Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Arne Braut, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at dokumentet 13. mai 2003 vart sendt finansminister Per-Kristian Foss til uttale. Svaret frå finansministeren 22. mai 2003 følgjer som trykt vedlegg til denne innstillinga.

Komiteen viser til at det er Finansdepartementet som formelt fastset plasseringsretningslinene for Statens petroleumsfond, og at retningslinene er forankra i Stortinget. I følgje retningslinene skal 30-50 pst. av verdien av fondet plasserast i aksjar (eigenkapitalinstrument), medan 30-50 pst. skal plasserast i obligasjonar (rentebærande instrument). Sidan 1998 har Statens petroleumsfond plassert om lag 40 pst. av sin kapital i aksjar, og 60 pst. i obligasjonar. Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, viser vidare til at aksjar historisk har gitt ei gjennomsnittleg årleg avkastning som har vore 4-5 prosentpoeng høgare enn avkastninga av statsobligasjonar. Sjølv om meiravkastninga ikkje skulle vise seg å bli like stor i framtida, er det brei fagleg semje om at det framleis over tid er grunn til å forvente ei høgare avkastning på aksjer enn obligasjonar. Fleirtalet meiner at aksjedelen bør vere stabil, og ikkje variere etter om ein trur aksjekursane vil stige eller falle. På denne bakgrunn går fleirtalet mot forslaget om å begrense aksjedelen til 25 pst.

Komiteen gjer framlegg om at Dokument nr. 8:107 (2002-2003) vert å avvise.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det er nødvendig å være langsiktig og profesjonell når man plasserer i aksjer, og har således tillit til den profesjonelle forvaltningen av fondet.

Disse medlemmer vil likevel understreke at en langsiktig og ansvarlig forvaltning av oljeformuen må fokusere på å maksimere økonomisk vekst, og at oljeinntekter i større grad dermed kan konverteres til real- og humankapital fremfor finanskapital, altså Petroleumsfondet. Det hjelper svært lite for kommende generasjoner at de arver en petroleumsformue i form av et oljefond, men samtidig avspises med mye mindre real- og humankapital. Disse medlemmer viser i denne sammenheng til sine merknader i forbindelse med behandlingen av stats- og nasjonalbudsjettet for 2003 hvor disse medlemmer tar til orde for å redusere noe sparingen av statens overskudd gjennom Petroleumsfondet for å benytte dette til skatte- og avgiftsreduksjoner, realinvesteringer i Norge og etableringen av nye fond til å styrke kapitaltilgangen og forskningsmulighetene for norsk næringsliv. Dette er forslag disse medlemmer vil komme tilbake til.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at oljefondet har hatt meget stor variasjon i avkastningen gjennom de siste år. Oljefondet har fulgt de internasjonale børsenes oppgang og nedgang. Bare siste år har oljefondet tapt over 100 mrd. kroner. Disse medlemmer mener at det er bedre over tid med en tryggere og lavere avkastning, enn å være sterkt eksponert i aksjer. Disse medlemmer viser til at det gir liten mening å vise til historiske tabeller som forteller at man egentlig burde ha tjent mer på aksjer enn man faktisk gjør. Disse medlemmer mener derfor at det vil være riktig å ha en større del av porteføljen i obligasjoner.

Komiteens medlem frå Senterpartiet minner om at siktemålet for Petroleumsfondet er høg avkastning innanfor moderat risiko. I litteraturen finst det fleire alternative innfallsvinklar til korleis ein skal oppfatte og forhalde seg til omgrepet risiko. Éin variant er den såkalla "mean-variance approach", der risiko vert operasjonalisert i form av både forventningsverdi og varians. Innanfor denne konteksten vil ein risiko­avers aktør typisk vektleggje variansdelen på det viset at usikker avkastning reduserer forventa nytte.

Denne medlemen meiner hovudproblemet med Petroleumfondets noverande, tunge eksponering mot den internasjonale aksjemarknaden er nett den høge variansen dette impliserer for avkastninga til fondet. I denne samanhengen føretrekkjer Senterpartiet ein meir risikoavers investeringsprofil der variansen vert redusert gjennom relativt høgare investeringar i obligasjonar. Mogelegvis impliserer dette ein kostnad i form av lågare forventa avkastning, men dette er i beste fall ei kvalifisert gissing. Samstundes vil denne med­lemen peike på at kapitalen i fondet på sikt mellom anna skal nyttast til å sikre (grunnlaget for) pensjonar. Isolert sett styrkjer dette argumentet for ein investeringsstrategi som over tid primært genererer ei sikker og lite variabel avkastning.

Senterpartiet meiner ein aksjeandel lik 25 pst. representerer ein akseptabel risikoreduksjon. Ein kontrafaktisk analyse viser elles at ein aksjeandel lik 25 pst. f.o.m. 1998, som er tidspunktet då delar av Petroleumsfondet også vart investert i aksjar, ville ha generert ei realavkastning på just 4 pst. Tilfeldig eller ei: Dette svarer noggrant til det nivået som i samband med handlingsregelen har vorte spesifisert som forventa avkastning. Reint faktisk har realavkastninga sidan 1997 derimot vore på 2,53 pst. Denne medlemen meiner dessutan at handlingsregelens legitimitet vil verte svekka dersom faktisk realavkastning over tid er konsistent lågare enn den forventa realavkastninga. Dess­utan vil handlingsregelen då innebere at Noreg etter kvart bruker meir enn permanentinntekta, slik at realverdien av petroleumsformuen over tid minskar.