Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og May-Helen Molvær Grimstad, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, syner til St.meld. nr. 27 (2003-2004) om Norsk sjøpattedyrpolitikk, til brev frå komiteen dagsett 1. april og 6. mai 2004, og til svarbrev frå Fiskeridepartementet dagsett 19. april og 10. mai 2004.

Komiteen syner til at Stortinget ved fleire høve har handsama norsk sjøpattedyrpolitikk. Komiteen syner i den samanheng til Innst. S. nr. 93 (1998-1999) i samband med St.meld. nr. 51 (1997-1998) om Perspektiv på utvikling av norsk fiskerinæring der det vert uttrykt at "Utviklinga i bestanden av sjøpattedyr gjev grunn til uro og komiteen meiner difor at fangsten av kval og sel må aukast monaleg. Komiteen vil understreke at dette må skje innanfor ei berekraftig ramme" og "Komiteen ber Regjeringa sette i verk tiltak for å redusere bestanden av voksen grønlandssel i betydelig større grad enn i dag. Om nødvendig må dette skje med støttetiltak, gjerne i samarbeid med fiskerinæringen. Selbestanden er pr. i dag blitt alt for stor, og den er sterkt voksande. Dette er en sterk trussel for norsk fiskerinæring".

Komiteen viser til St.meld. nr. 27 (2003-2004), der det vert presisert at Regjeringa går inn for ei økosystembasert forvalting av marine ressursar. Dette er ei tilnærming komiteen stør. Dette er eit krav frå toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg i 2002. Vidare finst det mange eksempel på korleis forvalting av naturlege og vilkårsbundne fornybare ressursar blir fånyttes dersom det ikkje blir teken omsyn til artane i økosystemet og deira innbyrdes binding og interaksjon. Komiteen meiner ei utvikling av forvaltingsmodellar, som tek omsyn til dei ulike artane som lever i eit økosystem, er eit viktig steg i retning av ei meir berekraftig forvalting av våre levande ressursar.

Noreg har møtt sterk kritikk frå delar av det internasjonale samfunnet når det gjeld forvalting av sjøpattedyr. Etter komiteen si meining har mykje av denne kritikken ikkje vore reint fagleg basert. Det er komiteen si oppfatning at fokus på økosystembasert forvalting for marine ressursar vil vere med på å redusere styrken i denne kritikken internasjonalt, og dessutan kunne vere eit bidrag i denne tilnærminga i andre land med tilsvarande ressursar.

Komiteen meiner at ytterlegare forsking på biologisk mangfald, rikdomen av artane og deira eigenart, samt bindinga mellom dei, er ein føresetnad for ei økosystembasert forvaltning.

Presiseringa i meldinga av at økosystembasert forvalting inneber at ein skal følgje føre-var-prinsippet, er særs viktig i denne samanhengen. At vi kjenner fleire av mekanismane i økosystema enn vi gjorde tidlegare, bør ikkje føre oss til å tru at vi kjenner alle. Det finst gode eksempel på at å tru at ein kan kontrollere og manipulere marine ressursar, lett kan gå gale.

Kunnskap om og erfaring i økosystembasert forvalting, både i marine og andre økosystem, kan verte ein særs ettertrakta kompetanse, ettersom innsikt i kompleksiteten i naturen blir ein del av ressursforvaltinga.

Komiteen har i denne samanhengen merka seg at Regjeringa peiker på at skattlegginga av enkelte artar har vore så avgrensa over fleire år, at artane no er nære sitt maksimale nivå (bereevna til økosystemet). Vidare at føremonene ved ein vesentleg reduksjon av sjøpattedyrførekomstane ligg i redusert dødstal hjå andre haustbare og kommersielt interessante ressursar. Komiteen har i denne samanhengen merka seg kommentaren i meldinga rundt tilhøvet mellom sjøpattedyr og fiskeria. Regjeringa viser her til at det er menneskeleg aktivitet som er hovudårsaken til den aktuelle situasjonen i fiskeria, og at sjøpattedyra ikkje kan verte gjort til syndebukk for uforsvarleg forvalting med overskattlegging av artar. Komiteen er einig i denne vurderinga, og vil peike på at særleg når ein ønskjer å byggje opp igjen artar, er det naudsynt å ta omsyn til den påverknaden sjøpattedyra har.

Komiteen har merka seg at Regjeringa ønskjer ei ny, heilskapleg og aktiv forvalting av sjøpattedyr og er samd i at dette er særs viktig for den totale forvaltinga av ressursane i havet. Komiteen har merka seg at i lys av sjøpattedyra sitt konsum av fisk, vil ei rasjonell forvalting kunne ha stor positiv verknad for økonomien i fiskeria, og meiner difor det er viktig å gjere det som er mogleg for å nå målsetjinga om økosystembasert forvalting i praksis.

Sel og kval konsumerer store mengder sjømat. Dei vanlegaste bestandane av sjøpattedyr konsumerer minimum 5,5 mill. tonn biomasse, medan dei samla norske fiskeria i 2002 i dei same økosystema var om lag 2,74 mill. tonn biomasse. I Barentshavet konsumerer grønlandssel 3,3-3,5 mill. tonn biomasse (ca 1 800 kg pr. dyr) og vågekval 1,8 mill. tonn (ca 21 000 kg pr. dyr). Sjøpattedyr et mellom anna torsk, sild, hyse, lodde og krill. Vitskaplege simuleringar av å redusere vågekvalbestanden med eit dyr, syner at fiskekvotane kan auke med fem tonn av både torsk og sild. Komiteen syner til at dei sel- og kvalartane som vert hausta, er viktige predatorar i det same økosystem som norske fiskarar haustar. Dette er eit sjølvstendig argument for at ein forvaltar sjøpattedyra aktivt og ut frå strategiar om berekraftig uttak frå økosystema.

Komiteen er samd i Regjeringa sine framlegg om å innføre eit sett generelle prinsipp som skal leggjast til grunn for forvalting av sjøpattedyr i Noreg og å etablere eit vitskapleg fundament for overgang til økosystembasert forvalting der bestandane av sjøpattedyr vert vurdert i samanheng med forvaltinga av dei andre levande marine ressursane.

Komiteen er vidare samd i Regjeringa sitt framlegg om å vidareføre all iverksett overvaking av bestandar, innføre overvaking av bestandar som ikkje vert fanga opp av noverande overvakning, og utgreie nedre grenser med tilhøyrande føre-var-grenser for livskraftige bestandar av dei sel- og kvalartane som naturleg har fast utbreiing i norske farvatn.

Komiteen har merka seg at ei økosystembasert forvalting av bestandane av sjøpattedyr vil kunne gje positive ringverknader for dei norske fiskeria.

