Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

I proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av Hardangerbrua i Ulvik og Ullensvang kommunar i Hordaland.

Hardangerbrua vil erstatte dagens ferjesamband på rv 7/rv 13 mellom Bruravik og Brimnes. Hardangerbrua vil tene fleire formål:

  • – Gi betre kommunikasjonar lokalt i indre Hardanger.

  • – Gi lettare regionalt transporttilbod mellom Odda og Voss og mellom Bergen og Hardanger samt vidare mot Øvre Hallingdal.

  • – Gi betre tilbod for fjerntrafikk med eit ferjefritt samband aust - vest og nord - sør.

Finansieringa av Hardangerbrua er basert på bompengar, tilskot frå fylkeskommunen og kommunar i Hordaland, innspara ferjetilskot og ordinære statlege midlar.

I samband med behandlinga av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015, hadde fleirtalet i samferdselskomiteen m.a. følgjande merknad til Hardangerbruprosjektet:

"Fleirtalet ber om at saka om utbygging og finansie­ring vert lagt fram for Stortinget så snart som mogleg."

Ved behandlinga av handlingsprogrammet for perioden 2002-2005 ba fylkestinget i Hordaland Statens vegvesen setje i gang nødvendig arbeid med å oppdatere planane for Hardangerbruprosjektet, og gjekk inn for å omprioritere 125 mill. 2002-kroner med sikte på gjennomføring av prosjektet i perioden 2006-2011.

Hardangerbrua er planlagt som tofelts hengebru med gang- og sykkelveg. Brua får eit hovudspenn på 1 310 m og totallengde på 1 380 m. Brutårna får ei høgd på 186 m over fjorden. Prosjektet omfattar også 2,4 km tunnel og 0,8 km veg i dagen. I tillegg skal det byggjast 0,9 km gang- og sykkelveg fram til brua. Hardangerbrua vil bli den lengste hengebrua i Noreg. Seglingshøgda er planlagt til 55 m.

Konsekvensutgreiinga og reguleringsplanane for prosjektet blei godkjende hausten 2004.

Hardangerbrua blir synleg i eit stort område og vil påverke opplevinga av det eigenarta fjordlandskapet. Lokalt medfører tiltaket relativt små inngrep i naturmiljøet, og der det er inngrep er dette i natur med lokal verdi.

Kostnadsoverslaget er kvalitetssikra av ein ekstern konsulent i samsvar med hovudprinsippa for styring av statlege investeringar.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 1 810 mill. 2005-kroner og ei kostnadsramme på 2 040 mill. 2005-kroner.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet (NN) er med 8 pst. kalkulasjonsrente rekna til - 1,2 mrd. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til - 0,5, og internrenta er rekna til 4 pst.

Når det gjeld samfunnsøkonomi og trafikkgrunnlag, er konklusjonen til konsulenten ved den eksterne kvalitetssikringa at prosjektet burde vore vurdert innafor ei større ramme der ulike framtidige samband nord - sør og aust - vest blir sett i samanheng. Konsulenten tilrår at endeleg vedtak om utbygging bør utsetjast til det er gjennomført ein breiare analyse.

Anleggsarbeida på prosjektet er etter dette planlagt å starte vinteren/våren 2008, med opning for trafikken i løpet av 2011.

Bompengeselskapet Hardangerbrua AS blei skipa i 1987.

På grunnlag av m.a. trafikkprognosane i konsekvensutgreiinga blei det utarbeidd eit opplegg for finansie­ring av Hardangerbrua som blei behandla av fylkestinget i juni 2004. Bompengesøknaden blei behandla i møte i Hordaland fylkesting 15. desember 2004, jf. kap. 4 i proposisjonen om lokalpolitisk behandling.

I kap. 5 i proposisjonen er det vurdert kva konsekvensar bygging av Hardangerbrua vil få for tilstøytande vegnett. Der er også konsekvensar for villreinen på Hardangervidda omtalte. Som det går fram av proposisjonen, vil det vere behov for dei aller fleste tiltaka som er nemnde på det tilstøytande vegnett, sjølv om Hardangerbrua ikkje blir bygd. Dersom brua blir bygd, vil trafikkauken gjere behovet for tiltaka sterkare.

I ein situasjon med bru (og bompengar) er det rekna med at strekninga Bu - Brimnes på rv 13 får ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 1 850 kjøretøy i 2020, mot 1 050 utan bru. Dette er ein av dei strekningane som får stor trafikkauke som følgje av Hardangerbrua. Delar av strekninga har ein låg standard i dag, og rassikringstiltaka er høgt prioriterte i Statens vegvesen sin ras­sikringsplan. Dei aktuelle tiltaka er derfor tilrådd gjennomførte i perioden 2006-2009 uavhengig av Hardangerbrua.

