Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Grunnleggende forutsetninger for næringsutvikling og bosetting

Regjeringa vil arbeide for gode rammevilkår for utvikling av næringsliv og arbeidsplassar og av gode teneste- og velferdstilbod og attraktive stader i alle delar av landet. Dette er grunnleggjande føresetnader for å få eit samfunn med reell fridom til å busetje seg der ein ønskjer.

For å møte utfordringane i ulike delar av landet og i ulike typar bu- og arbeidsmarknadsområde, må politikken vere geografisk differensiert.

Regjeringa legg stor vekt på samarbeid over sektorgrenser både nasjonalt og regionalt for å sjå innsats som kan fremme distrikts- og regionalpolitiske mål, i samanheng. Ofte er det sumverknader av innsats på fleire politikkområde som avgjer om vi får ei positiv samfunnsutvikling. Dette tilseier at samordning er viktig som arbeidsform i distrikts- og regionalpolitikken.

Nasjonale organ kan ikkje på same måten tilpasse tenestetilboda etter behov eller drive lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Regjeringa legg derfor vekt på desentralisering av ansvar og myndigheit, på koordinering av offentleg innsats retta mot same geografiske område og på å støtte opp om lokalt initiativ.

Tilgang på gode velferds- og tenestetilbod, kombinert med tilgang på arbeid, er heilt nødvendige føresetnader for å nå det overordna målet om å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Regjeringa er oppteken av at kommunane blir tilførte ressursar og handlefridom til å løyse viktige velferdsoppgåver. Det må vere samsvar mellom pålagde oppgåver og finans­ieringa av desse. Regjeringa meiner god kommuneøkonomi er den beste føresetnaden for å kunne drive ein aktiv og velfungerande distrikts- og regionalpolitikk.

Regjeringa vil gjennomføre ein fleirårig opptrappingsplan for å rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren. Dei frie inntektene vil samla sett auke med om lag 8 mrd. kroner i løpet av 2006 og 2007. Veksten i frie inntekter i 2006 og 2007 legg forholda til rette for betre kommunale tenester.

Innanfor veksten i dei samla inntektene vil det ligge midlar til barnehagesektoren, eldreomsorg, opptrappingsplanen for psykiatri og tiltak innanfor skolen. Det vil bli lagt fram konkrete løyvingsforslag knytt til desse formåla i statsbudsjettet for 2007.

I Soria Moria-erklæringa er det lagt opp til å styrkje pleie- og omsorgstenesta med 10 000 årsverk innan utgangen av 2009, rekna frå 2004-nivå. Forslaget til vekst i frie inntekter legg forholda til rette for 2 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta i 2007.

Regjeringa er oppteken av at kommunane si rolle som samfunnsutviklar skal styrkjast, utover rolla som forvaltar og tenesteprodusent.

Regjeringa meiner god kommuneøkonomi er ein viktig føresetnad for dette, kombinert med ei aktiv satsing på kommunale næringsfond. Lokalt engasjement og pådrivarkraft kombinert med trua på eigen innsats er avgjerande for graden av måloppnåing av denne typen arbeid. Desse føresetnadene kan berre skapast og utvik­last lokalt. Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å underbyggje og stimulere til dette.

Regjeringa har vedtatt å foreta ein eigen gjennomgang av inntektssystemet der ein mellom anna vil sjå på situasjonen for kommunar med vekst og kommunar med fråflytting. Regjeringa vil i den samanhengen også vurdere selskapsskatten som kommunal skatt. Regjeringa legg opp til å fremme forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane i kommuneproposisjonen for 2009. Når det gjeld fylkeskommunane, legg Regjeringa opp til å sjå forslag til endringar i inntektssystemet i samanheng med forvaltningsreforma.

Regjeringa legg vekt på å støtte opp om fylkeskommunane si rolle som samfunnsutviklar og regional utvik­lingsaktør.

Kommunal- og regionaldepartementet har forventningar til at fylkeskommunane arbeider vidare med auka brukarfokus og etablerer arenaer der aktørar med ønske og vilje til å medverke til utvikling av samfunns- og næringsliv kan samarbeide om bruk av verkemiddel. Departementet legg vekt på at fylkeskommunane og regionale og lokale aktørar finn fram til gode rolleavklaringar og mandat når det gjeld partnarskapsarbeidet, som også klargjer korleis næringslivsaktørar skal delta i planleggings- og avgjerdsprosessar. Departementet er oppteke av at fylkeskommunane samarbeider med partnarskapen om å utvikle brukarperspektivet i bruken av midlane over kap. 551 post 60 Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling ut frå erfaringane med dei næringsretta utviklingsmidlane.

Rolla som regional utviklingsaktør er knytt til fylkeskommunens planansvar og til oppgåver som vidaregåande opplæring, samferdsel, kultur, kulturminnefeltet, folkehelsearbeid og ikkje minst næringsutvikling. Dette er oppgåver som må sjåast i samanheng, om fylkeskommunane i samarbeid med regionale partnarskapar skal motivere til bulyst og leggje til rette for næringsutvikling.

Regjeringa meiner det er ei særleg utfordring for bygdesenter og småbyar å vere attraktive for tilflytting for å påverke flyttestraumane.

