Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

I dei seinare åra har det kome fram, at fleire personar i barndommen i 1950-1960-åra blei utsette for omsorgssvikt og overgrep under opphald i barneverninstitusjonar.

I juni 2003 slo eit granskingsutval fast at det skjedde fysiske og seksuelle overgrep ved barneheimar i Bergen i perioden 1954-1980. Det var svikt både i det kommunale tilsynet og i det statlege overtilsynet. Granskingsutvalet konkluderte med at ansvaret for forholda i hovudsak måtte plasserast hos Bergen kommune som systemansvarleg. Bergen kommune vedtok å etablere ei kommunal rettferdsvederlagsordning med erstatning på opptil 725 000 kroner.

Senter for Krisepsykologi utarbeidde på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet ei evaluering av granskinga i Bergen. Dei konkluderte med at gransking av enkeltinstitusjonar kan vere forsvarleg, ettersom det i seg sjølv kan opplevast som ei form for oppreisning. Men det blir peika på at det er ei stor påkjenning for enkeltpersonar å skildre eigne opplevingar i detalj i ettertid. Det blir derfor sterkt tilrådd å sjå på andre løysingar.

Våren 2004 blei det sett i gang gransking av barneverninstitusjonar i Oslo. I januar 2005 oppnemnde fylkesmannen i Rogaland på oppdrag frå Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune eit utval som skal granske eventuelle ureglementerte forhold ved institusjonar i Rogaland fylke. Også andre kommunar vurderer å setje i gang granskingar.

Ei interdepartemental arbeidsgruppe har i ein rapport frå desember 2003 vurdert ei felles tilnærming og handtering av erstatningskrav frå ulike grupper i samfunnet. Regjeringa har slutta seg til konklusjonane i rapporten frå arbeidsgruppa, og oversende han til Stortinget i juni 2004 som vedlegg til St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget stilte i oktober 2003 spørsmålet om barne- og familieministeren hadde oversikt over omfanget av overgrep mot barneheimsbarn i Noreg i perioden 1950-1980, og om årsakene til at overgrep eventuelt kunne skje. Komiteen blei informert om at statsråden ville setje ned eit utval med det formålet å kartleggje omfanget av og bakgrunnen for omsorgssvikt og overgrep mot barneheimsbarn i perioden 1945-1980. Statsråden uttalte at det etter dette ville bli vurdert korleis ein skulle gå vidare med den kunnskapen som blei henta inn. Kartleggingsutvalet, leidd av professor Edvard Befring, la fram rapporten sin 1. november 2004. Rapporten er trykt i NOU 2004:23 Barnehjem og spesialskoler under lupen. Nasjonal kartlegging av omsorgssvikt og overgrep i barneverninstitusjoner 1945-1980.

Kunnskap om omfanget av og om årsakene til at det kunne skje overgrep i barneverninstitusjonar i perioden 1945-1980, finst no tilgjengeleg gjennom rapporten frå kartleggingsutvalet. Utvalet kjem også med tilrådingar om oppfølgjing.

Nedanfor vil omgrepet "spesialskular" bli brukt om skuleheimar/spesialskulane for barn og ungdom med tilpassingsvanskar/verneskular, som kartleggingsutvalet viser til.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for innhald, konklusjonar og tilrådingar i St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener. Det blir gitt ei oversikt over forslaget til tilnærming og handtering av erstatningskrav frå ulike grupper i samfunnet. Det blir òg presentert ei oversikt over Stortinget si rettferdsvederlagsordning, og ei oversikt over korleis rettferdsvederlagssakene som gjeld barneheims- og spesialskulebarn blir behandla i dag. Det blir kort gjort greie for tilpassingane i rettferdsvederlagsordninga som er foreslått for krigsbarn, romanifolk/taterar og eldre utdanningsskadelidne samar og kvener. Kapittel 3 presenterer sentrale konklusjonar i NOU 2004:23 Barnehjem og spesialskoler under lupen (kapittel 1) og tilrådingane om sjølve erstatningsspørsmålet (punkt 12.4) i rapporten. Kapittel 4 presenterer innspel og krav frå Stiftelsen Rettferd for taperne og frå støttegruppene i Stavanger, Bergen og Oslo, frå Statens råd for funksjonshemma og innspel frå Bergen, Stavanger og Oslo kommune.

