Samandrag
- Innleiing
- Bakgrunn for forslaget - høyring
- Politiske mål på postområdet
- Utviklingstrekk i postmarknaden
- Gjeldande regulering og regulatoriske utviklingstrekk
- Regulering av ein postmarknad utan einerettar
- Vidareføring av einingsporto
- Finansiering av samfunnspålagde tenester
- Verkemiddel for å fremje konkurranse
- Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaget
I proposisjonen blir det foreslått å avvikle den avgrensa eineretten Posten Norge AS (Posten) har til å formidle postsendingar. Samferdselsdepartementet foreslår å gjennomføre avviklinga frå 1. januar 2007.
For at prosessen skal vere føreseieleg for Posten, dei tilsette i selskapet, andre postoperatørar og brukarane, bør det så tidleg som råd fastsetjast ein endeleg dato for å avvikle eineretten. På bakgrunn av dette blir det bede om at Stortinget samtykkjer i at det blir fastsett ein dato for å avvikle eineretten allereie no.
Føremålet med å avvikle eineretten er å fremje politiske målsetjingar om eit landsdekkjande tenestetilbod av gode og rimelege posttenester ved å leggje til rette for auka konkurranse i postmarknaden.
Samferdselsdepartementet gjer ingen forslag om å endre nivået på dei samfunnspålagde landsdekkjande tenestene. Dette gjeld blant anna krav om å levere ut post seks gonger i veka, plikt til å levere brev og pakkar inntil 20 kilo, og spesifiserte krav til framsendingstider og tilgjenge. Krav om einingsporto, som i dag gjeld for einerettssendingar, blir ført vidare for enkeltsendingar (typisk er brev som blir lagde i raude og gule innsamlingspostkasser).
Samferdselsdepartementet vil uavhengig av prosessen knytt til å avvikle eineretten til Posten vurdere tiltak som om mogleg kan betre framsendingstidene i Nordland, Troms og Finnmark.
Ved endringar i postlova i 2003 (endringslov nr. 51/2003, i kraft 1. juli 2003) blei det fastsett ein plan for å gradvis redusere den eineretten Posten har til å formidle postsendingar, utan at det blei fastsett ein dato for når eineretten skulle avviklast endeleg. Lovendringane førte med seg at einerettsområdet frå 1. juli 2003 omfattar lukka adressert brevpost med vekt under 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit prioritert brev i første vektklasse (20 gram). Frå 1. januar 2006 blir einerettsområdet redusert ytterlegare til sendingar med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ein halv gonger grunntaksten. Lovendringane gjennomførte nødvendige endringar som følgje av eit nytt EU-direktiv på området.
Ved høyringa og da lovforslaget blei behandla, gav fleire uttrykk for at ein burde påskunde å avvikle eineretten i høve til EU-direktivet, og at det burde fastsetjast ein dato for når postmarknaden skulle vere fullt ut opna for konkurranse. Samferdselsdepartementet sette på bakgrunn av dette i gang eit større utgreiingsarbeid knytt til alternativ til - og konsekvensar av - å redusere den eineretten Posten har ytterlegare. Utgreiingsarbeidet danna grunnlag for at Samferdselsdepartementet i mai 2004 sende på alminneleg høyring eit forslag om å avvikle eineretten til Posten frå 1. januar 2007.
I tillegg til dei departementa og styringsorgana det gjeld, blei forslaget sendt på høyring til fylkeskommunane, operatørar og interesseorganisasjonar, jf. nærare omtale i kap. 2 i proposisjonen.
Departementet har fått 38 høyringssvar. Dei fleste høyringsinstansane er positive eller nøytrale til forslaget om å avvikle eineretten til Posten. Somme stiller spørsmål om eineretten bør avviklast så tidleg som i 2007. Eit fåtal av høyringsinstansane, særleg arbeidstakarorganisasjonane, er skeptiske til forslaget, og meiner blant anna at dette kan få uheldige konsekvensar for distrikta og for Posten.