Det har blitt gjennomført fleire stadutviklingstiltak rundt om i landet dei seinare åra, både lokalt og gjennom ulike nasjonale og regionale program. Det nyleg avslutta Programmet for utvikling av attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta (Tettstadsprogrammet (2001-2005)), i regi av Miljøverndepartementet, er eit døme på statleg initiert innsats.

Regjeringa ønskjer å stimulere til vidare arbeid og innsats for stadutvikling der ein ser planlegging og utvikling av møteplassar, estetikk, opprusting av senter, tenestetilbod, transport og næringsutvikling i samanheng. I 2006 vil Kommunal- og regionaldepartementet invitere mindre bykommunar, saman med fylkeskommunane, til eit samfinansieringsprosjekt for å greie ut korleis staden kan bli meir attraktiv for folk i regionen og for tilflyttarar, og korleis staden kan støtte opp om ei meir balansert utvikling. Det er aktuelt å følgje opp dette initiativet med ei spissa satsing på stadutvikling seinare i perioden.

Utvikling av dei positive kvalitetane til ein stad er nær knytt til det kulturelle mangfaldet og tilbodet på staden. Eit godt kulturtilbod og høve til sjølv å delta i kulturaktivitetar er såleis eit samfunnsgode som kan ha positiv innverknad på både busetjing og etableringar. Gjennom satsinga på eit kulturløft har Regjeringa som målsetjing at løyvingane til kulturfeltet skal aukast til éin prosent av statsbudsjettet innan 2014. Regjeringa vil i 2006 også fremme forslag om ei allmenn kulturlov som skal uttrykkje ansvaret det offentlege har for kulturfeltet.

Regjeringa meiner frivillig innsats gjennom ulike lag og organisasjonar spelar ei sentral rolle i arbeidet med å skape varierte og attraktive lokalsamfunn. Regjeringa er oppteken av å medverke til eit godt samspel mellom offentleg og frivillig sektor på lokalt nivå.

Regjeringa vil at alle barn skal ha eit tilbod om plass i kulturskolen til ein rimeleg pris.

Landbruks- og matdepartementet har som mål at ressursane på landbrukseigedomane skal bli betre utnytta enn tidlegare for å oppretthalde og auke busetjinga i distrikta. Verkemidla i eigedomspolitikken må takast meir aktivt i bruk for å nå desse måla. I pressområde er det særleg viktig å sikre eit sterkt jordvern, medan utfordringa i utkantane er å leggje til rette for busetjing. Særleg i utkantane må det derfor leggjast til rette for å utnytte landbruksressursane betre, også bygningane, mellom anna ved at landbrukseigedomar kjem på sal. Fleire kommunar har i dag sett i gang tiltak for å få til dette.

Eit anna verkemiddel er buplikt. Reglane om personleg buplikt gjeld landbrukseigedom, men det kan også knytast buplikt til mindre utbygde eigedomar dersom kommunen har innført lokal forskrift om dette. Pr. mars 2006 har 78 kommunar innført slike lokale forskrifter.

I mange småsamfunn er gode bustader kanskje den fremste føremonen ved å bu i distrikta.

Regjeringa ønskjer at Husbanken skal ha ei meir aktiv rolle i distriktsområde. Husbanken har mellom anna som oppgåve å lånefinansiere bustadinvesteringar i område av landet der private bankar er tilbakehaldne med å gi kreditt på grunn av låg pantesikring. Det kan vere aktuelt å setje i verk program i eit utval kommunar for å prøve ut alternative modellar og løysingar for bustadbygging og tettstadsutvikling for å gjere busetting i distrikta meir attraktivt.

Bustadbygging og utbetring av bustader i distrikta er eit av dei prioriterte formåla med det nye grunnlånet i Husbanken.

Ved kjøp kan kommunen gi startlån for heile eller delar av lånesummen - opptil 90 prosent av prisen. Nokre gonger kan det vere i samfinansiering med ein privat låneinstitusjon. Mange små kommunar nyttar Husbankens startlån i liten grad eller ikkje i det heile. Kommunal- og regionaldepartementet vil oppmode alle kommunar som opplever problem med bustadetablering, om å nytte startlåneordninga.

Kommunal- og regionaldepartementet vil be Husbanken setje i gang eit program rundt tettstadsutvikling i små lokalsamfunn. Husbanken kan gi tilskot til slikt utviklingsarbeid over kap. 581 Bolig- og bomiljøtiltak i statsbudsjettet.

Endringsprosessane i landskapet vil bety mykje for framtidig næringsutvikling og busetjing. Miljøverndepartementet samarbeider med Landbruks- og matdepartementet om eigne program som skal følgje utviklinga i kulturlandskap i jordbruket innanfor arealstruk-tur, biologisk mangfald, kulturminne og tilgjengelegheit.

Regjeringa legg stor vekt på å redusere avstands­ulempene og sikre eit likeverdig samferdselstilbod i alle delar av landet, tilpassa behov og utfordringar. Regjeringa legg også vekt på at befolkning og næringsliv i område med lågt folketal og små marknader ikkje må betale meir for marknadsbaserte samferdselsløysingar enn i meir folketette område med større marknader. Regjeringa ønskjer å styrkje satsinga på samferdsel monaleg i inneverande stortingsperiode for å nå desse måla.

