Innstilling frå næringskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Bendiks H. Arnesen, Aud Gaundal, Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Asmund Kristoffersen, Gunn Olsen og Reidar Sandal om en helhetlig kystpolitikk og kystsamfunnenes utfordringer
Dette dokument
- Innst. S. nr. 119 (2003-2004)
- Kildedok: Dokument nr. 8:131 (2002-2003)
- Dato: 10.02.2004
- Utgiver: Næringskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Kystpolitikk er den samlende politikken overfor hele kyst-Norge. Den allmenne nasjonale politikken ligger i bunnen og er det aller viktigste også for kystområdene. En del kystområder i landet har en positiv utvikling og vekst, mens situasjonen i andre av våre kystsamfunn nå er vanskelig, og samfunnene står overfor mange og store utfordringer framover. For å utnytte kystens store potensial må det satses på det eksisterende næringsliv, og det må etableres nye bedrifter for derigjennom å øke verdiskapingen i våre kystsamfunn. Den teknologiske utviklingen har skapt helt nye utfordringer for våre kystsamfunn. Uten kontinuerlig kompetanseutvikling, nyskaping og en bevisst satsing på de ulike regioners fortrinn, kan enkelte distrikt eller næringer bli tapere i den voksende konkurransen.
I dokumentet fremmes følgende forslag:
"Stortinget anmoder Regjeringen om å legge fram en stortingsmelding om en helhetlig kystpolitikk og kystsamfunnenes utfordringer."
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til Dokument nr. 8:131 (2002-2003) om å be Regjeringa om å legge fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg kystpolitikk og kystsamfunna sine utfordringar.
Komiteen vil peike på dei store ressursane som ligg langs kysten vår. Komiteen vil vidare peike på kva verdiar dette vil gje til landet om ein utnyttar dei på ein fornuftig og gjennomtenkt måte. Dei ressursane som er fornybar må ein hauste på ein berekraftig måte, og ein må tenkje vel igjennom korleis ein utnyttar dei ressursane som ikkje er fornybar.
Komiteen vil òg vise til at kystpolitikk er noko mykje meir enn fiskeripolitikk. Som dokumentet nemner så omhandlar det mykje meir, m.a. fiskeri, havbruk, landbruk, skipsfart, samferdsel i vidaste forstand, olje, gass, reiseliv, mineralutvinning, offentleg tenesteyting, offentleg forvaltning og struktur, landskapsvern, og industri særleg innretta mot offshore.
Komiteen vil vise til at Regjeringa lagar stortingsmeldingar på fleire av desse områda, som til dømes skipsfart, olje, gass og samferdsle.
Medlemene i komiteen fra Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti ser det derfor ikkje naudsynt å be om ei stortingsmelding som omfattar desse områda.
Komiteen vil vise til at mange kystsamfunn har ei rivande utvikling, og ser ut til å kunne møte framtida sine krav på ein god måte. Likevel er utfordringane mange og store, særleg når det gjeld stabilitet.
Komiteen vil òg vise til at det er mange kystsamfunn som slit særs mykje og treng stimulans og betre rammevilkår for å få ei ønska utvikling.
Komiteen vil peike på at skal ein få ut det potensiale som ligg i det mangfaldet som ein har langs kysten, må det eit samspel til mellom offentlege og private interesser.
Komiteen meiner og at skal ein nå dei mål ein har sett, så krev det ei planlegging som ser heilskapen i kystsamfunna.
Medlemene i komiteen fra Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti ber Regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om rammevilkåra for fiskeria og dei marine næringane si betydning og utviklingspotensiale når det gjelde auka verdiskaping og busetnad langs kysten.
Forslag frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti:
Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om rammevilkåra for fiskeria og dei marine næringane si betydning og utviklingspotensiale når det gjelde auka verdiskaping og busetnad langs kysten.
Komiteen si tilråding fremmes av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget ber Regjeringa om å legge fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg kystpolitikk og kystsamfunna sine utfordringar.
Oslo, i næringskomiteen, den 10. februar 2004
Olav Akselsen leiar |
Lodve Solholm ordførar |