Dei siste 20 åra har vi av ulike årsaker hatt ei langt ifrå optimal forvalting av sjøpattedyra. Komiteen meiner at ein må ta avgjerder som ivaretek Noreg sine økonomiske og politiske interesser innenfor økologisk forsvarlege rammer.

Komiteen tek utgangspunkt i dei internasjonalt godkjende prinsippa for bevaring og berekraftig bruk. Ein syner til Verdskommisjonen for miljø og utvikling, leia av dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland, og der verdssamfunnet i samband med FN-toppmøtet om miljø og utvikling (UNCED) i Rio de Janeiro i 1992 slutta seg til desse prinsippa i Agenda 21. Verdssamfunnet stadfesta desse prinsippa på ny ved FN-toppmøtet om berekraftig utvikling (WSSD) i Johannesburg i 2002.

Komiteen syner til at desse prinsippa òg gjeld dei levande marine ressursane, medrekna sjøpattedyra. Det er mogleg å nytte desse ressursane på ein berekraftig måte. Dei levande marine ressursane har hatt og vil ha mykje å seie for samfunnsutviklinga i heile Noreg. På same vis som andre levande marine ressursar må kome folk langs kysten til gode, og dermed òg resten av landet, så meiner komiteen det tilsvarande må gjelde for sjøpattedyra òg. Desse ressursane vil tilføre kysten arbeidsplassar, økonomisk verdiskaping, busetting og levande kystsamfunn.

Komiteen legg vekt på at det er ei stor utfordring for verda å tryggje ein berekraftig matproduksjon. Hausting av sjøpattedyr er ein berekraftig matproduksjon. I tillegg gjev slik hausting gode kosthaldsprodukt og skinn som kan brukast til klede.

Sjøpattedyr er frittlevande dyr. Samanlikna med produksjonsdyr på land, lever sjøpattedyra eit liv fritt frå menneskelege inngrep. Komiteen meiner at hausting av sjøpattedyr må skje slik at dyr ikkje skal lide i utrengsmål. Komiteen erkjenner samstundes at utnytting av dyr for menneskelege formål kan føre til lidingar for dyra, og at det òg kan vere tilfelle i samband med hausting av sjøpattedyr.

Komiteen legg avgjerande vekt på FN sin havrettskonvensjon som gjev Noreg herredøme og suverene rettar til ressursane i store havområde, og gjev plikt til å bevare ressursane og utnytte dei optimalt. Komiteen vil peike på at det er legitimt å ivareta norske eigeninteresser.

Komiteen vil òg peike på at Noreg må bruke sin suverene handlefridom innanfor folkerettslege pliktar og normer.

Komiteen vil syne til at opprettinga av eksklusive økonomiske soner har hatt mykje å seie for utviklinga i Noreg.

Komiteen syner til at Den internasjonale konvensjonen for regulering av kvalfangst (ICRW) har som hovudmålsetjing å forvalte kvalbestandar for slik å gjere mogleg ei velordna utvikling av kvalfangstnæringa. Komiteen syner vidare til at konvensjonen har oppretta Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) for dette formålet, og at konvensjonen vart forhandla fram for å regulere storkvalfangsten i Antarktis. Sjølv om utgangspunktet var eit regionalt regime, gjeld konvensjonen for alle havområde.

Komiteen merkar seg at vedtak i IWC for å endra det fleksible regelsettet (Schedule) vert gjorde med 3/4 fleirtal. Konvensjonen krev at slike vedtak må bidra til å oppfylle målsetjinga i konvensjonen, at dei må vere baserte på vitskapleg fakta, at dei ikkje må fordele fangstkvotar mellom land og at dei skal ta omsyn til konsumentane av kvalprodukt og kvalfangstnæringa. Konvensjonen gjev vidare medlemene høve til å ta atterhald, eller såkalla reservasjon, til vedtak i det fleksible regelsettet som er i strid med dei krava som konvensjonen set til slike vedtak.

Komiteen deler Regjeringa sitt syn at konvensjonen si rekkevidde er avgrensa til bardekvalane, spermkval og arktisk og antarktisk bottlenose, og at små tannkval ikkje er omfatta av konvensjonen.

Konvensjonen fungerte tilfredsstillande i samsvar med målsetjinga i perioden frå om lag andre halvdel av 1960-talet til om lag byrjinga av 1980-talet. I 1982 vedtok kommisjonen ein mellombels fangststopp for perioden 1985/86-1990, omtala som eit moratorium. Komiteen syner til at dette vedtaket ikkje var basert på vitskapleg kunnskap. I samsvar med konvensjonen tok difor Noreg atterhald til dette vedtaket. Noreg tok òg atterhald til IWC sitt vedtak i 1985 om å klassifisere den nordaustatlantiske vågekvalbestanden som ein "freda" bestand. Komiteen meiner det er naudsynt å oppretthalde desse atterhalda.

Komiteen syner til at eit fleirtal av medlemene i IWC set til side hovudmålsetjinga i konvensjonen. Komiteen meiner at avtalar må følgjast i samsvar med det overordna prinsippet om pacta sunt servanda, og er nøgd med at ei rekkje medlemsland òg arbeider for å få IWC til å fungere i samsvar med konvensjonen.

Komiteen er samd med Regjeringa i at Noreg si vågekvalforvalting er i samsvar med våre folkerettslege plikter og rettar, og at den både i ande og bokstav er i samsvar med konvensjonen. Samstundes meiner komiteen at med utgangspunkt i kravet om vitskapleg fakta, kan Noreg med fordel leggje større vekt på konvensjonen sitt krav om at det skal takast omsyn til konsumentane av kvalprodukt og kvalfangstnæringa, både når det gjeld arbeidet i IWC og når det gjeld den nasjonale forvaltinga.

Etter moratorie-vedtaket i 1982 har kommisjonen berre forvalta såkalla urinnvånerfangst. Komiteen vil peike på at Noreg sidan 1982 har arbeidd for å få kommisjonen til å ta opp att sitt forvaltingsansvar.

Komiteen syner til at Noreg stogga vågekval­fangsten i 1987. I perioden 1988-1992 vart det utført ein avgrensa fangst for forskingsformål, og ny kunnskap om talrikdomen til vågekvalbestanden vart framskaffa. På bakgrunn av denne nye kunnskapen og ferdigstillinga av den reviderte forvaltingsprosedyren (RMP) utvikla av den vitskaplege komiteen til IWC, avgjorde Regjeringa i 1992 å taka opp att den ordinære vågekvalfangsten i 1993. Dette var eit einsidig tiltak sidan det ikkje hadde lukkast å få IWC til å fungere i samsvar med konvensjonen.

Komiteen vil vidare syne til at IWC ikkje har iverksett RMP trass i eit samrøystes råd frå den vitskaplege komiteen. Ei slik iverksetting av RMP ville gjort kommisjonen i stand til å fastsetje kvoter for dei bestandane som kan haustast.