Det er brei semje om at ein ved avviklinga av eineretten, ikkje bør endre krava til dei leveringspliktige tenestene. Dei aller fleste høyringsinstansane meiner også at prinsippet om einingsporto bør førast vidare.
Den overordna målsetjinga på postområdet er å sikre landsdekkjande formidlingstilbod av posttenester til rimelege prisar og til god kvalitet. Føremålet er nedfelt både i postlova og i konsesjonen til Posten.
Tradisjonelt har reglar i postlovgjevinga om avgrensa monopol på framsending av postsendingar teke hand om målsetjinga. Monopolet er knytt til å formidle vanleg brevpost. Einerettsområdet er dei seinare åra gradvis blitt avgrensa gjennom lovendringar.
Regjeringa vil ved ei avvikling av eineretten til Posten føre vidare den overordna målsetjinga om å sikre eit godt og likeverdig posttilbod.
Generelt går Regjeringa ut i frå at konkurranse stimulerer til effektivitet og innovasjon, noko som igjen kjem kundane til gode gjennom eit breiare og meir kundetilpassa tenestetilbod til så låge prisar som mogleg. Samferdselsdepartementet meiner at dette også gjeld i postmarknaden. Det monopolet Posten har hatt, er allereie dei seinare åra blitt innskrenka. Det er dokumentert betydelege resultatforbetringar og at kundane er meir nøgde med selskapet. Samferdselsdepartementet legg til grunn at den auka konkurransen - og forventningar om at eineretten blir avvikla på sikt - har gjort sitt til den positive utviklinga.
Forslaget i proposisjonen er i tråd med utviklinga på samferdselsområdet elles. Avviklinga av monopol som er gjennomført på for eksempel luftfarts- og telekommunikasjonsområdet, har vist kva fordelar konkurranse kan føre med seg som middel for å fremje kvalitet og innovasjon. Erfaringar frå andre land (først og fremst Sverige og New Zealand) indikerer at effektiviteten i tidlegare nasjonale postselskap har auka etter at einerettane blei avvikla. Sjølv om den direkte konkurransen ikkje kjem til å auke vesentleg, fører tenester basert på ny teknologi, tilbod av nisjeprodukt og eksterne konkurransekrefter til at den reelle konkurransen om postkundane har auka og kjem til å auke.
Stordriftsfordelane i postsektoren knyter seg først og fremst til å levere ut post i distrikta. Postverksemd kan også kombinerast med anna verksemd. På ein del område ligg tilhøva såleis betre til rette for konkurranse i postmarknaden enn på andre område der tidlegare monopolrettar er oppheva.
I Tyskland og Nederland er det lagt vekt på omsynet til resiprositet (gjensidig verknad) ved at planlagd avvikling av eineretten i postmarknaden er gjord på vilkår av at heimemarknadene i andre land blir opna tilsvarande. Samferdselsdepartementet meiner at dette omsynet ikkje veg tungt når ein vurderer kva tid den norske postmarknaden skal opnast for konkurranse. For norske styresmakter er det sentralt å sikre at ein får reell konkurranse - også frå utanlandske operatørar - ved avvikling av eineretten. Dersom Posten ikkje får konkurranse, kan ein risikere at selskapet tek for høg pris på produkta sine.
På bakgrunn av stordriftsfordelar knytte til å levere ut post i distrikta og forventa lågare etterspurnad etter brevtenester, er det sannsynleg at konkurransen særleg kjem i bedriftsmarknaden og for post som blir levert ut i tettbygde strok. Samferdselsdepartementet ventar at marknaden for enkeltsendingar ikkje kjem til å bli utsett for konkurranse i stor grad. Det kjem til å bli sett i verk tiltak for å sikre at manglande konkurranse i enkelte delmarknader ikkje fører til eit dyrare posttilbod enn i dag. For post som blir levert ut i spreidd busette område, meiner Samferdselsdepartementet at Posten mest sannsynleg kjem til å halde på den sterke stillinga. Det vil vere viktig å vurdere tiltak som sikrer at den dominerande aktøren ikkje misbruker si markedsmakt på ein uheldig måte for samfunnet. For dei områda der Posten held fram i ei dominerande stilling, er det sentralt for Samferdselsdepartementet å sikre at servicenivået i dag blir ført vidare eller betra. Tiltak kjem til å bli sette i verk for å sikre brukarane mot urimelege prisforskjellar.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at lokal konkurranse kan byggje på distribusjonsnett som allereie eksisterer.
