Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra forsvarskomiteen om endring i tenestetillegget til utskrivne vernepliktige mannskap

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag til regulering av tenestetillegget for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2003.

Forslaget til regulering vil få verknad frå 1. juli 2003 og vert fastsett på grunnlag av auken i konsumprisindeksen frå april 2002 til april 2003 avrunda til næraste heile krone og ikkje som i andre høve, der ein har nytta lønsoppgjeret i staten som grunnlag for endringane. Til dømes vart det også gjeve tillegg ut over det lønsoppgjeret gav grunnlag for i 2000.

Tenestetillegget til dei vernepliktige mannskapa vert med grunnlag i dette tilrådd auka med om lag 2,9 pst. frå 1. juli 2003. Meirutgiftene for 2003 er utrekna til 8,693 mill. kroner. Forslag til endeleg inndekning vil bli fremja i samband med omgrupperingsproposisjonen i haust.

Forsvarsdepartementet har ved fleire høve, i tråd med Forsvarskomitéen sitt syn, lagt til grunn den regulering som vert gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Andre gonger har ein ikkje nytta lønsoppgjeret ved fastsettinga av dei økonomiska vilkåra for dei vernepliktige mannskapa, men i staden sett det som nausynt å auke tillegget ut over resultatet av lønsoppgjeret i staten.

Mellomoppgjeret i staten gav eit tillegg på kr 0 i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft på A-tabellen med verknad frå 1. mai 2003.

Vidare vert det korkje ført sentrale forhandlingar per 1. august 2003, eller lokale forhandlingar per 1. september 2003.

Dei økonomiske ytingane det dreier seg om har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans ein rimeleg god levestandard. Det bør takast omsyn til at kjøpekraftutviklinga for lønstakarar og vernepliktige ikkje direkte kan samanliknast, då vernepliktige har relativt små tillegg og behovsprøvde ytingar. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av tenestetillegget med om lag 2,9 pst., medan andre tillegg vert uendra. Auken i tenestetillegget er eit viktig bidrag i arbeidet med å heve statusen til dei utskrivne vernepliktige mannskapa. Av praktiske omsyn lyt reguleringa skje frå 1. juli 2003.

Forslaget inneber følgjande regulering av tenestetillegget frå 1. juli:

Tenestetillegg frå kr 108,00 til kr 111,00 per dag.

Dei vernepliktige mannskapa si økonomiske utvikling er særlig utsett ved null-oppgjer i staten. Forsvarsdepartementet har difor vedteke å fremja forslag om å løyva dei vernepliktige mannskapa ein kompensasjon svarande til auken i konsumprisindeksen frå april 2002 til april 2003, avrunda til næraste heile krone.

Kap 1719 post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, vert tilrådd minka med 8,693 mill. kroner til fordeling på dei andre kapitla på Forsvarsbudsjettet.

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløysar tilsvarande verknad for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnektarlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvår 2003 er utrekna til 0,95 mill. kroner, som vert tilrådd dekt innafor eiga ramme på kapittel 450. Meirkostnadane førar til endringar i talet på sivile tenestepliktige som vert kalla inn og i mengda mannskap i siviltenesta.

Meirutgiftene som følgje av forslaget er rekna ut til å bli 8,693 mill. kroner for 2003 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg 8,693 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunnar Halvorsen, Leif Lund og lederen Marit Nybakk, fra Høyre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen, og fra Senterpartiet, Marit Arnstad, viser til at de økonomiske ytelsene har som mål å sikre den vernepliktige og familien en rimelig god levestandard, og at forslaget til regulering er fastsatt på grunnlag av økning i konsumprisindeksen fra april 2002 til april 2003, avrundet til nærmeste hele krone.

Komiteen viser videre til Innst. S. nr. 58 (1990-1991), jf. St.prp. nr. 33 (1990-1991), der Stortinget la til grunn at tjenestetillegget for utskrevne vernepliktige mannskaper skulle følge lønnsutviklingen til voksen ufaglært arbeidskraft i Staten. Komiteen har merket seg at årsaken til at St.prp. nr. 76 (2002-2003) ikke er basert på anbefalt forhandlingsresultat mellom staten og organisasjonene, er at i årets mellomoppgjør mellom 2 hovedoppgjør, så endte denne gruppen med et 0-tillegg.

Komiteen vil derfor støtte proposisjonen i at tjenestetillegget i stedet konsumprisindeksreguleres i inneværende år.

Komiteen tar også til etterretning at sivile vernepliktige følger de militære vernepliktige og samtykker i at merutgiftene beregnet til 0,95 mill. kroner dekkes innenfor rammen på kap. 450.

Komiteen vil for øvrig vise til at en arbeidsgruppe som fikk i oppdrag å utrede og fremme forslag til statushevende tiltak for vernepliktige, avleverte sin innstilling 16. april 2002. Dette på bakgrunn av Innst. S. nr. 342 (2000-2001), jf. St.prp.nr. 45 (2000-2001), der komiteen "legger til grunn av de som gjennomfører verneplikten, får en statusheving og ber Regjeringen utrede ulike tiltak og fremme forslag".

Komiteen mener det er viktig at denne saken legges fram for Stortinget til politisk drøfting.

Komiteenhar for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2003 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

1719

Fellesutgifter og tilskudd til foretak under Forsvarsdepartementet:

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet blir minka med

8 693 000

frå kr 20 000 000 til kr 11 307 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat:

1

Driftsutgifter, blir auka med

246 000

frå kr 1 335 214 000 til kr 1 335 460 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under FO:

1

Driftsutgifter, blir auka med

363 000

frå kr 2 541 514 000 til kr 2 541 877 000

1731

Hæren:

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 699 000

frå kr 4 920 836 000 til kr 4 924 535 000

1732

Sjøforsvaret:

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 422 000

frå kr 2 990 278 000 til kr 2 991 700 000

1733

Luftforsvaret:

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 780 000

frå kr 3 803 828 000 til kr 3 805 608 000

1734

Heimevernet:

1

Driftsutgifter, blir auka med …

1 042 000

frå kr 1 172 499 000 til kr 1 173 541 000

1790

Kystvakta:

1

Driftsutgifter, blir aukamed

137 000

frå kr 649 080 000 til kr 649 217 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål:

1

Driftsutgifter, blir auka med

7 000

frå kr 142 081 000 til kr 142 088 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 17. juni 2003

Marit Nybakk

leder og ordfører