Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om Noregs del­taking i Europarådet i 2003 og 2004

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Utfordringa for Europarådet i åra framover er, etter Regjeringa si meining, å gjere heile det europeiske kontinentet til eit område der menneskerettane, demokratiet og rettsstaten vert respekterte fullt ut. Dette er ei oppgåve av historisk omfang. Den framleis ustabile situasjonen på Balkan og i fleire av landa og områda i det tidlegare Sovjetunionen syner at dei utfordringane som låg til grunn for opprettinga av Europarådet, er høgst aktuelle.

Noreg hadde formannskapen i ministerkomiteen i Europarådet i seks månader i 2004. For den dåverande regjeringa representerte det eit høve til å påverke dagsordenen i ein av dei eldste og breiast samansette europeiske samarbeidsorganisasjonane, og ein sjanse til å fremje norske politiske interesser i Europa.

Sist Noreg hadde formannskapen, var i 1989. Det har skjedd store forandringar i Europa sidan då, noko som også har påverka samarbeidet i Europarådet. I dag er det ein organisasjon med 46 medlemsstatar, dobbelt så mange som i 1989, med til saman 800 millionar innbyggjarar.

Styrken til Europarådet ligg i å utvikle og gjennomføre standardar på rettsstats- og demokratiområdet. Dette er grunnleggjande bidrag til førebygging av konflikt og sikring av menneskerettane. Gjennom europarådskonvensjonane er det lagt eit felles rettsleg grunnlag på sentrale samfunnsområde, og organisasjonen forvaltar viktige kontroll- og oppfølgingsmekanismar.

Samstundes er det nødvendig med reformer for å styrkje og effektivisere arbeidet i Europarådet. Den viktigaste saka under den norske formannskapen var såleis å få sett i gang reforma for å sikre framtida til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Denne reforma blei vedteken samstundes med at Noreg tok over formannskapen i mai 2004. Bakgrunnen er at bunken av ubehandla saker ved domstolen stadig veks, noko som truar heile institusjonen. Reforma går mellom anna ut på å betre situasjonen i medlemslanda slik at brot på konvensjonen ikkje oppstår, eller at dei blir retta opp på ein korrekt måte på nasjonalt plan. Det er også viktig å betre effektiviteten til domstolen og gjennomføre dommar. Noreg arrangerte eit høgnivåseminar i Oslo i oktober 2004 som gav konkrete forslag til korleis reformprosessen kan førast vidare. Noreg arbeidde også for at medlemslanda skulle underteikne og ratifisere reformpakken.

Regjeringa meiner at det er nødvendig å sikre Europarådet sin plass i den samla europeiske arkitekturen. Arbeidet i Europarådet må også sjåast i samanheng med oppgåvene til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og eit utvida EU. Ei viktig prioritering under den norske formannskapen var difor eit sterkare samarbeid med desse organisasjonane og at dei må framheve sine fordelar der dei har ekstra bidrag og særleg kompetanse. Noreg tok initiativ til å etablere ein mekanisme for konkret samarbeid mellom Europarådet og OSSE. Dette opplegget blei godt motteke, og begge organisasjonane vedtok tekstar slik at mekanismen no er operativ.

EU-utvidinga har ført til ønske om ei klårare rollefordeling mellom EU og Europarådet. Regjeringa meiner det er særleg viktig å unngå to konkurrerande men­neskerettsstandardar i Europa. Den europeiske men­neskerettskonvensjonen (EMK), som er grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg, er berebjelken i samarbeidet i Europarådet og i forvaltninga av menneskerettane i Europa. Forfatningstraktaten for EU vart underteikna i Roma i oktober 2004. Pakta om dei fundamentale rettane er innarbeidd i forfatninga, og vil på denne måten bli rettsleg bindande. Samstundes står det i traktaten at EU skal bli part i EMK. Dette vil gjere det mogeleg å halde fram med ein sams standard for menneskerettar og å sikre eit sameint vern av menneskerettane i Europa, også i høve til EU-organa. Med EMD til å kontrollere at EU respekterer menneskerettane, vil menneskerettane stå sterkare i Europa. I desember 2003 vedtok Det europeiske rådet å opprette eit nytt EU-byrå for menneskerettar. Eit anna viktig spørsmål vil såleis vere korleis dette menneskerettsbyrået skal arbeide og korleis det skal samverke med Europarådet.

Regjeringa meiner at Europarådet òg har ei rolle å spele i førebygging av konfliktar, blant anna ved å arbeide for godt styresett og å fremje forståing mellom ulike kulturar. Under formannskapen blei difor arbeid på dette området prioritert. Særleg utdanning har eit potensial til å fremje kunnskap og forståing mellom kulturar og ulike trussamfunn. Det var tema under ein konferanse som Noreg arrangerte i Oslo om interreligiøse aspekt ved utdanning. Vidare vil demokratisk deltaking og godt styresett på regionalt og lokalt nivå vere viktig for stabile demokratiske styresett og førebygging av konfliktar. Under formannskapsperioden arrangerte den norske formannskapen difor ein konferanse i Oslo om dette emnet.

Formannskapen fall saman med førebuingane til det tredje toppmøtet mellom stats- og regjeringssjefane i medlemslanda. I juli 2004 vart det vedteke å halde toppmøtet i Warszawa 16.-17. mai 2005. Etter Regjeringa sitt syn er toppmøtet eit høve for Europarådet til leggje ein strategi for framtida. Noreg har arbeidd for hovudsakene frå formannskapen og for at tanken om å gjere Europarådet til ein meir effektiv og open organisasjon får gjennomslag på toppmøtet. Regjeringa meiner at dette bør vektleggjast for at Europarådet skal kunne utvikle seg positivt i tida framover.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, frå Fram­stegspartiet, Siv Jensen, Tove Nyhus og Øyvind Vaksdal, frå Høgre, Eli Årdal Berland og Finn Martin Vallersnes, frå Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Lothe, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun, frå Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og frå Venstre, Anne Margrethe Larsen, viser til at Europarådet i dag har 46 medlemsland etter at Serbia/Montenegro og Monaco vart tekne med som medlemer i 2003 og 2004.

Komiteen vil streke under kor viktig Europarådet er for å skape dialog og samarbeid i Europa og sette fokus på grunnleggjande verdiar, menneskerettar og rettsstaten sine prinsipp. Komiteen meiner også Europarådet må spele ei rolle i demokratiutviklinga og førebygging av konfliktar gjennom demokratisk deltaking og godt styresett.

Komiteen er oppteken av at Europarådet skal vere ein open og effektiv organisasjon og at det vert sikra eit godt samarbeid med andre europeiske organisasjonar, særleg OSSE og EU.

Komiteen legg vekt på at det må vere ein felles standard for menneskerettane i Europa basert på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som er grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Komiteen har her merka seg framlegget til forfatningstraktaten i EU og utsiktene for at EU blir part i EMK.

Komiteen meiner det er naudsynt at Menneskerettsdomstolen har kapasitet til å følgje opp saker om brot på menneskerettane, og er tilfreds med at det norske formannskapet i 2004 la særleg prioritet på gjennomføringa av reformer for å effektivisere domstolen sitt arbeid, redusere talet på klager og sikre fullbyrding av avgjerder. Komiteen vil streke under at det primære ansvaret for å ivareta menneskerettane i utgangspunktet ligg hjå medlemslanda sjølve, men der Europarådet må hjelpe landa på det førebyggjande området.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 38 (2004-2005) - om Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004 - leggjast ved protokollen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 14. desember 2005

Olav Akselsen

leiar

Vidar Bjørnstad

ordførar