Postmarknaden er ein nødvendig del av informasjons- og kommunikasjonsmarknaden, og har ei viktig rolle ved å medverke til næringsutvikling, handel og økonomisk vekst. Nettverka i postsektoren (innsamling, transport og utlevering) kan nyttast til eit breitt spekter av verdiaukande tenester, ikkje minst når det gjeld å fremje utviklinga av elektronisk handel og forretningsdrift. Postmarknaden er også viktig for å utvikle ein kunnskapsbasert økonomi, i Noreg og i andre land. I framtida kjem det til å vere betydeleg rom for å hente synergieffektar i skjeringspunktet mellom sektorane post, telekommunikasjon og IT.
Posten har ein marknadsdel på rundt 85 pst. av den norske postmarknaden rekna ut frå omsetjing. På marknaden for adresserte sendingar (som delvis er omfatta av einerett) har Posten ein marknadsdel i Noreg på nesten 100 pst. Innanfor marknaden for uadresserte sendingar har Posten ein marknadsdel på cirka 80 pst.
Med over 1 500 salsstader har Posten det største og mest finmaska salsnettet (av postperatørar) i Noreg, og pliktar å levere post til nesten alle husstandar seks dagar i veka.
Post- og teletilsynet har vurdert utviklinga i den norske postmarknaden i 2003 (utviklingsrapport for Posten 2003). Post- og teletilsynet vurderer utviklinga i hovudsak som positiv, og meiner at Posten har oppfylt konsesjonsvilkåra.
Auka konkurranse, særleg frå elektronisk kommunikasjon, har saman med den økonomiske nedgangen i verda dei siste åra hatt negative effektar på den globale postmarknaden.
Brevpost genererer framleis hovudtyngda av omsetninga hos postoperatørane.
Internasjonalt ventar ein at postselskapa aukar inntektene sine frå pakke- og logistikksegmentet i den femårsperioden som kjem. Ein ventar at vekst i internasjonal handel og elektronisk handel kjem til å få følgjer for pakketrafikken, og dessutan reklame- og ekspressegmentet. Vidare reknar ein med at den internasjonale posttrafikken totalt sett kjem til å auke kraftig fram mot 2010 på grunn av auka forretningsverksemd og vekst i fleire utviklingsland. Dette opnar nye marknadsutsikter for postselskapa i industrialiserte land.
Postmarknadene i Noreg og fleire andre land er prega av globalisering, rask teknologisk utvikling, avvikling av einerettar, utvisking av bransjeskilje og dessutan konsolidering og alliansebygging.
Fleire land har sett i verk reformer i postsektoren for å møte utfordringane som kjem i framtida. Søkjelyset er blant anna retta mot å restrukturere føretaka frå nasjonale monopolselskap til kommersielle bedrifter.
Postselskapa i dei industrialiserte landa bruker meir og meir nye former for partnarskap, alliansar, oppkjøp og samanslåingar som strategiske verktøy.
Strukturendringane grip også inn i Norden, og dei store logistikkleverandørane er sterkt til stades i Noreg gjennom partnarar og/eller dotterselskap. Posten har prøvd å møte utfordringane i framtida gjennom fleire strukturelle og organisatoriske endringar.
