Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, meiner at innsamlinga av pengar etter katastrofen rundt Det indiske hav har synt ei eineståande vilje til å hjelpe dei som er råka.

Omfanget av katastrofen er likevel så spesiell at det er nødvendig med ei ekstra løyving for den statlege innsatsen. Dei ordinære løyvingane er utilstrekkelege og behovet så stort at ein utan ei ekstra løyving ikkje ville vere i stand til å hjelpe andre i djup naud.

Komiteen legg vekt på at fokuset på denne ufatteleg store og synlege katastrofen gjer at styresmaktene har eit særleg ansvar for å sjå heilskap i naudhjelpa utover dette kriseområdet slik at det er behovet som definerer hjelpa.

Komiteen syner til at det har vore samråd mellom Regjeringa og dei politiske partia på Stortinget om ekstraløyvinga.

Denne førehandskontakta er viktig for å sikre brei semje om tiltaka som må til og for å gje Regjeringa handlefridom til mellom anna å yte bidrag til FN og til konkret hjelp i dei områda som er råka.

Komiteen er samd med Regjeringa i at det er viktig både å hjelpe på kort sikt og å vere førebudd på å medverke til gjenreising av økonomi, lokalt næringsliv, helsevesen og annan infrastruktur. Dette vil vere eit arbeid som tek lengre tid enn sjølve naudhjelpa.

Når det blir nemnt hjelp også på lang sikt så meiner komiteen at det må vere samarbeid som går ut over sjølve naudhjelpa. I praksis vil dette vere overgangsbistand.

Komiteen syner til at Regjeringa har foreslått 600 mill. kroner som overgangsbistand og 400 mill. kroner som naudhjelp. Regjeringa foreslår også ei fullmakt til å omdisponere mellom desse kapittel etter behov. Komiteen er samd i at ei slik fullmakt kan vere tenleg slik at ein kan tilpasse løyvingane til behov i området og samordning i det internasjonale samfunnet.

Komiteen syner til at Indonesia og Sri Lanka er samarbeidsland. Samstundes er desse av dei landa som er hardast råka. Det vil vere naturleg med stor norsk innsats her. Komiteen vil særleg framheve det nære samarbeidet mellom Sri Lanka og Noreg.

Komiteen viser også til at Thailand er hardt råka og reknar også med at enkelte tiltak der kan få støtte frå Noreg.

På same måten som Regjeringa legg komiteen vekt på behovet for ei sterk samordning av arbeidet i kriseområda. FN må stå for samordninga av den internasjonale innsatsen.

Komiteen syner til den konsoliderte appellen frå FN der alle organisasjonar i FN-systemet har samordna sine ønskjer og behov for det neste halve året.

Vidare syner komiteen til gjevarmøte i Genève 11. januar 2005.

Utanriksdepartementet sitt brev frå 12. januar 2005 til utanrikskomiteen om møtet er lagt ved innstillinga.

Komiteen syner til at det frå før er stort behov for vaksinering mot meslingar og andre sjukdomar i fleire av dei råka områda. Dette behovet har auka etter kata­strofen. Komiteen meiner Regjeringa må vurdere ekstra løyving dersom ein særskilt appell om immuniseringsprogram i området blir lagt fram frå WHO. Komiteen foreslår at løyvinga går over kap. 162 post 70 Overgangsbistand (gap) som blir auka tilsvarande.

Komiteen meiner at gjeldslette i ulike former kan vere effektiv bistand. Regjeringa bør medverke til slik lette der dette kjem dei skadelidande til gode. Komiteen er samd med Regjeringa i at det ikkje er grunnlag for gjeldslette i høve til Somalia og Burma grunna situa­sjonen i desse landa og styresettet der. Komiteen vil særleg framheve det tragiske i at militærstyret i Burma heller ikkje nå opna for samarbeid og innsyn.

Når det gjeld den delen av midlane som blir kanalisert gjennom frivillige organisasjonar så meiner komiteen at ein bør freiste å inkludere organisasjonar som har lang erfaring i bistandsarbeid frå dei prioriterte områda.

Komiteen syner elles til at Regjeringa vil koma attende til spørsmål om gjeldslette og eventuelle omdisponeringar i samband med Revidert nasjonalbudsjett. Komiteen er samd i dette, men meiner samstundes at ein slik gjennomgang må opne for ytterlegare løyvingar til kriseområda. Desse spørsmåla må drøftast i lys av den økonomiske og politiske utviklinga i områda.