Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar av løyvingar i 2005 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område
Dette dokument
- Innst. S. nr. 56 (2005-2006)
- Kildedok: St.prp. nr. 26 (2005-2006), unnateke kap. 1062 og 4062
- Dato: 13.12.2005
- Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Departementet syner til at det har vore eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005. Av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering gjer departementet difor framlegg om å auke både inntekts- og utgiftssida med 65 mill. kroner. Løyvinga på kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4020 post 3 Oppdragsinntekter vert etter dette å auke med 65 mill. kroner.
På grunn av eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, gjer departementet av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering framlegg om å auke både inntekts- og utgiftssida med 40 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4021 post 1 Oppdragsinntekter vert å auke med 40 mill. kroner.
På grunn av eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn i budsjettet for 2005, gjer departementet av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering framlegg om å auke både inntekts- og utgiftssida med 30 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1023 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4023 post 1 Inntekter vert å auke med 30 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Anniken Huitfeldt, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, leiaren Ine Marie Eriksen og Gunnar Gundersen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Ola T. Lånke, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, har ingen merknader til framlegga.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Utgifter | |||
1020 |
Havforskningsinstituttet |
||
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir auka med |
65 000 000 | |
frå kr 134 930 000 til kr 19 9930 000 |
|||
1021 |
Drift av forskningsfartøyene |
||
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir auka med |
40 000 000 | |
frå kr 82 500 000 til kr 122 500 000 |
|||
1023 |
Fiskeri-, havbruks- og transportrettet FoU |
||
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir auka med |
30 000 000 | |
frå kr 9 100 000 til kr 39 100 000 |
|||
4020 |
Havforskningsinstituttet |
||
3 |
Oppdragsinntekter, blir auka med |
65 000 000 | |
frå kr 164 930 000 til kr 229 930 000 |
|||
4021 |
Drift av forskningsfartøyene |
||
1 |
Oppdragsinntekter, blir auka med |
40 000 000 | |
frå kr 82 500 000 til kr 122 500 000 |
|||
4023 |
Fiskeri-, havbruks- og transportrettet FoU |
||
1 |
Inntekter, blir auka med |
30 000 000 | |
frå kr 9 100 000 til kr 39 100 000 |
Oslo, i kyrkje,- utdannings- og forskingskomiteen, den 13. desember 2005
Ine Marie Eriksen leiar |
Åse M. Schmidt ordførar |