Innledning

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging av ny E18 Grimstad-Kristiansand. Prosjektet omfattar bygging av 38 km firefelts veg frå Øygardsdalen i Grimstad til Rona i Kristiansand.

Heile strekninga frå Grimstad til Kristiansand sentrum/Gartnerløkka vil med dette få firefelts veg, og 74 av 110 km av E18 i Aust-Agder vil få fullgod standard.

Ein får då kopla saman tofeltsstrekninga mellom Arendal og Grimstad og firefeltsstrekninga inn mot Kristiansand sentrum med ein tidsmessig og trygg veg. Vegen får ei breidd på 20 m og midtrekkverk. I tillegg vert det bygd 8 km gang- og sykkelveg i tilknyting til lokalvegar, sidevegar og eksisterande E18.

Det vert lagt til rette for kollektivtrafikk ved at det vert etablert haldeplassar i dei nye kryssområda. Det er føresett at ekspressbussar vil nytte ny E18.

Det er venta at om lag 80-90 pst. av trafikken på eksisterande E18 mellom Øygardsdalen og Dyreparken vert overført til ny E18. På strekninga forbi Lillesand vil overføringa bli noko lågare på grunn av eit større innslag av lokaltrafikk.

Reguleringsplanar for heile strekninga vart godkjente i 2003 og 2004.

E18 mellom Oslo og Kristiansand er ei av dei viktigaste stamvegstrekningane i Noreg. Ruta er viktig både for dei som bur langs vegen, næringslivet som bindeledd mellom verksemder og marknader, og turismen. Strekninga mellom Grimstad og Kristiansand er av dei høgast trafikkerte i Agder-fylka. Sjølv om det dei seinare åra er gjennomført tiltak for å betre trafikktryggleiken, utgjer strekninga framleis eit trafikktryggleiksproblem. Den høge trafikkmengda fører til miljøulemper for dei som bur langs vegen, og tofelts standard, saman med redusert fartsgrense og dårleg kurvatur, fører til dårleg framkommelegheit.

Samferdselsdepartementet legg opp til at strekninga frå Øygardsdalen ved Grimstad til Rona i Kristiansand vert bygd som firefelts veg, noko som er i samsvar med stamvegnormalane. Erfaringar frå same type vegar medfører at ein kan vente ein nedgang i personskade­ulykkene på om lag 80 pst., med størst reduksjon i dei alvorlege ulykkene.

Kostnader og nytte

Utbygginga er kostnadsrekna til om lag 3 000 mill. kroner (2004-kroner), fordelt med 2 700 mill. kroner på den 33 km lange strekninga Øygardsdalen-Dyreparken og 300 mill. kroner på den 5 km lange strekninga Dyreparken-Timenes-Rona.

Med omsyn til at prosjektet blir delvis bompengefinansiert og ei diskonteringsrente på 8 pst. er samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) rekna til om lag 570 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0,2 basert på ei tradisjonell gjennomføring. Internrenta for heile prosjektet er rekna til å vere om lag 6 pst.

Bompengeordning og finansieringsplan

Utbygging av ny E18 mellom Grimstad og Kristiansand er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011 side 241, og i St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015.

Strekninga Øygardsdalen-Dyreparken inngår i Aust-Agderpakka, jf. St.prp. nr. 30 (2000-2001) Om delvis bompengefinansiert utbygging av deler av E18 i Aust-Agder, og er foreslått finansiert ved ei vidareføring av dette bompengeopplegget.

På grunn av reduserte bompengeinntekter og auka kostnader som følgje av utbygging til firefelts veg, er det lagt opp til å auke bompengeperioden med 5 år og takstane med 20 pst. etter at vegen opnar for trafikk. Etter dette vil dei statlege midlane utgjere 55 pst. av totalramma, medan det i den opphavlege finansieringsplanen var føresett at desse berre skulle utgjere 46 pst. Aust-Agder fylkeskommune har gitt si tilslutning til denne endringa av Aust-Agderpakka.