I kapittel 5 kjem Barne- og familiedepartementet med si vurdering av dei ulike innspela frå kartleggingsutvalet, interessegruppene og kommunane når det gjeld kvalitet og kontroll, dei generelle velferdsordningane og erstatningsrettslege ansvarsforhold. Desse spørsmåla blir vurderte på bakgrunn av dei gjeldande ordningane på området.

Kapittel 6 omhandlar nærare kartleggingsutvalet sine konklusjonar og tilrådingar når det gjeld tilpassingar av Stortinget si rettferdsvederlagsordning.

Barne- og familiedepartementet vil understreke at det var mange tilsette i barneheimane og spesialskulane som gjorde ein stor innsats for at barna skulle få gode oppvekstvilkår. Mange av institusjonane fungerte som gode erstatningsheimar. Oppfølginga i denne meldinga rettar seg mot den gruppa som kartleggingsutvalet fann blei utsette for omsorgssvikt og overgrep, jf. NOU 2004:23 Barnehjem og spesialskoler under lupen.

Forslaga i St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener, som også inneheld forslag om ei generell behandling av nye erstatningskrav frå ulike grupper i samfunnet, vil i hovudsak bli lagde til grunn. Jf. Innst. S. nr. 152 (2004-2005).

Kartleggingsutvalet hadde som mandat å skaffe fram kunnskap om omsorgssvikt og overgrep i institusjonar der barnevernet plassererte barn i tidsrommet 1945-1980. Formålet med kartlegginga var å få fram ei meir heilskapleg oversikt over omfanget av omsorgssvikt og overgrep, bakgrunnen for at dette kunne skje, og korleis tilsynsfunksjonane blei utførte.

Barne- og familiedepartementet legg til grunn konklusjonane til kartleggingsutvalet om at det skjedde omsorgssvikt og overgrep av til dels alvorleg karakter ved barneheimar og spesialskular i perioden 1945-1980.

Kartleggingsutvalet kjem med tilrådingar om å styrkje kontrollen med og kvaliteten i barneverninstitusjonar, og dei peikar på moglege modifikasjonar i den alminnelege erstatningsretten. Dei meiner vidare at ved sida av velferdsordningane i samfunnet vil Stortinget si rettferdsvederlagsordning vere den viktigaste ordninga for erstatning til dei som er omfatta av mandatet. Fordi denne gruppa allereie fell inn under ordninga, meiner kartleggingsutvalet at det bør vere aktuelt å gjere ei tilpassing av ordninga i desse sakene.

Krav og innspel frå Stiftelsen Rettferd for taperne og støttegruppene i Stavanger, Bergen og Oslo blir lagde fram. Støttegruppene ønskjer mellom anna tilpassingar i helse- og trygdeordningane, nasjonale retningsliner for kommunale granskingar, at statleg erstatning ikkje skal vere til hinder for kommunal erstatning, og at det blir utbetalt lik delerstatning til alle på 725 000 kroner. Stiftelsen Rettferd for taperne ønskjer lik erstatning til alle på 500 000 kroner. Statens råd for funksjonshemma ønskjer lik rettferdsvederlagsordning for alle barn som har vore plasserte utanfor heimen, uavhengig av heimelsgrunnlag og institusjonstype. Bergen, Stavanger og Oslo kommune reiser nokre spørsmål om samordningar mellom statleg og kommunal erstatningsordning.

Barne- og familiedepartementet er oppteke av at omsorgssvikt og overgrep ikkje må skje igjen. Denne meldinga viser til at kvaliteten i og kontrollen med barneverninstitusjonane er styrkt gjennom nytt regelverk og omorganisering innanfor barnevernet i samband med opprettinga av den nye Barne-, ungdoms- og familieetaten.

