Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, er samd med forslagsstillarane i at teknisk infrastruktur er svært viktig i moderne industrialiserte samfunn. Denne infrastrukturen omfattar blant anna transport, energisystem, vassforsyning, avlaupssystem, renovasjonssystem og informasjonsnettverk. Komiteen ser positivt på at det vert sett fokus på behovet for å sikre kvaliteten i vass- og avlaupssektoren.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, SosialistiskVenstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, deler intensjonen til forslagsstillarane om at kommunesektoren treng ytterlegare incitament for å forbetra desse tenesteområda slik at innbyggjarane kan få billigare og betre tenester.

Komiteen viser til svarbrev frå kommunal- og regionalminister Erna Solberg av 29. september 2003 og 2. oktober 2003 der det vert understreka at for Regjeringa er offentlege tenester til innbyggjarane med tilfredsstillande kvalitet, og ei effektiv ressursutnytting i offentleg sektor, prioriterte område.

For komiteen er det viktig å understreka behovet for tilstrekkeleg teknisk kvalitet og ivaretaking av miljøkrav for å oppnå god velferd og hygiene i samfunnet og ei bærekraftig utvikling. Dette er også viktig for næringslivet og dermed også landets økonomi. Komiteen har merka seg at ifølgje Nasjonalt folkehelseinstitutt vert det levert om lag 768 millionar m3 vatn pr. år frå registrerte norske vassverk. Komiteen har merka seg at innrapporterte data frå vassverka syner at det er store lekkasjar frå det norske vassleidningsnettet. Talet på lekkasjar er samla sett svært høgt samanlikna med andre vestlege land. Det er mange usikre faktorar i rapporteringstala, men ved å ta utgangspunkt i ulike anslag på vassforbruk til industri og anna forbruk, og variere utvalskriteria for berekningsmetodane, ser det ut til at lekkasjane som eit estimert gjennomsnitt ligg på mellom 39 og 51 pst. Vassverka sjølv opererer med ein lekkasje på 35 pst. i gjennomsnitt. Til samanlikning er tala for Danmark 7 pst., England 16 pst., Finland 16 pst. og Sverige 14 pst. Komiteen synest det er bekymringsfullt at store mengder av det utlekka drikkevatnet lekk inn i avlaupsleidningane. Dette gir etter komiteen si meining dårleg økonomi-, miljø- og ressursdisponering.

Komiteen er oppteken av å sikra tillit til norske næringsmiddelprodukt i andre land, og at det i den samanhengen er viktig å kunne oppvisa ein vasskvalitet som bl.a. tilfredsstiller EUs/ESAs krav med omsyn til vassforsyninga til dei bedriftene som eksporterer næringsmiddel.

Komiteen vil påpeika at vassforsyning, transport og reinsing av avlaup i all hovudsak er eit kommunalt ansvar. Verksemda vert i stor grad utført av kommunane sjølv, med innslag av kommunale- og interkommunale selskap og nokre mindre einingar i privat regi. Komiteen vil understreka at uavhengig av driftsoperatør må verksemda drivast innanfor ramma av relevante lover og forskrifter. For vassforsyninga er drikkevassforskrifta sentral. Forskrifta har til føremål å sikra forsyning av drikkevatn i tilfredsstillande mengde og av tilfredsstillande kvalitet, herunder å sikra at drikkevatnet ikkje inneheld helseskadeleg forureining av noko slag og elles er helsemessig trygt. Når det gjeld anlegg for transport og handsaming av avlaupsvatn er reglar for slike gitt i forureiningslova kapittel 4 og i forskrifter i medhald av lova vedkomande handsaming av særskilte partiklar i avlaupsvatnet.

Komiteen viser til at Program for vassforsyning i perioden 1995-2002 har hatt ei eiga tilskotsordning der vassverk har kunne søkja om tilskot til kvalitetsfor­betrande tiltak. Komiteen har merka seg at dette programmet har utløyst omfattande utbetring av norske vassverk. Frå og med 2003 inngår tilskotsordninga i programmet i ei meir generell statleg tilskotsordning administrert av fylkeskommunane. For komiteen er det viktig at Program for vassforsyning held fram sjølv om tilskotsordninga er lagt om. Komiteen er tilfreds med at Folkehelseinstituttets arbeid med dette programmet vert oppretthalde som ei permanent ordning. Gjennom Folkehelseinstituttets arbeid vert vassverk motiverte til å gjennomføra kvalitetsforbetrande tiltak og vidare utbetring av leidningsnettet.

