Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenrikskomiteen om samarbeidet i NATO i 2005

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Det transatlantiske samarbeidet i NATO gjennomgjekk etter Regjeringa sitt syn ei klar betring i 2005. Under det uformelle toppmøtet i Brussel 22. februar vart det lagt for dagen brei politisk vilje til å betre atmosfæren i det transatlantiske samkvemmet og til å styrkje samarbeidet både i politiske og militære spørsmål innanfor NATO. Under toppmøtet gav president Bush klare signal i den lei, noko som også spegla eit sterkt ønske hos dei europeiske allierte. Denne politiske viljen frå begge sider av Atlanteren kom til å prege arbeidet i NATO gjennom heile 2005. Frå amerikansk side vart det ført ein aktiv NATO-politikk. Ei rekkje nye og til dels vidtrekkande initiativ blei lagde fram både frå amerikansk og europeisk side.

Samarbeidet mellom NATO og EU var framleis fastlåst og avgrensa i heile 2005. Utvidinga av EU førte til tyrkisk motstand mot formelle møte med deltaking frå kypriotisk side. Samtidig ønskte nokre tonegjevande allierte EU-land å avgrense samarbeidet mellom dei to organisasjonane. Siktemålet til desse landa var å byggje ut den sjølvstendige rolla til EU og å avgrense den amerikanske innverknaden på europeisk politikk. Ein makta difor ikkje å utvikle den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU, som Noreg og eit fleirtal av dei allierte meiner er viktig. Eit gledeleg trekk i året som gjekk, var etableringa av ei permanent militær liaisonordning mellom dei to organisasjonane.

Derimot har samarbeidet med andre organisasjonar utvikla seg positivt. Ved å støtte Den afrikanske unionen (AU) i operasjonen i Sudan (AMIS) har NATO innleidd eit samarbeid med AU. NATO-innsatsen i Darfur og etter jordskjelvet i Pakistan har òg medverka til eit nærare operasjonelt samarbeid med FN og fleire av særorgana i FN.

Året 2005 vart spesielt krevjande på operasjonssida. Alliansen heldt fram med å byggje ut stabiliseringsoperasjonen i Afghanistan (ISAF), og vidareførte operasjonen i Kosovo (KFOR), treningsmisjonen i Irak (NTM-I) og den maritime overvakingsoperasjonen i Middelhavet (OAE). Parallelt med dette vedtok NATO å gå inn i to nye operasjonar i tillegg til den kortvarige støtta til USA i samband med orkanen Katrina. Etter oppmoding frå pakistanske styresmakter og FN tok alliansen del i det humanitære bistandsarbeidet etter jordskjelvkatastrofen som råka Pakistan i oktober. Etter oppmoding frå FN og AU sette NATO i samarbeid med EU i verk transport- og opplæringsstøtte til AMIS-operasjonen i Darfur. Både politisk og økonomisk støtta Noreg aktivt opp om NATO-innsatsen i den humanitære operasjonen i Pakistan og i AU-operasjonen i Darfur. Frå norsk side vart det lagt avgjerande vekt på at NATO-innsatsen i Pakistan måtte føre til meirverdi og ikkje skape eit konkurranseforhold til andre internasjonale aktørar.

Semja som vart oppnådd på utanriksministermøtet 7. og 8. desember 2005 om å opne for utvida NATO-nærvær i den sørlege og seinare den austlege delen av Afghanistan, stilte NATO overfor ei stor utfordring både tryggingsmessig og ressursmessig. Vedtaket inneber at ISAF-operasjonen i løpet av sommaren 2006 blir utvida frå ca. 9 000 til 16 000 soldatar. I alliansevedtaket låg det òg ei semje om å ta på seg utvida oppgåver i samband med opplæring av hæren og politiet i Afghanistan og om auka deltaking i kampen mot narkotikavondet. Samtidig som alliansen vedtok å gå inn på meir utfordrande område tryggingsmessig sett, vart den generelle tryggingssituasjonen i Afghanistan verre. Talet på sjølvmordsaksjonar og andre angrep auka gjennom året. I februar 2006 gjekk væpna demonstrantar til angrep på den norsk-finske leiren i byen Meymaneh i det nordvestlege Afghanistan, og fleire norske soldatar vart såra.

Utviklinga i samarbeidet mellom NATO og Russland gjekk sakte i 2005. Den politiske dialogen var framleis vanskeleg. I det praktiske samarbeidet var det derimot viktige lyspunkt. Det vart til dømes vedteke at NATO og Russland skal samarbeide om eit pilotprosjekt for kamp mot narkotika i Sentral-Asia og Afghanistan. Noreg er ein av dei største bidragsytarane til prosjektet, som etter planen skal komme i gang i 2006. Etter russisk initiativ vart utanriksministrane frå Russland og NATO-landa 8. desember einige om å sjå nærare på samarbeidet i NATO/Russland-rådet (NRC) med sikte på å gjere opp status og stake ut kursen vidare.

Samarbeidet mellom NATO og Ukraina utvikla seg vesentleg etter regimeskiftet i landet i byrjinga av 2005. Allereie våren 2005 vart det sett i gang ein såkalla intensivert dialog med Ukraina. Dei noverande ukrainske styresmaktene ønskjer seg deltaking i det medlemskapsførebuande programmet (Membership Action Plan - MAP) i 2006 og full medlemskap i 2008. Frå NATO-hald blei det understreka at eit klart vilkår for MAP-status og seinare medlemskap vil vere at Ukraina gjennomfører tilstrekkelege politiske, økonomiske og forsvarsmessige reformer.

