Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, Reidar Sandal, leiaren Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at dokumentet har vore oversendt til finansminister Kristin Halvorsen for vurdering. Finansministeren har i svar til komiteen datert 29. september 2006 gjort greie for sitt syn. Svaret følgjer som vedlegg til innstillinga.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til forslag I som m.a. ber om at det blir laga ei offentleg utgreiing og deretter fremma forslag om ein gjennomarbeidd heilskapleg politikk for norske busetjingar i andre EØS-land og dei utfordringane dette fører med seg for det norske samfunnet.
Fleirtalet konstaterer at det for skuleåret 2006-2007 er 17 norske skular som driv verksemd etter friskulelova. Desse skulane skal stå opne for alle norske statsborgarar som fyller vilkåra for inntak i norske offentlege skular. Dessutan viser fleirtalet til at det finst ei ordning om statstilskot til kompletterande opplæring. Ordninga omfattar faga norsk, samfunnsfag og kristendoms-, religions- og livssynskunnskap.
Fleirtalet viser til at Regjeringa har varsla at det i vårsesjonen 2007 vil bli fremma forslag til meir omfattande endringar i friskulelova. I den samanhengen vil dei norske skulane i utlandet bli vurderte. På dette grunnlaget meiner fleirtalet at det ikkje er behov for ei offentleg utgreiing om norsk skuleverksemd i utlandet no.
I skrivet frå finansministeren blir det peikt på at dei norske helse- og omsorgstilboda grovt sett kan delast i tre kategoriar: Institusjonar oppbygde av norske kommunar, halvoffentlege tilbod som er etablerte på privat initiativ, og reint private tilbod. Mange av dei private tilboda har bufaste nordmenn i Spania som målgruppe. Slike private initiativ føreset at brukarane kan og vil betale det tilbodet kostar.
Enkelte kommunar har valt å tilby pleie- og omsorgstenester i utlandet til innbyggjarane sine. Det finst ikkje noko hinder for at kommunane betaler for omsorgstilbod gitt i utlandet i dei tilfelle dette blir vurdert som ei god og fagleg forsvarleg løysing. Kommunane må i slike tilfelle syte for at dei krava til tenestene som finst i norsk lovgiving, er tekne vare på i avtalen mellom kommunen og den parten som driv tilbodet i utlandet.
Fleirtalet viser til at rettane og pliktene til brukarane som følgjer av kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova også gjeld dersom tenestene faktisk blir ytte i andre land. Norske tilsynsstyresmakter skal føre tilsyn med at dei kommunale vedtaka gir det krav på tenester som følgjer av hjelpebehovet, og at kommunane etablerer gode kontrollrutinar med tenestene. Fleirtalet konstaterer at norske tilsynsstyresmakter ikkje har heimel til å føre tilsyn i utlandet.
I skrivet frå finansministeren blir det vist til at spesialisthelsetenesta tilbyr behandlingsreiser til utanlandske behandlingsinstitusjonar. Det er Rikshospitalet som administrerer ordninga, og som har det faglege ansvaret. Tilbodet er meint å erstatte liknande tilbod i Noreg. Ordninga er tiltenkt særlege pasientgrupper, og val av behandlingsstad skjer etter anbodsrunder.
Når det gjeld nordmenn som oppheld seg i utlandet, viser Regjeringa elles til dei internasjonale avtaler som er inngått innanfor EU og EØS-området og med andre land om gjensidig bistand på helseområdet.
I skrivet frå finansministeren blir det peikt på om reguleringa av tenester som blir ytt i utlandet, er tilstrekkeleg opplyst i gjeldande lovgiving. Helse- og omsorgsdepartementet meiner derfor at det ikkje er formålstenleg å prioritere ei utgreiing om reguleringa av sosial- og helsetenester som blir ytt i utlandet. Fleirtalet sluttar seg til den vurderinga.
Når det gjeld dei delane av forslaget som omhandlar skattereglane, peiker Finansdepartementet på at reglane om skattemessig flytting av bustad er utforma slik at det generelt skal ta ei viss tid før ein reknar ein person som emigrert, og at det skal ta lengre tid før ein reknar personar som har hatt eit langvarig opphald i Noreg (det vil seie dei med meir enn ti års butid her i landet), som emigrerte. I forhold til personar som har hatt langvarig og fast tilknyting til Noreg, er det eit sterkt behov for å føre ein viss kontroll med at dei verkeleg bryt tilknytinga si til landet vårt i tida etter faktisk utreise. Finansministeren meiner at slik dei nye reglane er utforma, er behovet for kontroll godt dekt.
Det blei innført nye reglar på dette området frå og med inntektsåret 2004. Finansministeren poengterer at personar som ønskjer å emigrere, har fått klare og eintydige reglar å halde seg til. Dei nye reglane må reknast som ei klar forbetring både for skattytarane og likningsstyresmaktene.
I skrivet til komiteen opplyser finansministeren at den særskilde regelen om slutt på skattemessig bustad for personar som har vore busette i Noreg i meir enn ti år, ikkje avvik spesielt frå det som gjeld i andre europeiske land. Det blir dessutan peikt på at det heller ikkje er problematisk at mange utflytte nordmenn ei tid blir skattepliktige både i Noreg og i tilflyttingsstaden. Skatteavtalene løyser saker med dobbel bustad, normalt slik at den eine staten reduserer sin skatt i forhold til skattlegginga i den andre staten.
