Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Samandrag

Olje- og energidepartementet legg i meldinga fram avslag på søknad om løyve til kraftutbygging i Hattebergvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland. Konsesjonssøkjaren, Kvinnherad Energi AS, har i medhald av vassdragsreguleringslova § 8 kravd at departementet sitt avslag vert lagt fram for Stortinget.

Hattebergelva er i dag bygd ut med Muradalen kraftverk, som er ein kraftstasjon i dagen inst i Muradalen, og dei to magasina Prestavatnet og Svartavatnet. Årleg produksjon i kraftverket er i dag om lag 8,5 GWh. Noverande Muradalen kraftstasjon vart sett i drift i 1954 og har behov for ei modernisering.

Kvinnherad Energi AS, eigd av Kvinnherad kommune, søkte i 1998 om løyve til å ruste opp og utvide Muradalen kraftverk i Hattebergvassdraget.

Søknaden inneheldt 4 punkt:

  • 1. Utbetring av dammen ved Svartavatnet for å oppfylle tryggleikskrava etter forskriftene om Sikkerhet og tilsyn med vassdragsanlegg.

  • 2. Ytterlegare regulering av Svartavatnet.

  • 3. Reguleringskonsesjon på ubegrensa tid.

  • 4. Ny kraftstasjon med 6 ulike alternativ for ei utbygging.

Kvinnherad Energi har i søknaden lagt fram 6 ulike alternativ for ei utbygging.

For alternativa 1-5 vart vassvegane planlagd i tunnel og med jordkabel i staden for den luftlina som vert nytta i dag. Alternativ 6 skulle nytte røyrgate og luftline.

Olje- og energidepartementet fatta i juni 2001 vedtak om å avslå søknaden om ytterlegare regulering av Svartavatnet og om å byggja nytt Muradalen kraftverk. Samstundes vart kraftselskapet sin tidsavgrensa reguleringskonsesjon i vassdraget gjort om til å bli evigvarande. Søkjaren fekk òg løyve til å gjere naudsynte sikringstiltak ved dammen i Svartavatnet slik det var søkt om.

Under sakshandsaminga i departementet la søkjaren fram eit alternativ med ombygging av kraftverket utan endring av fallhøgda, men med auka slukeevne. Departementet står fast ved avslaget på konsesjonssøknaden i denne meldinga.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si innstilling i saka av 23. mai 2000 følgjer stortingsmeldinga som utrykt vedlegg. Søknaden frå kraftselskapet og konsekvensutgreiinga er teken med i NVE si innstilling.

NVE rådde i si innstilling til departementet til at konsesjon vert gjeve. NVE kom til at det i samband med handsaminga av Verneplan IV vert gjort unntak for eit prosjekt for utbygging i samsvar med dei prosjekta i Samla Plan som vart handsama av Stortinget same dag som saka om Verneplan IV. NVE rådde til at ein gav løyve til alternativ 5, som NVE meinte var det som best tok vare på verneinteressene. Dette alternativet ville gje omlag 74 GWh i året. Alternativ 5 er eit prosjekt der kraftstasjonen vert lagt i fjell om lag 100 m nedanfor eksisterande kraftstasjon på om lag kote 177 med inntak i Prestavatnet. Dette alternativet var samstundes hovudalternativet i konsekvensutgreiinga.

Olje og energidepartementet syner til at etter vassdragsreguleringslova § 8 første ledd bør ein normalt berre gje konsesjon til ei vassdragsregulering dersom "skader eller ulemper for allmenne eller private interesser anses for å være av mindre betydning i sammenligning med de fordeler som reguleringen vil medføre. Hensyn bør dessuten tas til andre skade- og nyttevirkninger av samfunnsmessig betydning".

Konsesjon skal normalt berre gjevast dersom skadene eller ulempene er av mindre vekt samanlikna med fordelane som tiltaket fører med seg. Noko kvalifisert overvekt vert ikkje kravd.

Skader og ulemper ved tiltaket går først og fremst på verknaden på naturverdiar og nærleiken til nasjonalparken og Baroniet. Endringar i vassføringa vil føre med seg ein reduksjon av vassdraget sin verdi for naturopplevingar og rekreasjon.

Olje- og energidepartementet fann etter ei samla vurdering av søknaden at omsynet til nasjonale naturverdiar i området måtte få avgjerande vekt.

Kvinnherad Energi har vidare etter departementet sitt syn, ikkje kome med nye moment i saka som gjer at departementet vil endra si vurdering. Alle dei nemnde momenta var kjend då departementet fatta vedtak om å avslå søknaden.

Til dei konkrete merknadene frå konsesjonssøkjaren peikar departementet på at sjølv om eit prosjekt er plassert i Kategori I i Samla Plan, er det ikkje nokon automatikk i at ein skal få konsesjon. Ved ei slik plassering er det opna for konsesjonshandsaming. Søkjar har ikkje noko krav på å få konsesjon.

Det er opp til konsesjonsmakta sitt frie skjøn å vurdere tiltaket sine konsekvensar utifrå kriteria i vassdragsreguleringslova § 8.

Departementet viser til dei nasjonale omsyna til landskap, natur- og kulturminnemiljøet i området, det er viktig å verna om vassføringa i vassdraget med dei fordelar det gjev for friluftsliv og naturoppleving. Det er viktig å ta omsyn til at turgåarar og andre brukarar av området får oppleve ei kjensle av at det ikkje vert gjort nye inngrep.

Departementet meiner at skadeverknadene ved prosjektet er større enn fordelane, og at avslaget på søknaden om utbygging difor bør oppretthaldast.