Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2003 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar under Gassled

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar på statsbudsjettet for 2003.

Departementet redegjer i tillegg for bruk av fullmakter under Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

I proposisjonen blir endringar under Gassled omtalt. Departementet viser til at innlemming av anlegga på Kollsnes i Gassled vil innebere ei omstrukturering av eigarskapet i transportsystemet for gass utan særlege endringar i forventa inntekt for eigarane.

Olje- og energidepartementet rår Stortinget til å slutte seg til at staten gjennomfører naudsynte transaksjonar for å innlemme anlegga på Kollsnes, eller delar av desse, i Gassled, jf. forslag til vedtak II.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 16,25 mill. kroner, frå 67 til 83,25 mill. kroner.

For å dekkje inn meirutgiftene blir det foreslått å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner, frå 229,4 til 231,5 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner for 2003.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner for 2003.

Det blir foreslått å redusere løvinga med 0,2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003. Endringa har samanheng med lågare søknadsmasse.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner, frå 6 til 10 mill. kroner.

Departementet viser til at tilskotet frå Noreg for deltaking i programmet "Intelligent energi for Europa" 2003-2006 vil bli dekt over denne posten.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 75 til 135 mill. kroner. I tillegg blir det foreslått at posten tilføres stikkordet "kan overføres" for å ta høgde for tilsegn som kan bli utbetalt i 2004.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 14 til 1,5 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med at fleire av dei norske vindkraftprodusentane velgjer å selje grøne sertifikat framfor å ta imot produksjonsstøtte.

Det foreslås endringar som samla sett medfører at netto kontantstraumen frå SDØE aukar med 5 680 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 59 519,4 til 65 199,4 mill. kroner.

Det er i proposisjonen gjort rede for:

Bruk av fullmakt VI - Forenkla behandling frå styresmaktene si side

  • – Utviding av gassbehandlingskapasiteten på Kårstø

  • – Anlegg for fjerning av CO2 og auka etanbehandling på Kårstø

  • – Oseberg J-Struktur

  • – Ekofisk vekst

  • – Ringhorne Jurassic og Balder røyrleidningssystem

  • – Vigdis Extension

Bruk av fullmakt VII - Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

  • – Vederlagsfri overføring av eigedomsrett

  • – Tune og Oseberg

Bruk av fullmakt VIII - overdraging av eigardelar i utvinningsløyve

  • – Utvinningsløyve 079 og 190

  • – Utvinningsløyve 053 og 055

Det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490 post 24 aukar med 2,9 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 3,6 til 0,7 mill. kroner.

I St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Olje- og energidepartementet er anleggskapitalen som er oppgitt i NVE Anleggs kapitalbalanse pr. 31. desember 2002 for låg. Olje- og energidepartementet vil komme tilbake med ein korrekt kapitalbalanse i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2004.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,75 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003.

Departementet foreslår at budsjettoverslaget blir redusert med 2,5 mill. kroner, til kr 0. Dette vart òg gjort i 2002, jf. St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 89 (2002-2003).

Overslaget oppjusterast på gebyr- og avgiftsinntekter med 0,4 mill. kroner, frå 21,1 til 21,5 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klung­land og Synnøve Konglevoll, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Jørund Leknes, fra Kristelig Folkeparti, Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og fra Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til de foreslåtte endringer i bevilgningene på Olje– og energidepartementets budsjettkapitler 1810, 1820, 1825, 2440/5440, 2490 og 1420 som er foreslått i St.prp. nr. 24 (2003-2004), omtalen av bruk av fullmakt VI, VII, VIII, og til endringene i Gasled som innebærer at Kollsnesanlegga blir innlemmet i Gasled.

Komiteen har ingen merknader, og støtter forslagene som ligger i proposisjonen.

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2003 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

1810

Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

16 250 000

frå kr 67 000 000 til kr 83 250 000

1820

Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 100 000

frå kr 229 400 000 til kr 231 500 000

22

Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overføres, blir auka med

6 500 000

frå kr 66 850 000 til kr 73 350 000

23

Informasjonstiltak for energisparing, blir redusert med

1 500 000

frå kr 20 000 000 til kr 18 500 000

70

Tilskudd til lokale el-forsyningsanlegg, kan overføres,blir redusert med

200 000

frå kr 1 000 000 til kr 800 000

1825

Omlegging av energibruk og energiproduksjon

21

Spesielle driftsutgifter, kan overføres,blir auka med

4 000 000

frå kr 6 000 000 til kr 10 000 000

70

Tilskudd til elektrisitetssparing i private husholdninger, kan overføres,blir auka med

60 000 000

frå kr 75 000 000 til kr 135 000 000

73

Produksjonsstøtte til vindkraft, blir redusert med

12 500 000

frå kr 14 000 000 til kr 1 500 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleums­virksomheten (jf. kap. 5440)

25

Pro et contra-oppgjør, blir auka med

30 000 000

frå kr 180 000 000 til kr 210 000 000

30

Investeringer, blir redusert med

1 400 000 000

frå kr 18 400 000 000 til kr 17 000 000 000

50

Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond, blir auka med

100 000 000

frå kr 880 600 000 til kr 980 600 000

2490

NVE Anlegg (jf. kap. 5490, 5491 og 5603)

24

Driftsresultat, blir redusert med

2 900 000

frå kr 3 600 000 til kr 700 000

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

-40 300 000

Driftsutgifter

35 300 000

Avskrivninger

4 800 000

Renter

900 000

700 000

Inntekter:

4810

Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

2

Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, blir auka med

13 750 000

frå kr 32 000 000 til kr 45 750 000

4

Salg av undersøkelsesmateriale, blir redusert med

2 500 000

frå kr 2 500 000 til kr 0

4820

Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)

1

Gebyr- og avgiftsinntekter, blir auka med

400 000

frå kr 21 100 000 til kr 21 500 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleums­virksomheten (jf. kap. 2440)

(ny) 1

Pro et contra-oppgjør, blir løyvd med

10 000 000

24

Driftsresultat, blir auka med

5 600 000 000

frå kr 55 300 000 000 til kr 60 900 000 000

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

100 500 000 000

Driftsutgifter

-17 800 000 000

Lete- og feltutviklingsutgifter

-800 000 000

Avskrivninger

-14 600 000 000

Renter

-6 400 000 000

60 900 000 000

30

Avskrivninger, blir redusert med

2 900 000 000

frå kr 17 500 000 000 til kr 14 600 000 000

(ny) 50

Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med

1 500 000 000

80

Renter, blir auka med

200 000 000

frå kr 6 200 000 000 til kr 6 400 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet, i samsvar med føresetnadene i denne proposisjonen, kan gjennomføre og godkjenne dei transaksjonar som er nødvendige for å innlemme Kollsnes gassbehandlingsanlegg i Gassled.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 28. november 2003

Bror Yngve Rahm

leder og ordfører