Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, viser til at stat og kommunar gjør innkjøp for ca. 240 mrd. kroner kvart år. Det er derfor samfunnsøkonomisk viktig å stimulera til gode og effektive offentlege innkjøp. Gjennom EØS-avtala er Noreg forplikta til å følgje reglane til EU for innkjøp over dei fastsette terskelverdiane. I tillegg har Noreg etablert nasjonale retningslinjer med ein terskelverdi for nasjonal konkurranse som er fastsett til 500 000 kroner. Denne terskelverdien vart oppjustert frå 200 000 kroner av regjeringa Bondevik i september 2005, etter ei utgreiing og tilråding frå Asplan Viak. Departementets høyringsrunde i samband med forslaget viste at eit stort fleirtal av høyringsinstansane gjekk inn for å heve terskelsumma.

Komiteenviser til at det er stor grad av ulik praksis mellom dei forskjellige landa i EØS-området når det gjeld nasjonale regler for innkjøp under EØS-terskelverdiane.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at forslag om å innføre ei forenkla kunngjeringsplikt under den nasjonale terskelverdien var ute på høyring i fjor haust, og at eit klart fleirtal av høyringsinstansane, særleg kommunane, var kritiske og peikte på at framlegget ville gi auka ressursbruk og byråkrati og at dette i praksis ville innebere at terskelverdien vert senka til 100 000 kroner. Mellom anna stilte innkjøpsfaglege miljø seg kritiske til dette, ikkje fordi kunngjøringa isolert sett vil være så problematisk, men på grunn av at det ville bli problematisk å handtere dei mange tilbod som kan koma inn etter ei kunngjering.

Fleirtalet viser til at grunngjevinga for dette er at det er vanskelegare å etterleva dei grunnleggjande prinsippa når mange leverandørar melder si interesse, og at dette vil presse fram ei utvikling av reglar for innkjøp ned til denne summen. Fleirtalet viser til at korkje leverandørar eller innkjøparar er tent med at det innførast eit regelverk man ikkje veit korleis man skal handtera eller ser konsekvensane av.

Fleirtalet viser òg til at næringslivet, og spesielt små og mellomstore verksemder, er positive til ei forenkla kunngjering og meiner at dette bl.a. vil kunne sikre marknadstilgang og opne prosessar. Dette omsynet må vegast opp mot eit ynskje om å hindre auka byråkrati og ressursbruk i offentleg sektor.

Fleirtalet viser til at det er innført krav om ei protokollplikt for alle kjøp over 100 000 kroner, som bl.a. skal innehalde informasjon om kva som er kjøpt med ein grunngjeving for val av leverandør. Fleirtalet er av den oppfatning at dette i stor grad vil ivareta behovet for openheit ved at omsynet til etterprøving vert ivaretatt, og at det og vil bidra til å skjerpe rutinane hos innkjøparane.

Fleirtalet vil òg peike på at det er naudsynt å leggja til rette for møteplassar for innkjøparar og leverandørar kor man gjensidig informerer kvarandre om verksemda og forretningsmuligheiter, innanfor dei muligheitene regelverket gjer. Dette er viktig for å ivareta omsynet til konkurranse, og spesielt i forhold til nyetablerte og mindre verksemder. Det er òg viktig at det satsast på kompetansetiltak innan offentlige verksemder. Gode innkjøpsrutinar gjer profesjonelle innkjøparar, det er bra for næringslivet og for samfunnet elles.

Fleirtaletviser til at Regjeringa i 2007 skal gjere ei evaluering av korleis hevinga av terskelverdien har verka, og på kva måte ein kan heve terskelverdien vidare, i samsvar med Soria Moria-erklæringa. Fleirtalet vil avvente denne gjennomgangen før det tas stilling til ein eventuell innføring av forenkla kunngjøringsplikt under terskelverdien.