Regjeringa legg dei generelle velferdsordningane til grunn og foreslår ingen endringar særleg tilpassa gruppa av tidlegare barneheims- og spesialskulebarn. I tråd med St.meld. nr. 44 (2003-2004) blir det vist til at gjeldande velferdsordningar framleis skal gjelde alle borgarar som har behov for slike tenester. Tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som har behov for hjelp og stønad, må få dette gjennom dei gjeldande ordningane.

NOU 2004:23 har vist at det var fleire og samansette årsaker til at overgrep og omsorgssvikt kunne skje i barneheimar og spesialskular. Forholda ved institusjonane der det skjedde omsorgssvikt og overgrep, var dels fagleg, pedagogisk og etisk kritikkverdige, dels direkte ulovlege. Det er ikkje mogleg å peike på ei generell ansvarsfordeling mellom staten, kommunane og private i desse sakene. Ansvarsforholda må vurderast konkret i forhold til enkeltsaker. Det kommunale sjølvstyret gjer at det vil vere opp til kommunane å vurdere på sjølvstendig grunnlag korleis dei vil stille seg til krav om kommunal gransking eller erstatning. Det følgjer av dette at det også vil vere kommunane som må bere ansvaret for dei eventuelle økonomiske kostnadene. Erstatningsrettslege krav retta mot staten på bakgrunn av overgrep eller omsorgssvikt under opphald i barneheimar eller spesialskular vil bli behandla på ordinær måte av det enkelte fagdepartement.

Barne- og familiedepartementet meiner at rettferdsvederlagsordninga er ei viktig form for vederlag for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som ikkje har rettsleg krav på erstatning. Vurderinga av om det skal gjerast ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga for denne gruppa, må gjerast av Stortinget.

Barneheims- og spesialskulebarna er etter Barne- og familiedepartementet si vurdering i ei mellomstilling i forhold til forslaga til framgangsmåte for behandling av framtidige erstatningsrettslege krav. Regjeringa har derfor funne det tenleg å leggje ein nærare gjennomgang av tilrådingane frå kartleggingsutvalet om tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning fram for Stortinget til vurdering.

Kartleggingsutvalet meiner at det må vere mogleg å gje klare retningsliner og visse føringar i forhold til det som blir praktisert i dag. Dette kan også føre til noko større grad av standardisering i tildelingskriteria. Utvalet meiner vidare at deira forslag vil kunne føre til at saksbehandlinga kan forenklast og dermed vere mindre ressurskrevjande.

Kartleggingsutvalet foreslår at det ved alvorlege fysiske og seksuelle overgrep i mindre grad enn i dag bør leggjast vekt på kriteriet om kva for følgjer desse overgrepa har hatt for den enkelte. Dette for å markere det uakseptable i at slike overgrep kunne skje overfor barn som var under omsorg av det offentlege. Kartleggingsutvalet peikar på at det kan vere vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og fysiske og seksuelle overgrep. Utvalet foreslår mellom anna at krava til bevis for alvorlege fysiske og seksuelle overgrep må kunne senkast noko ved at ei eigenerklæring om slike forhold blir tillagd stor vekt.

Stiftelsen Rettferd for taperne og støttegruppene har fremma forslag om likt beløp på høvesvis 500 000 kroner og 725 000 kroner til alle tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som har vore utsette for omsorgssvikt og overgrep. Barne- og familiedepartementet viser til Regjeringa sitt standpunkt i St.meld. nr. 44 (2003-2004) punkt 10.1 om at den øvre grensa på 200 000 kroner skal gjelde for dei gruppene som er omhandla der. Rettferdsvederlag tek ikkje sikte på å dekkje det samla økonomiske tapet søkjaren har hatt. Erstatninga er meint som ei "handsrekking", der beløpet blir utmålt skjønnsmessig basert på kva som er rimeleg. Billighetserstatningsutvalet gjer vedtak i dei fleste sakene, men det er Stortinget som tek avgjerda i saker der det kan vere aktuelt å tilkjenne erstatning med meir enn 200 000 kroner, og i saker av "særleg politisk art". Når det gjeld saker av "særleg politisk art", er det vist til at dette i første rekkje vil dreie seg om saker der fleire fremmar søknader innanfor problemområde som kan samanliknast, eventuelt saker som reiser prinsippspørsmål som gjer det ønskjeleg med ei meir omfattande politisk behandling. Kartleggingsutvalet meiner at det offentlege hadde eit særskilt ansvar for barn som vart plasserte i institusjonar, og som det offentlege hadde teke omsorgsansvaret for. Forholda ved institusjonane der barna var utsette for omsorgssvikt og overgrep, var både fagleg, pedagogisk og etisk kritikkverdige, dels var dei direkte ulovlege, også etter dåtidas normer og lov- og regelverk.

