Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, viser til at hovudpunkta i meldinga er at det blir gjort greie for gjennomføring av og kontroll med førstehandsomsetninga og gjennomføring av eksporten av sjømat i 2003 og 2004. Nokre andre saker og enkelte saker frå 2005 er også kommenterte.
Komiteen viser til handsaminga av St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling. Den blå åker og ei rekkje andre utgreiingar på 90-talet, der langsiktige leveringsavtalar mellom fiskar og industri vart drøfta. I St.meld. nr. 19 (2004-2005) og under handsaminga i Stortinget vart det slått fast av fleirtalet, alle bortsett frå medlemene frå Framstegspartiet, at råfiskelova skal liggje fast, men at det for å modernisere omsetninga av fisk skulle kunne etablerast ei forsøksordning med langsiktige salgsavtaler på 2 år. Fiskeri- og kystdepartementet initierte i juni 2005, som oppfølging av handsaminga i Stortinget, eit møte mellom partane som førte til ei ramme for prøveprosjektet. Komiteen viser til at prosjektet er sett i gang og at det er lagt til rette for slike avtaler både i kvitfisksektoren og i pelagisk sektor. Komiteen er tilfreds med at vedtaket er følgt opp. Komiteen vil peike på at fiskeforedlingsindustrien må sikrast stabil tilgang på råstoff. Komiteen vil peike på at langsiktige avtaler innen rammene av råfisklova er viktig. Komiteen vil elles vente med konklusjonar til evalueringa av prøveprosjektet som vil kome i samband med stortingsmeldinga om gjennomføringa av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til partiets merknader i forbindelse med behandlingen av St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling. Den blå åker, Innst. S. nr. 192 (2004-2005).
Komiteen viser til rapporten Auka verdiskaping i fiskeindustrien frå 2004 der det vart foreslått å opprette ein meklingsinstans som med bindande verknad kan fastsette minsteprisar, omsetningsordningar, sals- og betalingsføresetnader og eventuelt andre forretningsmessige forhold som partane ikkje vert samde om. Rapporten grunnar forslaget om å opprette ein meklingsinstans med den ulikevekta som råfisklova inneheld ettersom salslaga einsidig kan fastsetje minsteprisar mv. om salslaga og industrien ikkje vert samde om dette gjennom forhandlingar. Næringa har ved fleire høve blitt oppmoda av styresmaktene om å etablere ei prøveordning. Målet med å etablere ei slik ordning, skulle vere, innanfor råfisklovas system, å finne mekanismar som kan gi betre heilskaplege løysingar i forholdet mellom fiskar og industri når det gjeld fastsetjing av pris og oppgjersreglar.
Komiteen viser til at sist Stortinget oppmoda næringa om å kome til semje om å opprette ein meklingsinstans, var i samband med handsaminga av St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling. Den blå åker. Komiteen er kjend med at fiskeri- og kystministeren har teke initiativ overfor partane for å få på plass eit prøveprosjekt. Komiteen er vidare kjend med at det vart semje mellom partane om viktige punkt, men at ei endeleg ramme for eit prøveprosjekt ikkje ligg føre. Komiteen ser fram til at det blir klarlagt kva forhold som skal inn i meklingsinstituttet og at desse blir implementerte innan 12 månader etter at prøveprosjektet er iverksett som føresett i meldinga og i avtalen mellom partane. Komiteen vil understreke at målet er å få etablert eit prøveprosjekt med betre heilskapsløysingar ved usemje om pris og oppgjersreglar.
Komiteen ser det som svært positivt at eksporten av norsk sjømat etter fleire år med nedgang auka i 2004 til 28,2 mrd. kroner. Om lag 95 pst. av norsk sjømat blir eksportert. Komiteen vil også peike på at sjølv om dei næraste landa, EU og Russland, saman med Japan er dei største marknadane for norsk sjømat, går eksporten vår til over 150 land. Komiteen er også kjend med at den positive utviklinga heldt fram i 2005 og at eksportverdien av norsk sjømat då steig til 31,7 mrd. kroner, som er ny rekord.
Komiteen har også merka seg den viktige rolla som Eksportutvalget for fisk (EFF) har i arbeidet med marknadsføring. I tillegg til dei som arbeider i Noreg har EFF eigne tilsette i åtte andre land. Komiteen vonar at den nye organiseringa av EFF som vart sett i verk i 2005 vil gi eit klarare skille mellom politisk tilsyn og utøvande verksemd og at dette vil gi EFF endå betre vilkår for å utføre det gode og viktige arbeidet dei gjer.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarparitet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merka seg at den nye organiseringa skal skape eit klårare skilje mellom tilsyn og utøvande verksemd, og ber om ein gjennomgang av dei erfaringane ein har med den nye organiseringa, og ber Regjeringa kome attende med dette på ein høveleg måte.
Komiteen vil peike på at det er svært viktig at styresmaktene held fram og intensiverer arbeidet med å få betre tilgang til marknadane for norsk sjømat både i WTO-forhandlingane og i frihandelsavtaler gjennom EFTA. Det er spesielt viktig å finne løysingar på dei særskilde problema vi møter i viktige marknadar som EU, Russland og USA. Komiteen vil også peike på at eksport av sjømat dessutan står overfor dei same utfordringane som andre eksportnæringar og at ein politikk med sikte på gunstig kronekurs, låge renter og andre gode rammevilkår også i framtida vil vere avgjerande for lønsemd og positiv marknadsutvikling for norsk sjømat.
Komiteen vil streke under at sjølv om det aller meste av norsk sjømat blir eksportert, er det viktig å auke satsinga også på heimemarknaden.