Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Status og utfordringar

Kommunane har ansvaret for tenester til menneske med behov for helse- og sosialtenester utan omsyn til alder. Ein vesentleg del av dette er pleie- og omsorgstenester. I 2001 utgjorde driftsrekneskapen for pleie- og omsorgstenestene 43 mrd. kroner, det vil seie mellom ein tredel og ein firedel av dei kommunale budsjetta. Det blei utført 90 000 årsverk, og i overkant av 200 000 personar fekk hjelp.

80 prosent av kommunane meiner at dei under "Handlingsplan for eldreomsorgen" har kome fram til ein rimeleg balanse i tilbodet mellom sjukeheimar og omsorgsbustader. To tredelar av kommunane oppgir at dei som har flytta inn i omsorgsbustad, har fått tilbod om døgnteneste frå første dag ved behov, og meir enn fire av fem kommunar har rutine på at alle som flyttar inn i omsorgsbustad, får tildelt tenester gjennom einskildvedtak.

Dei fleste kommunane har integrert institusjons- og heimetenestene i éi organisatorisk eining.

Ei utgreiing basert på ei undersøking i 108 kommunar viser at 73 prosent av bebuarane i kommunalt ut­leigde omsorgsbustader er eldre med kroniske sjukdommar, aldersdemens og omfattande eller moderat funksjonssvikt, medan berre 3 prosent er "friske" eldre. Dei resterande 24 prosent er bebuarar med funksjonshemming, utviklingshemming eller psykiske lidingar. Nærmare halvparten av kommunane kjem i tida fram til 2005 til å gi heimebasert omsorg eller tilbod i omsorgsbustad til brukarar som tidlegare ville ha motteke sjukeheimsplass.

Opp gjennom 1990-åra har kommunane fått utvida ansvar for pleie og omsorg. Tidlegare var det i stor grad snakk om kommunal eldreomsorg. Gjennom forvaltningsreformer som ansvarsreforma for psykisk utvik­lingshemma og opptrappingsplanen for psykisk helse har kommunane fått ansvar for tiltak for personar i ulike aldrar og med ulike behov. Desse gruppene har ofte behov for både helsetenester og sosialtenester, og eit samspel mellom desse tenestene er ofte avgjerande for å kunne gi brukarane nødvendig hjelp.

Liggjetida ved somatiske sjukehus går ned, og pasientane får i større grad enn tidlegare etterbehandling og andre meir spesialiserte helsetenester frå kommunehelsetenesta. Som følgje av den medisinske og teknologiske utviklinga er det i dag i mykje større grad enn før mogleg å behandle alvorlege sjukdomstilfelle i eller i nærleiken av pasienten sin eigen heim. Mange kommunar har teke i bruk edb-baserte system i pasientbehandlinga i primærhelsetenesta.

I perioden 1997-2001 var det ein årleg vekst i talet på utførte årsverk i helse- og sosialsektoren på om lag 3 prosent. Mens det var 0,36 årsverk per brukar i 1994, var det 0,45 årsverk per brukar i 2001. Rapportar frå fylkesmennene viser at det framleis er geografiske skilnader både i veksten i utførte årsverk og når det gjeld kompetanseutvikling. Den delen av helsepersonellet som ikkje har fagutdanning, ligg på 22 prosent for heile landet (2001). I dei siste åra har prosentdelen personell utan fagutdanning gått ned. Redusert tilgang på hjelpepleiarar har gjort at denne utviklinga har stoppa opp. Det blir uttala at å rekruttere fleire til hjelpepleiar- og omsorgsarbeidaryrka er ei stor utfordring i tida framover, mens det på grunn av den sterke veksten i opptaket til sjukepleiarutdanninga kjem til å vere nokolunde balanse i høve til etterspørselen etter sjukepleiarar fram mot 2010.

Det blir vist til fleire utgreiingar om status for kvaliteten i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene. Ei rad undersøkingar viser at det framleis er store variasjonar frå kommune til kommune når det gjeld kvaliteten på tilbodet, og også mellom ulike tilbod i éin og same kommune. Ei brukarundersøking blant eldre i sjukeheimar og omsorgsbustader og blant eldre heimebuande i dei fem største byane i landet viser at eldre ikkje er blitt meir nøgde med tenestene, sjølv om ressursinnsatsen har auka vesentleg i dei siste fem åra.

Når investeringsprogrammet for handlingsplanen blir avslutta i 2005, kan alle som ønskjer det, få einerom med bad og WC, og romma er store nok til at brukaren kan ha med private eigneluter. Det blir peika på at saman med bygging av 25 000 nye omsorgsbustader vil dette heve kvaliteten på dei fysiske rammene for pleie- og omsorgstenestene vesentleg.