Finansministeren meiner følgjeleg at det ikkje er noko spesielt behov for å utgreie spørsmålet om skattemessig emigrasjon. Fleirtalet sluttar seg til den oppfatninga.
Fleirtalet viser til forslag II som m.a. ber om at det blir gitt tilstrekkeleg og god informasjon til norske borgarar som er busette i andre EØS-land delar av året. Det blir spesielt vist til kva for rettar og plikter dei har i forhold til Noreg, f.eks. stemmerett og pensjons- og trygderettar.
I skrivet frå finansministeren blir det vist til ein kommentar frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet om trygderettane. Det blir peikt på at utførleg og adekvat informasjon er gitt både i papirform og på elektroniske medium.
Når det gjeld informasjon om val, opplyser Kommunal- og regionaldepartementet at ein på ulike måtar prøver å nå fram med informasjon om valet til veljarar som held til i utlandet. Informasjon blir f.eks. gitt i ANSA-nytt, i internettavisa Norway Post, ved annonsar i norske aviser, som også blir ein del lesne i utlandet, og på internettsida til Kommunal- og regionaldepartementet. Dessutan spelar utanriksstasjonane ei viktig rolle når det gjeld å formidle informasjon til veljarar som held til i utlandet.
Fleirtalet viser til at finansministeren meiner at oppmodinga i forslaget i stor grad er oppfylt allereie i dag. Fleirtalet er einig i den vurderinga.
Fleirtalet viser vidare til forslag III, der det blir bede om ein gjennomgang av alle skatteavtaler med sikte på å avdekkje kva som kan vere uklart når ein skal fastsetje skattemessig bustad. Det blir dessutan bede om utbetring av avtalene i samarbeid med dei respektive landa.
I skrivet opplyser finansministeren at føresegnene om bustad i dei norske skatteavtalene byggjer på artikkel 4 om bustad i OECDs mønsteravtale for å unngå dobbel skattlegging av inntekt og formue. Det finst nokre få unntak, men elles er føresegnene om bustad i alle skatteavtalene identiske med artikkel 4 i mønsteravtala.
Fleirtalet konstaterer at finansministeren uttaler at det ikkje er ønskjeleg å fråvike mønsteravtala på dette punktet, og at det ikkje er grunn til å tru at skatteavtalepartnarane våre er villige til det heller. Dessutan viser fleirtalet til finansministeren sin avsluttande kommentar om forslag III:
"Et eventuelt utredningsarbeid på dette området bør foregå i regi av OECD. Forslaget om å utrede alle skatteavtalene våre med hensyn til bosted, er derfor helt urealistisk."
På grunnlag av den framstillinga som det er gjort greie for ovanfor, meiner fleirtalet at det ikkje er aktuelt å gjennomgå alle skatteavtalene.
Fleirtalet tilrår følgjeleg at forslag I, II og III i Dokument nr. 8:96 (2005-2006) ikkje blir vedtekne.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartietviser til at bakgrunnen for Dokument nr. 8:96 (2005-2006) er en rekke henvendelser fra nordmenn som er bosatt hele eller deler av året i utlandet. Disse medlemmer viser til at det stadig er et økende antall nordmenn som kjøper bolig i utlandet og som tilbringer deler av året der. Denne utviklingen tilsier at regelverket på dette området må være oppdatert og kunne ivareta interessene til nordmenn bosatt i utlandet på en tilfredsstillende måte. Tilbakemeldinger tyder på at dette ikke alltid er tilfellet pr. i dag.
Disse medlemmer registrerer at verken Regjeringen eller komitéflertallet viser noen som helst vilje til å gjøre reglene på dette området bedre. Disse medlemmer synes dette er leit og vil fortsatt arbeide for å få til et bedre regelverk for nordmenn som tilbringer deler eller hele året i utlandet.
Disse medlemmer viser ellers til innholdet i dokumentet og fremmer følgende forslag:
"I
Stortinget ber Regjeringen sette i gang en offentlig utredning, og deretter fremme forslag om en gjennomarbeidet helhetspolitikk for norske bosettinger i andre EØS-land og de utfordringer dette medfører for det norske samfunn og dets lover, regler og ordninger. Det bes spesielt om at det ses på praksis og regler rundt utflytting.
II
Stortinget ber Regjeringen sørge for tilstrekkelig og god informasjon til norske borgere som er bosatt i andre EØS-land deler av året, når det gjelder deres rettigheter og plikter i forhold til Norge. Spesielt gjelder dette hvordan man skal kunne benytte stemmeretten, men også grunnleggende pensjons- og trygderettigheter. De som vurderer permanent utflytting, bør få lettfattelig og god informasjon om hvilke følger det har i forhold til rettigheter og plikter i Norge.
III
Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av samtlige skatteavtaler med sikte på å avdekke uklarheter om hvordan skattemessig bopel fastsettes, samt utbedre disse i samarbeid med de respektive land."
Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre ser at det kan være behov for mer informasjon på ulike områder overfor borgere bosatt i utlandet. Dette vil Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre komme tilbake til i de relevante sammenhenger, for eksempel i omsorgsmeldingen.