Samandrag
- Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar
- Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
- Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
- Behandling i utlandet
Helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring av løyvingane for 2003 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 732 Regionale helseføretak, postane 71-75. Auken på i alt 42,5 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar, basistilskot og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.
Det blir òg gjort framlegg om ei tilleggsløyving under kap. 2790 post 72 Sjukebehandling i utlandet på 65 mill. kroner som følgje av at fleire pasientar enn rekna med vil få behandling i utlandet under Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet. Til inndekking av meirutgiftene tilrår departementet at løyvingane under kap. 701 Forskings- og forsøksverksemd, post 21, kap. 743 Statlege stimuleringstiltak for psykisk helse, postane 73 og 75, kap. 2600 Trygdeetaten, post 01 og kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv., post 75, blir sette ned med i alt 65 mill. kroner.
I St.prp. nr. 65 (2002-2003) har Regjeringa gjort framlegg om at eigendelane skal aukast med 10 prosent i staden for 4 prosent frå 1. juli 2003. For røntgenundersøkingar er det gjort framlegg om 20 prosent auke i eigendelen. Som følgje av dette er det gjort framlegg om nedsetjing av refusjonsløyvingane i proposisjonen. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.
Da ordninga med driftstilskot for legar, fysioterapeutar og psykologar blei innførd i 1984, var føresetnaden at driftstilskotet skulle utgjere om lag 40 prosent av gjennomsnittleg omsetnad for dei ulike gruppene. For legespesialistar og psykologar utgjer driftstilskotet no 20 til 25 prosent. For å auke desse prosentdelane noko er det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot for desse to gruppene. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseforetaka med 48 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon i refusjonsløyvingane. Medrekna påslaga som følgje av takstoppgjera blir refusjonsløyvingane difor samla foreslått sett ned med 5,5 mill. kroner.
I forhandlingsmøte 3. juni 2003 blei Den norske lægeforening, staten, Kommunenes Sentralforbund og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for allmennlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2003-30. juni 2004. Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 1,0 prosent frå 1. juli 2003. Innanfor denne ramma er det avtala at driftstilskota blir auka med 25 prosent, eller om lag 90 mill. kroner på årsbasis. Partane vil snarast komme saman for å dele ramma på dei einskilde takstane, driftstilskota og fonda.
Mindreutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2003 er rekna til 15,0 mill. kroner, delt med ei mindreutgift på 35 mill. kroner på kap 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og ei meirutgift på 20 mill. kroner på kap 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseføretaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota, tilrår departementet at kap. 732 Regionale helseføretak postane 71-75 blir auka med 43 mill. kroner i alt.
I forhandlingsmøte 3. juni 2003 blei Norsk Fysioterapeutforbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2003-30. juni 2004. Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 1,2 prosent per 1.juli 2003. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 prosent av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Departementet tilrår at løyvinga for 2003 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 8 mill. kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 131 000 kroner i 2002. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 134 300 kroner for 2003, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 3 mill. kroner. Det er teke omsyn til framlegget til auke i eigendelane frå 1.juli 2003 ved reguleringa av fastlønnstilskotet.
I forhandlingsmøte 2. juni 2003 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2003-30. juni 2004. Avtalen føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 2,0 prosent per 1. juli 2003. Innanfor denne ramma er det avtala at driftstilskotet blir auka med 12 prosent, eller 12 mill. kroner på årsbasis. Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir sett ned med 1,5 mill. kroner. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseforetaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota tilrår departementet at kap. 732 Regionale helseføretak postane 71-75 blir auka med 5 mill. kroner i alt.
Kap. 2790 post 72 Sjukebehandling i utlandet inneheld to ordningar: Bidrag etter folketrygdlova § 5-22 til behandling i utlandet og Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet. Bidragsutgiftene er i St.prp. nr. 1 (2002-2003) budsjetterte med 18 mill. kroner. Som følgje av Stortinget si handsaming blei det for begge ordningane til saman løyvd 98 mill. kroner, og Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet blei dermed tildelt 80 mill kroner. I tillegg blei det løyvd 5 mill. kroner til administrasjon av ordninga, jf. kap. 2600 Trygdeetaten.
I St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003 er det gjort framlegg om ei gjenløyving på 60 mill. kroner til Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet. Dette svarer om lag til mindreforbruket i 2002 i høve til prosjektet si tildelte ramme dette året, og blei sett som naudsynt for å kunne betale utgifter til behandling av pasientar i siste halvdel av 2002.
Nye rekneskapstal frå Rikstrygdeverket viser at prosjektet har eit meirforbruk i 2003 ut over det som er lagt til grunn i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Meirforbruket har ifølgje Rikstrygdeverket mellom anna si årsak i at dei regionale helseføretaka har sendt fleire pasienter til behandling i utlandet gjennom prosjektet på slutten av fjoråret enn det Rikstrygdeverket la til grunn.
Helsedepartementet ser det som naudsynt at staten innfrir sine plikter overfor dei pasientane som allereie er tilbode behandling i utlandet gjennom prosjektet. Det trengst ei tilleggsløyving for å få til dette. Meirutgiftene er rekna til 65 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 65 mill. kroner under kap. 2790 post 72, og at denne blir dekt inn ved tilsvarande nedsetjing av følgjande løyvingar:
– Kap. 701 Forskings- og forsøksverksemd post 21 Spesielle driftsutgifter blir tilrådd nedsett med 7 mill. kroner.
– Kap. 743 Statlege stimuleringstiltak for psykisk helse post 73 Tilskot til psykososialt arbeid for flyktningar blir tilrådd nedsett med 2,5 mill. kroner.
– Kap. 743 Statlege stimuleringstiltak for psykisk helse, post 75 Tilskot til styrking av psykisk helsevern blir tilrådd nedsett med 2,5 mill. kroner.
– Kap. 2600 Trygdeetaten post 01 Driftsutgifter blir tilrådd nedsett med 33 mill. kroner.
– Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv. post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel blir tilrådd nedsett med 20 mill. kroner.