Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Finansiell stabilitet

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra, Kredittilsynet fører tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren, medan Noregs Bank skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området har blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet. Verksemda til IMF blir omtala nærare i kapittel 8 i meldinga.

Talmaterialet og delar av bakgrunnsinformasjonen til kapitlet er i stor grad henta frå rapportar og publikasjonar frå Noregs Bank og Kredittilsynet, mellom anna rapportane frå Noregs Bank om finansiell stabilitet og rapportane frå Kredittilsynet om finansinstitusjonar og rapporten Tilstanden i Finansmarkedet 2002.

Kredittveksten til føretaka har blitt redusert det siste året, medan kredittveksten til hushalda framleis er relativt sterk. Kredittvekst over fleire år gjer at gjeldsbelastninga no er relativt høg både i føretakssektoren og i hushaldssektoren. Nedgangen i rentene medverkar til redusert rentebelastning både for føretak og hushald og reduserar såleis kredittrisikoen på kort sikt. Auken i arbeidsløyse trekkjer i motsett retning. På lengre sikt medverkar òg den høge kredittveksten til hushaldssektoren til auka kredittrisiko ved lån til hushalda. Betring i konkurranseevna i eksportretta næringar som følgje av svekt kronekurs har positiv verknad på føretaka si evne til å betale gjeld. Samstundes førte den generelt svake økonomiske utviklinga og den svekka innteninga i konkurranseutsett sektor gjennom 2002 til at talet på konkursar auka det siste året. Dersom det låge rentenivået gjer at hushald og føretak tilpassar seg ved å auke gjeldsbelastninga si ytterlegare, kan renteauke gi fleire låntakarar problem med å handtere gjelda. Auka rente kan òg medverke til fall i bustadprisane, og såleis redusere verdien av sikkerheita for låna.

Bankane er som gruppe godt kapitaliserte. Enkelte bankar har hatt ei klart svakare utvikling enn det som er tilfellet for bankane samla. Uvissa kring framtidige tap i bankane er særleg knytt til konjunkturutviklinga framover. Situasjonen i livsforsikringsselskapa har blitt betra den siste tida, men soliditeten målt ved bufferkapitalen er framleis forholdsvis låg, og avgrensar risikoen selskapa kan ta på seg. Departementet vil understreke at kvart einskild livsforsikringsselskap må tilpasse risikoen knytt til kapitalplasseringane til soliditetssituasjonen.

Komiteen tek det som står i meldinga om finansiell stabilitet til orientering.