Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Vedlegg 2: Brev frå Utenriksdepartementet v/utenriksministeren til næringskomiteen, datert 5. mai 2003

Ein syner til brev av 30. april 2003 frå Næringskomiteen ved leiar Olav Akselsen, og vil svare på to spørsmål knytte til St.prp. nr. 43 (2002-2003):

A) Har sekretariatet for Biodiversitetskonvensjonen vurdert om EUs patentdirektiv er i strid med Biodiversitetskonvensjonen?

Sekretariatet for Biodiversitetskonvensjonen, som har setet sitt i Montreal, opplyser at det ikkje har kome med noko vurdering av dette spørsmålet.

B) Viss nei, vil Regjeringa ta initiativ frå norsk side ved å be sekretariatet vurdere om EUs patentdirektiv er i strid med Biodiversitetskonvensjonen?

Partane til Biodiversitetskonvensjonen har eit sjølvstendig ansvar for å syte for at pliktene etter konvensjonen vert haldne, og til å vurdere om andre plikter kjem i strid med desse.

I medhald av dette vil Noreg halde seg til patentdirektivet i samsvar med pliktene etter Biodiversitetskonvensjonen, slik det også er gjeve uttrykk for i den erklæringa som Noreg ga i samband med EØS-komiteens vedtak 31. januar 2003 om innlemming av patentdirektivet i EØS-avtalen. Der vert det sagt at norsk godkjenning av direktivet byggjer på at det blir nytta på ein slik måte. Som det vert gjort greie for i kapittel 12.8 i St.prp. nr. 43 (2002-2003) har også EF-domstolen understreka at direktivet må nyttast i samsvar med pliktene etter Biodiversitetskonvensjonen.

Ut frå dette ser Regjeringa ikkje behov for å ta noko initiativ overfor sekretariatet for Biodiversitetskonvensjonen.