Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Arne Brant, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at dokumentet 9. april 2003 vart sendt finansminister Per-Kristian Foss til uttale. Svaret frå finansministeren 7. mai 2003 følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

Komiteen viser til omtale og merknader til sysselsettingspolitikken under kapittel 10 i Budsjett-innst. S. II (2002-2003), jf. St.meld. nr. 2 (2002-2003) Revidert nasjonalbudsjett 2003.

Komiteen viser òg til at omtalen og merknadene i Budsjett-innst. S. II (2002-2003) er konkretisert med framlegg under aktuelle postar i Innst. S. nr. 260 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003.