Komiteens tilråding
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye, langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 50 000 mill. kroner i 2006.
II
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 120 000 mill. kroner.
III
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra på 100 000 mill. kroner.
IV
Finansdepartementet si fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført.