Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Sammendrag

Terroråtaka mot USA i september 2001 gjorde det klart at trusselbiletet har endra seg radikalt etter den kalde krigen. I staden for ein klar og hovudsakleg militær trussel, står vi no overfor ei rekkje truslar frå internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. 2002 var prega av arbeidet med å tilpasse NATO til desse nye utfordringane.

Kampen mot internasjonal terrorisme har vist kor mykje eit sterkt internasjonalt samhald har å seie. Berre ved å stå saman i ein brei global koalisjon lukkast det å fjerne det brutale Talibanregimet frå makta i Afghanistan og å vidareføre kampen mot terroristorganisasjonen al-Qaida. Ei rekkje av kandidatlanda til NATO har teke aktivt del i kampen mot internasjonal terrorisme. Desse bidraga forklarer langt på veg den største utvidinga i historia til Alliansen. 2002 vart òg kjenneteikna av eit styrkt samarbeid med Russland og dei andre partnarlanda, og av eit gjennombrot i utviklinga av ein strategisk partnarskap mellom NATO og EU.

Masseøydeleggingsvåpen i hendene på terroristorganisasjonar, eller i hendene på statar som støtter slik verksemd, er den største trusselen vi står overfor i dag. Arbeidet med å hindre spreiing av masseøyde­leggingsvåpen er difor nært knytt til kampen mot terrorisme. Handteringa av dei nye truslane har hatt stor politisk og militær innverknad på arbeidet i NATO.

Under Alliansen sitt toppmøte i Praha hausten 2002 vart det vedteke ei tiltakspakke som inkluderer utviklinga av eit militært konsept der rolla til NATO i forsvaret mot terrorisme vert nærmare definert.

Vedtaket om utviding under NATO-toppmøtet i Praha i november innebar at Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia gjekk inn i tiltredingsforhandlingar om medlemskap i Alliansen. Saman med utvidinga av Den europeiske unionen er dette eit avgjerande steg i retning alleuropeisk samarbeid og stabilitet. Dei nye medlemmene skal etter planen tre inn i Alliansen innan mai 2004.

Det har vore ei langsiktig utanrikspolitisk målsetjing for Noreg at alle land skal stå fritt til å velje tryggingspolitisk ståstad. Noreg arbeidde aktivt for at utvidinga skulle verte så omfattande som mogleg. Det var særleg gledeleg at dei tre baltiske landa vart inviterte.

Opprettinga av NATO-Russland-rådet (NRC) på toppmøtet i Roma i mai 2002 trekte Russland enda nærmare det euroatlantiske samarbeidet. President Putin sitt val av samarbeid med Vesten har gjort Russland til ein konstruktiv medspelar i møtet med dei nye tryggingspolitiske utfordringane. Det rår no ein ny og konstruktiv tone i både politiske konsultasjonar og praktisk samarbeid. For første gong er det etablert eit felles tryggingspolitisk råd mellom Russland og NATO der avgjerder vert tekne ved konsensus, og der dei allierte og Russland møter på lik line.

Noreg spela òg frå første stund ei pådrivarrolle for å få NATO-Russland-rådet på plass. For Noreg er styrking av samarbeidet med Russland viktig i møtet med dei nye utfordringane, og for å byggje tillit på tvers av dei gamle skiljelinene. NRC har òg eit stort potensial når det gjeld handteringa av dei særlege utfordringane vi står overfor i våre nærområde. Noreg har difor arbeidd for at handtering av kjernefysisk materiale vert sett på dagsordenen til NRC. Vidare har trygging av sivilbefolkninga mot effektane ved bruk av masseøydeleggingsvåpen vore teke opp i NRC på initiativ frå Noreg.

Toppmøtet i Praha kom med ei fråsegn som slo fast Alliansen si haldning til Irak-konflikten. Tryggings­rådet sin resolusjon 1441 fekk full støtte, og Irak vart oppfordra til umiddelbart og fullt ut å rette seg etter vedtaket. Av omsyn til Tyrkia si utsette stilling vart det i februar 2003 vedteke visse defensive tiltak og støtte til sivil beredskap. Både usemja i samband med dette spørsmålet og den vidare handsaminga av Tryggingsrådet sin resolusjon 1441 har fått følgjer for samarbeidsklimaet i Alliansen.

Toppmøtet i Praha vedtok ytterlegare tilpassing og styrking av samarbeidet med dei 27 partnarlanda i Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og i Partnarskap for fred (PFP). Det vart mellom anna vedteke ein eigen handlingsplan om kampen mot internasjonal terrorisme. NATO-Ukraina-kommisjonen (NUC) vedtok under toppmøtet i Praha eit handlingsprogram som legg til rette for intensivert dialog og samarbeid. Den politiske dialogen med Ukraina vart diverre svekka etter at skuldingane om eksport av forsvarsmateriell til Makedonia og Irak vart kjend. Middelhavsdialogen, som omfattar NATO sitt samarbeid med Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Tunisia, vart utdjupa i året som gjekk.

Som eit viktig tiltak i møtet med dei nye utfordringane vart det under toppmøtet likeins fatta vedtak om nye og betre militære kapasitetar. Prahatilsegna om kapasitetar inneber styrking av den militære evna til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen, forbetringar innan kommando, kommunikasjon, informasjon og operativt samarbeid, i tillegg til rask utplassering og effektivitet og uthald i kamp. Fleirnasjonalt samarbeid vil stå i fokus. Som eit ledd i dette arbeidet har Noreg forplikta seg til å gjere sine militære styrkar meir fleksible, flyttbare og uthaldande, samstundes som evna til å verke saman med styrkar frå andre land må verte betre.

Toppmøtet vedtok òg opprettinga av ein eigen reaksjonsstyrke, den såkalla NATO Response Force. Denne skal kunne rykkje ut på kort varsel etter vedtak i NATO sitt råd. Styrken skal vere fleksibel, uthaldande og teknologisk avansert, og skal raskt kunne setjast inn der det måtte vere påkravd. Noreg har slutta aktivt opp om denne prosessen.

På toppmøtet i Praha vart det gjort prinsipielle vedtak som vil leggje føringar for det vidare arbeidet med kommandoordningane. Siktemålet er at gjennomføringa kan starte sommaren 2003. Noreg har arbeidd aktivt for å bevare eit alliert hovudkvarter på Jåttå. Røynsla hittil syner at sjansane for å oppretthalde NATO-verksemda i Stavanger ligg i å arbeide for ei eining direkte underlagt den nye funksjonelle kommandoen i USA.

Arbeidet i Alliansen med rustingskontroll og nedrusting har i 2002 vore prega av spørsmålet om utplassering av rakettforsvar. Etter bortfallet av ABM-avtalen ønskte USA å trekkje allierte og andre interesserte land meir med i prosessen gjennom konsultasjonar bilateralt og i Alliansen. Dette har vorte positivt motteke, og NATO har fatta viktige vedtak om å greie ut spørsmålet vidare. Uroa for at USA si einsidige oppseiing av ABM-avtalen skulle gje negative konsekvensar for arbeidet med nedrusting, har ikkje slått til.

Den tryggingspolitiske utviklinga har gjort det naudsynt å vidareutvikle forsvarssamarbeidet i NATO. Sentralt her står deltaking i fredsoperasjonar og utvida samarbeid med aktørar utanfor Alliansen. Det vil i tida framover vere viktig med god samordning mellom norske forsvarsplanar og planar hos nærståande allierte i NATO.

NATO sin innsats for fred og stabilitet på Balkan heldt fram i 2002. Ei betring i tryggingssituasjonen tillét i 2002 ein reduksjon av KFOR-styrken i Kosovo og av SFOR-styrken i Bosnia-Hercegovina. Noreg har peika på at vidare reduksjonar må finne stad i takt med ei betring av tryggleiken i området, og ikkje tvingast fram før situasjonen tilseier det. Noreg har valt å konsentrere innsatsen sin om Kosovo. Den norske kontingenten i KFOR er med eit personell på om lag 800 blant dei største sett i forhold til folketal og militære ressursar.

