Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Styrking av næringsrettede vIrkemidler for å utnytte regionale fortrinn og potensial

Regjeringa vil byggje opp under ei målretta satsing på å utvikle næringsverksemd ut frå regionale fortrinn og potensial for å auke verdiskapinga og leggje til rette for å skape arbeidsplassar der folk bur.

Regjeringa legg opp til å utvikle nasjonale strategiar på dei områda der Noreg har ein særeigen næringsstruktur, mellom anna marin sektor, maritim sektor, energisektoren, miljøsektoren og reiselivssektoren. Regjeringa har som mål at Noreg skal bli ein av dei leiande innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innanfor dei områda vi har fortrinn, og arbeide for å utvikle regionale verdiskapingsmiljø.

Regjeringa vil medverke til at kvalitetar som er knytte til bestemte stader og miljø blir utnytta til å utvik­le lønnsame verksemder, attraktive arbeidsplassar og robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet.

Staten har ei viktig rolle med å føre ein økonomisk politikk som medverkar til at næringslivet ikkje blir utsett for brå endringar i konkurransevilkåra, til dømes i samband med renter og kronekurs. Staten har også ei sentral rolle i å sikre ein god infrastruktur og eit solid grunnlag for kunnskapsutvikling gjennom høgare utdanning og forsking og utvikling.

Regjeringa legg også vekt på at staten i eit land som Noreg må ha ei aktiv rolle i næringsutviklinga, både for å styrkje utviklinga i dei ulike delane av landet og som eit bidrag til å utvikle den nasjonale konkurranseevna. Regjeringa vil derfor utnytte handlingsrommet innanfor EØS-avtalen for næringsretta distrikts- og regionalpolitisk innsats og styrkje dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane.

Dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, SIVA, Forskingsrådet og fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar, har særleg viktige roller i å setje i verk ein meir aktiv næringsretta distrikts- og regionalpolitikk.

Regjeringa ser det som viktig at det offentlege medverkar til å byggje opp under og styrkje konkurransedyktige lokale og regionale nærings- og innovasjonsmiljø. Motoren i regional omstilling ligg i stor grad i samarbeid og/eller konkurranse innanfor og mellom sektorar i geografisk avgrensa regionar. Regjeringa legg vekt på at det offentlege verkemiddelapparatet medverkar til å få til eit godt samspel mellom bedrifter og mellom bedrifter og kompetansemiljø om utviklingsarbeid.

Den regionale innovasjonsinfrastrukturen med forskingsparkar, kunnskapsparkar, inkubatorar, inkludert industriinkubatorar og distribuerte inkubatorar og næringshagar, utgjer viktige bindeledd i regionale næringsmiljø. Dette er ein sentral del av innovasjonsinfrastrukturen i regionane og bind denne saman med den nasjonale regionalpolitikken.

Regjeringa vil vidareutvikle og styrkje arbeidet i SIVA for å fremme betre samspelseffektar mellom dei ulike miljøa, der også miljø for rådgiving og risikovillig kapital er kopla inn. Dette inneber mellom anna eit tettare samarbeid mellom SIVA og fylkeskommunane og resten av verkemiddelapparatet.

SIVAs særlege ansvar for å medverke til å fremme vekstkrafta i distrikta skal følgjast opp og vidare­utviklast.

Regjeringa ønskjer å vidareføre og styrkje satsinga på næringshagar. Frå og med 2006 starta Kommunal- og regionaldepartementet opp ein ny programperiode for næringshagane med vekt på både å etablere nye næringshagar og å styrkje nyskapingsarbeidet i dei eksisterande næringshagane.

Gründersatsing på kvinner i regi av SIVA i næringshagane er ein viktig del av arbeidet for å auke talet på bedriftsetableringar gjennomført av kvinner i distrikta.

Regjeringa ønskjer at den nye satsinga på Norwegian Centres of Expertise (NCE) skal bli sterk og gi varige resultat. Norwegian Centres of Expertise er retta mot spesialiserte klyngjer med konkurransedyktige bedrifter. Programmet skal medverke til å byggje næringsmiljø i verdsklasse gjennom å fremme godt samarbeid mellom FoU-miljø og næringslivet.

Programmet skal ha eit tiårsperspektiv. Det har vekt stor interesse, og fleire miljø har søkt om å få midlar til å etablere eit NCE. Seks næringsmiljø fekk status som NCE i 2006.