Komiteen viser til at det på avlaupssektoren dei siste 25 til 30 åra er gjort store investeringar for å møta dei miljøutfordringane utslepp av avlaupsvatn medfører. Totalt vart det i perioden 1976-2001 gjennomført ei stor satsing på avlaupssektoren der det totalt vart investert rundt 45 mrd. 2002-kroner. Størstedelen av dagens investeringar i avlaupssektoren går til leidningsnettet. I dag er om lag 80 pst. av Noregs befolkning tilknytta offentleg leidningsnett. Dei omtalte investeringane har gitt store miljøforbetringar.

Komiteen er kjent med at Noreg gjennom EØS-avtala er omfatta av EUs rådsdirektiv av 21. mai 1991 om reining av avlaupsvatn frå byområde. Direktivet gjeld oppsamling, reinsing og utslepp av avlaupsvatn frå tettbygde strok, samt reinsing og utslepp av spillvatn frå visse industrisektorar. Det vert sett krav både til reining og tidsfristar for utslepp til avlaupsvatn som går til ferskvatn, elvemunningar og kystfarvatn. Komiteen viser også til at Statens forureiningstilsyn i juli 2003 sendte ut på høyring forslag til ny forskrift om utslepp frå avlaupsanlegg, som stiller strengare krav til reinsing av kommunalt avlaupsvatn. Forskrifta omfatta avlaupsvatn frå kommunar, bustadar, hytter, campingplassar, bensinstasjonar, tannklinikkar, fotoverksemder m.m. Komiteen har merka seg at den nye forskrifta blant anna vil føra til at ei rekkje reinseanlegg må oppgraderast. Med bakgrunn i sjølvkostprisprinsippet vil dette kunne medføra auke i avgiftene for abonnentane som følgje av auka investeringar for kommunesektoren.

Komiteen tek ikkje no stilling til innhaldet i forslaget til forskrift.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til det arbeidet som pågår i forbindelse med implementering av EUs rammedirektiv for vann, og finner det nødvendig å påpeke at dette er krevende og at ressurser må sikres slik at SFT har den nødvendige kompetanse for å samordne og utføre forvaltingsoppgaver i forbindelse med at rammedirektivet for vann skal implementeres og etterleves i Norge. Disse medlemmer peker i denne sammenheng på de klare overlapp i kompetanse og regelverk mellom EUs rammedirektiv for vann og SFTs ansvarsområde på avløp, ferskvannsforvaltning, vannforbruk og utslipp til jord, luft og vann. Det er viktig at dette arbeidet blir gjort så raskt som mulig.

Komiteen viser til at det eksisterer både nasjonale program og planar for betydelege investeringar innanfor vassforsyning og handtering av avlaupsvatn. Komiteen konstaterer at anlegga for distribusjon av vatn og avlaup er av varierande alder og kvalitet, men at det ikkje eksisterer nokon eintydig samanheng mellom desse storleikane.

Komiteen viser til at kommunal- og regionalministeren i sitt brev av 29. september 2003 understrekar at Regjeringa er oppteken av gode incentivordningar for offentlege verksemder, også vass- og avlaupssektoren. Komiteen er kjent med at Kommunal- og regionaldepartementet har gitt SINTEF AS i oppdrag å utgreia eit nasjonalt informasjonssystem om og for offentlege vass- og avlaupsverk. Komiteen er nøgd med at eit slikt informasjonssystem ikkje berre skal omhandla pris, men også tenestekvalitet og leveringstryggleik for norske vass- og avlaupsverk. Låg utskiftingstakt på leidningsnettet kan føra til at eit kommunalt verk framstår med låg tenestekvalitet og leveringstryggleik relativt sett. Komiteen meiner at gjennom å samanlikna vass- og avlaupsverka kan det setjast fokus på naudsynte reinvesteringar for det einskilde verket. Eit slikt informasjonssystem kan også gi informasjon om tilstand på infrastrukturen ut over den informasjonen som føreligg gjennom vassverksregisteret og den avlaupsstatistikken som vert innsamla gjennom SSB.

