Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Vedlegg: Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråden til transport- og kommunikasjonskomiteen, datert 28. november 2005

Eg viser til brev av 04.11.05 med vedlegg frå Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Kommunelova (av 25.09.1992 nr. 107) er basert på prinsippet om at innbyggjarane vert representert ved kommunestyret og andre folkevalde organ. Kommunestyret kan ikkje fråskrive seg si lovpålagde plikt til å treffe vedtak på vegne av kommunen. Dette medfører at kommunestyret ikkje kan vedta at ei sak skal bli bindande avgjort i ei folkerøysting utan særskilt heimel i lov.

Sjølv om spørsmålet om folkerøystingar ikkje er regulert verken i kommunelova eller i valglova, har likevel bruk av lokale rådgjevandefolkerøystingar vore sett på som å liggje innanfor kommunelova sitt system. Kommunane står i dag i utgangspunktet fritt til å avgjere om det skal haldast lokale folkerøystingar. Det er berre i samband med spørsmålet om målform i skulen, jf. opplæringslova (av 17.07.1998 nr. 61) § 2 5 siste ledd første punktum, at det ligg føre eit krav om rådgjevande folkerøysting. Bortsett frå dette eine unntaket er det kommunestyret i den enkelte kommune som avgjer kva for eit tema det skal stemmast over, og som fastset spørsmålsformuleringa for røystingane. Den enkelte kommune står fritt til å bestemme kven som skal ha stemmerett, stemme- rettsalder osv., slik at gjennomføringa kan tilpassast kommunen sine behov og ønskjer.

Alle røystningar i Noreg har vore rådgjevande, og utfallet har ikkje lagt formelle bindingar på seinare vedtak i kommunestyret. Noko anna er at det for mange kommunestyrerepresentantar politisk sett kan vere vanskeleg å fatte ei avgjerd i strid med utfallet av ei folkerøysting.

Ut frå dette kan ikkje regjeringa halde eller be Bergen kommune halde ei bindande folkerøysting om bygging av bybane i Bergen og bruk av bompengefinansiering. Det er opp til Bergen kommune om kommunen vil halde ei rådgjevande folkerøysting i saka og om bystyret i Bergen ønskjer å vere "politisk bunde" av utfallet. Samferdselsdepartementet har uansett inga rolle i ei slik eventuell sak.

Dette svaret er utarbeidt i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet.

Det går fram av St.prp. nr. 75 (2004-2005) Om revidert bompengeordning for Bergensprogrammet at Bergen kommune går inn for at prosjekta Ringveg vest og Bybanen skal byggjast ut parallelt. Dette er det lokal politisk semje om. Dette inneber at det er naudsynt å finansiere utbygginga gjennom låneopptak som vert nedbetalt med bompengar. Den konkrete framdrifta i prosjekta vert vurdert nærare også ut frå ei optimal økonomisk løysing.

I omtala av forslaget til revidert finansierings- og investeringsplan i proposisjonen har Samferdselsdepartementet vist til den parallelle utbygginga av prosjekta og føresett rasjonell drift, med årlege løyvingar i statsbudsjettet. Departementet har altså lagt til grunn parallellitet i utbygginga av Ringveg vest og Bybanen. Det er likevel omsynet til ei optimal økonomisk løysing, planavklaring og rasjonell anleggsdrift som må styre framdrifta av det enkelte anlegg, inkludert tidspunkt for anleggsstart. Den konkrete framdrifta i prosjekta skal derfor vurderast nærare i lys av dette.