Komiteen har merka seg at Noreg sitt einsidige tiltak om å ta opp att kommersiell vågekvalfangst, resulterte i ei anna haldning og ein ny dimensjon både utanfor og i kommisjonen. Noreg fekk i stor grad aksept og respekt for gjenopptakinga av fangsten. Fleire aktørar gjekk frå eit bastant nei til berekraftig fangst til eit meir nyansert standpunkt om kor mykje og under kva omstende dei kunne akseptere fangst i framtida.

Komiteen syner til at i kommisjonen kom denne endringa til uttrykk i arbeidet med eit revidert forvaltingsregime (RMS), som skulle omfatta både RMP og kontroll og mekanismar for overvaking. Noreg tok på dåverande tidspunkt aktivt del i RMS-tingingane. Komiteen er skuffa over at eit fleirtal i kommisjonen ikkje har delteke i RMS-tingingane med den målsetjing å fullføre og iverksette RMS. RMS-tingingane har no gått føre seg i 12 år, i tillegg til dei 10 åra med tingingar før RMS-prosessen starta.

Komiteen syner vidare til at situasjonen i IWC vart endå meir forverra i 2003 då det vart oppretta ein eigen vernekomité, og at dette vil kunne føre til ei endå større endring av IWC si verksemd i retning av meir fokus på vern i staden for berekraftig forvalting.

RMP har ei øvre grense for bestandstilvekst på 1 pst. av den delen av bestanden som er eit år eller eldre. Komiteen har merka seg at Regjeringa meiner denne grensa er feil og at bestandstilveksten er på minimum 2 pst., og at mange ville argumentere for 4 pst. tilvekst. Den vitskaplege komiteen i IWC kan ikkje endre RMP utan instruks frå kommisjonen. Ein slik instruks vert avgjort med simpelt fleirtal.

Komiteen meiner at over 20 års intensivt arbeid syner at det over tid har vore vanskeleg å få IWC til å fungere i samsvar med konvensjonen. Den seinare tids utvikling i IWC og dei avgrensingane som vert lagt på den vitskaplege komiteen, syner at det i praksis vil vere vanskeleg å få IWC i nær framtid til å utføre det forvaltingsansvar som konvensjonen legg på kommisjonen.

Komiteen meiner difor at Noreg må syte for at våre plikter under konvensjonen vert oppfylte, og at tida er inne for at Noreg tek eit nytt steg og iverkset økosystembasert forvalting av kvalbestandane. Komiteen er uroa over korleis IWC har utvikla seg, men meiner likevel at Noreg framleis skal arbeide konstruktivt i kommisjonen, t.d. ved å ta del i ein revisjon av RMP.

Komiteen meiner vidare at Noreg skal arbeide for at Den internasjonale kvalfangstkommisjonen igjen byrjar å fungere i samsvar med Den internasjonale konvensjonen for regulering av kvalfangst og i samsvar med FN sin havrettskonvensjon.

Komiteen meiner òg at det vil vere positivt om Noreg styrker det regionale samarbeidet med omsyn til forsking, bevaring og forvalting i Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen har årlege møter. Dette er både kostnads- og tidkrevjande, særleg sett i lys av fråveret av ei positiv utvikling. Forretningsreglane avgjer kor ofte og når kommisjonen skal møtast. Desse reglane kan endrast med simpelt fleirtal. Komiteen vil peike på at det under fleire internasjonale avtaler vert halde partskonferansar kvart andre eller tredje år, t.d. under Konvensjonen om biologisk mangfald og Konvensjonen om internasjonal handel med trua dyre- og planteartar. Komiteen meiner på denne bakgrunn at Noreg skal arbeide for at dei årlege møta i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen skal erstattast av konferansar for dei kontraherande partane kvart andre eller tredje år.

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO) vart oppretta i 1992 gjennom ein avtale mellom Færøyane, Grønland, Island og Noreg og er i samsvar med FN sin konvensjon.

Komiteen har merka seg at ein motivasjon for opprettinga av NAMMCO var at IWC ikkje ivaretok sine forvaltingsmessige forpliktingar.

Komiteen syner til at Regjeringa meiner at NAMMCO har utvikla seg til eit kompetent og effektivt organ, og at medlemslanda har forbetra forvaltinga av fleire sjøpattedyrbestandar gjennom dette samarbeidet.

Komiteen er nøgd med at NAMMCO set søkelyset på økosystembasert forvalting, og at NAMMCO sin vitskaplege komité har vesentleg kompetanse både når det gjeld å vidareutvikle RMP og å utvikle naudsynt metodikk for bruk av DNA-registeret til bestandsvurderingar. Komiteen meiner det er naudsynt å nytte seg av denne kompetansen. Komiteen ser det vidare som ønskjeleg at Regjeringa held fram med å arbeide for å få Canada og Russland til å tiltre NAMMCO-avtalen.

Komiteen meiner vidare at sidan det har vist seg vanskeleg å få IWC til å forvalte dei kvalbestandane som kan haustast, så bør det vurderast å styrke forvaltinga av desse bestandane i NAMMCO. NAMMCO bør òg styrkast når det gjeld forvalting av dei ulike selartane.

Komiteen syner til at Den internasjonale konvensjonen for regulering av kvalfangst ikkje tillet Den internasjonale kvalfangstkommisjonen å fordele fangstkvotar mellom land. Historisk førte dette til kappfangst innanfor totalkvotane, såkalla olympisk fangst. Resultatet var overkapasitet og dårleg lønsemd.

Komiteen trur det er viktig å fordele fangstkvotar mellom land når fleire land haustar av den same bestanden, som ein garantist mot overbeskatning.

Komiteen trur det kan vere ønskeleg at fastsetjing av totale fangstkvotar og fordeling av fangstkvotar mellom Noreg og andre land finn stad i NAMMCO.

Komiteen fremjer følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa vurdere om Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen kan gjevast ei aktiv oppgåve i fastsetjinga av totale fangstkvotar og fordelinga av fangstkvotar mellom Noreg og andre land."

Komiteen syner til at formålet til Konvensjonen om internasjonal handel med trua dyre- og planteartar (CITES) er å sikre at internasjonal handel med ville dyr og planter ikkje truar artane si overleving. CITES er ikkje ein forvaltingsorganisasjon, men ein konvensjon for regulering av handel.

Ulike handelsrestriksjonar gjeld for dei artane som er ført opp i tre vedlegg, såkalla appendiks, til avtalen.

Komiteen har merka seg at appendiks I omfattar artar som er trua av utrydding og som det difor i praksis er eit forbod mot internasjonal handel med, medan appendiks II omfattar artar som ikkje er direkte trua, men som kan verte det om ikkje handelen er strengt regulert. Handel med slike artar krev eksport- og importlisensar frå dei respektive styresmaktene. Appendiks III omfattar artar som einskildstatar har verna, og der andre statar må samarbeide for at vernet skal vere effektivt. Dei kontraherande partane kan ta atterhald til oppføring av artane på dei ulike appendiksa. Slike atterhald kan takast i eit kort tidsrom etter oppføring av ein art, og ved tilslutning til konvensjonen. For å introdusere nye atterhald til allereie lista artar, må ein stat melde seg ut av CITES og så inn igjen med eit endra sett av atterhald.