I 2001 gjennomførte fylkeslegane tilsyn med helsetenester til aldersdemente. Rapporten viser at kommunane ikkje sikrar at heimebuande brukarar av heime­tenestene blir fanga opp eller sende til lege ved mental svikt, og at svært mange kommunar heller ikkje sikrar at bebuarar i skjerma einingar blir forsvarleg utgreidde. 28 av 61 kommunar oppfyller ikkje lovbestemte krav til einskildvedtak, og 16 av kommunane har ikkje gode nok ordningar for å sikre brukarmedverknad ved utforming av tilbodet.

Det blir uttala at erfaringane så langt ikkje gir noko eintydig bilete av om konkurranseutsetjing av tenestene gir betre kvalitet, men at svenske og norske undersøkingar likevel viser at fokusering på konkurranse gir betre kvalitet.

Sosial- og helsedirektoratet har i samarbeid med Statens helsetilsyn fått i oppdrag å utarbeide ein ny samla kvalitetsstrategi for sosial- og helsetenesta .

Tal frå OECD viser at Noreg, som dei fleste industriland, står overfor store demografiske utfordringar med fleire eldre og eldre med høg alder. Samtidig vil det som følgje av lågare fødselstal bli færre yrkesaktive til å forsyte dei eldre. Dei siste befolkningsframskrivingane frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på personar over 67 år kjem til å minke noko fram til 2005 eller 2006, men deretter kjem talet til å vekse raskt, til mellom 1,1 og 1,4 millionar i 2050, om lag dobbelt så mange som i dag. Talet på eldre over 80 år kjem til å auke frå 190 000 til 400 000.

Fleire eldre inneber normalt fleire menneske med demenssjukdommar. Korleis dette vil utvikle seg i åra framover vil vere avhengig av den medisinske utviklinga. Det blir uttala at å utvikle gode tilbod til menneske med demens i ulike fasar blir ei stor utfordring for samfunnet i åra framover.

Det blir understreka at ein står overfor særlege utfordringar når det gjeld å leggje pleie- og omsorgstenestene til rette for funksjonshemma slik at dei kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv.

Det blir peika på at når Noreg er blitt eit fleirkulturelt land, får dette stadig større verknader også for pleie- og omsorgstenestene. Nokre av utfordringane er mellom anna å syte for tilgjengeleg informasjon og faglitteratur om aktuelle sjukdommar og behandlingsmetodar på mange språk, å utdanne helse- og sosialpersonell med minoritetsbakgrunn, slik at helse- og sosialtenestene på landsbasis kan dra nytte av dei språkkunnskapar og den kulturforståing dei har, å leggje til rette for teneste­tilbod og for brukarmedverknad for personar med ulike kulturelle bakgrunnar og etablering av samarbeid med pårørande med ulike kulturelle bakgrunnar.

Regjeringa meiner at dei framtidige utviklingstrekka, der det viktigaste er dei stadig fleire eldre, gjer det nødvendig å fokusere på tiltak for å halde folk i aktivitet og dermed førebyggje omfattande hjelpebehov.

Det blir peika på at skilnaden i betaling for korttidsopphald etter kommunehelsetenestelova og avlastingsopphald etter sosialtenestelova kan føre til at kommunane gir korttidsopphald i institusjon i staden for andre høvelege løysingar. Dette vil bli vurdert i samband med gjennomgangen av finansierings- og brukarbetalingsordningane. Det blir uttala at det er behov for å harmonisere regelverket som styrer avlastningstenestene, slik at brukarane lettare kan setje seg inn i og forstå kva rettar dei har, og slik at dei som tildeler tenester, vurderer tenestetilbodet ut frå behovet og ikkje ut frå økonomiske vurderingar. Regjeringa har sett ned eit lovutval som skal greie ut spørsmålet og føreslå betre harmonisering av den kommunale helse- og sosiallovgivinga. Forholdet mellom avlasting og korttidsopphald i institusjon vil bli teke opp av dette utvalet.

Sosialdepartementet vil samarbeide med Norsk Pensjonistforbund og Kommunenes Sentralforbund om å finne fram til gode eldresentermodellar, og vil formidle slike erfaringar til kommunane.

Kapasiteten i pleie- og omsorgstjenestene er økt som følge av satsningen i "Handlingsplan for eldreomsorgen". Sammensetningen av tjenestetilbudene har blitt mer differensierte ved at kommunene har etablert ulike botilbud. Komiteenhar merket seg at 80 prosent av landets kommuner mener at de har kommet fram til en rimelig balanse i tilbudet av omsorgsboliger og sykehjem.Komiteenvil peke på at det fortsatt er mange brukere med behov for sykehjemsplass, som ikke får et slikt tilbud. Det må derfor etter komiteens oppfatning sikres at kommunene har den nødvendige kapasitet for å gi de mest hjelpetrengende et faglig forsvarlig medisinsk tilbud.