Det vil vere opp til Billighetserstatningsutvalet og Stortinget å vurdere storleiken på rettferdsvederlag gitt gjennom Stortinget si rettferdsvederlagsordning for denne gruppa.

Av omsyn til rettferd og likebehandling finn Regjeringa det rimeleg at eventuelle tilpassingar i rettferdsvederlagsordninga blir gjorde gjeldande for alle barn som var plasserte i barneheimar og skuleheimar/spesialskular for barn og ungdom med tilpassingsvanskar/verneskular, uavhengig av plasseringsgrunnlaget. Regjeringa meiner at i den grad barn i andre statlege spesialskular eller institusjonar for funksjonshemma har vore i same situasjon som det kartleggingsutvalet har avdekka, vil Stortinget kunne ta stilling til om ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga for barneheims-/spesialskulebarna òg skal gjelde for desse.

Barne- og familiedepartementet kjem i denne meldinga ikkje med framlegg om ei ny erstatningsordning. Tilrådingar frå kartleggingsutvalet om tilpassingar i Stortinget si rettferdsvederlagsordning blir lagt fram. Stortinget må ta avgjerd om dette. Meldinga vil derfor ikkje i seg sjølv ha administrative og økonomiske konsekvensar.

I St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener presenterer Regjeringa rapporten frå den interdepartementale arbeidsgruppa om den generelle behandlinga av erstatningskrav frå ulike grupper i samfunnet. Denne rapporten er lagd ved meldinga. Behovet for likebehandling av grupper som fremmar erstatningskrav mot staten, blir understreka. Det er lagt til grunn at alminnelege erstatningsrettslege krav også for framtida skal løysast gjennom det eksisterande regelverket. Krav om individuell erstatning basert på kva som blir vurdert som rimeleg er framleis foreslått kanaliserte gjennom Stortinget si rettferdsvederlagsordning, som kan tilpassast for enkeltgrupper som ikkje når fram med krav i dag.

Vidare er det lagt fram konkrete drøftingar og vurderingar av erstatningskrav som ligg føre frå krigsbarn, romanifolk/taterar og eldre utdanningsskadelidne samar og kvener. Konkrete forslag for desse gruppene er fremma på bakgrunn av vedtak i og førespurnader frå Stortinget.

St.meld. nr. 44 (2003-2004) ligg til behandling i Stortinget.

Kartleggingsutvalet hadde som mandat å skaffe fram kunnskap om omsorgssvikt og overgrep i institusjonar der barnevernet plasserte barn i tidsrommet 1945-80. Formålet med kartlegginga var å få fram ei meir heilskapleg oversikt over omfanget av omsorgssvikt og overgrep, bakgrunnen for at dette kunne skje, og korleis tilsynsfunksjonane blei utførte.

Kapittel 3 i meldinga gjev ei oppsummering frå kartleggingsutvalet av innhaldet og sentrale konklusjonar i NOU 2004:23, kapittel 1. Vidare følgjer tilrådingane om sjølve erstatningsspørsmålet frå punkt 12.4 i rapporten. For ei nærare utgreiing blir det vist til til NOU 2004:23 i sin heilskap.

