1. Samandrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Forslag om endringar
- Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
- Kap. 414 Domsutgifter
- Kap. 3410 Rettsgebyr
- Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
- Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
- Kap. 440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten
- Kap. 3440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten
- Kap. 450 Sivile vernepliktige
- Kap. 3450 Sivile vernepliktige
- Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.
- Kap. 470 Fri rettshjelp
- Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
- 1.3 Andre saker
Justis- og politidepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2005.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410 post 21 med 8 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer i hovudsak godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til mellom anna meddommarar, lagrettemedlemmer, vitner og rettsvitner og reiseutgifter til desse. Utgiftene vil variere med mengda og omfanget av dei straffesakene som blir behandla i domstolane. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414 post 1 med 20 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3410 post 1 med 80 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer gebyra som lensmennene, i eigenskap av namsmenn, krev inn i samband med tvangsforretningar. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3410 post 4 med 20 mill. kroner.
Østfold politidistrikt har allereie i 2005 overteke oppgåver med omsyn til den sivile rettspleia på grunnplanet. Oppgåvene skal gebyrfinansierast. Justis- og politidepartementet foreslår at kap. 3410 post 4 vert auka med 2,8 mill. kroner.
Samla forslag om reduksjon av løyvinga på kap. 3410 post 4 blir etter dette 17,2 mill. kroner.
Regjeringa foreslår at løyvinga på kap. 430 post 1 blir auka med 10 mill. kroner for å dekkje kriminalomsorga sine utgifter til deltaking i fleire prosjekt og tiltak saman med andre offentlege etatar.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år blir det foreslått å redusere løyvinga under posten med 30 mill. kroner. Dette er skulda av at færre saker enn venta vert omgjort frå sikring til forvaring, samt at det kommer færre nye saker enn venta.
Det har førebels ikkje vore mogeleg å etablere samarbeid mellom kriminalomsorga og samarbeidsorganisasjonen Nytt Liv i tråd med vedtaket i Budsjett-innst. S. nr. 4 (2004-2005) og prinsippa for programverksemda i kriminalomsorga. Justis- og politidepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Løyvinga på posten blei i 2005 auka grunna eigedomssal. Det er ikkje mogeleg å gjennomføre ein vesentleg del av salet i år tilsvarande salsinntekter på 14,4 mill. kroner.
Kriminalomsorga reknar med å få tilskot og annan økonomisk kompensasjon frå andre offentlege etatar på om lag 10 mill. kroner som det ikkje er budsjettert med på posten. Tilskota skal dekkje kriminalomsorga sine utgifter knytta til deltaking i fleire prosjekt og tiltak. Tilskota blir ført på kap. 3430 post 3, medan utgiftene blir ført på kap. 430 post 1.
Regjeringa foreslår at løyvinga på kap. 3430 post 3 blir redusert med 4,4 mill. kroner.
Norge og norsk politi har teke eit internasjonalt ansvar i samband med flodbølgjekatastrofen. Dei norske mannskapa har i stor grad koordinert det omfattande identifiseringsarbeidet, og ytt hjelp til styresmaktene i Thailand. Justis- og politidepartementet foreslår at kap. 440 post 1 blir auka med 17,1 mill. kroner.
Ansvaret for den sivile rettspleien på grunnplanet skal frå 1. januar 2006 overførast til politi- og lensmannsetaten. Østfold politidistrikt har allereie i 2005 overteke delar av oppgåvene på feltet. Som følgje av dette foreslår Justis- og politidepartementet at kap. 440 post 1 blir auka med 2,8 mill. kroner.
Talet på utstedte pass har auka i høve til overslaga i samband med RNB 2005. Det er venta 550 000 utstedte pass i 2005. Justis- og politidepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 7,3 mill. kroner.
I RNB 2005 blei kap. 440 post 1 redusert med 18,3 mill. kroner i samband med at prognosane for talet på asylsøkjarar blei redusert. Prognoseendringa for asylsøkjarar førde også til at politiet sine måltal blei reduserte. Politiet sine utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker blir delvis dekka over kap. 440 post 1 og delvis over kap. 440 post 21. Reduksjonen på 18,3 mill. kroner skulle blitt ført på kap. 440 post 21, og det er såleis naudsynt å justere på fordelinga mellom postane. Justis- og politidepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 18,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440 post 21.
Samla forslag om auke av løyvinga på kap. 440 post 1 blir etter dette 45,5 mill. kroner.
