Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2004 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane samt dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2004 vart utarbeidd.

Omgrupperingsproposisjonen formaliserer lønns-kompensasjonen for 2004, kompensasjon for innføring av el-avgift i 2004, nedtrekk i 2004 grunna overskridingar i 2003, innsparing i samla utgiftsramme, tilpassing av løyvinga i samsvar med endringar i føresetnadene, oppdatering og formalisering av inntekter samt formalisering av tekniske endringar mellom kapitla. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 52 mill. kroner.

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2004, lagt til seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei ein­skilde departementa og midlar ført over frå 2003. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektorens del av lønns­kompensasjonen for 2004 (292,399 mill. kroner) samt forsvarssektorens del av kompensasjonen til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (22 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2004, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2004

29 215 569

Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 75 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 20,227 mill. kroner, jf. Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004)

-20 227

St.prp. nr. 73 (2003-2004) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap ("soldatproposisjonen"), jf. Innst. S. nr. 235 (2003-2004)

23 433

Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 58,5 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet i samband med St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004). Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 15,819 mill. kroner

-15 819

Kompensasjonen til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (R-8/2004)

22 000

Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

292 399

= Faktisk løyving før omgruppering

29 517 355

Midlar ført over frå 2003

404 823

Disponible midlar i 2004 før omgrupperinga

29 922 178

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2004 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2004

694 388

St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004)

165 000

= Løyvingar før omgruppering

859 388

Avslutninga av rekneskapen for 2003 synte eit meirforbruk/inntektssvikt under:

  • 1. Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg post 24 Driftsresultat, på 210,800 mill. kroner. Inntektssvikten var på 210,800 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Dette skuldast i hovudsak uteståande husleige for 2003 frå Forsvarets militære organisasjon.

  • 2. Kap. 1733 Luftforsvaret post 1 Driftsutgifter, på 139,535 mill. kroner. Totalt meirforbruk var på 139,535 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Kap. 1733 Luftforsvaret hadde ei rekneskapsført overskriding på 139,5 mill. kroner i 2003. Justert for posteringar av teknisk karakter var reell overskriding ca. 45 mill. kroner.

  • 3. Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald, på 24,201 mill. kroner. Totalt meirforbruk var på 24,201 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande.

I forhold til vedtatt budsjett for 2004 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 322,5 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin merinntektsfullmakt i St. prp. nr. 1 (2003-2004) under romertalsvedtak II.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 52,036 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 322,5 mill. kroner.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2003

-374 536

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

322 500

= Sum behov ved omgrupperinga

-52 036

+ Løyvingar før omgrupperinga

29 517 355

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

29 465 319

= Samla disponible løyvingar etter omgrupperinga

29 870 142

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga

859 388

Netto meirinntekter

322 500

= Løyvingar etter omgrupperinga

1 181 888

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutg. - Meirutg. +

1

Driftsutgifter

45 509

21

Spesielle driftsutgifter

8 000

24

Driftsresultat Forsvarsbygg

-10 800

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-20 000

45

Store nyskaffingar

46 797

47

Nye bygg og anlegg

-83 181

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

-76 500

50

Overføringar til statsinstitusjonar

50 000

51

Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt

9 500

70

Renter låneordning

-5 000

71

Overføring til andre

-344

75

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

-50 000

78

Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

35 000

90

Lån til private

-1 017

Sum

-52 036

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt.- Meirinnt. +

1

Driftsinntekter

160 000

45

Store nyskaffingar

33 000

47

Sal av eigedom

175 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter

-50 000

90

Lån til bustadformål

4 500

Sum

322 500