Regjeringa meiner at godt utbygde vegar er nødvendig for å oppretthalde strukturen i busetnaden og redusere avstandsulemper for næringslivet. Regjeringa legg vekt på at vegutbygginga mellom senter og mellom senter og omland skal medverke til regionforstørring, for å utvide og styrkje lokale arbeidsmarknader og tilgang på tenester for befolkning og næringsliv. Ein reduksjon av avstandskostnadene vil også kunne få landsdelane til å fungere betre som ei eining.

Regjeringa ser på riksvegferjene som ein del av vegnettet og ønskjer å redusere utgiftene for dei som nyttar desse.

For Regjeringa er rassikring særleg viktig i eit distriktspolitisk perspektiv og vil blitt gitt høg prioritet.

Ein styrkt kommuneøkonomi vil gjere fylkeskommunane betre i stand til å auke omfanget av alternative kollektivtilbod og dermed sikre eit godt kollektivtilbod også utanfor dei største byane.

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa auke satsinga på sykkelvegar.

Regjeringa vil vurdere innføring av ei fraktutjamningsordning for å redusere skilnaden i drivstoffprisane. På bakgrunn av ei slik vurdering vil Regjeringa kome tilbake til spørsmålet om gjeninnføring seinare i perioden.

Regjeringa vil oppretthalde dagens flyplasstruktur så sant det ikkje er eit uttrykt ønske lokalt om å leggje ned ein flyplass. Vidare skal ordninga med at overskotsflyplassar betaler for dei ulønnsame flyplassane vidareførast.

Regjeringa vil vidareføre ordninga med at staten kjøper flyruter på dei regionale lufthamnene. I framtidige kjøpsrundar vil Regjeringa sørgje for eit godt rutetilbod og vurdere å leggje til rette for å redusere billettprisar til passasjerane.

Regjeringa legg vekt på å leggje til rette for sikker og effektiv transport langs kysten og ruste opp hamnene for å leggje til rette for overføring av gods frå veg til sjø.

Regjeringa vil ved årsskiftet 2008/2009 leggje fram ei stortingsmelding om nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2010-2019. Regjeringa legg vekt på at omsynet til distrikts- og regionalpolitiske mål skal vere ein sentral del av transportplanarbeidet, med vekt på å redusere avstandsulemper, fjerne flaskehalsar og knytte arbeidsmarknader nærmare saman.

Regjeringa vil i arbeidet med ny NTP mellom anna fokusere på ei meir offensiv satsing på riksvegnettet utanom stamvegnettet og ei auka satsing på rassikring.

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa medverke til at heile landet skal ha tilbod om å bli knytt til høghastigheitsnett innan utgangen av 2007. Det skal ikkje vere urimelege geografiske prisskilnader ved å knyte seg til breibandsnettet. Det offentlege skal gå inn med midlar for å medverke til å realisere utbygging i område der det kommersielt ikkje let seg gjere.

Den norske marknaden for breiband fungerer godt, og dei private utbyggjarane, kommunar og lokallag legg ned store summar i utbygging. Staten bør ikkje gripe inn i eksisterande marknadsmodellar.

Regjeringa har som mål å leggje til rette for utbygging av mobilnettet i dei områda der dekninga er for dårleg i dag. For dei om lag 0,2 prosent av befolkninga som ikkje har mobildekning der dei bur, vil Samferdselsdepartementet vurdere statleg kjøp av tenester for å betre dekninga.

Tilgang på overføring av fjernsynssignal er, saman med tilgang på mobilnett og breiband, ein heilt sentral føresetnad for at folk skal oppleve å ha reell fridom til å busetje seg der dei ønskjer. Regjeringa har tildelt selskapet Norges Televisjon konsesjon til digitalt bakkenett for fjernsyn.

Dekningskrava i konsesjonen er utforma på ein slik måte at denne utbygginga inneber at tilnærma alle får eit digital-TV tilbod. Dette vil bety særleg mykje i område av landet som i dag ikkje kan ta inn andre kanalar enn NRK1. Samferdselsdepartementet vil søkje å leggje til rette for at desse områda blir prioriterte ved utbygging.

Den overordna målsetjinga på postområdet er å sikre eit landsdekkjande formidlingstilbod av postsendingar til rimeleg pris og til god kvalitet. Konsesjonen til Posten er det viktigaste styringsverktøyet for å sikre eit godt posttilbod i heile landet. Samferdselsdepartementet har starta arbeidet med ny konsesjon til Posten med sikte på å vedta denne i 2006.

Regjeringa vil sikre kravet om einskapsporto, mellom anna gjennom framleis einerett for Posten. Ein eigen stortingsproposisjon om dette blei lagd fram i mai 2006.

Regjeringa vil på bakgrunn av ei utgreiing ta stilling til om det er grunnlag for å føreslå endringar i den lovpålagde plikta Posten har om å tilby grunnleggjande banktenester i ekspedisjonsnettet. Regjeringa har som utgangspunkt at folk og næringsliv i heile landet skal vere sikra eit godt tilbod av grunnleggjande banktenester der dei bur.

Regjeringa ønskjer i tråd med Soria Moria-erklæringa å medverke til at nettleiga for straum skal bli utjamna over heile landet. Sidan 2000 har det over budsjettet til Olje- og energidepartementet vore ei statleg ordning for utjamning av nettleiga. Ordninga er treffsikker og fremmar målet på ein god måte utan å fjerne insentiva til nettselskapa for effektiv drift og låg nettleige. Olje- og energidepartementet ser på ordninga som viktig for å sikre større geografisk utjamning i nettleiga, og legg opp til å vidareføre gjeldande utjamningsordning. Olje- og energidepartementet vil også vurdere alternative ordningar for utforming av nettleiga som kan medverke til utjamning.