Med bakgrunn i rekneskapstala hittil i år foreslår Justis- og politidepartementet å redusere løyvinga på kap. 440 post 22 med 2 mill. kroner.
På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for passinntektene, foreslår Justis- og politidepartementet å auka løyvinga på kap. 3440 post 1 med 50 mill. kroner.
På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for inntektene på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids- og busetjingsløyver foreslår Justis- og politidepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440 post 6 med 3 mill. kroner.
I RNB 2005 blei det vedteke å redusere kap. 450 post 1 med 14,4 mill. kroner. Reduksjonen i løyvinga skulle dekkjest ved førtidsdimittering av mannskap.
Som følgje av kostnader i samband med auka dimisjonsgodtgjersle og auka satsar elles til mannskapa, har føresetnadane for innsparinga som blei lagt til grunn i RNB ikkje vore mogeleg å følgje. Justis- og politidepartementet foreslår derfor som følge av meirutgifter å auke løyvinga med 6 mill. kroner i 2005.
Rekneskapstal hittil i år visar at meirinntektene vil bli på om lag 13 mill. kroner som følgje av lågare sjukefråver hos mannskapa enn forventa, auka inntekter frå den valdsforebyggjande tenesta. Vidare har talet på dei betalingsfrie årsverka gått ned, mellom anna har ein ikkje lenger mannskap som bur i siviltenesteleiren. Justis- og politidepartementet foreslår derfor at 3 mill. kroner av meirinntektene på kap. 3450 post 1 kan nyttast til å dekke meirutgiftene på kap. 450 post 1 tilsvarande.
Justis- og politidepartementet foreslår å auke løyvinga på kapittel 3450 post 1 med 13 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9. Utgiftene på posten er regelbundne.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 30 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 70 med 35 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 71 med 15 mill. kroner.
Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving og dekkjer erstatningar etter voldsofferlova. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 70 med 25 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 71 med 15 mill. kroner.
Stortinget gjorde 13. juni 2005 vedtak om at det skal etablerast ei særskilt erstatningsordning for etterlatne etter Utvik Senior og bad Regjeringa oppnemne ei eiga nemnd som får i oppdrag å fastsette erstatningsbeløp og definere kven som skal omfattast av ordninga.
På denne bakgrunn oppnemnde Justis- og politidepartementet i juli 2005 ei nemnd, som avga si innstilling til departementet i september 2005. Nemnda foreslår i innstillinga at dei etterlatne skal få erstatning på til saman 5,2 mill. kroner, fordelt på totalt 43 etterlatne med beløp frå 50 000 kroner til 200 000 kroner.
Nemnda si endelege innstilling er vedlagt proposisjonen. I samsvar med vedlagte innstilling frå nemnda foreslår Justis- og politidepartementet at Stortinget løyver 5,2 mill. kroner til dei etterlatne etter dei som omkom under Utvik Senior sitt forlis.
Arbeids- og sosialdepartementet eig 100 pst. av aksjane i attføringsverksemdene AS Rehabil og 44, 4 pst. av aksjane i Blindes Produkter AS. Saman med Justis- og politidepartementet eig òg Arbeids- og sosialdepartementet aksjar i Industritjeneste AS. Justis- og politidepartementet eig 46,1 pst. av aksjane. Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og politidepartementet ynskjer no å avhende sine eigarandelar i desse verksemdene.
Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og politidepartementet ber om at Stortinget samtykkjer i å selje aksjane i dei nemde verksemdene.
Spesialeininga for politisaker blei oppretta 1. januar 2005. Løyvinga på kap. 460 post 1 blei i samband med opprettinga auka til 20,793 mill. kroner i 2005, mellom anna til dekning av enkelte utgifter for utført arbeid i 2004 av medlemmer av den gamle SEFO-ordninga.
I RNB 2005 blei løyvinga på kap. 460 post 1 auka med 1 mill. kroner til dekning av meirutgifter i samband med etablering av elektronisk verktøy for saksbehandling og tilknytning til politiet sine system for saksbehandling.
Utgiftene i 2005 knytta til den gamle SEFO-ordninga viser seg å være høgare enn venta. Samstundes tek det lengre tid enn forventa å etablere elektronisk verktøy for saksbehandling i Spesialeininga og tilknytning til politiet sine system.
Justis- og politidepartementet foreslår derfor at tilleggsløyvinga på 1 mill. kroner som blei vedteke i Revidert nasjonalbudsjett for 2005 blir nytta til å dekkje meirutgifter i 2005 knytta til den gamle SEFO-ordninga.