Fleirtalet rår til at framlegget ikkje blir vedteke.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at innføring av forenklet kunngjøringsplikt for innkjøp mellom 100 000 kroner og 500 000 kroner med virkning fra 1. januar 2006 var en del av grunnlaget for å heve den nasjonale terskelverdien for utlysing av anskaffelser på anbud fra 200 000 kroner til 500 000 kroner fra september 2005. Næringslivets organisasjoner har signalisert behovet for åpenhet og rettferdig konkurranse også for mindre innkjøp. Grunnleggende prinsipper om konkurranse, likebehandling, åpenhet og etterprøvbarhet gjelder for alle anskaffelser. Forenklet kunngjøringsplikt utvider ikke omfanget av forpliktelser, men legger til rette for at innkjøper kan følge regelverket på en enkel og ubyråkratisk måte for innkjøp som er under anbudsterskelen.

Disse medlemmer er av den oppfatning at åpenhet og konkurranse også forebygger korrupsjon og kameraderi. Den siste tiden har det vært flere eksempler på at dette er problemer som også finnes i det norske samfunnet. Særlig i grenselandet offentlig og privat sektor er det risiko for uheldige økonomiske relasjoner og smøring. Kunngjøringsplikt vil gi mer informasjon om det enkelte innkjøp og virke disiplinerende i forhold til korrupsjon.

Disse medlemmer viser til at omfanget av klager meldt inn til klagenemnda for offentlige anskaffelser er økende i omfang. En stor del av klagene får medhold. NRK meldte 1. desember 2005 at to av tre forespurte revisorer registrerer brudd på innkjøpsregelverket basert på 40 spurte revisorer med ansvar for 300 kommuner. En del kommuner har lavt volum utlyste innkjøp på innkjøpsdatabasen "Doffin". I sum indikerer dette at oppfølgingen av innkjøpsregelverket er forholdsvis svak. Det kan være ulike årsaker til dette problemet. Disse medlemmer mener imidlertid at dårlig oppfølging er en god grunn til å lage et felles og ubyråkratisk regelverk om forenklet kunngjøring for innkjøp under 500 000 kroner.

Disse medlemmer viser for øvrig til at forslaget om innføring av forenklet kunngjøringsplikt har bred støtte, blant annet fra Landsorganisasjonen i Norge, flere nasjonale organisasjoner i næringslivet og Transparency International Norge.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om, senest i Revidert nasjonalbudsjett for 2006, å innføre plikt til forenklet kunngjøring ved innkjøp under den nasjonale terskelverdien for anbudsplikt, og legge til rette for en effektiv, ubyråkratisk nasjonal web-basert struktur for dette."

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser at forenkla kunngjøring ikkje har vore ein del av grunnlaget for heving av terskelverdien, slik det her vert gitt uttrykk for. Forenkla kunngjeringsplikt var eit forslag frå regjeringa Bondevik II, som denne Regjeringa valde å ikkje gjennomføre, då eit klart fleirtal av høyringsinstansane var imot innføring av ein slik plikt.

Fleirtalet meiner det er uheldig at mindretalet med dette skaper inntrykk av at det er stor fare for korrupsjon i samband med offentlege innkjøp, da korrupsjon er ein svært alvorleg sak. Offentleg sektor i Noreg har heldigvis eit godt rykte i så måte. Fleirtalet vil gjere oppmerksam på at når mindretalet gir inntrykk av at korrupsjon i det offentlege er utbredt, vil det òg kunne oppfattast som ei anklage mot norsk næringsliv. Dette vil fleirtalet ta sterk avstand frå. Fleirtalet viser vidare til at regelverket for offentlige innkjøp er komplisert, og at det på sikt er eit mål å forenkle regelverket. Fleirtalet viser òg til tidligare merknad om at krav til protokoll vil kunne sikre den nødvendige openheit i samband med det enkelte innkjøp.

Fleirtalet viser til at Kommunenes Sentralforbund jobbar kontinuerlig med å betre oppfølginga og forståinga av regelverket i kommunane.