For å konsentrere seg meir om kjerneverksemda i selskapet har Posten skilt ut fleire støtte- og servicefunksjonar i eigne einingar. Salsnettet er lagt sterkt om, der det å redusere talet på postkontor og å innføre Post i butikk har vore i fokus. Lokalomdeling og landpostteneste er også restrukturert. Også sorteringsnettet har gjennomgått strukturendringar og automatisering.
Også dei andre aktørane i den norske postmarknaden har sterk merksemd på effektiv drift, forretningsutvikling, utvikling av tenestespekteret, servicenivået og strategiske alliansar.
Postselskap verda over tek i bruk ny teknologi, særleg elektroniske medium/elektronisk kommunikasjon, for å betre servicen og utvikle nye tenester. Tenestetilbodet blir stadig meir variert.
Også aktørane i den norske postmarknaden arbeider aktivt med å utvikle fleire nye tenester for å møte utfordringane i framtida. I samarbeid med dotterselskapet ErgoGroup har Posten blant anna utvikla teknologi og løysingar for å ta vare på behovet for sikker elektronisk kommunikasjon (elektronisk ID), og dessutan elektronisk fakturabehandling (eFaktura).
Postlova (lov 29. november 1997 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger) gjeld formidling av postale basistenester som skal vere tilgjengelege over heile landet.
Postlova gjev Posten einerett til å formidle visse typar postsendingar regelmessig mot vederlag. Dei sentrale avgrensingskriteria for einerettsområdet er pris og vekt på sendinga. Fram til og med 31. desember 2005 omfattar eineretten sendingar med vekt inntil 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit brev i første vektklasse (20 gram). Frå og med 1. januar 2006 omfattar eineretten sendingar med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ein halv gonger grunntaksten.
Gradvis avvikling av eineretten til Posten er i samsvar med pliktene Noreg har etter EØS-avtalen.
EØS-avtalen forbyr statsstøtte i alle former som vrir eller trugar med å vri konkurransen ved å gje fordelar til enkelte føretak eller produksjonen av enkelte varer dersom støtta påverkar samhandelen mellom avtalepartane.
Europaparlaments- og rådsdirektiv (97/67/EF) blei endra 10. juni 2002, da EU fastsette direktiv 2002/39/EF om å opne for enda meir konkurranse i marknaden for posttenester. Postdirektivet er implementert i norsk rett ved endringar i postlova, postforskrifta og i konsesjonen til Posten.
Medlemslanda står fritt til å avvikle einerettane på postområdet raskare (eller i fleire marknader) enn det direktivet pålegg dei. Kommisjonen har til no fokusert på å sikre at alle medlemslanda gjennomfører pliktene som postdirektivet pålegg dei, og det er ikkje gjeve føringar for korleis dei nasjonale regelverka bør formast ut, dersom prosessen med å opne postmarknadene for konkurranse blir forsert i høve til minstekravet i EU.
Det å avvikle resterande einerettar på postområdet gjer det nødvendig med ei ny postlov. Samferdselsdepartementet tek sikte på å leggje fram eit lovforslag om korleis ein skal regulere ein postmarknad utan einerettar, våren 2006.
Ein må vidareføre og utvikle reglar som sikrar brukarane eit godt og rimeleg tilbod av posttenester; i dette ligg også krav til servicenivå, behandling av personopplysningar, klageordningar, erstatningsreglar ved skade eller ved bortkomne sendingar m.m. Regelverket skal ta vare på brukarinteresser og sikre konkurranse på like vilkår. Det kjem til å bli lagt avgjerande vekt på å sikre alle forbrukarar og bedrifter i heile landet tilgang til dei samfunnspålagde posttenestene. For å oppnå dette treng ein eit godt, enkelt og framtidsretta regelverk.
Samferdselsdepartementet tek sikte på å gå gjennom modellen for statleg kjøp, for blant anna å sikre at han er i tråd med nyare praksis frå EU-domstolen og EU-kommisjonen på statsstøtteområdet. Det er viktig at ein når ein finansierer ulønsame tenester ikkje overkompenserer, noko som kan gje grunnlag for kryssubsidiering til område som Posten tilbyr i konkurranse med andre operatørar.
