Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykkje til at Noreg deltek i den 14. kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA)

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

I denne proposisjonen ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke til deltaking i den 14. påfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (International Devel­opment Association - IDA). IDA er Verdsbanken sitt utviklingsfond for dei fattigaste landa, som ut ifrå sin økonomiske situasjon ikkje bør ta opp lån på vanlege vilkår i Verdsbanken. Fondet gjev lån på mjuke vilkår og gåvemidlar til utviklingsfremjande og fattigdomsreduserande tiltak og er særs viktig for økonomien i det store fleirtalet av dei fattigste utviklingslanda. Fondet vil òg vere heilt avgjerande for å sikre tilstrekkeleg finansiering til å nå FNs tusenårsmål. Nye ressursar vert tilførde hovudsakleg frå gjevarland som resultat av påfyllingsforhandlingar og gjennom tilbakebetalingar på tidlegare lån. Påfyllingsforhandlingane vert vanlegvis haldne kvart tredje år.

Den førre påfyllinga av fondet (IDA 13) vart gjord i 2002 for perioden 2002-2004. Utlånspolitikken til fondet, påfyllingsnivået og byrdefordelinga mellom gjevarlanda utgjer sentrale tema i forhandlingane.

IDA 14-påfyllinga gjeld for perioden 2005-2008 og utgjer til saman SDR (Special Drawing Rights) 22,3 mrd. (rundt 220 mrd. kroner). Av dette er tilskotet frå gjevarlanda SDR 12,3 mrd. (rundt 120 mrd. kroner). Alt i alt svarar dette til ein auke på rundt 25 pst. i høve til IDA 13.

Ei omfattande omfordeling i delar mellom dei ulike gjevarlanda fann stad i samband med IDA 14-påfyllinga. Dette inneber at ein kan sjå for seg konturane av ein ny dynamikk i framtidige forhandlingar. Medan det tidlegare var ein dominerande gjevar (USA), ser det no ut til at ein vil kunne få tre nesten jamstore (USA, Japan og Storbritannia). Tilskota frå dei einskilde landa går fram av vedlegg 1 i proposisjonen. Tilskot til IDA går over kap. 171 post 70 (Verdsbanken).

Sidan IDA 9 har det vore praksis å fastsetje tilskota til kapitalpåfyllinga i Special Drawing Rights (SDR). Kursen for omrekning til nasjonal valuta vert fastsett under forhandlingane. For IDA 14 er kursen for omrekning til nasjonal valuta fastsett til å vere den gjennomsnittlege vekslingskursen for perioden frå 1. april til 30. september 2004. For Noregs del inneber dette ein kurs der 1 SDR svarar til NOK 10,05411.

Denne gongen vart IDA 14-forhandlingane òg nytta til forhandlingar om finansiering av tapte tilbakebetalingar som følgje av at IDA gjev omfattande gjeldslette under gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste landa (Heavily Indebted Poor Countries Initiative - HIPC) i IDA 14-perioden. Det vart oppnådd semje om å nytte byrdefordelinga under IDA 13-påfyllinga, noko som representerer ei klart meir rettferdig byrdefordeling enn ved tidlegare finansiering av HIPC-gjeldslette. Noregs tilskot til dekning av IDAs HIPC-kostnader under IDA 14 utgjer NOK 195 930 000 over tre år, kjem i tillegg til det regulære norske gjevartilskotet og vil verte dekt av Fond for internasjonale gjeldsletteoperasjonar (kap. 172 post 70).

Det var semje om at ein i IDA 14-forhandlingane skulle fokusere spesielt på følgjande utvalde tema som utgjer særlege utfordringar for IDAs tilskot til å oppnå FNs tusenårsmål:

  • – Ein berekraftig gjeldssituasjon for mottakarlanda, under dette å auke gåvedelen av IDA-hjelpa. Trass i omfattande gjeldslettetiltak dei seinare åra slit mange fattige land framleis med monalege gjeldsproblem.

  • – Berekraftig økonomisk vekst og utvikling av privat sektor. Dette er svært viktige element i utviklingsprosessen, som har vorte vigd urimeleg lita merksemd dei seinare åra.