I tillegg vil Regjeringa vidareføre den geografiske differensieringa i avgifter for Nord-Noreg.

Regjeringa legg vekt på å vidareføre eit desentralisert utdanningssystem og leggje til rette for meir og betre forsking i dei norske FoU-miljøa. Universitet, høgskolar og FoU-institutt utgjer saman med vidaregåande skolar ein kunnskapsinfrastruktur som er heilt sentral for nærings- og samfunnsutviklinga i Noreg. Universitet og høgskolar utgjer også viktige delar av arbeidsmarknaden der dei er plasserte, både i storbyområda og i mindre byar og bygdebyar.

Regjeringa legg stor vekt på den rolla dei ulike kunnskapsmiljøa spelar innanfor ein regionalt tilpassa utdannings- og innovasjonspolitikk. Dei skal syte for utdanning og kunnskapsintensiv innovasjon både nasjonalt og regionalt. Regjeringa legg vekt på å ut­vikle og styrkje utdannings- og forskingsmiljøa i alle delar av landet, og at dette skjer på ein måte som også kan medverke til å utvikle regionale næringsmiljø.

Regjeringa vil sjå på korleis Kvalitetsreforma og finansieringssystemet påverkar utviklinga i høgskole- og universitetsstrukturen, og om studietilbod og studenttilgang kan bli spreidde betre enn i dag både med omsyn til ringverknader og behova til regionalt samfunns- og næringsliv. I tillegg vil det bli vurdert korleis finansieringssystemet kan medverke til å styrkje koplinga mellom universitet/høgskolar og næringsliv i ulike delar av landet.

Det er eit mål for Regjeringa at heile befolkninga skal ha lik sjanse til å ta høgare utdanning.

Kunnskapsdepartementet finansierer forskingsprosjekt spesielt retta mot statlege høgskolar. Fleire departement samarbeider også om å finansiere program som skal stimulere til samarbeid mellom høgskolar og næringslivet. Regjeringa vil vidareføre og styrkje slike forskings- og programsatsingar og legg vekt på at dei skal bli utforma mellom anna for å stimulere til regional utvikling.

Forskingsrådet arbeider med å samordne fleire program og innsatsar retta mot regional FoU og innovasjon i samanheng for å styrke FoU i og for regionane og mobilisere til auka FoU-innsats i næringsliv og forvaltning.

Regjeringa vil vidareføre og evaluere ordninga med Skattefunn der føretak kan få skattefrådrag for kostnader til forsking og utvikling (FoU). Formålet er å stimulere til auka FoU-innsats i næringslivet. Regjeringa er oppteken av at ordninga skal vere mest mogleg tilgjengeleg.

Regjeringa legg vekt på at helse- og omsorgstenestene i Noreg skal vere desentraliserte, tilgjengelege og av høg kvalitet.

I tråd med Soria Moria-erklæringa vil Regjeringa oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod, som mellom anna sikrar tilgang til naudsynte helsetenester som til dømes fødetilbod. Velfungerande lokalsjukehus er eit heilt sentralt element i den samla norske helsetenesta, og ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.

Det skjer i dag eit viktig arbeid i helseføretaka med å desentralisere spesialisthelsetenester i eit samspel med kommunehelsetenesta, også til stader utan sjukehus.

Helse- og omsorgsdepartementet vil utvikle lokalsjukehusfunksjonen, betre kvaliteten i tenesta og få til meir og betre samhandling med førstelinja.

Utviklinga i geografisk fordeling av statlege arbeidsplassar dei siste 20 åra viser ei sentralisering av sysselsetjinga med størst vekst i Osloregionen og i landsdelssentra.

Regjeringa ønskjer å snu denne utviklinga. Dette inneber mellom anna at lokalisering av ny statleg verksemd skal skje utanfor Oslo, med mindre det ligg føre særskilde grunnar for å lokalisere dei til Oslo. Ved val av lokaliseringsstad vil det bli lagt vekt på at den nye verksemda skal medverke til å styrkje allereie etablerte regionale nærings-, kompetanse- og forvaltningsmiljø eller medverke til å byggje opp nye. Regjeringa vil også vurdere å bruke lokalisering av statlege arbeidsplassar som verkemiddel for å skape vekst og ny optimisme i omstillingsområde der dette er naturleg.

Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal informerast om planlagde og pågåande endringsprosessar i høve til den regionale statsforvaltninga, slik at ein kan få ei brei vurdering av aktuelle lokaliseringsspørsmål i lys av distrikts- og regionalpolitiske mål og utfordringar.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg opp til å starte evaluering i 2007 av utflyttinga av åtte tilsyn med nærmare 900 arbeidsplassar frå Oslo dei seinare åra.

Den regionale statsforvaltninga utgjer om lag 40 ulike verksemder som har oppgåver innanfor ein avgrensa del av landet, over kommunenivå. Medan fylket tidlegare var den dominerande inndelingsmåten, er det i dag berre 7 av dei 40 verksemdene som har regionar som er samanfallande med fylkesgrensene. Talet på regioneiningar varierer frå 2 til 17, men dei fleste er inndelte i 5 eller 6 regionar.

