Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Kommunalkomiteens merknader

Kommunalkomiteen fikk oversendt forslag til innstilling fra justiskomiteen ved brev av 3. mars 2005. I brev av 14. mars 2005 la kommunalkomiteen frem følgende merknad:

"Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til merknader i innstillinga frå sine respektive fraksjonar i justiskomiteen, og har ingen ytterlegare merknader.

Medlemen frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at Senterpartiet ikkje er representert i justiskomiteen. Denne medlemen meiner St.meld. nr. 44 (2003-2004) gir eit godt grunnlag for oppreising og erstatning til romanifolket og taterane. Denne medlemen vil særleg påpeika betydninga av endra praktisering av rettferdsvederlag (billighetserstatning), slik at dei av romanifolket som søkjer erstatning vert samanlikna med innbyggjarane elles, og at ein såleis opnar for å søkja på ny og også av fleire grunnar. Denne medlemen er samd med justiskomiteen si understreking av å vektleggja eigenerklæringar ved søknader som gjeld erstatning for rettsstridig sterilisering, og at slik søknad kan fornyast utan omsyn til etnisk bakgrunn. Denne medlemen viser til Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti sin merknad om ei liberal praktisering av rettshjelpslova § 13 tredje ledd slik at hovedregelen vert fri rettshjelp for dei som treng juridisk bistand for å fremja søknaden sin. Denne medlemen støttar dette synet, og sluttar seg elles til justiskomiteéen sine øvrige merknader.

Med omsyn til erstatningsordninga for eldre utdanningsskadelidande samar og kvenar, sluttar denne medlemen seg i all hovudsak til justiskomiteén sin merknad. Denne medlemen finn det likevel naudsynt å påpeika at mobbing av samar og kvenar som fylgje av haldningar og politikk frå styresmaktene si side også bør telja med i ei erstatningsutmåling for søkjarar frå desse gruppene slik praksisen også skal vera for krigsbarn og romanifolket. Denne medlemen viser elles til Sametinget si påpeiking av behovet for sekretariats­ordningar der folk kan venda seg og få hjelp til å utforma søknad om rettferdsvederlag. Denne medlemen viser også til at det av vedtak i Sametinget 23. september 2004 mellom anna framgår ynskje om utgreiing av fornorskingspolitikken sine konsekvensar for samar og kvenar innanfor ulike samfunnsområde. Denne medlemen viser til Sametinget si understreking av at slik utgreiing også gjeld andre grupper som har lidd overlast under og etter siste verdskrigen. Denne medlemen vil peika på at grenselosane er ei slik gruppe. Denne medlemen føreset at Regjeringa i dialog med Sametinget legg eit grunnlag for korleis vedtaket i Sametinget skal fylgjast opp."