Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Knut Gravråk, Britt Hildeng, Synnøve Brenden Klemetrud og Tove Karoline Knutsen, frå Framstegspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Erling Sande, og frå Venstre, Trine Skei Grande, har registrert endringane i speleautomatmarknaden dei seinaste åra, som har gjeve seg utslag i meir aggressive automatar og auke i omsetnad som fylgje av dette.

Komiteen er uroa over auken i talet på spele­avhengige og dei konsekvensar dette har for den ein­skilde, deira pårørande og samfunnet generelt.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at behovet for betre kontroll og tiltak for å avgrense talet på speleavhengige var bakgrunnen for Stortingets vedtak i 2003, jf. Innst. O. nr. 124 (2002-2003) jf. Ot.prp. nr. 44 (2002-2003).

Komiteen viser til at iverksetjing av Stortingets vedtak om å gi Norsk Tipping einerett til å drive speleautomatar, førebels er utsett i påvente av avgjerd i EFTA-domstolen etter EØS-rettsleg motsegn. Det er venta avgjerd i saka i fyrste del av 2007.

Komiteen vil peike på at Regjeringa har initiert og sett i verk tiltak for å avgrense dei negative konsekvensane av auka omsetnad i automatmarknaden. Med verknad frå 1. juli inneverande år er det innført forbod mot bruk av pengesetlar i gevinstautomatar. Erfaringane til no tyder på at tiltaket har hatt ynskt effekt.

Komiteen har merka seg at Regjeringa har sendt på høyring framlegg om nattstenging av gevinstautomatar mellom kl. 24.00 og 07.00. Mange speleavhengige oppsøkjer i dag automatar på nattetid for å sleppe unna den sosiale kontrollen på dagtid. Ein slik restriksjon kan vere eit målretta tiltak for å redusere problemspelinga, og komiteen har merka seg at Regjerina no vurderer tiltak òg når det gjeld bingo-automatane.

Komiteen har merka seg innspel frå dei speleavhengige sine organisasjonar med framlegg om å innføre restriksjonar på lyd- og lyseffektar på gevinstautomatar. Komiteen viser til at Regjeringa har sagt den i tida som kjem vil sjå nærare på og vurdere slike avdempande tiltak.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er vidare tilfreds med at Regjeringa ynskjer dialog med dei speleavhengige og deira pårørande når det gjeld utforming og utplassering av eventuelle automatar i regi av Norsk Tipping.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, har merka seg at mange kommunar har teke lokale grep for å få fjerna gevinstautomatane og hjelpe dei speleavhengige og deira pårørande. Dette er positivt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre mener man bør åpne for at kommunene selv kan utarbeide lokale regler for utplassering av spilleautomater.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, har merka seg at Regjeringa har gjort det klart at ingen konsesjonar vil bli forlenga utover 1. juli 2007 og ingen nye konsesjonar gjevne. Fleirtalet er samd i dette. Dagens speleautomatar vil derfor verte borte i løpet av det komande året.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, peikar vidare på at det skjer ein auke i bruken av nettspel og mobilspel. Fleirtalet ser det som naudsynt at det òg på desse områda vert vurdert regulerande tiltak. Fleirtalet registrerer at fleire land no arbeider fram lovverk for å avgrense bruken av nettspel, mellom anna gjennom lovgjeving knytt til avgrensing i bruk av bankkort til betaling av spelaktivitetane. Fleirtalet har merka seg at Regjeringa vurderer regulerande tiltak til også denne delen av spelmarknaden.

Eit tredje fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, er nøgd med at Regjeringa fylgjer situasjonen i spelmarknaden fortløpande i påvente av ei permanent og tilfredsstillande løysing på spelproblematikken.

Komiteen vil også tillegge de innspillene som har kommet fra de frivillige organisasjonene (formålene), betydelig vekt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har merket seg den bekymring og usikkerhet som råder, og vil påpeke at inntekter fra spill i mange år har vært en betydelig inntektskilde for de frivillige organisasjonene i vårt land.

Komiteen understreker nødvendigheten av at Regjeringen parallelt med innføringen av restriksjoner på området også utarbeider en strategi for hvordan formålenes økonomi skal ivaretas i fremtiden.