Stortingsmeldinga om forvaltningsreforma vil sjå på oppgåvedelinga mellom dei ulike forvaltningsnivåa. Dette vil danne grunnlaget for den vidare vurderinga av inndelinga av regional stat og ei omorganisering av fylkesmannsembeta. Regjeringa legg vekt på å ha ein brei, open og inkluderande prosess i samband med endringar som følgjer av forvaltningsreforma, ikkje minst overfor alle verksemder og tenestemenn som blir omfatta av reforma.

Lokal og regional planlegging er ein viktig føresetnad for å føre ein velfungerande distrikts- og regionalpolitikk. Det er derfor viktig å styrkje planlegging som politisk verktøy. Det er vanskeleg å få til ei ønskt og bevisst utvikling utan planlegging og målmedviten styring.

Miljøverndepartementet arbeider med endringar i plan- og bygningslova som vil innebere nye retningslinjer for lokal og regional planlegging. Miljøverndepartementet tek sikte på at lovforslaget vil vere klart til behandling i Stortinget i 2007.

Miljøverndepartementet ønskjer at staten i samarbeid med ulike aktørar som fylkeskommunane, regionale statlege etatar, kommunane og næringsorganisasjonar skal medverke meir aktivt i oppstart, metodeutvikling og opplegg for fylkesdelplanar/regionale utviklingsplanar og program innanfor ramma av plan- og bygningslova. Planane vil vere ein viktig reiskap i å profilere og utvikle regionen innanfor næringsverksemd, kultur- og stadutvikling og landskapsvern. Dei strategiane som blir trekte opp i regionale utviklingsplanar, vil vere viktige innspel til nasjonale transportplanar og vurdering av behovet for investeringar i infrastrukturen, for lokalisering av større verksemder og for kommuneplanar.

Regjeringa legg vekt på at rammene for bruk og vern av areal og arealressursar blir tilpassa utfordringane i ulike delar av landet. I oppfølginga av arbeidet i planlovutvalet vil Miljøverndepartementet vurdere korleis utforminga av lov- og regelverket i plan- og bygningslova kan medverke til å sikre behovet for ein geografisk differensiert politikk.

Komiteen mener at en god kommuneøkonomi gir mulighet til et bedre tjenestetilbud til innbyggerne. Komiteen vil understreke hvor viktige det er for kommunene med forutsigbarhet dersom de skal våge å satse på flere ansatte i omsorg og utdanning.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, er enig i målsettingen om å legge til rette for at folk skal ha reell frihet til å bosette seg der de ønsker. Flertallet er også enig i at virkemidlene derfor må være geografisk differensiert, og at det er desentralisering i myndighet og tjenestetilbud som best kan sikre et geografisk tilpasset tjenestetilbud som kan bidra til å nå målet om spredt bosetting.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil fremheve viljen til å føre en politikk som innebærer at det skal være et velferdstilbud i distriktene preget av kvalitet og valgfrihet, og der brukeren settes i sentrum. Disse medlemmer mener at det viktigste ikke er om tjenestene utføres av private eller offentlige tilbydere, men at alle som bor i Norge skal være trygge på at de får velferdstjenester av høy kvalitet, når de trenger det, og uavhengig av hvor de bor i landet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre etterlyser derfor en langsiktig opptrappingsplan fra Regjeringen hvor det er samsvar mellom overføringer til og kostnader for kommunene.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem en forpliktende flerårig opptrappingsplan for å rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, støtter meldingas understreking av fylkeskommunenes rolle som utviklingsaktør og samfunnsutvikler. Fylkeskommunene er viktige utviklings- og tjenesteleverandører. Når det gjelder partnerskapsarbeidet mellom private aktører, kommuner og fylkeskommuner, bør det legges vekt på en helhetlig koordinering med utdanningssystemet og unge etablerere.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, mener at dagens fylkeskommuner må erstattes med regioner og det må sikres at disse blir direkte folkevalgt styrt. Samtidig må det skje overføring av oppgaver, ansvar og beslutningskompetanse fra staten. Dette flertallet ønsker tre folkevalgte nivåer i Norge.

Dette flertallet mener statlig regional politikk på regionalt nivå må samordnes gjennom de nye regionene. Beslutninger må tas på lavest mulig hensiktsmessige nivå. Folkevalgt styrte regioner vil gi grunnlag for å overføre statlige oppgaver til regionene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at kommunesektoren får en samlet inntektsvekst i 2006 og 2007 på nær 18 mrd. kroner. Flertallet vil peke på den fundamentale betydning som styrking av kommuneøkonomien har for spredt bosetting og skole, omsorg, kulturtilbud og andre offentlige tjenester i hele landet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at dagens kommuneinndeling ble fastsatt i en tid da befolkningen var mindre og transportmulighetene dårligere. Samtidig har fylkeskommunene mistet sin rolle, og dette forvaltningsnivået utgjør i dag en unødvendig belastning for landets skattebetalere. Disse medlemmer ønsker et nytt system med to forvaltningsnivåer, stat og kommune, der oppgavene til dagens fylker fordeles mellom de to resterende forvaltningsnivåene. Disse medlemmer slår fast at en tonivåmodell vil ha en rekke fordeler utover de åpenbare kostnadsbesparelsene, blant annet styrket lokaldemokrati, mer desentralisering etter nærhetsprinsippet og økt fleksibilitet. Disse medlemmer viser til at statsminister Jens Stoltenberg uttalte på ordførerkonferansen til Kommunenes Sentralforbund (KS) våren 2006 følgende:

"For meg er det åpenbart at den kommunestrukturen som var riktig før, ikke nødvendigvis er riktig i fremtiden."