Etter kvart som meir av det som har skjedd av omsorgssvikt og overgrep overfor barneheims- og spesialskulebarn er blitt avdekt, er det blitt etablert fleire interesseorganisasjonar: Stiftelsen Rettferd for taperne, Støttegruppen for personer som har opplevd overgrep under offentlig omsorg, Stavanger, Pressgruppen Ariel, Bergen og Støttegruppen i Oslo. Desse gruppene har kome med innspel i samband med oppfølginga av NOU 2004:23 Barnehjem og spesialskoler under lupen. Barne- og familiedepartementet har grunn til å tru at det har variert kven og kor mange gruppene til ei kvar tid har representert. Vidare har Statens råd for funksjonshemma kome med innspel i saka.

I samband med kommunale granskingar har Bergen, Stavanger og Oslo kommune kome med førespurnader og ønske om statleg oppfølging.

Dei ulike krava, innspela og førespurnadene finn ein i kapittel 4 i meldinga.

På bakgrunn av den dokumentasjon som til no er lagd fram, mellom anna i NOU 2004:23 Barnehjem og spesialskoler under lupen, legg Barne- og familiedepartementet til grunn at mange barn som var under omsorg av barnevernet og plasserte på institusjon, blei utsette for omsorgssvikt og overgrep av til dels alvorleg karakter i perioden frå 1945 og fram til 1980. Regjeringa ser svært alvorleg på den omsorgssvikten og dei overgrepa som mange barn har vore utsette for.

Barne- og familiedepartementet meiner at det ikkje bør setjast i gang nasjonal gransking av alle institusjonane. Kunnskap om omfanget og årsakene til at det skjedde omsorgssvikt og overgrep overfor barneheims- og spesialskulebarn, ligg no føre gjennom NOU 2004:23.

Kartleggingsutvalet kjem med tilrådingar med omsyn til kvalitet og kontroll ved barneverninstitusjonar i dag og i framtida. Sjølv om fokus i denne meldinga først og fremst er retta mot dei som har vore utsette for omsorgssvikt og overgrep, er Barne- og familiedepartementet også oppteke av kva som skal til for å hindre at dette nokon gong skjer igjen.

Barne- og familiedepartementet har i den seinare tida gjort mykje for å styrkje kvaliteten i og kontrollen med barneverninstitusjonane m.a. forskrifter om krav til kvalitet i barneverninstitusjoner, om tilsyn med barneverninstitusjoner og om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon.

Barne- og familiedepartementet er oppteke av at reforma i barnevernet, og dermed kvaliteten og verksemda elles i barneverninstitusjonane, må følgjast tett opp. Det årlege tildelingsbrevet til direktoratet er sentralt i den styringa Barne- og familiedepartementet har med etaten.

Barne- og familiedepartementet er samd med kartleggingsutvalet i at alle tiltak som er sette i gang, må følgjast opp med tilstrekkelege økonomiske ressursar, forsking og evaluering. Dette blir følgt nøye, mellom anna gjennom styringsdialogen med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Regjeringa vil ikkje i denne samanhengen foreslå særlege ordningar eller endringar innanfor det ordinære velferdssystemet for gruppa tidlegare barneheims- og spesialskulebarn. Dei ulike ordningane som er etablerte, for eksempel trygdeordningar, helsetenester og sosiale tenester, skal framleis gjelde alle borgarar som har behov for slike tenester. Tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som har behov for hjelp og stønad, må få dette innanfor dei gjeldande ordningane.

NOU 2004:23 har vist at det var fleire og samansette årsaker til at overgrep og omsorgssvikt kunne skje. Utvalet peikar vidare mellom anna på at mangelen på personale med adekvat kompetanse, samansetjinga av barn og unge, mangelfullt utstyr, økonomiske vanskar, overbelegg i institusjonane og mangelfullt tilsyn er ein vesentleg bakgrunn for at det kunne skje omsorgssvikt og overgrep. Det var fleire instansar som skulle føre tilsyn med barneheimane, og innhaldet i tilsynsansvaret var ulikt.

Forholda ved institusjonane der det skjedde omsorgssvikt og overgrep, var dels fagleg, pedagogisk og etisk kritikkverdige, dels direkte ulovlege. Det er ikkje mogleg å peike på ei klar ansvarsfordeling mellom staten, kommunane og private i desse sakene. Ansvarsforholda må vurderast konkret i enkeltsaker.