Strekninga Dyreparken-Rona er ikkje med i Aust-Agderpakka og er føresett finansiert med statsmidlar. Departementet vil tilrå at Stortinget vedtek den reviderte finansieringsplanen for Aust-Agderpakka som omtalt i proposisjonen.

Aust-Agderpakka hadde opphavleg ei finansieringsramme på 2 340 mill. kroner. Kostnadsauken som følgje av standardauke frå tofelts til firefelts veg på strekninga Øygardsdalen-Dyreparken, har ført til at det totale behovet for finansiering no er auka med vel 1 000 mill. kroner, til om lag 3 350 mill. kroner. Det totale bompengebidraget frå Aust-Agderpakka blir 1 500 mill. kroner (2004-kroner). Med dette vil både høvet til takstauke og forlenging av bompengeperioden vere utnytta.

Den reviderte finansieringsplanen for Aust-Agderpakka er nærare omtala i kapittel 3.4 i proposisjonen.

Bompengeinnkrevinga starta opp i november 2001. I samband med oppstart av OPS-prosjektet E18 Grimstad-Kristiansand vil det bli vurdert om det er behov for endringar eller tillegg i avtalen som ligg føre.

Gjennomføring som OPS-prosjekt

Samferdselsdepartementet legg opp til at prosjektet E18 Grimstad-Kristiansand, strekninga Øygarden-Timenes, skal gjennomførast som det tredje og førebels siste av dei vedtekne OPS-prøveprosjekta. Føremålet med OPS-prøveprosjekta er å få erfaringar med om ein slik modell kan gi gevinstar ved utbygging, drift og vedlikehald av store vegprosjekt. Departementet legg opp til at prosjektet vert gjennomført på same måte og etter tilsvarande modell som OPS-prosjekta E39 Klett-Bårdshaug, jf. St.prp. nr. 83 (2000-2001), og E39 Lyngdal-Flekkefjord, jf. St.prp. nr. 60 (2001-2002).

Opplegget inneber at eit privat selskap får den samla oppgåva med å prosjektere, finansiere, bygge, drive og vedlikehalde strekninga frå kryss E18/Rv 404 aust for Øygardsdalen til kryss E18/Rv 41 ved Timenes i minimum 25 år, men med høve til forlenging dersom dette viser seg å kunne gi ein betre verdi på kontrakten for staten. Denne avgrensinga av OPS-prosjektet er gjort for å få eit rasjonelt opplegg i driftsfasen. Strekninga Timenes-Rona vil bli bygd ut samtidig, men vil ikkje inngå i driftsfasen av OPS-kontrakten. Samferdselsdepartementet legg opp til at arbeidet med å realisere prosjektet kan starte omgåande og at kontrakt med OPS-selskapet kan bli inngått i løpet av 2006. Utbygginga vil mest sannsynleg bli ferdigstilt i 2009.

På grunn av storleiken til prosjektet og ein meir rasjonell finansiering, går Samferdselsdepartementet inn for ein jamn tilbakebetalingsprofil på dei årlege vederlaga til OPS-selskapet. Modellen gir OPS-selskapet stor fridom til sjølv å velje løysingar så lenge krava i kontrakten med Vegdirektoratet vert følgde. Det er eit mål å plassere risikoen hos den parten som har best føresetnader for å handtere den. Dette inneber at OPS-selskapet vil ta ein stor del av risikoen knytt til opningstidspunkt, utbyggings-, drifts- og vedlikehaldskostnader og finansieringskostnader.

Uvissa i prosjektet er i hovudsak knytt til utviklinga i rentenivå og byggekostnader fram til kontraktsinngåing.

Innkjøpsprosessen

Prosjektet vil bli sett ut på internasjonal konkurranse. Dette OPS-prosjektet vil bli det største vegprosjektet som blir gjennomført som ein kontrakt, noko som gjer det spesielt viktig å få ein effektiv konkurranse.

Samferdselsdepartementet tilrår at Vegdirektoratet set i gang innkjøpsprosessen omgåande etter at det er fatta vedtak i saka.