Dette er en uttalelse som også er i samsvar med kommunenes egen oppfatning av dagens kommunestruktur. Høsten 2003 satte daværende regjering i samarbeid med KS i gang prosjektet "Framtidens kommunestruktur - kommuner med ansvar for egen utvikling" og den sentrale koordineringsgruppen la frem sin sluttrapport for prosjektet høsten 2005. Regjeringen kommer i proposisjonen med sin vurdering og forslag til oppfølging av prosjektet. Disse medlemmer viser til at så å si alle kommuner deltok i prosjektet og om lag 10 000 kommunepolitikere deltok i debatten. En gjennomgang av kommunestyrevedtakene viser at bare 25 pst. av kommunene ser på dagens kommunestruktur som tilfredsstillende.

Disse medlemmer viser til at det over tid er bygget opp en betydelig virkemiddelstruktur i fylkeskommunene. For 2006 bevilges det omtrent like mye til regional utvikling og nyskaping til kommunene og fylkeskommunene som til det statlige virkemiddelapparatet. Dette betyr at det er bygget opp en parallell virkemiddelstruktur. Disse medlemmer er skeptiske til om dette er en riktig bruk av midler. Vi mener formålet med virkemiddelapparatet er å få mest mulig nyskapning og næringsutvikling ut av pengene. Disse medlemmer mener det er grunn til å advare mot at det bygges opp mange parallelle tjenester.

Disse medlemmer vil fremheve at brukerne skal stå i sentrum for de tjenestene virkemiddelapparatet skal tilby. Det skal være en lav terskel for å motta støtte, men dette må ikke gå på bekostning av kvalitetskontrollen.

Disse medlemmer viser til at det er viktig med godt samarbeid mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet og kommunene. Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og medspiller for lokal næringsutvikling.

Disse medlemmers utgangspunkt er at sysselsetting er grunnlaget for bosetting uansett landsdel eller distrikt og at det er generelt behov for et godt og forutsigbart virkemiddelapparat over hele landet. Virkemiddelapparatet må være oversiktlig og serviceinnstilt, og det må være offensiv i å markedsføre sine tjenester.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en helhetlig evaluering av det offentlige virkemiddelapparatet for bedriftsrelatert støtte. Det bes om at det legges spesiell vekt på resultatoppnåelse og om systemene er tilpasset brukerne."

Komiteens medlem fra Venstre ønsker å videreføre tre folkevalgte nivåer i Norge. Dette medlem mener at statens politikk på regionalt nivå må samordnes og i størst mulig grad underlegges fylkespolitisk styringsnivå i en enhetsfylkemodell. Slik vil fylkene bli en sterkere regional utviklingsaktør og en styrket samarbeidspartner for kommunene. Dette medlem mener at beslutninger som angår innbyggerne, skal fattes så nær dem som mulig. Dette medlem mener at kommunene også er aktuelle for å få delegert nye oppgaver fra staten i forbindelse med en framtidig forvaltningsreform. Dette medlem vil avvikle helseforetakene og flytte eierskapet til sykehusene tilbake til fylkene.

Komiteen ønsker å støtte opp under det mangfold av fellesskap som finnes i norske lokalsamfunn. Frivilligheten må tas i bruk, ikke minst i velferdspolitikken. Det spontane engasjementet som kommer nedenfra skaper varmere, sterkere og tryggere fellesskap enn planer og systemer som kommer ovenfra.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener at det er viktig å legge spesiell vekt på å styrke bygdenes attraksjon for kvinner, for unge og for innvandrere.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at barne- og likestillingsministeren i et brev til Stortinget 30. oktober 2006 skriver at Regjeringen i henhold til Sora Moria-erklæringen vil sikre gründere og etablere gode sosiale ordninger, blant annet ved å se på vilkårene for selvstendige næringsdrivende til å kombinere yrkeskarriere med småbarnsomsorg.

Dette flertallet ser at det er gode grunner for å vurdere en ordning med 100 pst. dekning av svangerskapspenger og fødsels- og adopsjonspenger for selvstendig næringsdrivende.

Dette flertallet registrerer at Regjeringen med bakgrunn i Soria Moria-erklæringen og tidligere stortingsvedtak vil arbeide videre med sikte på å bedre trygderettighetene for selvstendig næringsdrivende.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til sitt forslag om å likestille bestemmelser om trygderettigheter ved svangerskap, fødsel og barneomsorg for selvstendig næringsdrivende med reglene som gjelder for andre arbeidstakere (Dokument nr. 8:113 (2005-2006)). I distriktene ser en at mye næringsvirksomhet drives av selvstendig næringsdrivende. For å sikre levende lokalsamfunn, full utnyttelse av tilgjengelig arbeidskraft og for å stimulere lokalt initiativ, er det viktig å motivere også kvinner i distriktene til å drive egen virksomhet. Likestilte trygderettigheter ved svangerskap, fødsel og barneomsorg vil bidra til dette.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener at for unge er det viktig med et engasjerende organisasjonsliv og mulighet for et aktivt samfunnsengasjement i lokalsamfunnet.