Kartleggingsutvalet meiner at det kan gjerast modifikasjonar i det regelverket som gjeld for den alminnelege erstatningsretten. Mellom anna kan det tenkast omvendt bevisbyrde for overgrep og annan alvorleg omsorgssvikt i institusjon og eit utvida arbeidsgjevaransvar og offentleg ansvar for seksuelle og andre alvorlege overgrep som beviseleg har funne stad.

Etter Regjeringa sitt syn er det etter den siste endringa i foreldingslova ikkje behov for nye endringar i den alminnelege erstatningsretten. Det er vidare generelt ikkje ønskjeleg å lage nye særreglar avgrensa til å gjelde for enkeltgrupper, for eksempel for personar som har vore utsette for overgrep. Som kartleggingsutvalet peikar på, vil det vere strenge krav sjølv med dei framlegga til modifikasjonar i regelverket som kartleggingsutvalet skisserer.

Barne- og familiedepartementet vil understreke at framlegginga av tilrådingane frå kartleggingsutvalet om tilpassingar i Stortinget si rettferdsvederlagsordning ikkje rokkar ved dei rettane enkeltpersonar har etter den alminnelege erstatningsretten. Ein veg å gå for den enkelte som meiner å ha eit rettsleg krav på erstatning, er å fremme erstatningskrav mot den/dei som ein meiner er ansvarleg. Det blir i St.meld. nr. 44 (2003-2004) konkludert med at alminnelege erstatningskrav frå organiserte grupper også for framtida skal løysast gjennom det eksisterande regelverket for behandling av slike krav.

Erstatningsrettslege søksmål retta mot staten på bakgrunn av overgrep eller omsorgssvikt under opphald i barneheimar eller spesialskular vil bli behandla tilsvarande som for andre erstatningskrav retta mot staten.

Kartleggingsutvalet peikar på at søksmål vil vere ressurskrevjande for den enkelte, og at det er strenge krav for å oppnå erstatning etter dei allminnelege erstatningsreglane.

Det kommunale sjølvstyret gjer at det vil vere opp til kommunane å vurdere på sjølvstendig grunnlag korleis dei vil stille seg til krav om kommunal gransking eller erstatning. Det følgjer av dette at det også vil vere kommunane som må bere ansvaret for dei eventuelle økonomiske kostnadene. Dersom ein kommune vel å setje i gang ei kommunal gransking, vil Barne- og familiedepartementet understreke at det er viktig å leggje til grunn erfaringane frå dei kommunane som allereie har gjennomført slike granskingar. Departementet vil utarbeide nasjonale retningsliner for kommunale granskingar.

Stortinget si rettferdsvederlagsordning vil vere aktuell i dei tilfella der det ikkje ligg føre rettsleg grunnlag for erstatningsansvar. Denne ordninga omfattar kritikkverdige forhold frå det offentlege si side, både frå kommunane og frå staten. Ordninga vil sikre omsynet til likebehandling innanfor gruppa barneheims- og spesialskulebarn, uavhengig av kva institusjon eller kommune dei tidlegare barneheims- eller spesialskulebarna budde i.

Sitatet under er henta frå St.meld. nr. 44 (2003-2004) punkt 3.2:

"I de tilfeller der statlige myndigheter finner det rimelig å tilkjenne økonomisk kompensasjon til personer i en gruppe som ikke har rettslig krav på erstatning, kan billighetserstatningsordningen tilpasses slik at den imøtekommer disse kravene. Dette kan gjøres ved at Stortinget benytter seg av sin mulighet til å gi nye retningslinjer."

Kartleggingsutvalet, jf. NOU 2004:23, meiner at rettferdsvederlag vil vere den viktigaste forma for erstatning til dei som kjem inn under mandatet til utvalet. Vidare peikar utvalet på at sidan desse gruppene allereie kjem inn under rettferdsvederlagsordninga, bør det vere aktuelt å gjere ei tilpassing av denne ordninga for desse sakene.