Samferdselsdepartementet meiner det er viktig at det nye regelverket, tilpassa ein postmarknad med konkurranse, er på plass før ein avviklar eineretten. Det er hovudårsaka til at ein ikkje bør avvikle eineretten før 1. januar 2007. Samferdselsdepartementet meiner dette også sikrar at Posten og andre postoperatørar får tid til å bu seg på konkurranse. Styresmaktene kjem i prosessen til å dra nytte av erfaringar med parallell regelverksutvikling i andre land som er i ferd med å avvikle, eller som har avvikla, eineretten på postområdet. Dette gjeld land som Sverige, Storbritannia, Nederland, Tyskland, Sverige og Estland.
Dei landa som har opna eller er i ferd med å opne opp postmarknaden heilt eller delvis ut over minstekravet i EU, har valt ulike måtar å gjennomføre marknadsopninga på. Storbritannia har valt å utforme eit detaljrikt og komplekst reguleringssystem, mens det verkar som om land som Nederland og Sverige har overlate fleire spørsmål til marknadsaktørane (såkalla "light-touch"-regulering).
Samferdselsdepartementet ønskjer å føre vidare reglar som sikrar brukarane eit godt, rimeleg og landsdekkjande tilbod av posttenester. Blant anna kjem ein til å måtte stille krav til servicenivå og framsendingstider, behandling av personopplysningar, erstatningsreglar ved skade og tap av sendingar og krav om grunnleggjande banktenester i landsdekkjande post-ekspedisjonsnett. Regjeringa ønskjer å føre vidare eit krav om omdeling seks dagar per veke, og dessutan føre vidare eit krav om geografisk einingsporto for enkeltsendingar (typisk er brevpost som blir lagd i innsamlingspostkasser.
Dei sentrale pilarane i postlovgjevinga i dag er postlova og konsesjonen til Posten. Departementet kjem på sikt til å vurdere å forlate konsesjon som styringsverktøy og i større grad enn i dag bruke forskrift. I ein tidleg fase etter marknadsopninga blir det likevel naturleg å føre vidare krava til dei leveringspliktige tenestene i konsesjonen til Posten. For å fremje konkurranse på like vilkår mellom operatørane kjem ein til å vurdere å endre andre regelverk enn postregelverket.
Uavhengig av prosessen knytt til å avvikle eineretten til Posten vil Samferdselsdepartementet vurdere regulatoriske tiltak som om mogleg kan betre framsendingstidene i Nordland, Troms og Finnmark.
I Ot.prp. nr. 82 (2001-2002) om tilbod av grunnleggjande banktenester gjennom ekspedisjonsnettet til Posten Norge AS (jf. lov 21. juni 2002 nr. 44) er det uttalt at det på sikt bør vurderast om ein for eksempel kan avgrense dei pliktene Posten har til å tilby grunnleggjande banktenester til dei delane av ekspedisjonsnettet som ligg i geografiske område der det ikkje er tilbod om grunnleggjande banktenester gjennom andre kanalar. Spørsmålet blei vurdert i siste eigarmelding, St.meld. nr. 11 (2003-2004). Samferdselsdepartementet meiner at ein må vurdere spørsmålet om å endre kravet på bakgrunn av den teknologiske utviklinga, utviklinga i bankmarknaden og endringane i kundebehova. Samferdselsdepartementet tek sikte på at spørsmålet skal vurderast breitt og leggjast fram for Stortinget.
I lovforslaget som blir fremja før eineretten blir avvikla, kjem ein til å drøfte nærare problemstillingane knytte til å gje tilgang til Posten (dominerande aktør) sitt nett og tilhøvet mellom å bruke sektorspesifikk og generell konkurranseregulering av postmarknaden.