Dei militære operasjonane på Balkan og i Afghanistan har understreka behovet for ei betre byrdefordeling mellom USA og dei europeiske allierte. Det er i eit slikt perspektiv ein må sjå ønsket om eit europeisk tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid. Under EU-toppmøtet i København i desember 2002 tok NATO og EU eit langt steg framover i dette arbeidet. EU vil no få tilgang til NATO-ressursar ved militære EU-operasjonar.

Samarbeidet mellom NATO og EU, og mellom EU og allierte ikkje-EU-land, er med dette inne i ein ny fase. Noreg sine interesser i tilhøvet til EU blir mellom anna varetekne gjennom samarbeidet mellom NATO og EU. I tillegg opnar eigne deltakarordningar for ytterlegare kontakt og samarbeid mellom EU og dei europeiske, allierte ikkje-EU-landa. For Noreg og dei andre landa i denne kategorien blir det ei særskild utfordring å gjere innhaldet i desse ordningane meir konkret. Her må vi sjølve vere aktive overfor EU.

Som følgje av gjennombrotet i samarbeidet mellom dei to organisasjonane, overtek EU i 2003 ansvaret for operasjonen i Makedonia frå NATO. Gjennombrotet opnar òg for ei EU-overtaking av operasjonen i Bosnia-Hercegovina, truleg i første halvdel av 2004.

Utviklinga gjennom året har gjeve samarbeidet i NATO ny kraft. Oppfølginga av vedtaka frå Praha vil styrkje Alliansen som ein effektiv tryggings- og forsvarspolitisk reiskap i møtet med dei nye utfordringane. Samstundes utgjer usemja som seinare har dukka opp i samband med Irak-spørsmålet og støtta til Tyrkia ei stor utfordring for Alliansen.

Opprettinga av NATO-Russland-rådet utgjer ein historisk sjanse til å knyte Russland, Europa og Nord-Amerika tettare saman ved forpliktande og effektivt samarbeid. Vi ser allereie at det nye samarbeidet mellom NATO og Russland verkar positivt inn på Noreg sitt eige tilhøve til naboen i aust. 2002 vart prega av ei konstruktiv og samarbeidsorientert tilnærming til bilaterale spørsmål, noko som særleg gav seg uttrykk under president Putin si vitjing i Oslo om hausten. Det er all grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram. Utfordringa vert å fylle NATO-Russland-rådet med innhald.

NATO si rolle som reiskap for europeisk integrasjon vert ført vidare. Forhandlingane om medlemskap for dei sju landa som vart inviterte i Praha, går etter planen. Framgangen desse landa har vist gjennom Handlingsplanen for medlemskap, gjev òg grunn til forventingar når det gjeld utviklinga av stabilitet, demokratiske institusjonar og rettsvesen i Kroatia, Albania og Makedonia. Ei liknande positiv utvikling som følgje av samarbeidet med NATO kan òg forventast i partnarlanda.

På grunn av arbeidet med utvidinga har tilhøvet til dei andre partnarlanda komme noko i bakgrunnen etter toppmøtet i Praha. Noreg kan framleis spele ei rolle som pådrivar, særleg i høve til samarbeidet med Finland og Sverige.

Oppfølginga av vedtaka frå Praha om militær omforming av Alliansen er i full gang. Når det gjeld NATO sin reaksjonsstyrke, vil ein etter alt å dømme ha ferdig eit samla konsept for den nye styrken til forsvars­ministermøtet i juni 2003. Det største uteståande spørsmålet er å få på plass i tide dei kritiske kapasitetane som styrken vil vere heilt avhengig av.

Oppfølginga av kapasitetstilsegna går framover, men framdrifta synest ikkje like stor som under toppmøtet i Praha. Press på forsvarsbudsjetta og avvegingar mellom nasjonale omsyn og omsynet til Alliansen, skaper uvisse om tempoet i oppfølginga. Dette gjeld òg innanfor dei fleirnasjonale samarbeidsløysingane, inkludert det norskleidde arbeidet med strategisk sjøtransport.

Arbeidet med ein ny kommandostruktur, inkludert lokalisering, går etter planen. Han vil venteleg verte vedteken på forsvarsministermøtet i juni. Det vil føre til at talet på permanente hovudkvarter vert redusert.