For å møte det økende antall eldre og for å sikre et forsvarlig pleie- og omsorgstilbud er det etter komiteensoppfatning viktig å styrke rekrutteringen og kompetanseutviklingen i helse- og sosialtjenesten, med særlig vekt på pleie- og omsorgstjenesten i kommunene. Komiteenser med bekymring på at leger og sykepleiere ikke ønsker å arbeide innenfor den kommunale pleie- og omsorgstjenesten. Etter komiteens oppfatning er det behov for egne kompetansehevingsprosjekter, som legger til rette for at flere velger å arbeide innenfor disse tjenestene. Det vises i denne forbindelse til at det i forbindelse med opptrappingsplanen for psykisk helse er et stort antall sykepleiere som har videreutdannet seg, og at det er lagt til rette for at leger kan velge spesialisering innen psykiatri.

Komiteen mener man bør styrke muligheten for spesialisering innenfor geriatri og aldersmedisin for helsepersonell. Et fagområde med et aktivt forskings- og fagutviklingsmiljø virker rekrutterende. Komiteen viser til at Sosialdepartementet og Helsedepartementet i samarbeid med aktuelle fagmiljø skal vurdere hvordan en langsiktig utbygging av forskning og fagutvikling på området kan organiseres og iverksettes. Spørsmålet om hvordan opplæring i aldersmedisin og tjeneste i pleie- og omsorgssektoren kan kvalifisere for ulike kliniske spesialiteter, og om ulike kliniske spesialiteter, inkludert allmennmedisin, skal kunne kvalifisere for arbeid med geriatri, må stå sentralt i denne vurderingen. Komiteen er enig i at en egen hoved-spesialitet i geriatri må vurderes i denne sammenheng.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, vil peke på at det de siste fem årene kun er opprettet fire overlegestillinger i geriatri, og at Norge ligger på bunnivå når det gjelder geriatriske tilbud i spesialisthelsetjenesten. Flertallet mener at det er helt nødvendig å iverksette tiltak for å øke geriatriens status. Etter flertallets syn bør et virkemiddel være å gjøre geriatri til en hovedspesialitet. Det må også vurderes å iverksette egne stimuleringstiltak for å rekruttere flere leger til denne spesialiteten. De regionale helseforetakene må ha geriatri som et av sine prioriterte områder i årene som kommer.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti er kjent med at et forslag fra Rådet for spesialistutdanning om å gjøre geriatri til en hovedspesialitet er sendt ut på høring. Disse medlemmer er også kjent med at et motargument mot å gjøre geriatri til en hovedspesialitet og ikke en grenspesialitet er risikoen for at færre indremedisinere vil ha nødvendig kompetanse på dette området, samtidig som hovedandelen av pasienter som innlegges ved indremedisinske avdelinger, vil være eldre mennesker. Disse medlemmer er åpne for et annet utdanningsløp for spesialiteten geriatri enn det som eksisterer i dag. Eksempelvis kan man tenke seg at allmennmedisin også kan danne basis for videre spesialisering i geriatri, i tillegg til at indremedisin gjør det. Disse medlemmer vil imidlertid avvente resultatet av den høringsrunden som nå foregår, før disse medlemmer trekker noen konklusjoner når det gjelder den framtidige spesialistutdanningen i geriatri.

Tilbudene til de sykeste hjelpetrengende må etter komiteensoppfatning ha prioritet i arbeidet med økt kapasitet og kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene. Likevel er det slik at de fleste eldre er friske, og eldre er friske lenger. Komiteenvil peke på at forebyggende innsats for eldre er en viktig faktor for å øke eldres livskvalitet. Dette gjelder også eldre og funksjonshemmede som har behov for pleie- og omsorgstjenester. Komiteenvil peke på at økt satsing på forebyggende arbeid har en naturlig plass i arbeidet med bedre kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene. Komiteen vil i den sammenheng peke på den betydning eldresentrene har som forebyggende tiltak både når det gjelder aktivitet og sosial tilhørighet. Komiteenvil peke på at det er positivt med frivillig engasjement i driften av eldresentrene, men at det er behov for en grunnfinansiering som sikrer tilstrekkelig bemanning av sentrene.