Gjeldande konsesjon for Posten stiller krav til at ein skal tilby dei leveringspliktige tenestene til kostnadsbaserte prisar på objektive, oversiktlege og ikkje-diskriminerande vilkår.
Konsesjonen som gjeld for Posten, stiller også krav om produktrekneskap. Produktrekneskapen skal vise at prisane på dei samfunnspålagde tenestene er kostnadsbaserte, og at det ikkje skjer ulovleg kryssubsidiering mellom tenester utanfor og innanfor einerettsområdet.
I ein postmarknad med fleire aktørar vil det vere eit press for å setje prisen på tenestene i samsvar med kostnadene som ligg under.
Samferdselsdepartementet meiner at det kan vere eit veleigna verkemiddel å innføre maksimalprisar for å motverke moglege urimelege prisforskjellar, i tillegg til krav om geografisk einingsporto. Maksimalprisar skal vere med på å hindre urimelege prisaukar i distrikta og fungere som eit sikringsnett i tilfelle prisane blir urimeleg høge for forbrukarane. Det er føremålstenleg at operatørar med leveringsplikter, det vil seie Posten, blir pålagt krav om maksimalprisar.
Einingsportoprinsippet blei først lovfesta i Noreg i 1999, men har røter heilt tilbake til da frimerket blei innført på midten av 1800-talet. Kravet om einingsporto i postlova § 5 er avgrensa til å gjelde for sendingar innanfor einerettsområdet, det vil seie brev under 100 gram fram til 31. desember 2005 og brev under 50 gram frå 1. januar 2006.
Einingsporto kjem til å bli ført vidare for enkeltsendingar (typisk er brev som i dag blir lagde i gule og raude innsamlingspostkasser). I tillegg kjem ein til å vurdere å innføre maksimalprisordningar. Det kjem framleis til å bli stilt krav om å omdele post seks dagar i veka.
Samferdselsdepartementet ønskjer ikkje at kravet om einingsporto skal utvidast til å gjelde for alle leveringspliktige tenester (brev og pakker opp til 20 kilo).
Samferdselsdepartementet legg til grunn at einingsportoen bør avgrensast ved ei vektgrense som i dag. Ved avvikling av eineretten vil Samferdselsdepartementet også vurdere å setje ei grense for talet på sendingar som kravet om einingsporto skal gjelde for.
Samferdselsdepartementet ønskjer at krav om einingsporto, uavhengig av kva for kriterium ein gjev ei slik regulering, blir ført vidare i lovform kombinert med konsesjonskrav.
Statleg kjøp av samfunnpålagde, ulønsame posttenester i Noreg er eit viktig verkemiddel for å sikre like tenester til heile landet. Posten er pålagd å levere slike tenester gjennom konsesjonsreglane, seinast da konsesjonen blei fornya i 2001. Føremålet med konsesjonen er å sikre eit landsdekkjande tilbod av posttenester til rimeleg pris og av god kvalitet. Meirkostnadene ved å levere samfunnspålagde tenester blir dekt gjennom det eventuelle einerettsoverskotet Posten får, og statleg kjøp av bedriftsulønsame posttenester.
Ein kan finansiere samfunnspålagde posttenester over statsbudsjettet (direkte overføringar eller statleg kjøp), eller gjennom ein fondsmekanisme.
Samferdselsdepartementet tek sikte på at samfunnspålagde ulønsame posttenester blir finansierte som i dag ved direkte statlege overføringar gjennom ordninga med statleg kjøp. På sikt blir det også naturleg å vurdere alternativ til statleg kjøp.
Aktuelle alternativ er å la fleire postoperatørar konkurrere om å tilby ulønsame tenester (anbod) eller påleggje operatørane å finansiere ulønsame tenester gjennom fondsfinansiering (såkalla USO-fond). Både USO-fond og anbod føreset auka konkurranse i høve til i dag.