Komiteen har vidare merka seg at Noreg har teke atterhald for oppføringa av vågekval, finnkval, seikval og spermkval i norske farvatn på appendiks I, og at Noreg såleis kan eksportere produkt frå desse kvalartane.

Komiteen meiner at oppføringa av vågekval som ein utryddingstrua art på appendiks I er gale, og merka seg at Noreg har lagt fram framlegg på tre partsmøte om å flytte den nordaustatlantiske bestanden av vågekval frå appendiks I til appendiks II. Komiteen syner til at framlegget vart støtta av eit simpelt fleirtal ved partsmøta i 1997 og 2000, men at kravet er 2/3 fleirtal for å verte vedtatt.

Komiteen vil peike på at det er dei tonesetjande motstandarlanda i IWC som òg frontar motstanden i CITES. Desse landa syner til IWC sitt moratorium på kvalfangst, og meiner difor at CITES ikkje kan flytte vågekval frå appendiks I til appendiks II.

Komiteen meiner at partsmøtet til CITES må ta ei sjølvstendig avgjerd i samsvar med CITES sine eigne prosedyrar og seier seg lei for at CITES ikkje fungerer i samsvar med den inngåtte avtalen, men har lagt seg på same folkerettsstridige line som IWC.

Komiteen meiner det er viktig å oppretthalde dei atterhalda Noreg har i CITES.

Noreg har drive eit aktivt arbeid for å informere omverda om norsk ressursforvalting, og i særleg grad forvaltinga av sjøpattedyra. Komiteen er samd med Regjeringa i at denne informasjonsverksemda må halde fram, og at Noreg framleis går i bresjen i forsvaret av prinsippa om vern og berekraftig hausting av naturen sitt overskot.

Komiteen har merka seg at denne informasjonsverksemda har ført til resultat. Ein har fått meir og meir aksept og respekt for Noreg sin sjøpattedyrpolitikk. Trass i sterke truslar om det motsette, har komiteen merka seg at norsk fangst ikkje har ført til vesentlege negative konsekvensar for korkje norsk eksport, industri eller turisme. Forsøk på forbrukarboikottar har ikkje ført fram.

Komiteen syner til at norsk fiskerinæring, som kan vere særleg utsett for slike boikottar, ikkje fryktar negative reaksjonar i marknadene ved ein meir offensiv sjøpattedyrpolitikk. Næringa meiner at eventuelle reaksjonar er det mogleg å handtere med sakleg informasjon.

Komiteen har merka seg at den internasjonale mediedekkinga av norsk sjøpattedyrpolitikk vert stadig meir sakleg, og oftare positivt vinkla.

Komiteen syner til at Regjeringa samarbeider med organisasjonar med samanfallande synspunkt om denne informasjonsverksemda, og at desse mottek økonomisk støtte til dette arbeidet, at Regjeringa skal vidareføre det gode, konstruktive samarbeidet med organisasjonar med samanfallande synspunkt.

Komiteen har merka seg at det er mest merksemd om norsk kvalfangst i samband med dei årlege møta i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. Desse møta er eit årleg høve for motstandarane å mobilisere og å få mediedekking. Tilsvarande gjev desse møta Noreg lett tilgang til internasjonale media og såleis eit godt høve til å informere omverda.

Komiteen er samd med Regjeringa i at i lys av kor viktig fiske og fangst er for norsk økonomi, så er det viktig å vidareføre arbeidet med informasjon om norsk ressursforvalting. Denne informasjonsverksemda er særskild viktig når Noreg no går over til økosystembasert forvalting av sjøpattedyrbestandane.

Komiteen vil peike på at fangstnæringane har vore utsett for særs harde åtak som har ramma næringane økonomisk og dermed gitt redusert lønsemd. Boikott­aksjonar og importrestriksjonar reduserte marknaden for selskinn dramatisk, og forbod mot kvitungefangst reduserte fangsteffektiviteten vesentleg.

Komiteen vil vidare peike på at i strid med artikkel XX i GATT-avtalen forbyr USA import av alle ulike slag selprodukt og at EU forbyr import av selungeskinn og varer framstilt av selungeskinn.

Komiteen meiner at Noreg må arbeide for å tryggje rettmessig tilgang for norske selprodukt til utanlandske marknader. Det multilaterale handelssystemet, etablert gjennom WTO-regelverket, er ein viktig garantist mot vilkårligheit, proteksjonisme og den sterkaste si rett. Det er viktig å sikre at handelsreglane vert etterlevd. Komiteen vil vidare syne til at i fall bilaterale samtaler ikkje fører fram, så er det mogleg å finne fram til løysingar knytt til importrestriksjonar på selprodukt i WTO sitt tvisteløysingsorgan.

Komiteen vil vidare syne til at stoggen i vågekvalfangsten og den sterkt reduserte fangsten, hadde som verknad at marknaden ikkje vart tilført kvalprodukt, og såleis forsvann etter kvart òg etterspørselen. Noreg sitt sjølvpålagte eksportforbod stogga tilførselen av norske kvalprodukt til den japanske marknaden. Det generelle verkemiddelapparatet bør slik komiteen ser det, prioritere dei utfordringane næringa har i høve til produktutvikling, vidareutvikling og marknadsføring. Komiteen har merka seg at Noreg oppheva det sjølvpålagte eksportforbodet for kval i 2001. Norsk eksport av kvalprodukt er i samsvar med dei folkerettslege rettane og pliktane. Vi har noko eksport til Island og Færøyane og komiteen er nøgd med at Regjeringa har lagt ned arbeid for å få tilgang til den store og godt betalande japanske marknaden, som vil kunne etterspørje biprodukt som spekk, sporar, innvollar. Komiteen ønskjer at Regjeringa intensiverer arbeidet med å få tilgang til den japanske marknaden.

Komiteen har merka seg at noverande vågekvalfangst på 600-700 dyr gjev om lag 1 000 tonn kjøt, som tilsvarar om lag 200 g kvalkjøt pr. innbyggjar. Kvalkjøtprodusentane meiner eit så lite volum gjer det vanskeleg med effektiv marknadsføring, produktutvikling og distribusjon, og det kan vere vanskeleg å oppfylle matvarekjedene sitt krav om jamn, kontinuerleg tilførsel av kjøt. Komiteen vil peike på at det er eit vesentleg problem for kvalnæringa at ein god del matvarebutikkar ikkje fører kvalkjøt, og at næringa først må ha tilgang på meir råstoff, m.a.o. auka fangst, før marknadene kan utviklast vidare.