Flertallet merker seg ungdomsorganisasjonenes engasjement for distriktsmeldingen, og spesielt deres fokus på hvilken rolle organisasjonene kan ha i å bygge framtidas arbeidsplasser og demokratier i lokalsamfunnene.

Flertallet mener det er viktig med tilrettelegging for et attraktivt lokalt fritids- og kulturtilbud og gode infrastruktur- og kommunikasjonstjenester, herunder god dekning med både bredbånd og kringkastingstjenester.

Flertallet merker seg at det i meldingen vises til flere tiltak i areal- og eiendomspolitikken i landbruket som virkemidler for å opprettholde og øke bosettingen. Det skjer blant annet gjennom tiltak som det frivillige samarbeidstiltaket "Slipp oss til - Ungdom inn i landbruket" og hjemmesiden for salg av jordbrukseiendommer. Flertallet stiller seg positiv til slike initiativ.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er negative til boplikt fordi dette innebærer et alvorlig inngrep i eiendomsretten som både reduserer verdien av folks eiendeler, og hindrer fri omsetting av boliger, eiendommer og hytter. Disse medlemmer er videre av den oppfatning at boplikt vil virke mot sin hensikt ved at boplikten gjør det mindre attraktivt å investere i distriktene. Disse medlemmer vil i den forbindelse vise til Dokument nr. 8:97 (2001-2002), forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Hedstrøm, Ulf Erik Knudsen og Lodve Solholm om avskaffelse av boplikt for helårsboliger.

Komiteens medlemmer fra Høyre ønsker å avskaffe den statlige boplikten på landbrukseiendommer og vil at boplikten skal avgjøres lokalt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre er negative til Miljøverndepartementets og fylkesmannens innblanding overfor den enkelte kommune i plan- og arealsaker, og ønsker i motsetning til Regjeringen å begrense statens innblanding når det gjelder lokal planlegging.

Disse medlemmer viser til Ot.prp. nr. 75 (2005-2006), jf. Innst. O. nr. 4 (2006-2007):

"Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til behandlingen av Dokument nr. 8:27 (2005-2006), jf. Innst. O. nr. 43 (2005-2006), hvor det ble fremmet forslag om fjerning av delingsforbudet i jordloven. Disse medlemmer viser til at delingsforbudet i jordloven § 12 innebærer en innskrenking i grunneiers rett til å disponere over egen eiendom og legger unødvendige hindringer for eierens mulighet til å utvide eller å etablere alternativ næringsutvikling på landbrukseiendom. Disse medlemmer mener videre at endringer i jordloven må legge til rette for en utvikling mot større eiendommer som grunnlag for mer effektiv landbruks- og tjenesteproduksjon, samtidig som eiere av landbrukseiendom bør møte færre forbud når de vil utnytte eiendommen til andre formål. Reglene bør også legge til rette for at de som har inntekt fra annen virksomhet enn tradisjonelt landbruk, skal kunne få eie småbruk eller bo på tomter i landbruksområde. En oppheving av delingsforbudet kan legge til rette for endringer i eier- og bruksstruktur som i større grad enn i dag vil være i samsvar med en fremtidsrettet landbrukspolitikk. I tillegg vil forslaget føre til forenkling, forbedring av eiendomsretten for norske bønder og kunne styrke kapitaltilgangen til andre investeringer på eiendommene. Disse medlemmer tar til etterretning at det ikke er flertall for en slik fremtidsrettet landbrukspolitikk."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, ser det som positivt at Husbanken skal ha en mer aktiv rolle i distriktsområdene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er negative til at Regjeringen ønsker at Husbanken skal bidra til boligbygging i områder de kommersielle bankene ikke vil investere i, og viser til at bankene har stor kunnskap og innsikt i eiendomsmarkedet, samt at Norge ikke akkurat er et land med kapitalmangel.

Komiteen vil fremheve at god samferdsel er viktig for distriktene. God infrastruktur er tids- og kostnadsbesparende for bedriftene. Konkurransekraften til bedriftene ligger i pålitelighet, kostnader og ikke minst gode kommunikasjoner. Komiteen viser til at konkurranseevne er avgjørende for å trygge velferden. Konkurransedyktige bedrifter i distrikts-Norge krever at vi må redusere avstandsulempene.

Komiteen mener at framkommelighet er et grunnleggende behov både for bedrifter og enkeltmennesker over hele landet. Det er derfor viktig at det satses på utbedring av rastruede strekninger, fergedrift, havner og kollektivtransport over hele landet.

Komiteen viser til viktigheten av å bedre utnyttelse av mulighetene IKT skaper i distriktene. Verden blir mindre som følge av den teknologiske utviklingen. Avstandsulemper som tidligere diskvalifiserte, kan i dag kvalifisere.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, støtter meldingens signaler om bedre tilgang til infrastruktur- og kommunikasjonstjenester i distriktskommuner, og tilsvarende arbeidet for prisutjevning mellom sentrale strøk og distrikts-Norge.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil understreke viktigheten av den offensive samferdselssatsingen som Regjeringen har lagt opp til i det foreslåtte statsbudsjettet for 2007. Den økte satsingen på samferdsel som har skjedd etter regjeringsskiftet i 2005, er svært gledelig.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil fremheve at den nedadgående bevilgningstrend til samferdsel ble snudd under regjeringen Bondevik II. Da ble det gjennomført en historisk satsing både på å modernisere norsk samferdsel og å øke bevilgningene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil peke på mulighetene av å få mer ut av de pengene som allerede brukes. Eksempelvis kan dette bety en mer helhetlig planlegging og utbygging ved bruk av samarbeidsløsninger der private bidrar til drift og bygging av veier (OPS). Disse medlemmer er forundret over at Regjeringen er negativ til dette virkemidlet.