Behovet for statleg kjøp etter at eineretten til Posten er avvikla blir påverka av fleire faktorar, og det er vanskeleg å gje konkrete prognosar for utmålinga. Samferdselsdepartementet går ut ifrå at behovet kjem til å vere relativt stabilt dei næraste åra. På lengre sikt vil det blant anna bli påverka av konkurransegrad, framtidige servicekrav og prising av samfunnspålagde tenester, og dessutan modellen for korleis ein skal rekne ut meirkostnadene ved å levere slike tenester, og eventuell innføring av alternative kjelder for å finansiere desse tenestene. Når fleire nye aktørar har etablert seg i marknaden, kan det vere aktuelt å vurdere alternative kjelder til å finansiere samfunnspålagde ulønsame posttenester, for eksempel fondsfinansiering. Det kan også vere aktuelt å vurdere å lyse ut dei samfunnspålagde tenestene på anbod, nasjonalt eller regionalt.
For å leggje til rette for auka konkurranse i tidlegare monopoliserte sektorar har ein på andre sektorar stilt krav om at andre tilbydarar skal ha tilgang til infrastrukturen til dominerande operatør (tilgangsregulering).
I den grad Posten kontrollerer eit naturleg monopol, for eksempel utlevering av post i distrikta, kan det vere samfunnsmessig lønsamt å sikre andre aktørar tilgang til dette ved hjelp av regulatoriske verkemiddel. Dette kan gjere det lettare for nye operatørar å konkurrere med Posten, som allereie er godt etablert på postmarknaden, samt vere med på å auke konkurransen i dei lønsame delane av marknaden. På den andre sida fører tilgangsregulering til administrative utgifter for operatørane og for styresmaktene samt fare for langvarige prosessar. Samferdselsdepartementet kjem derfor til å vurdere nøye i kva grad ein treng tilgangsregulering. Ved utforminga av reguleringa, vil ein leggje vekt på å finne løysingar som fremmer aktøranes insentiv til sjølv å avtale vilkåra for tilgang til dominerande aktørs nett.
Det å bruke tilgangsregulering er på mange måtar komplisert. Det er blant anna ei regulatorisk utfordring korleis ein skal definere og avgrense eit "nett" i postsektoren, og dessutan kvar, på kva vilkår og for kva tenester ein skal gje tilgang. Samferdselsdepartementet meiner at ein mogleg regulatorisk modell for tilgangsreglar på postsektoren er den som blir brukt i lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) kapittel 4, som seier at ein tilbydar med sterk marknadsstilling har plikt til å komme til møtes "enhver rimelig anmodning om tilgang til nettet".
Samferdselsdepartementet tek ikkje sikte på å gjere strukturelle tilpassingar før eineretten blir avvikla, men vil drøfte dette nærare i odelstingsproposisjonen om ny postlov. Ein må vurdere fragmentering av infrastrukturen på denne måten for å fremje konkurranse opp mot det verditapet dette fører med seg for Posten som selskap og samfunnet som heilskap.
Andre former for tilgang til postal infrastruktur enn distribusjonsnettet kan vere tilgang til postnummer, postboksar/utleveringspostkasser og adresseendringsregister. Ein bør sikre tredjepartar tilgang til annan postal infrastruktur på ein enkel og ikkje-diskriminerande måte.
I ein postmarknad med fleire operatørar er det slik Samferdselsdepartementet ser det ønskjeleg å sikre at alle operatørar har tilgang til oppdaterte adresser. For å oppnå dette kan det vere aktuelt å opprette eit felles adresseregister etter svensk modell. Eit aksjeselskap ått av Posten Sverige og andre postselskap i fellesskap forvaltar adresseregisteret i Sverige.
Forslaget om å avvikle eineretten til Posten frå 1. januar 2007 får ikkje vesentlege administrative konsekvensar.
Forslaget opnar for at ein vurderer å endre modellen for statleg kjøp, eller at ein tilpassar han marknadssituasjonen i framtida. Forslaget legg også opp til at ein skal vurdere alternative finansieringskjelder til statleg kjøp av ulønsame posttenester.