Trafikken er rekna til å auke frå 1 000 kjøretøy (ÅDT) utan bru til 2 250 kjøretøy med bru i 2020. Tunnelen har ein relativt god standard i dag, og den vil tåle ein slik trafikkauke. Dei viktigaste sikringskrava er innfridde, men tunnelen treng ei oppgradering når det gjeld redningskommunikasjon.

Denne strekninga er venta å få ein trafikkauke frå 1 200 kjøretøy (ÅDT) utan bru til 1 850 kjøretøy med bru i 2020. Det er planlagt rassikringstiltak ved Furlo og Storurfonna i Eidfjord.

Det er rekna med at rv 7 Hardangervidda får ein trafikkauke frå 1 000 kjøretøy (ÅDT) utan bru til 1 400 kjøretøy med bru i 2020.

Villreinproblematikken eksisterer uavhengig av bygging av Hardangerbru.

Vegstyresmaktene har starta eit arbeid med ei vegutgreiing der tunnelløysingar på delar av Hardangervidda skal vurderast. Formålet er todelt:

  • – Tilrettelegging for betre vinterdrift og regularitet på rv 7.

  • – Reduksjon av ulemper for villrein på vidda.

Planarbeidet er samordna med ei større undersøking av verknader av rv 7 for villreinen: Villreinprosjektet.

Dei to prosjekta, vegutgreiinga og villreinprosjektet, blir utførde parallelt og med kontakt til lokale styresmakter og interesseorganisasjonar. Både forskingsarbeidet og vegutgreiinga skal leggjast fram i 2006.

Vegutgreiinga tek utgangspunkt i ulike ambisjonsnivå for bygging av tunnelar. Den kortaste tunnelen kan få ein kostnad på om lag 200 mill. kroner, avhengig av kor store tiltak som skal gjerast med vegnettet utanfor tunnelen. Ei total utbygging med om lag 15 km tunnel og tiltak på vegnettet vil få ein kostnad på over 1 mrd. kroner.

Totale kostnader for vinterdrift på Hardangervidda er i storleiksorden 10 mill. kroner pr. år.

Finansieringsplanen for Hardangerbrua er uavhengig av eventuell vinterstenging av rv 7 over Hardangervidda.

Det er for tidleg å gi ei tilråding om aktuell utbygging av rv 7. Eit formelt planarbeid for Hardangervidda må leggjast breitt opp i samsvar med intensjonane i plan- og bygningslova. Det kan vere aktuelt å starte ein slik prosess i 2006/2007. Trafikkveksten på rv 7 som følgje av Hardangerbrua er rekna til å bli liten, og det er vinterdrifta/regulariteten og omsynet til villreinen som vil vere avgjerande for eventuell utbygging av rv 7 over Hardangervidda.

Her er det rekna med at trafikken berre får ein mindre auke som følgje av bru. Det er planlagt to rassikringstiltak i perioden 2006-2015, men elles ingen investeringar på denne strekninga. Tiltaka er uavhengig av bygging av brua.

Trafikken er rekna til å auke frå 1 600 kjøretøy (ÅDT) utan bru til 2 400 kjøretøy med bru i 2020. To delstrekningar på rv 13 ligg inne i framlegget til Vossepakke: prosjekta Øvre Granvin - Voss grense og Mønshaug - Palmafoss. I tillegg kjem tunnel bak Vossevangen på E16. I samband med behandlinga av handlings-programmet for perioden 2002-2011 fatta Hordaland fylkeskommune og kommunane i området prinsippvedtak om delvis bompengefinansiering av Vossepakken.

I Statens vegvesen sitt framlegg til handlingsprogram for investeringar på stamvegnettet i perioden 2006-2015 er det lagt opp til gjennomføring av prosjektet i perioden 2010-2015 med 200 mill. kroner i statlege investeringar og 220 mill. kroner i bompengefinansiering for dei to prosjekta på rv 13. Dersom det blir tilslutning til eit opplegg med delvis bompengefinansiering, kan det vere aktuelt å starte opp prosjekt innafor Vossepakken med bompengemidlar alt i første fireårsperiode (2006-2009). Dette er tiltak som er uavhengig av bygging av Hardangerbrua.

Trafikken er rekna til å auke frå 1 200 kjøretøy (ÅDT) utan bru til 1 750 kjøretøy med bru i 2020. Auken skriv seg i stor grad frå overført trafikk frå rv 550. Rv 13 har varierande standard, der særleg breiddekrava og kurvaturkrava i stamvegstandarden ikkje er innfridde. Det er ein del busetnad langs vegen, og det er i liten grad lagt til rette for gåande og syklande. I tillegg er det fleire rasutsette punkt på strekninga.