Barne- og familiedepartementet meiner at rettferdsvederlag er ei viktig form for vederlag for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som ikkje har rettsleg krav på ordinær erstatning. Det må understrekast at rettferdsvederlagsordninga er subsidiær. Det er likevel ikkje eit vilkår for å søkje om rettferdsvederlag at ein først har fremma erstatningsrettsleg krav. I dei fleste tilfelle vil Stortinget si rettferdsvederlagsordning vere aktuell for denne gruppa.

Barneheims- og spesialskulebarna er etter Barne- og familiedepartementet si vurdering i ei mellomstilling i forhold til forslaga til framgangsmåte for behandling av framtidige erstatningsrettslege krav, slik dette går fram av vedlegg 1 til St.meld. nr. 44 (2003-2004). Gjennom fleire år har det vore reist krav om gransking og erstatning frå denne gruppa. Dette er såleis ikkje "nye" krav. Den politiske prosessen og den etterfølgjande utgreiinga var sett i gang før St.meld. nr. 44 (2003-2004) blei lagd fram.

Regjeringa har derfor funne det tenleg å leggje ein nærare gjennomgang av tilrådingane frå kartleggingsutvalet om tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning fram for Stortinget til vurdering.

Barne- og familiedepartementet vil understreke at det i tråd med forslaga i vedlegg 1 i St.meld. nr. 44 er Stortinget som må ta endeleg stilling til om, og eventuelt korleis, rettferdsvederlagsordninga kan tilpassast for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn.

Denne stortingsmeldinga omhandlar dei gruppene og den tidsperioden som var omfatta av mandatet til kartleggingsutvalet. Av omsyn til rettferd og likebehandling finn Regjeringa det rimeleg at eventuelle tilpassingar i rettferdsvederlagsordninga blir gjorde gjeldande for alle barn som var plasserte i barneheimar og skuleheimar/spesialskular for barn og ungdom med tilpassingsvanskar/verneskular, uavhengig av plasseringsgrunnlaget.

Det er reist spørsmål frå fleire hald om ikkje ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga må gjelde alle barn som har vore plasserte på institusjon, uavhengig av heimelsgrunnlag og institusjonstype. Regjeringa meiner at i den grad barn i andre statlege spesialskular eller institusjonar for funksjonshemma har vore i same situasjon som det kartleggingsutvalet har avdekka, vil Stortinget kunne ta stilling til om ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga for barneheims-/spesialskulebarna òg skal gjelde for desse.

Det vil vere valdsoffererstatningsordninga, ikkje rettferdsvederlagsordninga, som vil gjelde for overgrep som har skjedd etter 1975. Valdsoffererstatninga er avgrensa til 150 000 kroner for overgrep som skjedde før 1994. Barne- og familiedepartementet stiller spørsmål ved om ikkje omsynet til likebehandling må tilseie at alle som budde på dei aktuelle institusjonane heilt fram til 1980, bør bli omfatta av ei eventuelt tilpassa rettferdsvederlagsordning.

Kartleggingsutvalet har hatt tilgang til alle avgjerder om rettferdsvederlag for tidlegare barneheimsbarn. Det totalinntrykket av sakene utvalet sit att med, er at det ikkje alltid er lett å sjå av saksframstillinga og grunngjevinga kvifor somme har fått og andre ikkje har fått rettferdsvederlag. Dei seier vidare at det er mykje mogleg at praksis er konsekvent i sine vurderingar, men at med eit så vagt kriterium som at ein må ha kome "spesielt uheldig ut" i forhold til andre i tilsvarande situasjon, må avgjerda i mange saker vere vanskeleg. Dei seier at sakene likevel viser at det blir gjort grundige og langvarige saksførebuingar, som også må vere sterkt ressurskrevjande for det offentlege.

