4. Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet Fatlatunnelen AS får løyve til å ta opp lån til å forskottere bygginga av rv 55 Fatlaberget og til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygginga etter vilkåra i St.prp. nr. 65 (2005-2006) og Innst. S. nr. 183 (2005-2006).
II
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.