Samarbeidet mellom NATO og partnarlanda utvikla seg mykje i løpet av året. Ikkje minst gjaldt dette samarbeidet med land i Middelhavsregionen og i Midtausten. I 2005 omfatta partnarsamarbeidet praktisk samvirke og politisk dialog med meir enn 30 ikkje-allierte statar. Fleire partnarar ytte dessutan viktige bidrag til NATO-operasjonar. Auken i talet på partnarland, meir varierande behov hos partnarane og eit stadig sterkare ønske blant dei allierte om å vidareutvikle samarbeidet, førte til at det i 2005 gradvis vart fokusert meir på korleis partnarskapsordningane kan gjerast meir formålstenlege. Utviklinga i samarbeidet med partnarlanda og andre samarbeidsland vil difor bli ei hovudsak i tida framover.

Arbeidet med å omforme dei militære evnene slik at NATO kan bli betre skikka til å møte nye tryggingsutfordringar, heldt fram i 2005. Det knytte seg stor interesse til hurtigreaksjonsstyrken (NATO Response Force - NRF), som er venta å nå full operativ kapasitet hausten 2006. Arbeidet med å sikre tilstrekkelege styrkebidrag både til NRF og til NATO-operasjonane elles var ei stor utfordring for Alliansen også i fjor. Som følgje av dei aukande problema med å skaffe fram viktige militære styrkekomponentar, kom spørsmålet om endra finansieringsformer stadig meir i fokus i løpet av fjoråret.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun, fra Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og fra Venstre, Anne Margrethe Larsen, har merket seg at NATO i 2005 er styrket, både politisk og militært.

Det er en positiv vilje i alliansen til å forsterke NATO som et viktig transatlantisk politisk forum, og under det uformelle toppmøtet i Brussel 22. februar 2005 ble det tatt flere skritt for å bedre atmosfæren i det transatlantiske samarbeidet.

Komiteen registrerer imidlertid at forholdet mellom NATO og EU var avgrenset i hele 2005, og at enkelte allierte land i EU ønsker å styrke EUs egne organer som europeisk basis for politisk dialog mellom Europa og USA.

Komiteen ser derfor positivt på at NATO og EU i oktober 2005 ble enige om å etablere permanente, militære liaisonordninger mellom de to organisasjonene.

Komiteen vil vise til at på militær side preges NATO fremdeles av at en del land er inne i en transformasjonsprosess med til dels kraftig omstrukturering av de væpnede styrker. Komiteen vil videre vise til at det er et krav fra alliansen at medlemslandene tilpasser militære kapasiteter, strukturer og konsepter slik at de blir mest mulig relevante for de sikkerhetsutfordringer vi står overfor.

Komiteen har merket seg at NATO Response Force (NRP) etter planen skal ha full operativ kapasitet innen 1. oktober 2006.

Komiteen vil vise til at initiativet fra toppmøtet i 2002 - Prague Capabilities Commitment, arbeidet med å sikre at alliansen har de kapasiteter som nye trusselbilder krever - fastsatte i 2005 at stikkord her er arbeidsfordeling, dvs. at de enkelte medlemsland kan være komplementære og ha ansvar for ulike kapasiteter. Norge har et ansvar i alliansen for strategisk sjøtransport.

Komiteen vil vise til at Norge ved omorganiseringen av NATO fikk opprettet Joint Warfare Centre på Jåttå, som er direkte underlagt transformasjonskommandoen i Norfolk, USA. På denne måten yter Norge viktige bidrag til opplæring og trening, også for partnerskapsland. Komiteen viser også til at det i NATO drøftes opprettelse av egne treningssentre både i Midtøsten og Afrika.

Komiteen har for øvrig merket seg at den nye kommandostrukturen etter planen skal være fullt operativ fra sommeren 2006.

Komiteen vil understreke at Afghanistan både er hovedprioritet i alliansen og fra norsk side når det gjelder deltagelse i internasjonale operasjoner.

Komiteen vil vise til at Norge i tillegg til deltagelse i ISAF-styrken også yter betydelig langsiktig bistand og humanitær hjelp til Afghanistan.

Komiteen vil også gi sin støtte til at stabsoffiserer fra NATO bistår Den afrikanske union i Sudan mens FN setter sammen sin flernasjonale styrke for Darfur.

Komiteen har merket seg at det ikke vil bli utstedt invitasjoner til nye medlemsland under det kommende toppmøtet i Riga. Komiteen er imidlertid kjent med at både Ukrainas og Georgias tilnærming til alliansen er under drøfting.

Komiteen vil støtte Regjeringens holdning om at NATOs dør er åpen, men at medlemskap avhenger av landenes egen reformevne og -vilje, og at land må vurderes på individuelt grunnlag ut fra de kriterier som ligger til grunn.

Komiteen vil fremheve det arbeidet som gjøres både fra Norges NATO-delegasjon i Brussel og ambassaden i Beograd for å muliggjøre en integrering av alle landene på Vest-Balkan i en samarbeidsstruktur med NATO. Komiteen er enig med departementet som i meldingen understreker at "Eit slikt heilskapleg, regionalt perspektiv er av stor verdi for å støtte opp om stabilitet og utvikling i heile regionen, medrekna dei to landa som framleis ikkje er med i noka form for formell partnarordning med NATO, nemleg Bosnia- Hercegovina og Serbia og Montenegro".

Komiteen vil vise til at den norske ambassaden i Beograd i perioden har vært NATO-kontakt.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 16 (2005-2006) - om samarbeidet i NATO - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 7. juni 2006

Olav Akselsen

leder

Marit Nybakk

ordfører