Hovudproduktet frå sel er skinn, men det vert òg produsert olje frå selspekk. Hovudproduktet frå kval er kjøt. Komiteen har merka seg at forskarane har kome fram til at kjøt og spekk av sjøpattedyr er særs velegna som mat. Det inneheld særs mange viktige næringsstoff, og innhaldet ligg langt over dei kjøttprodukt ein får av landdyra. Det er derfor viktig at dette vert utnytta.

Komiteen har vidare merka seg at forskinga meiner at ein gjennom meir forsking og produktutvikling kan framstille nye og helsefremjande produkt. Dette er i seg sjølv verdfullt, men det vil òg gjere næringa lønsam på sikt.

Det er mange ulike produkt som kan utviklast frå sjøpattedyr. Komiteen har merka seg at for 2004 har Innovasjon Norge og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) sett i gang eit selprogram med ei økonomisk ramme på 3,2 mill. kroner. Dette programmet omfattar m.a. forsking og utvikling for å kunne auke verdiskapinga ved å utnytte selspekket betre, auka satsing på design, trendar og motar, og utvikling og tilpassing av skuter til bruk i selfangst.

Komiteen har vidare merka seg at Eksportutvalet for fisk (EFF) står for den generiske marknadsføringa av kvalkjøt i Noreg, og at Reklameutvalet for småkvalkjøt kjøper desse tenestene av EFF i staden for å byggje opp ein eigen marknadsorganisasjon. Kvalnæringa, ved både fangst- og produksjonsleddet, finansierer Reklameutvalet for småkvalkjøtt.

Komiteen er særs nøgd med at dei lovoppnemnde instansane Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond og Eksportutvalet for fisk er involvert i forsking, utvikling og marknadsføring i samband med sjøpattedyr. Særleg sjøpattedyrnæringane har trong for den kompetansen som desse instansane sit på.

Komiteen har merka seg at kvalnæringa i dag er ei lønsam næring, men med eit mykje større potensial dersom ein aukar uttaket, tar forvaltingsmessige omsyn, driv produktutvikling og marknadsføring. Særleg har spekk eit stort potensial i den japanske marknaden.

Det er om lag 30-35 kombinerte fiske- og fangstfarty, gjennomsnittleg 65 fot i lengd, som deltek i fangsten. Om lag 20 pst. av årsinntekta kjem frå kvalfangsten, men i 2003 med låge fiskekvotar og prisar utgjorde kvalfangsten 33 pst. av inntekta. Komiteen vil understreke at kostnadane ved kvalfangst er større enn ved andre fiskeri, og såleis er kvalfangsten sin del av nettoinntekt lågare enn nemnde del av bruttoinntekt. Komiteen registrerer med glede at det er nokså stor fornying av kvalfangstflåten.

Komiteen har merka seg at vågekvalkvota i år er på 670 dyr, at det i fjor vart fanga 647 dyr og at det var offentlege inspektørar om bord under heile fangsten. Fartya må dekke kostnader til kost for inspektørane.

Komiteen vil peike på at om eit farty har trong for inspektør utover det tal døgn som Fiskeridirektoratet betaler, så må det sjølve bere desse kostnadene. Kravet til inspektør om bord under heile fangsten kan gjere fangsten mindre effektiv og dermed mindre lønsam, t.d. ved at fartya må seie i frå på førehand når dei treng inspektør. Det kan hindra farty frå å drive fangst når tilhøva ligg til rette for det fordi det ikkje har inspektør om bord. Komiteen er såleis samd i Regjeringa sitt framlegg om å erstatte inspektørordninga med elektronisk overvaking, og trur at elektronisk overvaking er betre enn inspektørordninga då den menneskelege faktoren vert eliminert. Dette krev samstundes at elektronikken fungerer utan tekniske feil.

Komiteen har merka seg at totalkvotane vert fordelt på ulike kvoteområde, og at det einskilde farty berre kan fanga i tildelt kvoteområde. Dette kan føre til ekstra kostnader med transport til og frå kvoteområde. Dessutan kan naturlege tilhøve som beitegrunnlag og ver gjere at fangsteffektiviteten og dermed lønsemda i eit kvoteområde vert dårlegare enn i andre.

Komiteen har vidare merka seg at dei to kvoteområda for Barentshavet i år vert forvalta som eitt kvoteområde.

Så lenge dei vitskaplege omsyna er ivaretatt, er komiteen positivt innstilt til at forvaltinga av vågekvalfangsten tek omsyn til effektiviteten og lønsemda.

Komiteen registrerer at det vert hevda at det ikkje finst vitskapleg grunnlag for å oppretthalde kvoteområdet for Spitsbergen, men at det vert gjort ut frå eit ønske om å vere sikker på at fangsten vert jamt distribuert. Nokre hevdar at kvoteområdet Spitsbergen bør innlemmast i kvoteområdet Barentshavet og at ein i alle tilfelle vil få ei naturleg fordeling av fangsten på grunn av beite- og vêrtilhøve.

Komiteen syner til at dei tradisjonelle fangst­områda, i tillegg til norske farvatn, til dels omfatta ru­ssisk, islandsk, britisk, færøyisk og grønlandsk sone, og internasjonalt farvatn.

Komiteen syner vidare til at det eksisterande vågekvalestimatet omfattar desse områda.

Komiteen ber om at det vurderast om norske kvalfangarar kan få tilgong til fangst i internasjonale farvatn i Norskehavet.

Norges Råfisklag har dei siste åra, for å lette førstehandsomsetninga, krevd at fartya må levere kjøt i fleire omgangar, og det kan verte stilt krav til liggetid før dei tek opp att fangsten igjen. Komiteen syner til at salslaga har kompetanse på førstehandsomsetninga, men registrerer at slike reguleringar kan føre til redusert fangsteffektivitet og lønsemd. Fangstleddet, kjøparkorpset, salslaga og Fiskeridirektoratet må samarbeide for å kome fram til ordningar som syter for mest mogleg lønsemd i næringa.

Komiteen meiner at kvalfangstsfarty bør ha høve til å oppbevare råstoff best mogleg, inklusiv frysing, og at det vert vurdert å gje ein avgrensa, restriktiv tilgang til ombordproduksjon.

Komiteen meiner at rammevilkåra må vere slik at kvalfangsten kan halde fram å vere lønsam og subsidiefri, og då er det m.a. naudsynt med auka fangst og vidareutvikling og konstruktivt samarbeid mellom dei ulike aktørane.

Komiteen har merka seg at som toppredatorar i den marine næringskjeda er sjøpattedyr særs utsett for framandstoff som t.d. PCB (både dioksin-like og andre) og kvikksølv. Nokre av desse vert akkumulert i sjøpattedyra.