Disse medlemmer viser til at for få år siden kunne ikke en bedrift som var avhengig av å kommunisere med resten av verden via Internett, ligge utenfor større byer fordi man manglet tilgang til bredbånd. De fleste steder er dette ikke lenger en aktuell problemstilling. Disse medlemmer vil fremheve at konkurranse mellom tilbyderne har bidratt sterkt til at bredbåndsutbyggingen har skutt fart rundt om i landet, også i mindre tettbygde strøk.

Komiteen vil understreke at lokalisering av høyere utdannings- og forskningsmiljøer og innovasjonssystemene rundt disse er viktig for vekst og økonomisk utvikling. Komiteen mener derfor at lokalisering av sterke høyere utdannings- og forskningsmiljøer er et viktig tiltak for å fremme en god utvikling flere steder i landet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at med en sterk vekst i fremtidens forskningsbudsjetter vil dette bidra til en positiv samfunnsutvikling og et konkurransedyktig næringsliv i hele landet.

Komiteen vil fremheve at det er viktig at de gode nasjonale kunnskapsmiljøene videreutvikles slik at de kan være nasjonale spydspisser med internasjonal konkurranseevne. Komiteen vil på den annen side vise til viktigheten av å støtte opp om regionale næringsmiljøer, klynger og bransjer som har potensial og gode utviklingsmuligheter. Her vil fokus kunne være ulikt i ulike deler av landet. Komiteen mener det er viktig at enkelte høyskoler får anledning til å utvikle områder der de kan være i nasjonal og internasjonal front. Komiteen mener det er viktig å utvikle gode nettverk mellom høyskoler, forskningsmiljøer, næringshager og næringslivet i regionene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at Kunnskapsdepartementet skal vurdere hvordan finansieringsordningen for høyere utdanning kan fremme desentralisert utdanning. I tillegg til de ordinære studietilbudene bør det bli gitt tilbud som kan nå innbyggere i distriktskommuner. Dette kan for eksempel skje gjennom lokale studiesentra og fjernundervisning kombinert med samlinger.

Flertallet mener at tilgang til arbeid og støtte til å etablere egne arbeidsplasser må stå i fokus i en distriktsrettet aktiv nærings-, forsknings- og utdanningspolitikk. God mobil- og bredbåndsdekning er avgjørende for dette, men også veiledningsordning og utdanningstilbud som er tilpasset arbeidslivet.

Flertallet viser til at det finnes ulike programmer i regi av Forskningsrådet som skal stimulere forskningen ved høgskolene. Flertallet mener det er viktig at det fortsatt avsettes forskningsmidler rettet mot høgskolene. Dette er midler om skal utløse forskning ved høgskolene og som skal styrke den regionale forsk­ningsinnsatsen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til Regjeringens manglende satsning på kunnskap, kompetanse og forskning i budsjettene. Disse medlemmer mener det er viktig å investere i fremtiden og er bekymret over den retningen som Regjeringen legger opp til.

Komiteen viser til at Stortinget har fastsatt hvilke regler som gjelder for at institusjoner skal kunne søke om universitetsstatus. Komiteen har registrert at flere høgskoler har utviklet planer for hvorledes de skal oppfylle kravene.

Komiteen viser til at høgskolene har ansvar som regionale utviklingsaktører. Komiteen vil understreke høgskolenes ansvar for å utvikle tunge forsk­ningsmiljøer med grunnlag i regionale behov og fortrinn. Arbeidet for å endre status må ikke gå på bekostning av høgskolenes regionale ansvar.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er positive til at enkelte høyskoler har som erklært målsetting å utvikle seg til universiteter innenfor de kvalitetskrav som lovverket setter.

Komiteen vil peke på at det er større sannsynlighet for at unge som starter elevbedrift, kommer til å starte egen bedrift senere i livet. Komiteen mener derfor at prosjekter i regi av "Ungt entreprenørskap" er viktige og effektive. Ungt Entreprenørskap kan vise ungdommen i hjembygda hva som finnes av spennende muligheter og arbeidsplasser på hjemstedet. Komiteen vil fremheve at dette kan føre til at flere bosetter seg på hjemstedet etter endt utdanning. Denne ordningen senker terskelen for å realisere sine drømmer gjennom å starte bedrift for seg selv.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen styrke og utvide Ungt Entreprenørskap. Ordningen må sikres finansiering slik at det kan legges opp til stabil drift."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener det er viktig at man bruker lokalisering av statlige arbeidsplasser aktivt i regional- og distriktspolitikken.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at regjeringen Bondevik II hadde en mer offensiv politikk som ga resultat. Disse medlemmer vil fremheve at denne regjeringen var den første som vedtok å flytte eksisterende direktorat ut av Oslo.