Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2002.

Meldinga gjeld for år 2002. Omtalen på nokre punkt er utvida til også å ta med utviklinga i 2003. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Folketrygdfondet for år 2002 følgjer som vedlegg til meldinga. Noregs Bank sin rapport Beretning om pengepolitikken 2003 - de første åtte månedene følgjer òg som vedlegg til meldinga.

Det er i avsnitt 1.2 i meldinga gitt oversyn over utviklinga på finansmarknaden i 2002.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Tomas Norvoll og Torstein Rudihagen, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, tek det som står i meldinga om utviklinga på finansmarknaden til orientering.