Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I løyvinga på kap. 1062 post 1 er det for 2005 lagt til grunn ei avsetjing til husleigekostnader knytt til Kystdirektoratet sine gamle kontorlokale i Rådhusgaten i Oslo for første halvår 2005. I forhandlingar med ny eigar av lokala har det lukkast å kome til semje om å få avvikla leigekontrakten, men først frå og med november 2005. Det vert difor fremja forslag om ei auke i løyvinga på kap. 1062 post 1 på 1,7 mill. kroner.
Posten dekkjer utgifter til aksjonar mot akutt ureining. Den ordinære løvyinga på posten vil medgå i heilskap til mindre aksjonar osb. i 2005. I tillegg er det utløyst garantiar for om lag 2 mill. kroner. På bakgrunn av dette fremjast det forslag om at løvyinga på kap. 1062 post 21 aukar med 2 mill. kroner i 2005.
Som følgje av lønskompensasjonen for 2005 er det behov for å auke løyvinga på kap. 4062 post 1 med 4,66 mill. kroner. Det vert difor fremja forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 1 vert auka med 4,66 mill. kroner i 2005.