I framlegget til handlingsprogrammet er det tilrådd midlar til rassikring i Ullensvang i perioden 2006-2009 og til rassikring i Odda i perioden 2010-2015. Behovet for desse tiltaka er uavhengig av Hardangerbrua.

Samanhengen mellom rv 9 og rv 13 er særleg knytta til funksjonen som eit indre stamvegsamband nord - sør.

Trafikkvurderingane viser at Hardangerbrua sin påverknad blir redusert ved Odda. Dei konkrete trafikkverknadane på rv 9 av Hardangerbrua blir følgjeleg rekna som små/marginale.

Statens vegvesen sin transportmodell for Hordaland er nytta som grunnlag for å rekne ut trafikkgrunnlaget for Hardangerbrua.

Samferdselsdepartementet peiker på at trafikk­prognosane for prosjektet er usikre. Fleire konsulentar har vore engasjerte for å kvalitetssikre trafikkgrunnlaget. Ved den eksterne kvalitetssikringa konkluderer konsulenten med at den årsdøgntrafikken i opningsåret som Statens vegvesen har lagt til grunn, representerer eit nokså nøkternt anslag. Samferdselsdepartementet sluttar seg til dette.

Ut frå justert framdrift for prosjektet med trafikkopning i løpet av 2011, har Statens vegvesen justert trafikkgrunnlaget med NTP-prognosane for årleg vekst i Hordaland. Statens vegvesen har etter dette tilrådd at det blir lagt til grunn ein årsdøgntrafikk for Hardangerbrua ved årsskiftet 2011/2012 på 2 000 kjøretøy, jf. kap. 6 i proposisjonen.

Finansieringsopplegget er nærare omtala i kap. 7 i proposisjonen.

Finansieringsmodellen bygger på følgjande element:

  • – Bompengar

  • – Lokale tilskot

  • – Innspara ferjetilskot

  • – Ordinære statlege midlar

Styringsramma for prosjektet er 1 810 mill. 2005-kroner. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn, er finansieringskostnadene, dvs. renter på bompengelån, inkl. renter ved forskotteringa, rekna til om lag 400 mill. kroner. Samla gir dette eit finansieringsbehov på 2 210 mill. kroner:

Forslag til finansieringsplan

Mill. 2005-kroner

Bompengar - forskotsbompengar

55

Bompengar - etterskotsbompengar på prosjektet1

1 403

Lokale tilskot - kommunale tilskot

147

Lokale tilskot - fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar

356

Lokale tilskot - kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift

9

Forskottering - innspara ferjetilskot

63

Ordinære statlege midlar

177

Sum

2 210

1 I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Andre føresetnader for finansieringsplanen går fram av kap. 7.6 i proposisjonen.

Det er lagt til grunn forskotsinnkrevjing på kjøretøy i ferjesambandet Brimnes - Bruravik i om lag 5 1/2 år frå prosjektet er godkjend av Stortinget og fram til trafikkopning

Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i om lag 15 år.

Fleire kommunar i Hordaland har vedtatt å gå inn med tilskot til Hardangerbrua på til saman 150 mill. 2006-kroner. Rekna om til 2005-prisnivå utgjer dette 147 mill. kroner.

Fylkeskommunen har vedtatt at det samla skal setjast av 355 mill. 2004-kroner av fylkeskommunale konsesjonskraftinntekter til Hardangerbrua.

Fylkestinget har gått inn for at 4,3 mill. kroner i 2004 og tilsvarande i 2005 skal gå til bygging av Hardangerbrua. Fylkestinget har vidare lagt til grunn at dersom ordninga med kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift blir vidareført, vil det også bli lagt inn ein årleg sum på 4,3 mill. kroner til Hardangerbrua i 2006 og 2007.

Bygginga av Hardangerbrua medfører ein samla auke i dei statlege driftskostnadene på om lag 11 mill. kroner over ein 15-årsperiode. Eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara kapitalkostnader for ferjeflåten er på 74 mill. kroner. Etter dette er det samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara ferjetilskot 63 mill. kroner.

For å oppnå at perioden med etterskotsinnkrevjing blir om lag 15 år er det i finansieringsplanen lagt til grunn 180 mill. 2006-kroner i statlege midlar til prosjektet i perioden 2010-2015.

Fylkestinget har i møtet 15. desember 2004 fatta vedtak om fylkeskommunale garanti for eit bompengelån på inntil 1 300 mill. kroner (2004-kroner). Fylkeskommunen har vidare akseptert at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet med inntil 100 mill. kroner (2004-kroner).

Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av rv 7/rv 13 Hardangerbrua, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.