De aller fleste med behov for pleie- og omsorgstjenester ønsker å bo i sitt eget hjem. Komiteenvil peke på at mange pårørende nedlegger en formidabel innsats i omsorgen for sine hjelpetrengende. Å få tilbud om avlastning er for mange helt avgjørende for å kunne stå i en belastende omsorgssituasjon i lang tid. Komiteener av den oppfatning at avlastningstilbudene ikke er gode nok, og vil særlig peke på behovet for bedre avlastningsordninger for familier som gir omsorg til funksjonshemmede. Komiteenvil i tillegg peke på at et tilstrekkelig antall trygghetsplasser er viktig for at eldre skal kunne bo hjemme så lenge de ønsker.

Komiteenhar merket seg at stadig flere eldre har god økonomi, og at denne utviklinga vil fortsette, slik at gruppen eldre etter hvert vil ha høyere inntekter. Komiteendeler departementets vurdering når det konkluderes med at flere vil komme til å kjøpe de tjenestene de ønsker, og stille høyere krav til innholdet i tjenestene. Komiteenvil advare mot en utvikling der offentlige pleie-og omsorgstjenester i hovedsak blir et tilbud for dem som har dårlig økonomi. Den beste garantien mot en slik utvikling er etter komiteens oppfatning at det kontinuerlig holdes fokus på utvikling og vedlikehold av kvaliteten i tjenestene. Tilgang på nødvendige pleie- og omsorgstjenester skal etter komiteens oppfatning ikke være avhengig av økonomisk situasjon.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har registrert at ca. 80 prosent av kommunene selv mener at de har kommet frem til en rimelig og god balanse i forhold til å dekke nødvendige pleie- og omsorgsbehov i henholdsvis omsorgsboliger og sykehjem. Disse medlemmer betviler dette, og de mange ulike kvalitetsrapporter den seneste tid bekrefter også at så ikke er tilfellet. Etter disse medlemmers mening har vi i dag altfor mange relativt sterkt pleietrengende pasienter i omsorgsboliger uten fast bemanning. Dette er for den enkelte og deres pårørende ganske traumatisk både fysisk og mentalt. Det er etter disse medlemmers mening viktig der en har mangel på sykehjemsplasser, at en sikrer avlastningsplasser i sykehjem, og dette mener disse medlemmer kommunene har blitt mye flinkere til de siste par årene.

Disse medlemmer viser til at eldresentrene som både drives som private foretak og offentlige foretak, gjør en kjempejobb i det forebyggende helsearbeid for eldre mennesker, noe som utsetter innleggelse i institusjon opptil mange år. Fremskrittspartiet vurderer å fremme forslag om at drift av eldresenter skal være en pålagt kommunal oppgave.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til Sosialdepartementets budsjettforslag for 2003 under omtalen av kap. 621 post 21. Det fremgår her at det i løpet av 2003 og 2004 vil bli foretatt en systematisk kartlegging av hvilke tiltak som er planlagt og iverksatt med forebyggende hjemmebesøk til eldre i norske kommuner. Det fremgår videre at prosjektet vil beskrive opplegg, målgrupper, oppslutning, rekruttering, metoder, kostnader og erfaringer. En enstemmig sosialkomité tok denne orienteringen til etterretning. Flertallet viser til at det er foretatt to kunnskapsoppsummeringer om omforebyggende hjemmesykepleie i eldreomsorgen i regi av henholdsvis Sosial- og helsedirektoratet og Geriatrisk avdeling ved Ullevål sykehus. Videre er flertallet kjent med at Sosial- og helsedirektoratet har gjennomført en landsomfattende spørreundersøkelse til alle landets kommuner om samme tema. Geriatrisk avdeling ved Ullevål sykehus skal sammenfatte resultatene og presentere disse i løpet av våren 2004. Flertallet vil avvente denne presentasjonen og ber om at evalueringen blir lagt fram på egnet måte så snart som mulig.

Komiteens medlemmer fra Fremskritts­partiet viser til Dokument nr. 8:29 (2000-2001) om å innføre oppsøkende, forebyggende hjemmesykepleie i eldreomsorgen. I Innst. S. nr. 157 (2000-2001) går komiteen inn for at det skal igangsettes prøveprosjekt med oppsøkende, forebyggende hjemmebasert eldreomsorg i et representativt utvalg av kommuner. Disse medlemmer kan ikke se at St.meld. nr. 45 (2002-2003) nevner dette prøveprosjektet eller viser til noen evaluering av saken. Disse medlemmer vil derfor be om at Regjeringen legger frem en evaluering av prøveprosjektet for Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2005.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem en evaluering av prøveprosjektet med forebyggende, oppsøkende hjemmebasert eldreomsorg i forbindelse med statsbudsjettet for 2005."