Regjeringa meiner det er ønskjeleg og tenleg å ha offentlege verkemiddel som er særleg retta mot å fremme vekst i område der omstilling og nyskaping er viktige føresetnader for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål om busetjing og verdiskaping.

Den viktigaste grobotnen for arbeidsplassar og næringsmiljø er dei mange bedrifts- og næringsmiljøa som alt finst. Regjeringa ønskjer å motverke at lokale bedrifts- og næringsmiljø forvitrar, og å leggje til rette for fleire levedyktige verksemder.

Når det offentlege stiller ekstra midlar til risikolån og investeringstilskot til disposisjon innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, er det for å utløyse prosjekt som er lønnsame etter støtte. Verkemidla skal supplere og utløyse den private kapitalmarknaden.

Regjeringa ønskjer å stimulere til næringsutvikling både gjennom generelle og selektive verkemiddel, og meiner at Innovasjon Noreg har ei særs viktig rolle i finansieringa av investeringar i næringslivet i områda utanfor dei største byområda.

Regjeringa er òg oppteken av at dei nye, distriktsretta såkornfonda blir eit reelt tilskot til å betre tilgangen til risikokapital for gode bedriftsprosjekt i områda utanfor dei største byregionane.

Det er ei utfordring å få fram fleire gode prosjekt i næringslivet og fleire nye vekstbedrifter i heile landet. Ein av fleire viktige føresetnader for dette er ein kapitalmarknad som fungerer effektivt i alle delar av landet.

Det er ikkje grunnlag for å hevde at tilgangen på risikokapital til norsk næringsliv generelt er for knapp. Tilgang på kapital for bedriftsetableringar i ein tidleg fase er likevel ei særleg utfordring.

Det kan vere eit problem at kapitalmiljøa i større byregionar har for liten kunnskap om kva potensial som finst på andre, mindre stader. Samspelet med det offentlege verkemiddelapparatet og med bankane blir desto viktigare.

Kommunal- og regionaldepartementet har i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og Innovasjon Noreg sett i gang ei utgreiing om korleis tilgangen på og tilbodet om kapital til SMB varierer i ulike delar av landet. Utgreiinga blir gjennomført i 2006 og vil gi auka kunnskap om korleis kapitalmarknaden fungerer. Slik kunnskap gir grunnlag for å vurdere behovet for og innrettinga av den offentlege innsatsen for å stille risikokapital til disposisjon i ulike delar av landet.

Regjeringa vil leggje til rette for at verkemiddelapparatet i større grad kan utnytte handlingsrommet for investeringstøtte gjennom investeringstilskot og risikolån. Regjeringa har som mål å auke løyvingane av dei distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane som er desentraliserte til fylkeskommunane, slik at dei i samarbeid med partnarskapen, kan prioritere å auke overføringa av midlar til distriktskontora til Innovasjon Noreg.

Staten har dei siste åra vedteke å opprette to såkornkapitalordningar, ei landsdekkjande og ei distriktsretta. Ordningane er eit samarbeidsprosjekt mellom statleg og privat kapital. Dei skal styrkje tilgangen på kapital og kompetanse til innovative prosjekt i ein tidleg fase. Ordningane vil totalt ha ein kapitalbase på 2 402,4 mill. kroner. Regjeringa reknar med at dei fleste fonda vil vere oppretta i 2006.

Regjeringa ser på stimulering til entreprenørskap som ein sentral del av distrikts- og regionalpolitikken.

Regjeringa vil auke talet på gründerar og nyetablerarar gjennom

  • – auka satsing på entreprenørskap i skolen

  • – bistand til etablerarar med både lokale og globale ambisjonar

  • – å fremme kommersialisering av forskingsbaserte idear

  • – å fremme knoppskytingar frå eksisterande næringsliv

Både kommunane, fylkeskommunane, regional stat og dei nasjonale verkemiddelaktørane har viktige roller i dette arbeidet, i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, FoU-miljø og enkeltbedrifter. Regjeringa ser også på styrkinga av kommunale næringsfond som ein del av satsinga på entreprenørskap og nyetableringar.

Regjeringa legg vekt på at næringsretta distrikts- og regionalpolitisk innsats blir innretta slik at dei medverkar til auke i nyetableringar blant unge og kvinner.