Alder er ein av fleire faktorar som har innverknad på innhaldet av framandstoff i det einskilde dyr. Komiteen syner til at i sjøpattedyrbestandar som ikkje vert hausta, m.a.o. nullkvoter, vert bestandane regulert av avgrensande faktorar i økosystemet. Ei slik forvalting vil føre til høgare gjennomsnittsalder i bestandane og såleis fleire individ med høge konsentrasjonar av fra­mandstoff. Komiteen vil ikkje utelukke at òg det motsette er tilfelle, m.a.o. at ei forvalting mot ein bestandsstorleik som gjev maksimum avkastning (MSY-nivå) kan føre til lågare gjennomsnittsalder i bestandane og såleis fleire individ med lågare konsentrasjonar av framandstoff. Om dette er tilfelle, så er det i seg sjølv eit sjølvstendig argument for ei forvalting som har MSY-nivå for bestandane som målsetjing.

Komiteen har merka seg at andre faktorar som fødeval, kjønn, reproduksjonsstatus og tid på året òg har innverknad på konsentrasjonane av framandstoff i produkta frå sjøpattedyr. Gjennom forvaltinga av haustinga av sjøpattedyr kan ein såleis ta grep for å redusere konsentrasjonane av framandstoff i produkta. Komiteen meiner det er naudsynt å undersøkje desse samanhengane og å ta forvaltingsmessige grep.

Komiteen syner til at Mattilsynet har gjeve kosthaldsråd til gravide og ammande om ikkje å konsumere sel- og kvalkjøt på grunn av kvikksølvinnhald. Når det vert gjeve kosthaldsråd, er det særs viktig å framskaffe data om den samanhengen som ein trur ligg føre. Komiteen vil peike på at kosthaldsråd kan ha verknad på marknaden og såleis lønsemda i dei råka næringane.

Komiteen er samd i Regjeringa sitt framlegg om å auke fangstkvotane vesentleg for bestandane av grønlandssel i høve til noverande nivå. Kvotane på grønlandssel har i lita grad vore hausta dei siste åra. Komiteen meiner utfordringa er å legge tilhøva til rette for auka fangst. Komiteen vil vise til at norske forskarar hevder at ein har for liten kunnskap om grønlandssel. Komiteen meiner derfor at Regjeringa bør vurdere å sette i gang eit forskingsprogram for innhenting av meir kunnskap om grønlandssel.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Senterpartiet, har forståing for at næringa ynskjer å driva fangsten mest mogelg effektivt. Det er imidlertid ikkje særleg etterspurnad etter pelsen av kvitungar, samstundes som fangst av kvitungar er problematisk i høve til opinionen. Fleirtalet vil derfor ikkje støtte ei oppheving av forbodet mot fangst av kvitungar.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet har merka seg at selfangstnæringa ønskjer å hauste kvitungar for slik å få ein effektiv fangst. Nokon slik fangst er tillate utafor det tidsavgrensa forbodet. I høve til avlivingsmetodar, er fangst av diande ungar svært effektivt. Kvitungar vert i dag hausta av russarane i Kvitsjøen, og skinna vert omsett m.a. i den russiske marknaden. Desse medlemene trur difor det er mogleg å utvikle ein marknad for kvitungeskinn.

Desse medlemene har merka seg at det tidlegare var særs stor motstand mot fangst av kvitungar. Desse medlemene trur at for brorparten av motstandarane av selfangst er det irrelevant om det vert fanga diande ungar, ikkje-diande ungar, ungar, vaksne eller gamle dyr. Vidare meiner desse medlemene at det kan vere tenleg med frie fangstkvotar på grønlandssel i ein periode.

Desse medlemene meiner at det er omsynet til norsk ressursforvalting som skal vere avgjerande.

Desse medlemene trur at med ei offensiv informasjonverksemd er det mogleg å informere den såkalla opinionen om at kvitungefangst er særs effektivt, humant og ressursmessig tilrådeleg. Denne såkalla opinionen er ofte ikkje meir enn nokre få grupperingar som har eit høgt støyvolum, og som meiningsmålingar syner ofte ikkje framfører representative synspunkt. Desse medlemene vil i tillegg peike på at dersom norsk sjøpattedyrpolitikk skal ta utgangspunkt i kva ein trur er akseptabelt eller ikkje for denne opinionen, så er det vanskeleg å vite kvar grensene skal settast.

Som ei prøveordning for å undersøke fangsteffektivitet og for å utvikle og teste marknader, meiner desse medlemene at det bør vere høve til å hauste kvitungar.

Desse medlemene syner vidare til at det tidlegare vart fanga grønlandssel om ettersommaren og hausten. Skinna i denne perioden kan vere av god kvalitet. Grønlandsselen har på denne tida beita heile sommaren, og har difor eit tjukt spekklag som gjer at den kan flyte etter avliving. Eit tjukt spekklag er av interesse når det gjeld utvinning av olje frå spekket. I tillegg er det rimeleg å tru at konsentrasjonane av framandstoff er relativt lågare ved tjukt enn tynt spekklag. Desse medlemene meiner difor det bør vere tilgang til heilårleg fangst av grønlandssel.

Desse medlemene fremjar følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa som ei prøveordning fram til 2009 å tillate heilårleg hausting av grønlandssel i alle aldrar og farvatn for å undersøke fangsteffektivitet og for å utvikle og teste marknader."

Komiteen har merka seg at selnæringa er oppretthalden gjennom stimuli i form av offentlege subsidiar på omlag 10-13 mill. kroner årleg, og at Regjeringa meiner at selnæringa i lang tid framover vil vere avhengig av økonomiske støtteordningar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, tykkjer at Regjeringa sitt framlegg om å erstatte subsidiane til fangstskutene med "kvotebonus", m.a.o. betaling i form av fiskekvotar, er interessant. Logikken er at selnæringa får noko av den gevinsten som kjem i form av økte fiskekvotar, medan resten av fiskerinæringa får resten. Fleirtalet meiner det er viktig at kvotebonus vert utforma slik at den kan medverke til stabile og gode økonomiske rammevilkår som gjer det økonomisk interessant å hauste sel.

Fleirtalet meiner Regjeringa må ta omsyn til synspunkta frå fiskerinæringa når det gjeld utforminga av kvotebonus, idet denne ordninga har verknad på fiskeria.

Fleirtalet vil peike på at ein må få den eksisterande flåten til å fatte interesse for selfangst slik at ein kan unngå å byggje opp ein ny selfangstflåte som vil krevje kvoter av andre fiskeslag for å kunne overleve. Fiskefartøy som vil ta del i selfangst, bør få tilskot til å byggje om slik at selfangst er mogleg.