  • – IDAs rolle i utviklingssamarbeidet, særleg på landnivå. Eit heilt sentralt tema i dagens debatt om utvik­lingshjelp er trongen for at alle gjevarar tilpassar seg mottakarlanda sine eigne utviklingsstrategiar og harmoniserer verksemda si.

Det var brei tilslutnad til det norske synet om at fokus på desse tema ikkje skal kome i staden for, men i tillegg til viktige prioriteringar som ein er vorte samde om i tidlegare IDA-forhandlingar, til dømes helse, utdanning og godt styresett, og at økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon er gjensidig styrkjande element. Prinsippet om at IDAs hjelp skal forankrast i dei fattige landa sine eigne fattigdomsretta utviklingsstrategiar vil verte ytterligare styrkt under IDA 14-perioden.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, fra Kristelig Folkeparti, Sigmund Kroslid og Lars Rise, og fra Senterpartiet, Åslaug Haga, merker seg at formålet med IDA er å gi lån på myke vilkår og gavemidler til utviklingsfremmende og fattigdomsreduserende tiltak. IDA er derfor et særlig viktig virkemiddel for å styrke økonomien i det store flertallet av de fattigste utvik­lingslandene. Komiteen merker seg i denne sammenheng at land med et bruttonasjonalprodukt per innbygger på USD 895 eller mindre kan få midler fra IDA.

Komiteen vil under behandlingen av denne proposisjonen også vise til at komiteen nylig har behandlet St.meld. nr. 35 (2003-2004) Felles kamp mot fattigdom. En helhetlig utviklingspolitikk, jf. Innst. S. nr. 93 (2004-2005). Her understreket et flertall i komiteen at FNs tusenårsmål er blitt det sentrale mobiliseringsgrunnlaget for en felles kamp mot fattigdom. Derfor er det et mål, slik komiteen ser det, å mobilisere både giverland og utviklingsland til et felles krafttak frem mot 2015. Komiteen vil i denne sammenheng understreke betydningen av det åttende tusenårsmålet som omhandler etableringen av et partnerskap mellom landene i nord og sør. De rike landene skal i henhold til målene forplikte seg til mer og bedre bistand, mens de fattige landene må forbedre sine styresett og bekjempe korrupsjon. Det er viktig at det etableres en størst mulig grad av likeverdighet i forholdet mellom de fattige og de rike landene der de fattige landene utvikler eierskap til egen utvikling. Komiteen understreker her betydningen av de såkalte Poverty Reduction Strategy Papers (PRSP). Derfor slutter komiteen seg til en av hovedmålsettingene med den 14. kapitalpåfyllingen at denne skal bidra til en oppfyllelse av tusenårsmålene innen tidsfristen.

Komiteen merker seg også proposisjonens omtale av at IDA 14-forhandlingene også ble benyttet til forhandlinger av tapte tilbakebetalinger. Årsaken til dette er at IDA også gir omfattende gjeldslettelser under gjeldsletteinitiativet for de fattigste landene (HIPC). I denne sammenheng vil komiteen igjen uttrykke sin støtte til det som også kom til uttrykk i St.meld. nr. 35 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 93 (2004-2005), at gjeldslettetiltakene skal være addisjonelle og ikke komme til erstatning for annen utviklingsbistand. Komiteen merker seg proposisjonens omtale av forhandlingene om IDA 14.

Komiteen vil også minne om de såkalte Monterrey-forpliktelsene som ble inngått i mars 2002. Her forpliktet de rike landene seg til å yte mer og bedre utviklingsbistand. Målet er at alle giverland skal øke sin utviklingsbistand slik at denne minst utgjør 0,7 pst. av BNI. Norge må etter komiteens syn arbeide for at dette målet nås.

På denne bakgrunn støtter komiteen forhandlingsresultatet som bl.a. innebærer at Norges andel av den 14. kapitalpåfyllingen økes til 1,68 pst. eller 2 184 070 000 kroner for perioden 1. juli 2005 til 30. juni 2008. I tillegg støtter komiteen en bevilgning på 195 930 000 kroner som over tre år skal dekke Norges tilskudd til dekning av IDAs gjeldslettekostnader under HIPC i IDA 14-perioden.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek i den 14. kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA) med 2 184 070 000 kroner for perioden 1. juli 2005 til 30. juni 2008.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 8. juni 2005

Thorbjørn Jagland

leder

Finn Martin Vallersnes

ordfører