Vedlegg: Brev frå Samferdselsdepartementet v/statsråden til transport- og kommunikasjonskomiteen, datert 12. desember 2005
- Nytte/kost ved endra internrente
- Endringer i økonomien for prosjektet/Risiko for overskridelser ut over kostnadsrammen
Spørsmål 1:
Hva er nytte/kostforholdet (netto nytte over totale kostnader: NN/K) ved internrente på 4 pst?
Svar:
I St.prp. nr. 28 (2005-2006) er den samfunnsøkonomiske analysen utført med ei kalkulasjonsrente på 8 pst. Dette gir ei samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) på - 46 mill. kr Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til - 0,1.
Samferdselsdepartementet forstår spørsmålet slik at det er kalkulasjonsrenta og ikkje internrenta som skal vere 4 pst. Ved ei kalkulasjonsrente på 4 pst. er samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) rekna til 320 mill. kr Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0,5.
Spørsmål 2:
Hva skjer dersom nedbetaling ikke er fullført etter bruk av fullmakt til å øke takstene med inntil 20 pst. ut over prisstigning i forlenget innkrevingsperiode på 5 år?
Svar:
Seinast eitt år etter opninga av prosjektet skal Statens vegvesen foreta ei vurdering av økonomien til bompengeselskapet.
Dersom økonomien til selskapet utviklar seg svakare enn det som er lagt til grunn i bompengeproposisjonen, skal følgjande tiltak gjennomførast (i fast rekkefølgje):
1. Bompengetakstane skal aukast med inntil 20 pst. og innkrevjingsperioden forlengjast med inntil 5 år.
2. Dersom tiltak under pkt.1 blir vurdert å ikkje vere tilstrekkeleg, skal betinga refusjon utbetalast så langt det er nødvendig innafor det beløp fylkeskommunen har fatta vedtak om, dvs. inntil 30 mill. kr i perioden 2010-2013.
3. Dersom det viser seg at gjelda etter gjennomføring av desse tiltaka ikkje er nedbetalt når innkrevjinga avsluttast, skal garantisten, dvs. Møre og Romsdal fylkeskommune, innfri sine forpliktingar i den grad det er nødvendig.
Ein eventuell kostnadsauke skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. I dette prosjektet skal lokale styresmakter og/eller bompengeselskapet dekke 94 pst. av overskridingar opp til kostnadsramma, og staten 6 pst. Overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og må dekkast innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Møre og Romsdal.