Komiteen er kjent med at årsgebyret for avlaups­tenester i gjennomsnitt er 3 010 kroner pr. abonnent. Saman med tilknytingsgebyret dekker dette alle kostnadane i sektoren, som er om lag 4,4 mrd. kroner pr. år.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti finn det formålstenleg at Kommunal- og regionaldepartementet også har bedt SINTEF vurdera om dagens finansieringssystem basert på sjølvkost innanfor VA-området, bør erstattast av eit system med inntektsrammer etter mønster av den inntektsregulering ein har innanfor monopoldelen av elektrisitetsforsyninga. Desse medlemene er difor nøgd med at Regjeringa har sett i verk ei utgreiing knytt til nytt informasjonssystem og eventuelt nytt regime for finansiering av vass- og avlaupssektoren.

Komiteen har merka seg at fleire større kommunar har starta opp prosjekt med fornying og rehabilitering av vass- og avlaupsinfrastrukturen, men at mange kommunar også er på etterskot i dette arbeidet.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, stiller likevel spørsmål med om ein samla nasjonal plan for fornying og oppgradering av vassforsynings- og avlaupsnettet vil vera eit eigna verkemiddel for å forsera arbeidet i VA-sektoren.

For komiteen er det viktig å halda fast på målsetjinga om å styrka lokaldemokratiet og auka den lokale handlefridomen, blant anna gjennom å redusera og forenkla lover og reglar.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, meiner at ein nasjonal plan for VA-sektoren kan oppfattast som svekking av lokaldemokratiet gjennom nye statlege styringsverkty, og vil såleis stå i motsetnad til ein slik politikk.

Komiteen har tru på at kommunane gjennom god forvaltning med basis i forskrifter og planar, vil kunne leggja til rette for gode tenester for innbyggjarane også innafor vass- og avlaupssektoren.

Komiteen vurderer det slik at ein stor del av ressursforbruket i VA-sektoren i dag er kanalisert til reparasjon av akutte lekkasjar i leidningsnettet. Ei slik ressursutnytting fungerer nærast som ei "brannslukking" og er kostnadsdrivande på lang sikt. Komiteen meiner difor det er behov for ein auka innsats når det gjeld førebygging og utbetring av vass- og avlaupsnettet for å unngå at akutte leidningsbrot oppstår, men at dette må vurderast av den einskilde kommunen.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, er samd med forslagsstillarane i at kommunane kan ha behov for økonomiske incitament for å satsa på vidare utbygging av vass- og avlaupssektoren. Fleirtalet vil i den samanhengen visa til at både Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har sett kommunale gebyr på dagsorden. Brukarbetaling innanfor vatn og avlaup skal maksimalt dekka kommunane sine totale kostnadar til produksjon av tenestene. Fleirtalet har merka seg at Regjeringa ønskjer å leggja til rette for ein mest mogeleg kostnadseffektiv kommuneforvaltning. På denne bakgrunnen gav Kommunal- og regionaldepartementet i januar 2003 ut nye og oppklarande retningslinjer for korleis kommunane sin sjølvkost skal reknast.

Fleirtalet er nøgd med at Kommunal- og regionaldepartementet har sett i gong eit arbeid for å finna fram til den beste modellen for å skapa effektivitet i sektoren.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti vil òg ta til orde for at dagens forskrifter for avgiftsberekning må gjennomgåast. I dag er desse tenestene kommunale monopol der monopolbedrifta sine kostnader fullt ut vert dekka av kundane. Eit slikt system gir etter desse medlemene si oppfatning ingen motivasjon for effektiv drift, og det kan stillast spørsmål ved om slike rammevilkår gir garanti for forbrukarane om gode tenester til riktig pris.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil holde fast ved prinsippet om at vann- og avløpssektoren skal være selvfinansierende.

Disse medlemmer vil påpeke de store behovene det er for staten til å gå inn med økonomiske tilskudd til opprustning av skoler, universell utforming av bygninger, uteområder og tjenester slik at det sikres samfunnsmessig likestilling for funksjonshemmede og stort behov i statlig medfinansiering på boligsektoren, må ha prioritet.

Disse medlemmer vil påpeke at alternative miljøvennlige og biologiske løsninger i VA-sektoren kan innfri økte krav til kvalitet og være kostnadsbesparende i forhold til tradisjonelle løsninger og at økte krav derigjennom kan innfris uten kostnader for staten eller økte gebyrer for befolkningen.