Fleirtalet har merka seg at meldinga seier at det skal ytast økonomisk støtte til produktutvikling, vidareforedling og marknadsføring. Fleirtalet meiner at i lys av at fiskerinæringa hjelper til gjennom kvotebonus, er det naturleg at òg styresmaktene i større grad forpliktar seg økonomisk. Eit spleiselag er ønskjeleg. Fleirtalet trur det i ei lang tid framover vil vere naudsynt med tilskot både til investeringar, fangst, forsking, produktutvikling og marknadsføring.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet meiner at den drøfta ordninga med kvotebonus ikkje er eit eigna verkemiddel for å få opp deltakinga og lønsemda i selfangsten. Det er blitt peika på faren for at selfangst blir eit "nødvendig onde" for å få kvoterettar i andre fiskeri.

Desse medlemene meiner styresmaktene bør ta eit medansvar i forhold til produktutvikling, vidareforedling og marknadsføring i fiskeria som sådan, og i denne samanhengen i forhold til selfangsten. Det vil i overskueleg framtid vere behov for offentleg tilskott til selfangst, og desse medlemene meiner andre næringspolitiske verkemiddel som Regjeringa skisserer i meldinga, ikkje må komme som erstatning for tilskott til selfangst over Fiskeriavtalen.

Komiteen syner til St.meld. nr. 27 si omtale av førekomstane av kystsel og dei problema som kystsel fører til.

Komiteen syner vidare til handsaminga av Dokument nr. 8:65 (2001-2002) den 16. mai 2002, der Stortinget gjorde følgjande vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa så snart som mulig om å utrede og fremme forslag til løysningar av problema med kystsel. I vurderinga må følgjande inngå:

  • - Økte fangstkvoter på kystsel,

  • - Innføring av økonomisk tilskot for fangst av kystsel og

  • - Muligheiter for bearbeiding og sal av selprodukt."

Komiteen vil peike på at kystsel er vertsdyr for torskekveis. Kveis legg egg i selen sin magesekk, desse egga søkk til botn og vert etne av krepsdyr. Fisk vert infisert når dei et slike krepsdyr eller mindre fisk som er infisert. Hjå fisken finn ein kapslar av kveis på filet. Ein finn kveis i torsk og anna botnfisk.

Komiteen har merka seg at for den tradisjonelle fiskeindustrien er det tidvis store utfordringar knytt til kystsel og kveis. Kveis må fjernast ved produksjon, noko som er arbeidskrevjande og reduserer utnyttinga av kvar fisk. Dette reduserer lønsemda til fiskeindustrien.

Komiteen er òg uroa over at kveis kan gje ei negativ oppleving for fritidsfiskarar og turistfiskarar, og at dette på sikt kan føre til ei uheldig utvikling for fisketurisme. Dette kjem i tillegg til problema for fiskerinæringa.

Komiteen vil peike på at kystsel òg konsumerer fisk. Det ligg føre noko kunnskap for avgrensa område. Kystsel kan òg føre til skader på fiskereiskapar. Vidare kan kystsel som set seg fast i fiskereiskap kunne verte påført lidingar og drukne.

Komiteen meiner at førekomstane av kystsel må reduserast for å avgrense dei problema som den lagar til.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Senterpartiet, er samd i Regjeringa sitt framlegg om å gje utlendingar tilgang til å ta del i jakt på kystsel, under føresetnad av at dei formelle kunnskapskrava er møtt. Fleirtalet trur at jakt på kystsel kan vere ei spanande utfordring for utanlandske jegerar, og at ei slik jakt vil kunne bidra til å nå målsetjinga om reduserte lokale førekomstar av kystsel. Fleirtalet vil presisere at ein må syte for at turistjakt på sel berre foregår der aktørane har tilstrekkeleg kunnskap om avlivingsmetodar.

Komiteen syner til at estimatet for vågekval i norske farvatn er rekna til 107 205, og at dette punktestimatet har eit 95 pst. konfidensintervall på 83 000-138 400. Nye estimat vert lagt fram om lag kvart sjette år. Vågekval er den einaste kvalarten som Noreg no haustar.

Komiteen merkar seg at denne talrikdomen er akseptert av den vitskaplege komiteen til Den Internasjonale Kvalfangstkommisjonen, og såleis at estimatet er rekna i samsvar med gjeldande prosedyrar.

Komiteen har merka seg at vågekvalkvota i år er på 670 dyr, og at det i fjor vart fanga 647 dyr.

Komiteen syner til at Regjeringa seier at det er eit potensial for auka vågekvalkvoter ved å leggje likevektshaustinga i 1960-1980-åra til grunn, og at vågekvalkvota er relativt varsam i høve til kva som truleg er biologisk forsvarleg.

Komiteen syner vidare til at det i ein 20-årsperiode frå 1963 til 1982 vart fanga om lag 1 800 dyr i gjennomsnitt.

Komiteen merkar seg at detaljerte vitskaplege undersøkingar gjev gode grunnar til å tru at denne fangsten var berekraftig, og at det ikkje er nokon grunn til å tru at vågekvalen sitt beitegrunnlag er dårlegare i dag enn i desse 20 åra.

Komiteen merkar seg vidare at Regjeringa seier at eit årleg uttak på 1 800 dyr fram til eit nytt bestandsestimat vert lagt fram (truleg i 2008), ikkje vil setje bestanden i fare. Eit slikt uttak vil maksimalt fjerne 9 000 dyr av bestanden.

Komiteen er samd med Regjeringa i denne vurderinga.

Komiteen merkar seg at sjølv om ein tek utgangspunkt i den nedre delen av konfidensintervallet, så vil truleg ikkje eit slikt uttak setje bestanden i fare.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, har vidare merka seg at eit årleg uttak på 1 800 dyr utgjer mindre enn 2 pst. av punktestimatet på 107 205 individ i bestanden, og at eit slikt uttak såleis er lågare enn bestanden si minimumstilvekst på 2 pst.

Fleirtalet syner til at prosedyrane med regelmessige bestandsestimat inneber mekanismar for tilbakemelding om stoda i bestanden. Slik tilbakemelding med ny kunnskap gjev høve for å justere det framtidige uttaket i høve til dei forvaltingsmessige målsetjingane.

Fleirtalet merkjer seg såleis at det ikkje er naudsynt å vite på noverande tid om bestanden vil tole eit tilsvarande uttak i mange år utover det neste bestandsestimatet.

Fleirtalet trur at eit høgare årleg uttak i ein prøveperiode vil kunne vere nyttig i høve til å teste og å ut­vikle den reviderte forvaltingsprosedyren utarbeidd av den vitskaplege komiteen til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. Ei slik testing og vidareutvikling av denne prosedyren kan òg gå føre seg i den vitskaplege komiteen til Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen.

Fleirtalet meiner difor at i lys av eksisterande vitskapleg kunnskap, og av omsyn til målsetjinga om økosystembasert forvalting og marknad, at det årlege uttaket må aukast vesentleg fram til det ligg føre eit nytt bestandsestimat.

