4. Tilråding frå komiteen
Komiteen sine tilrådingar I, III, IV og V vert fremja av ein samla komité.
Komiteen si tilråding II vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader, syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I
Stortinget ber Regjeringa vurdere om Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen kan gjevast ei aktiv oppgåve i fastsetjinga av totale fangstkvotar og fordelinga av fangstkvotar mellom Noreg og andre land.
II
Stortinget ber Regjeringa snarast råd auke det årlege uttaket av vågekval vesentleg i høve til dagens nivå, og i tråd med tilrådingar frå norske forskarar.
III
Stortinget ber Regjeringa vurdere å opne for forskingsfangst på andre kvalartar, for slik å leggje tilhøva til rette for ein større forskingsinnsats og såleis akkumulering av ønskeleg og naudsynt kunnskap.
IV
Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei ny stortingsmelding om norsk sjøpattedyrpolitikk seinast hausten 2008, eller når det ligg føre eit nytt bestandsestimat for vågekval i norske farvatn.
V
St.meld. nr. 27 (2003-2004) om norsk sjøpattedyrpolitikk - vert å leggje ved møteboka.