Komiteen meiner at vass- og avlaupsinfrastruktur er eit tenesteområde som eignar seg svært godt til å finna si løysing gjennom interkommunalt samarbeid eller regionalt samarbeid.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er samd med intensjonen i Dokument nr. 8:115 (2002-2003) der føremålet er kvalitetsheving innan VA-infrastrukturen og fremmar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa vurdera behovet for å betre kommunane sitt incentiv til å forvalte vass- og avlaupsanlegg ut i frå omsynet til tilstrekkeleg vass- og tenestekvalitet, høg leveringstryggleik på tenestene og samfunnsøkonomisk riktig pris på dei. Stortinget ber Regjeringa omtala dette i kommuneproposisjonen for 2005."

Komiteen føreset at Regjeringa også vurderar alternative miljøvenlege og biologiske løysingar innafor VA-sektoren.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til naturbaserte/biologisk baserte rensemetoder for avløp og at disse rensemetodene har flere fortrinn: De er basert på en kretsløpstankegang der næringsstoffer beholdes lokalt og behandles miljømessig riktig. Det kan gi varige arbeidsplasser/attåtnæring i form av at innsamling/tømming av tank gjøres av bønder lokalt og kan være mer lønnsomt enn å bygge opp ekstremt dyr rørinfrastruktur, særlig i grisgrendte strøk. Det er også mer fleksibelt i forhold til hvor en kan bygge ut, husene må uansett ha vann i rør, men i og med at det er annet trykk i disse rørene er de "lettere" å plassere. Det er fortsatt få på plass i Norge.

Disse medlemmer ber Regjeringen fremme forslag om tiltak som kan gjøre at arbeidet med slike anlegg kan forseres. Dette kan gjøres ved delfinansiering av informasjonstiltak til brukere, til kurs i kommunene om denne nye teknologien, eventuelt tilskudd til de som bygger ut slike anlegg for å kompensere for ekstrakostnader knyttet til utprøving av teknologien og generelt høyere kostnader knyttet til det å være tidlig ute med nye teknikker.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil vise til program for vassforsyning som var eit sentralt tiltak for å ruste opp infrastrukturen på VA-området. Denne ordninga fjerna regjeringa Bondevik II i sitt framlegg til statsbudsjett for 2002. Dette skjedde trass i at regjeringa Bondevik I i statsbudsjettet for 2000 uttalte:

"På grunn av at behovet for utbedringer ikke vil være dekket ved utgangen av 1999, går Regjeringen inn for å forlenge programmet med ytterligere fem år i tråd med det som ble signalisert ved programmets start."

Fleirtalet vil peike på at om dette hadde vore oppfylt skulle det vore løyvingar til vassforsyningsprogrammet fram til år 2005. Då Regjeringa kutta løyvingane på denne posten, låg det søknader til utbyggingsprosjekt for fleire hundre millionar kroner.

Fleirtalet er sterkt kritisk til at slike ordningar er blitt kutta, og at det vidare ansvaret er overført til fylkeskommunane, utan at tilstrekkeleg med midlar fylgjer med.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet viser til at brevene fra Kommunal- og regionaldepartementet til komiteen bekrefter at det er satt i verk en rekke tiltak for å forbedre kvaliteten i vann- og avløpssystemet.

Disse medlemmer har merket seg at fagstatsråden i brevet av 29. september 2003 til komiteen uttaler:

"Jeg er i sterk tvil om behovet for noen nasjonal plan utover de programmer, planer og utredninger som nevnt over".

Disse medlemmer mener at staten ikke bør stille i utsikt ytterligere krav eller forventninger overfor kommunesektoren på dette området, uten at kommunene settes i ressursmessig stand til å innfri slike krav og forventninger.

Disse medlemmer forutsetter at eventuelle tiltak overfor kommunesektoren må utredes grundig og drøftes med kommunesektoren selv, gjennom KS, før det blir aktuelt å iverksette dem.

Disse medlemmer ber Regjeringen løpende vurdere behovet for ytterligere tiltak i vann- og avløpssektoren for å sikre god folkehelse, tillit til kvaliteten på norske næringsmiddelprodukter og god forvaltning av de store ressurser som er investert i vann- og avløpssektoren.

Disse medlemmer forutsetter at Regjeringen herunder vurderer de momenter som framkommer i dette private forslaget.

Disse medlemmer ber Regjeringen gi en redegjørelse for situasjonen i vann- og avløpssektoren i kommuneproposisjonen for 2005.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen gi en redegjørelse for utfordringer og tiltak i vann- og avløpssektoren i kommuneproposisjonen for 2005."