Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Andre saker

Det blir gjort greie for omfanget og bruk av gebyrer til å finansiere lov- og forskriftsarbeid på Samferdselsdepartementets område.

Departementet har ingen gebyrordning for å finansiere sitt lov- og forskriftsarbeid. Innafor veg og jernbane blir det heller ikkje nytta gebyr for å finansiere lov- og forskriftsabeid.

Post- og teletilsynet sitt arbeid med lover og forskrifter, under dette lover og forskrifter fastsette av departementet og tekniske forskrifter fastsette av Post- og teletilsynet, inngår i sjølvfinansieringa av tilsynet. Denne aktiviteten reknar ein for å vere ein del av, og grunnlag for, verksemda i Post- og teletilsynet.

Det er lagt opp til at Luftfartstilsynet i prinsippet skal bli sjølvfinansierande. Etter endringa i luftfartslova, jf. Ot.prp. nr. 40 (2002-2003), har Samferdselsdepartementet fått heimel til å gi forskrifter om at flyselskap eller andre operatørar skal betale gebyr for å finansiere luftfartsstyresmakta sitt arbeid med tryggleik innan luftfarten. Det er ikkje nærare avgrensa kva slags arbeid knytte til dei oppgåvene Luftfartstilsynet har som styresmakt som kan inngå i gebyra som skal finansiere arbeidet med tryggleik som tilsynet utfører.

For gebyrinntektene er det for 2004 foreslått å løyve 87,6 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004).

Komiteen har ingen merknader