virkeområdet står overfor og vil møte i åra framover. Regjeringa har derfor notifisert eit virkeområde som inkluderer 24 fleire kommunar enn i dag i virkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.
Regjeringa er nøgd med fleksibiliteten i regelverket som gjer at sterke område i fylke som tilfredsstiller folketettleikskriteriet, kan bli bytte ut mot svake område i fylke som ikkje tilfredsstiller kriteriet. Ein slik fleksibilitet er heilt avgjerande for at Noreg skal kunne behandle likt område som har dei same utfordringane.
Virkeområdet for dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane avgjer mellom anna i kva område av landet dei distriktspolitiske direkte bedriftsretta støtteordningane kan nyttast, og kva maksimale støtteintensitetar som gjeld. Virkeområdet må vere i tråd med EØS-retningslinjene for regionalstøtte og vere godkjent av EFTAs overvakingsorgan, ESA. Ifølgje dei nye, vedtekne retningslinjene for perioden 2007-2013 frå ESA er Noreg ikkje pålagt å differensiere satsane geografisk innanfor det godkjende virkeområdet.
For å sikre at verkemidlane blir mest mogleg treffsikre, meiner Regjeringa at det er rett å vidareføre ei viss geografisk differensiering av dei maksimale støtteintensitetane for investeringsstøtte, ved at satsane i dei sterkaste områda i virkeområdet blir sette noko lågare enn i dei svakaste og sterkast prioriterte områda innanfor distriktspolitikken.
I nokre tilfelle, til dømes i samband med særskild omstillingsinnsats, legg Regjeringa opp til å kunne utnytte maksimalsatsane fullt ut, uavhengig av kvar ein er i virkeområdet. Regjeringa meiner denne løysinga gir ein treffsikker verkemiddelbruk, samtidig som ei slik løysing sikrar omsynet til nødvendig fleksibilitet.
Det nye virkeområdet vil etter planen gjelde fram til 31. desember 2013.
Det er ESA som endeleg avgjer kva for regionar og kommunar som fell innanfor virkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidlane. Regjeringa legg til grunn at notifikasjonen blir godkjend i løpet av hausten slik at virkeområdet kan ta til å gjelde frå 1. januar 2007.
Dei ordinære distrikts- og regionalpolitiske midlane under kap. 551 post 60 over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet blir i all hovudsak nytta innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, som ein distriktspolitisk ekstrainnsats. Ein mindre del blir nytta utanfor virkeområdet for å medverke til å utnytte verdiskapingspotensialet i alle delar av landet.
Midlane over kap. 551 post 60 blir desentraliserte til fylkeskommunane, som igjen fordeler dei til Innovasjon Noreg, kommunale og interkommunale næringsfond og lokale og regionale utviklingstiltak. I kriteria for fordelinga mellom fylka blir virkeområdet nytta som det sentrale grunnlaget.
Departementet fordeler også midlar over kap. 552.72 til mellom anna programverksemd under Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Også desse midlane skal primært nyttast innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.
Dei særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane skal etter Regjeringa sitt syn framleis i all hovudsak nyttast til å fremme ei positiv utvikling i områda innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.
Samtidig ser Regjeringa behov for ein noko sterkare regionalpolitisk innsats for å fremme nyskaping, innovasjon og utnytting av potensiala i næringsmiljø i regionar også utanfor det distriktspolitiske virkeområdet.
Regjeringa har varsla at ho ønskjer å styrkje dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane under Kommunal- og regionaldepartementet.
Dei gjeldande retningslinjene for bruken av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane under Kommunal- og regionaldepartementet gir stort regionalt og lokalt handlingsrom for innrettinga på innsatsen. Regelverket har likevel nokre avgrensingar som Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere nærmare, mellom anna for å få til forenkling og betre samsvar med retningslinjene for dei alternative verkemidlane til differensiert arbeidsgivaravgift.
I tråd med ansvarsreforma meiner Kommunal- og regionaldepartementet at prioriteringar av bruk av dei regionale utviklingsmidlane i størst mogleg grad bør bli tekne regionalt og lokalt. Departementet vil likevel peike på at grunngivinga for midlane er at dei skal bli nytta til særskilde utviklingstiltak for å fremme næringsutvikling og utvikling av attraktive stader. Departementet ser derfor framleis behov for å ha ei klar avgrensing mot bruk av midlane til drift og investeringar knytte til offentleg velferdsproduksjon.
Departementet vil samtidig peike på at spesielle infrastrukturinvesteringar og utviklingstiltak som skal medverke til å utvikle eit betre tenestetilbod, kan vere nyttige for å fremme næringsutvikling og attraktive stader. Departementet ønskjer derfor at fylkeskommunane i samarbeid med den regionale partnarskapen, skal få større fridom til å avgjere kva typar fysiske investeringar og utviklingstiltak innanfor det distriktspolitiske virkeområdet som best kan medverke til å fremme regional utvikling. Departementet legg opp til å endre retningslinjene for midlane i tråd med dette, og at det blir harmoniserte retningslinjer for midlane over kap. 551 post 60 og post 61.
Komiteen er tilfreds med at Regjeringen har fått gjennomslag overfor ESA for en utvidelse av virkemiddelområdet for bruken av distriktspolitiske lån og tilskudd til bedrifter gjennom Innovasjon Norge. Dette vil gi økt handlingsrom for en offensiv distrikts- og regionalpolitikk.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, støtter Regjeringens vurdering av behovet for en noe sterkere regionalpolitisk innsats for å fremme nyskaping og innovasjon i regioner også utenfor det distriktspolitiske virkemiddelområdet.