Kartleggingsutvalet viser til at generelle trekk i samfunnet og kva ein kunne forvente av omsorga for barn i den perioden søkjaren var under barnevernet si omsorg, har vore viktig i vurderinga av rettferdsvederlagssaker. Dei viser til enkeltsaker der det ikkje er tilkjent rettferdsvederlag med den grunngjevinga at søkjaren ikkje kom mindre heldig ut enn andre som voks opp på barneheimar eller spesialskule, eller samanlikna med andre barn som var tekne hand om av barnevernet i same perioden. Utvalet peikar på at korkje styresmakter eller ansvarshavande personar kunne seiast å ha "handla i god tru" ut i frå førestillingar som gjorde seg gjeldande i samfunnet på den tida når det gjeld omsorgssvikt og overgrep ovanfor denne gruppa. Det bør også leggjast til grunn at dette handla om alvorlege krenkingar både etter etiske, pedagogiske og rettslege vurderingar.

Kartleggingsutvalet foreslår at det ved alvorlege fysiske og seksuelle overgrep i mindre grad enn i dag bør leggjast vekt på kva for følgjer desse overgrepa har hatt for den enkelte. Dette for å understreke det uakseptable i sjølve det å bli utsett for overgrep når ein som barn var plassert på institusjon av det offentlege.

Kartleggingsutvalet peikar på at det kan vere vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og fysiske og seksuelle overgrep. Årsakene er mellom anna at arkivmaterialet har vesentlege manglar, dels som følgje av dårlege rutinar, dels fordi det er blitt sletta. Utvalet foreslår at krava til bevis for alvorlege fysiske og seksuelle overgrep må kunne senkast noko, ved at ei eigenerklæring om slike forhold blir tillagd stor vekt. Kartleggingsutvalet peikar på at forsking viser at forklaringar om overgrep i stor grad er pålitelege. Dei reknar med at 95 % av dei som har vore utsette for alvorlege overgrep, fortel ei truverdig historie.

Kartleggingsutvalet meiner at det må vere mogleg å gje klare retningsliner og visse føringar i forhold til det som blir praktisert i dag. Dette kan også føre til noko større grad av standardisering i tildelingskriteria. Utvalet meiner vidare at deira forslag vil kunne føre til at saksbehandlinga kan forenklast og dermed vere mindre ressurskrevjande.

Det vil vere Stortinget og eventuelt Billighetserstatningsutvalet som må vurdere og ta stilling til om, og eventuelt korleis, rettferdsvederlagsordninga kan tilpassast for tidlegare barne- og spesialskulebarn.

Både interessegrupper og enkeltpersonar har understreka at eit økonomisk vederlag for omsorgssvikt og overgrep under opphald på barneheim/spesialskule må vere av ein slik storleik at det reelt blir oppfatta som rimeleg.

Det går fram av presentasjonen i vedlegget til St.meld. nr. 44 (2003-2004) at rettferdsvederlag ikkje tek sikte på å dekkje det samla økonomiske tapet søkjaren har hatt. Erstatninga er meint som ei "handsrekking", der beløpet blir utmålt skjønnsmessig basert på kva som er rimeleg. Den øvre grensa for erstatning er 200 000 kroner. Billighetserstatningsutvalet gjer vedtak i dei fleste sakene, men det er Stortinget som tek avgjerda i saker der det kan vere aktuelt å tilkjenne erstatning med meir enn 200 000 kroner, og i saker av "særleg politisk art". Når det gjeld saker av "særleg politisk art", er det vist til at dette i første rekkje vil dreie seg om saker der fleire fremmar søknader innanfor problemområde som kan samanliknast, eventuelt saker som reiser prinsippspørsmål som gjer det ønskjeleg med ei meir omfattande politisk behandling.

Kartleggingsutvalet seier at rettferdsvederlag som i dag kan tildelast etter ei individuell vurdering, men det kan også vere ein tanke å innføre ein større grad av standardisering når det gjeld storleiken på rettferdsvederlaget.

Dersom Stortinget gjer tilpassingar for behandlinga av søknader frå gruppa av barneheims- og spesialskulebarn, kan Stortinget vurdere om dei som har søkt tidlegare og anten fått avslag eller fått utbetalt eit mindre rettferdsvederlag, skal kunne søkje på nytt. Tidlegare utbetalt vederlag må i så fall gå til frådrag.