Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til vedlagt fråsegn frå Samferdselsdepartementet, ved statsråden, datert 23. desember 2004. Komiteen viser vidare til vedlagte svar frå departementet på spørsmål frå komiteen, jf. brev av 15. januar 2005, 15. februar 2005 og 23. februar 2005.

Komiteen vil peike på at E134 er det viktigaste hovudvegsambandet frå Austlandet til store delar av Rogaland og Hordaland. Blir næringslivet i desse delane av Rogaland og Hordaland tvinga til lange omkøyringsvegar, vil dette føre til ekstra kostnader. Dette vil vere svært negativt for eit konkurranseutsett næringsliv. Komiteen er difor oppteken av at det må finnast løysingar på situasjonen på E134 som tek i vare trafikktryggleiken, samstundes som næringstransportar framleis skal kunne bruke vegen.

Komiteen er kjend med at det no er kontakt mellom Statens vegvesen og representantar for næringslivet, og at det på ei synfaring og møte mellom Norges Lastebileier-Forbund (NLF), Haukelivegen AS og Statens vegvesen den 17. februar 2005, kom fram at det skal setjast i verk planlegging og gjennomføring av utbetring/utviding av tunnelane.

Komiteen er vidare kjend med at lokale og regionale interesser og næringslivet framleis meiner at E134 snarast må tilretteleggast for bilar opp til 4,20 meter.

Komiteen er kjend med at det også elles i landet finst ei rekkje tunnelar i liknande uavklarte situasjonar. Komiteen er vidare kjend med at Statens vegvesen er i ferd med å vurdere samtlege tunnelar med tillaten høgde under 4,2 meter på alle dei viktigaste vegane i landet. Komiteen ser det som positivt at Statens vegvesen har gått i dialog med næringslivet i denne saka.

Komiteen er oppteken av at dei utbetringane som blir sett i verk, så langt råd er, tek i vare næringslivet sine interesser. Det blir hevda frå anleggsbransjen at gode/optimale løysingar ikkje nødvendigvis blir dei dyraste.

Komiteen meiner difor at det er viktig at ulike løysingar blir vurderte i samband med anbodsinnhentinga.

Komiteen vil be om å bli orientert om saka på ein eigna måte i vårsesjonen 2005.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil fremme følgende forslag:

"Statens vegvesen legger ut for anbud utbedring av Haukelitunnelene med høyde minimum 4,20 meter basert på de ulike løsninger som er presentert."