2. Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Samferdselsdepartementet orienterer i proposisjonen om status for kompetansesenteret for flygarutdanning.
Luftfartsverket har i dei siste åra overført etter måten store ressursar til drifta av Nordic Aviation Resources AS (NAR). Som følgje av merknad frå fleirtalet i samferdselskomiteen under handsaminga av St.prp. nr. 60 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 227 (2001-2002), har Avinor AS no i 2003 valt å kjøpe ut kompetansesenteret for 4,4 mill. kroner og å opprette eit eige aksjeselskap til å vidareføre drifta.
Det nye selskapet - Nordian AS - skal produsere, formidle og selje læremateriell for operativt personell innan luftfarten. I samband med utskiljinga av kompetansesenteret har NAR Holding AS no teke over alle aksjane i NAR.
Samferdselsdepartementet viser til at Avinor og tidlegare Luftfartsverket har overført store ressursar for å sikre drifta av kompetansesenteret. Dersom planen for verksemda som Avinor legg fram for 2004, likevel ikkje gjer det sannsynleg at etterspurnaden etter dei produkta Nordian sel, kan finansiere drifta framover, ser ein det som nødvendig at Avinor får høve til å vurdere overføring av verksemda til ein utdanningsinstitusjon, eventuelt avvikle verksemda.
Komiteen har ingen merknader.