Regjeringa legg i tråd med Soria Moria-erklæringa opp til at det skal bli utvikla ein nasjonal handlingsplan for kvinnelege entreprenørar. Nærings- og handelsdepartementet vil utarbeide handlingsplanen i samarbeid med andre departement.

Innovasjon Noreg har ei gjennomgåande satsing på unge etablerarar, med kontaktpersonar for unge på alle distriktskontora. Regjeringa legg vekt på at arbeidet retta mot unge etablerarar i Innovasjon Noreg blir vidareført og forsterka i ein dialog med målgruppa slik at arbeidet mot unge etablerarar blir betra. Det er også viktig at dei regionale partnarskapane utviklar strategiar for å møte behova og byggje ned barrierar for unge etablerarar.

Det nye regelverket for regionalstøtte i EØS-området som skal gjelde frå 2007, opnar for å gi støtte til ulike typar driftsutgifter i nyetablerte verksemder. Regjeringa vil vurdere korleis dette handlingsrommet bør utnyttast og korleis ein slik type støtte eventuelt bør innrettast.

Regjeringa vil i denne stortingsperioden også vurdere etablering av ein gründerbank. Spørsmålet om gründerbank vil bli behandla i samband med at ein ser på spørsmålet om å skipe eit kapitalfond.

Regjeringa er oppteken av å styrkje den rolla kommunane spelar som førstelinje innanfor arbeidet med næringsutvikling.

Regjeringa meiner at alle kommunane i det distriktspolitiske virkeområdet bør ha økonomiske midlar til å stimulere til lokal næringsutvikling, og vil medverke til dette gjennom satsing på kommunale næringsfond via fylkeskommunane. Kommunal- og regionaldepartementet ser positivt på at kommunar som ønskjer det, nyttar midlane i samarbeid med fleire kommunar i regionale næringsfond.

Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å auke tildelinga av midlar til fylkeskommunane slik at dei i større grad kan prioritere midlar til kommunale næringsfond.

Regjeringa si styrking av innsatsen gjennom kommunale næringsfond er sett i verk frå 2006. Kommunal- og regionaldepartementet vil hente inn og vidareformidle erfaringar om korleis arbeidet med desse midlane blir organisert og forvalta rundt om i kommunane.

Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruks- og matdepartementet, KS og Innovasjon Noreg samarbeider om eit prosjekt som skal sjå på spørsmål som er knytte til kommunane som førstelinje for småskala næringsutvikling. Prosjektet har omfattar 47 kommunar frå 13 fylke. Det skal gjere kommunane betre i stand til å fylle rolla som førstelinje ved å medverke til at kommunane i samarbeid blir aktive, kompetente og resultatorienterte aktørar i lokal og regional næringsutvikling.

Komiteen mener det er viktig å drive et langsiktig arbeid som vil gi økt nyskaping og entreprenørskap. Flere unge mennesker må bli motivert til å ta skrittet fra idé til bedriftsetablering. Derfor støtter komiteen det viktige arbeidet som gjelder entreprenørskap i skolen. Utvikling av ideer og etablering av bedrifter som en del av skolehverdagen er et målrettet og nødvendig arbeid for å gjøre oss til en nasjon med flere entreprenører.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, støtter meldingens styrking av tiltak for å utnytte regionale fortrinn og potensial til en balansert blanding av produksjon og tjenesteaktiviteter, eksportnæringer og næringer rettet mot lokale og nasjonale brukere.

Flertallet merker seg at meldingen varsler en styrking av finansielle mekanismer for å støtte gründere og såkornaktiviteter. Flertallet er enig i at både de nasjonale virkemiddelaktørene, fylkeskommuner, regional stat og kommuner bør bidra til å bygge ned eventuelle barrierer for unge, kvinner og innvandrere eller utvikle egne spesialtilpassede tilbud. Flertallet ser i denne sammenhengen positivt på at Regjeringen vurderer å etablere en gründerbank.

Flertallet viser til SIVAs gründersatsing gjennom næringshager. Kvinner utgjør 38 pst. av de sysselsatte i næringshagene på landsbasis, og mange næringshager har kvinnelige ledere. Satsingen skal skje i samarbeid med Innovasjon Norges program "Kvinner i fokus". Flertallet støtter en slik forsterket og mer samordnet innsats for kvinnelig entreprenørskap.