Gjennombrotet på EU-toppmøtet i desember førte til eit meir dynamisk og målretta samarbeid mellom NATO og EU. Ein ser no konturane av ein strategisk partnarskap som er til beste for europeisk tryggleik.

Denne utviklinga gjorde det òg mogleg å få på plass dei permanente deltakarordningane for dei allierte ikkje-EU-landa. Eit mål for Noreg er å kunne bidra til at EU byggjer opp si evne til effektiv krisehandtering. Norske styrkar er difor meldt inn til EU sitt styrkeregister. Samstundes ønskjer ein å ta aktivt del i både EU sine førebuingar og i konkrete operasjonar, og å sikre viktige norske interesser andsynes EU. Den store utfordringa for Noreg og dei andre allierte ikkje-EU-landa, vert då å sikre at ordningane for kontakt med EU sine sivile og militære strukturar vert fylte med substans. Det krev full utnytting av deltakararrangementa, og ikkje minst aktiv og synleg deltaking i EU-leidde militære operasjonar.

Semja om EU sin bruk av NATO-ressursar legg forholda til rette for eit forpliktande tryggingspolitisk og operasjonelt samarbeid mellom NATO og EU. Ein bør likevel ikkje ta for gitt at det framtidige samarbeidet mellom dei to organisasjonane vert uproblematisk. Erfaringar sidan desember 2002 viser at det gjenstår mykje før NATO og EU har funne fram til ei effektiv og rasjonell samarbeidsform der ein kan byggje på det beste frå begge organisasjonane.

På europeisk side har ein lagt vekt på at USA må ta tilstrekkeleg omsyn til synspunkta til sine allierte. Alle allierte er klar over at USA på grunn av si overlegne militære slagkraft vil vere den leiande makta i Alliansen. Det aukande militære gapet over Atlanterhavet underbyggjer dei militære og politiske skilnadene. USA er ikkje berre talmessig og teknologisk overlegent. Også den militære tankegangen vert påverka av dette, mellom anna med omsyn til korleis militære operasjonar skal gjennomførast. Dersom dei europeiske allierte ikkje heng med i den teknologiske utviklinga, vil det verte stadig vanskelegare å operere saman med amerikanske styrkar, sjølv med omsyn til forsvar av eige territorium.

Det er ikkje noko nytt at tilhøvet mellom USA og nokre av dei største europeiske allierte er prega av ulike syn på viktige og prinsipielle saker. For NATO er det likevel viktig at ein til slutt finn fram til felles løysingar. Dette føreset at alle medlemmer legg avgjerande vekt på det som bind landa saman, særleg verdigrunnlaget Alliansen er bygd på.

Etter kvart som EU tek over meir av ansvaret for krisehandtering og tryggleik i Europa, kan NATO verte noko mindre synleg. Oppslutninga om Alliansen vil i så fall i mindre grad kunne takast for gitt, etter som truslane mot tryggleiken vår vert mindre klåre, og må møtast lengre unna vårt eige territorium.

Kollektivt forsvar, slik det er nedfelt i artikkel 5 i Washingtontraktaten, vil framleis vere ei oppgåve for NATO. Men utviklinga i EU må følgjast nøye. Under arbeidet med EU sitt konvent har einskilde land mellom anna ytra ønske om å opprette ein europeisk tryggings- og forsvarspolitisk union. Ei særskild utfordring er at Noreg sine noverande konsultasjonsordningar med unionen blir svekte når dei inviterte landa set seg på EU-sida av bordet. Desse møta vil ha enda mindre eigenverd for EU enn dei har i dag. Difor er det naudsynt å styrkje dei bilaterale konsultasjonane mellom Noreg og EU-landa.

Som ikkje-medlem av EU vil det vere avgjerande for Noreg at NATO òg i framtida er det sentrale organet for både forsvars- og tryggingspolitiske konsultasjonar mellom dei allierte. Utfordringa for Noreg vert difor å bidra til ein mest mogleg effektiv allianse, samstundes med at vi gjennom aktiv deltaking i EU sine avgjerdsstrukturar og operasjonar sikrar at våre interesser blir varetekne på ein god måte også innanfor ei EU-ramme.