Fleirtalet ønskjer at ei slik forvalting skal setjast i verk snarast råd og at rammevilkåra vert slik at det er mogleg å få til eit slikt uttak.

Fleirtalet fremjar følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa snarast råd auke det årlege uttaket av vågekval vesentleg i høve til dagens nivå, og i tråd med tilrådingar frå norske forskarar."

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner det er mogleg å finne fram til ein forsvarleg forvaltningsstrategi som gir vesentleg høgare kvotar enn det den noverande forvaltningsstrategien utarbeidd av vitskapskomiteen til den Internasjonale Kvalfangstkommisjonen (RMP) gir, sjølv når denne vert justert så mykje som mogleg innanfor det området den er uttesta for.

Desse medlemene ynskjer ikkje å setje kvotar for vågekvalfangst utan i samsvar med ein langsiktig forvaltningsstrategi som er grundig uttesta og vitskapleg grunngjeve. Med dagens overvaking er det stor uvisse knytt til dei seksårige bestandsanslaga. Difor er det naudsynt med ein gjennomtesta strategi for forvalting av vågekval. Denne forvaltingsstrategien må tåle uvissa i bestandsanslaga og også uvisse knytt til vågekvalen sin biologi og miljøet i våre farvatn.

Desse medlemene ber på denne bakgrunnen Regjeringa syte for at ein forbetra forvaltningsstrategi for vågekval vert utvikla. Denne strategien bør vera ein del av strategien for økosystembasert fleirbestandsforvalting av fisk og sjøpattedyr. Desse medlemene meiner det er mogleg å monaleg raskt utvida det uttesta justeringsrommet for Kvalfangstkommisjonens RMP, og ber Regjeringa setje i gang eit forskingsprosjekt for å finne ut kor mykje dette justeringsrommet kan utvidast utan å setje vågekvalen i fare på lang sikt om han vert forvalta etter denne justerte prosedyren.

Desse medlemene fremjar på denne bakgrunnen følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa snarast råd syte for at det blir utarbeidd ein strategi for vågekvalforvalting som byggjer på arbeidet i den Internasjonale Kvalfangstkommisjonen med RMP, slik at det årlege uttaket av vågekval kan auke monaleg i høve til dagens nivå, så sant dette kan gjerast på bærekraftig vis i tråd med tilrådingar frå norske forskarar."

Komiteen ønskjer at mangfaldet av kvalartar i norske farvatn skal oppretthaldast med levedyktige bestandar. Dette mangfaldet m.a. omfattar blåkval, finnkval, knølkval, grønlandskval, spermkval, seikval, spekkhoggar, grindkval, springar, nise, delfin, tumlar, kvitkval, narkval og nordleg nebbkval. Komiteen er merksam på at talrikdomen av desse artane varierer mykje. Medan det truleg ikkje er meir enn nokre få titals grønlandskval att, så er førekomstane av t.d. grindkval, springar og nise særs talrike.

Komiteen deler Regjeringa si uro over stoda til grønlandskvalen. Komiteen er samd med Regjeringa i at det er særleg grunn til å få meir kunnskap om grønlandskval og å utarbeide eigna vernetiltak. Det kan vere ønskjeleg å gjere tilsvarande òg for andre artar, t.d. blåkval. Medan blåkval vert observert regelmessig er det berre nokre titals grønlandskval. For andre arter, som t.d. seikval, narkval og kvitkval er det tilsynelatande ikkje nokon kunnskap om talrikdom. Ingen av desse kvalartene vert hausta.

Komiteen registrerer at det er varierande kunnskap om kva dei ulike kvalbestandane konsumerer, kor mykje dei konsumerer av ulike ressursar og kor mykje biomasse som totalt vert konsumert. Ein årsak er mang­lande kunnskap om talrikdomen, men denne kunnskapen vantar i stor grad òg for einskildindivid.

Komiteen syner til at spekkhoggar i stor grad følgjer silda sine vandringar og at sild truleg er det viktigaste byttedyret, at grindkval vert sagt å ete blekksprut, at ein trur at springar beitar på sild, lodde, tobis og blekksprut, og at nisa er ein fiskeeter med sild som eit viktig byttedyr.

Komiteen merkar seg at Regjeringa meiner at det er ei utfordring å identifisere dei essensielle interaksjonane mellom sjøpattedyr og kommersielle fiskeslag og kvantifisere desse slik at dei kan verta innarbeidd i fleirbestandsmodellar og leggjast til grunn for ei økosystembasert forvaltingsprosedyre.

Ein har relativt mykje kunnskap om den kvalarten som vert hausta, nemleg vågekval. Komiteen har det klåre inntrykk at hausting av ein bestand inneber ein dynamikk som gjev oss kunnskap om denne bestanden. Og tilsvarande at fråver av hausting fører til lite, eller ingen kunnskap. Komiteen er samd i Regjeringa sitt syn at det er naudsynt med meir kunnskap om andre kvalartar enn vågekval. Komiteen meiner at det bør setjast i verk tiltak for å få slik kunnskap. Komiteen er merksam på at det i lys av noverande kunnskap ikkje er mogleg å seie eintydig kva det langsiktige uttaket av desse artane kan og bør vere.

Komiteen fremjar følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa vurdere å opne for fo­rskingsfangst på andre kvalartar, for slik å leggja tilhøva til rette for ein større forskingsinnsats og såleis akkumulering av ønskeleg og naudsynt kunnskap."

Komiteen syner til at dei vitskaplege, folkerettslege og realpolitiske tilhøva tilseier at dei økologiske og økonomiske vurderingane må vere avgjerande for norsk sjøpattedyrpolitikk.

Komiteen vil vidare syne til at vurderingane av tidsaspektet tilseier at Noreg snarast må iverksetje økosystembasert forvalting av sjøpattedyrbestandane.

Komiteen meiner at uttaket av sel og kval har vore for lågt i altfor lang tid, og at dette har vore skadeleg for norsk verdiskaping, arbeidsplassar og busetting.

Komiteen meiner det er naudsynt for Stortinget å nøye følgje utviklinga av norsk sjøpattedyrpolitikk, og ønskjer at Regjeringa held Stortinget kontinuerlig oppdatert om utviklinga.

Komiteen meiner at St.meld. nr. 27 (2003-2004) gjev Stortinget eit godt høve til å ta grep for å få på plass ein framtidsretta, økonomisk og økologisk sjøpattedyrpolitikk.

Komiteen ønskjer at Regjeringa skal leggje fram ei ny stortingsmelding om norsk sjøpattedyrpolitikk hausten 2008, eller når det ligg føre eit nytt bestandsestimat for vågekval i norske farvatn.

Komiteen fremjar følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei ny stortingsmelding om norsk sjøpattedyrpolitikk seinast hausten 2008, eller når det ligg føre eit nytt bestandsestimat for vågekval i norske farvatn."