Flertallet viser til at det legges stor vekt på å redusere barrierer for entreprenørskap for unge, kvinner og for innvandrere og slik legge forholdene bedre til rette for å starte opp egen virksomhet. Flertallet vil understreke at manglende tilgang på kapital kan være en slik barriere.

Flertallet ser positivt på det samarbeidet som meldingen legger opp til mellom kommunal, fylkeskommunal og statlig virksomhet og privat sektor med sikte på å etablere et variert næringsliv og en variert sysselsetting i distriktene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil ikke bygge ned gode tiltak eller avvikle virkemiddelapparatet. Disse medlemmer mener det er nødvendig med offentlig innsats der markedet ikke fungerer godt nok. Men de offentlige virkemidlene må ikke benyttes der det private kan og vil gjøre jobben uten offentlig innblanding. Disse medlemmer mener virkemidler skal prioriteres og rettes mot ideenes tidlige fase. Våre virkemidler må bidra til at flere gode ideer blir kommersialisert. Vi vil bruke pengene for å utvikle koblingspunkter mellom forskning, utdanningsinstitusjoner, gode rådgivere og den private kapitalen, slik at mer av kunnskapen vår skaper grunnlag for nye bedrifter og lønnsomme arbeidsplasser. Disse medlemmer mener det er riktig å bidra med tilskudd, egenkapital og lån i de mest kritiske og risikopregede utviklings- og oppstartsfasene. Det er imidlertid viktig å unngå at statlige midler brukes til å fastlåse gammeldags næringsstruktur. Statlige virkemidler skal støtte opp under nødvendig nyskaping, utvikling og forandring.

Disse medlemmer vil fremheve at det er den generelle økonomiske politikken og skattepolitikken som er bærebjelker i virkemiddelapparatet. Disse medlemmer ønsker ikke å videreføre en selektiv næringspolitikk som premierer bedrifter som går dårlig i stedet for å satse på bedrifter som vil kunne utvikle seg. Landet vårt er avhengig av at næringslivet evner å foreta nødvendige omstillinger. Med den endringstakten vi har i dagens samfunn er det viktigere enn noen gang. Disse medlemmer mener at virkemiddelapparatet skal bidra med service til rent praktiske ting ved opprettelse av selskaper, patentsøknader, markedsundersøkelser, bidra til bygging av infrastruktur og så videre. Det skal bevilges penger til forskning, innovasjon og omstilling samt internasjonalisering og forenkling. Disse medlemmer vil fremheve at Innovasjon Norge gjennom sine virkemidler skal stimulere bl.a. innovasjon, bedriftsutvikling, internasjonalisering, forsknings- og utviklingskontrakter, maritim utvikling og økt entreprenørskap.

Disse medlemmer viser til at Innovasjon Norge, SIVA og Norges Forskningsråd til sammen utgjør spydspissen av det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet. De har forskjellige oppgaver, og er ment å utfylle hverandre for å kunne tilby et kompetent og sterkt virkemiddelapparat. Disse medlemmer mener dette er en fornuftig organisering som må videreutvikles. Disse medlemmer vil presisere at det er viktig med godt samarbeid mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet og kommunene. Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og medspiller for lokal næringsutvikling. Disse medlemmer viser til at det over tid er bygget opp en betydelig virkemiddelstruktur i fylkeskommunene. Disse medlemmer er skeptiske til om dette er en riktig bruk av midler og mener det er grunn til å advare mot at det bygges opp mange parallelle tjenester.

Disse medlemmer vil fremheve at det er positivt at private satser sine egne penger og investerer i verdiskaping. Slik skapes det beste næringslivet over tid. Disse medlemmer mener det er viktig å stimulere til at private investerer sparepengene sine i verdiskapende ideer. Kommersialisering av forskningsideer og andre gode prosjekter bør stimuleres sterkere enn i dag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at disse medlemmer var imot at fylkeskommunen fikk overført midler for å holdes kunstig i live som en regional utviklingsaktør, og at Fremskrittspartiet ønsker å erstatte dagens ordning med en landsdekkende ordning som ikke forfordeler tynt befolkede områder. Disse medlemmer mener at Fremskrittspartiets politikk, med en kombinasjon av lavere skatter og avgifter samt investeringer i veier og bredbånd, er langt mer fremtidsrettet enn Regjeringens subsidiepolitikk når det gjelder å skape gode rammebetingelser for næringsutvikling, innovasjon og entreprenørskap i distriktene.