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti vil streke under verdien av eit aktivt og godt frivillig arbeid. Denne medlemen fremjar derfor forslag om å utrede på kva for ein måte dei frivillige organisasjonane kan få statleg støtte til å kunne vidareføre arbeidet sitt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader og forslag i forbindelse med Innst. O. nr. 124 (2002-2003), og andre saker som vedrører dette felt.

Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet har tatt til orde for restriksjoner på spilleautomatmarkedet - men har stilt seg skeptisk til hvorvidt et monopol eller forbud vil løse problemene med spilleavhengighet. Disse medlemmer mener at mennesker med spilleavhengighet vil oppsøke andre arenaer for å få utløp for sin avhengighet.

Disse medlemmer håper derfor at Regjeringen vil ta et initiativ til en mer omfattende forskningsstudie på feltet, slik at man kan få slått fast hvorvidt spilleavhengighet er et symptom på andre psykiske problemer.

Disse medlemmer har også merket seg at det må tas til orde for regulering av spill på nett og mobil.

Disse medlemmer vil stille spørsmål om det er praktisk mulig å regulere Internett. Mye tyder på at lovregler neppe vil kunne holde tritt med teknologisk utvikling.

Disse medlemmer vil mene at debatten om spilleautomater på mange måter er blitt fastlåst.

Disse medlemmer mener saken bør finne sin løsning i at man nå tar et initiativ til dialog med bransje og frivillighetssektoren. Et slikt nasjonalt kompromiss bør inneholde en enighet om at automatene skal bli mindre "aggressive", at kontrollen skal skjerpes og at monopolet ikke skal presses igjennom.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen arbeide for et nasjonalt kompromiss om spilleautomater som kan gi oss bedre kontroll, mindre "aggressive" automater og at monopolet ikke innføres."

Disse medlemmer mener også at det bør åpnes for mer lokal styring av forhold rundt automatspill, casino, kortspill om penger etc.

Disse medlemmer foreslår:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem sak som kan gi kommunene rett til å bestemme regler for spill om penger."

Medlemem i komiteen frå Kristeleg Folkeparti meiner dei sosialpolitiske omsyna taler for eit nasjonalt forbod så raskt som mogleg, då eit totalforbod vil setje ein effektiv stoppar for spel på gevinstautomatar.

Denne medlemen viser til kontroll- og konstitusjonskomiteen sitt brev av 13. juni 2006, med oppmoding om informasjon om unntaket for bingoautomatar ved innføringa av setelforbod for gevinstautomatar. Denne medlemen har merka seg at Lotteri- og stiftelsestilsynet i februar 2006 bad om eit forbod mot bingoautomatar, og omtala dei som spesielt aggressive fordi gevinstane er høgere enn på andre speleautomatar. Denne medlemen vil streke under at forslaget om eit forbod mot gevinstautomatar også skal gjelde bingoautomatar.

Denne medlemen viser til at avgjerda til EFTA-domstolen om eit statleg automatmonopol er venta våren 2007. Det er fire år etter at Stortinget vedtok at Norsk Tipping skulle ha einerett til drift av gevinstautomatar. Denne medlemen ønskjer primært eit nasjonalt forbod mot speleautomatar. Sekundært er denne medlemen oppteken av at Regjeringa må foreta ei ny vurdering av kor Norsk Tipping sine automatar eventuelt skal kunne oppstillast og kor mange automatar ein skal tillate. Vidare ser denne medlemen det som naudsynt at Regjeringa går i dialog med dei speleavhengige og deira pårørande for å få innspel til nye reguleringar som kan gjere desse automatane mindre skadelege. Denne medlemen er også oppteken av at staten støttar opp om arbeidet til organisasjonane til dei speleavhengige og deira pårørande.

Denne medlemen viser elles til bakgrunnen for forslaget slik det ligg føre i Dokument nr. 8:91 (2005-2006).

På denne bakgrunn vert følgjande forslag fremma:

"I

Stortinget bed Regjeringa starte arbeidet med eit forbod mot speleautomatar som kan setjast i verk frå 1. januar 2007.

II

Stortinget bed Regjeringa greie ut på kva måte dei frivillige organisasjonane kan få statleg støtte til å kunne vidareføre arbeidet sitt.

III

Stortinget bed Regjeringa setje i gang eit arbeid for å motverke utviklinga av ein svart spelemarknad.

IV

Stortinget bed Regjeringa greie ut tiltak for å motverke nettgambling."