5. Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
Departementet foreslår å redusere kap. 5618 post 80 Utbyte med 54 mill. kroner da det ikkje er grunnlag for å krevje utbyte frå Posten i 2003. Rekneskapen for Posten Norge AS for 2002 viste eit underskot på 43 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader.